Sydvesten 18/1979
For del som møtte fram i Ortunparken 17. mai til avdukinga av minnesmerket over Ivar Sælen var dette høgdepunktet i feiringa av dagen her i Fyllingsdalen.
Etter at forsamlinga hadde sunge «At far min kunne gjera» til musikk av Lyshovden skulekorps, heldt Stein Ugelvik Larsen hovudtalen der han gjorde greide for det som Ivar Sælen fekk gjort som gardbrukar, ordførar, stortingsmann og kyrkjestatsråd. Etter dette steig ordførar Eilert Eilertsen fram og helsa frå Bergen kommune og ynskjte Fyllingsdalen tillukka med dette monumentet. Formann bydelsutvalet, Esther Harar, helsa og ynskte tillukka me det som skulle minna fylling., dølane om kulturen som ha vore i dalen frå gamalt av.
Ei dotter av Ivar Sælen, Dorthea Salvesen, 86 år gamal, kom so til mikrofonen og heldt ein tale over faren. Det var ein verkeleg imponerande tale på rim.
Sjølve avdukinga stod tidlegare formann i Fyllingsdalen ungdomslag, Eva Sælensminde, for. Ho minna om at Ivar Sælen var ein av del som stifta ungdomslaget i 1897, og takka ogso alle som hadde hjelpt til med å få reist dette minnesmerket. So fall duken, og bysten som bilethoggar Nils Aas har utført, stod der og let seg betrakta av alle.
Frå ungdomslaget sitt gubbelag vart det lagd på ein blomebukett ved L.S. Ein ikkje liten flok av etterkomarar og slektningar av Ivar Sælen var møtt fram, og ein god del andre. Tilsaman mellom 100 og 200 menneske.