Sydvesten 30/1977
For å ta bonden først: Han kom som 4 åring til Fyllingsdalen då faren, byggmeister og bonde Berge Åsgård frå Lindås saman med svogeren Gudmund Geitrem frå Heldal i Hosanger kjøpte garden Sælen med underbruka i 1859. Dei delte garden mellom seg og selde frå underbruka. Ivar vaks opp og gjekk i skulen her. Som 19 åring gjekk han på Sogndal Folkehøgskule der Jakob Sverdrup då var styrar. Denne skulevinteren fekk nok mykje å segja for han som menneske for hans innsats for folk og land.
I 1877 overtok han garden etter faren, 22 år gamal. Han dreiv garden mykje fram. Soleis dyrka han opp 35 mål ny jord so garden hans vart med dei største i Fana. Han var med dei første som tok til å dyrka grønsaker for salg i Bergen. Landbrukssekretær Ivar Bleiklie skreiv soleis i boka Fana at Ivar Sælen truleg fekk ideen av engelskmannen adjunkt Crawford som budde hos han i 1880 åra. I dei åra vart det for første gong marknadsførd grønsaker på Bergen torg. Dette var det og Ivar som ordna opp med, men det var visstnok svogeren hans, Rasmus Løvås som først stod her. På den første hagebruksutstillinga i Fana i 1894 fekk Ivar Sælen sylvmedalje for grønsakene sine.
Han skal og ha vore den første i Fyllingsdalen som kjøpte plog. Det er då fortald at han gøymde plogen og prøvekjørte han ein kveld der ingen såg det. Ikkje ein gong kona hans, Anna f. Løvås, visste om det. Han ville forvissa seg om at han ikkje hadde kjøpt «katten i sekken». Det må visst ha gått bra, for snart kom det plogar på alle bruka i dalen. Han var og den første som skaffa seg den sidan so vanlege fjørhorva til avløysing av den trehorva som før var brukt.
Som gardbrukar og grønsakdyrkar såg han snart kva gjødslinga har å segja. Det som kom frå husdyra strakk ikkje til og kunstgjødsel var det lite og ingenting av. Men i byen var det gjødsel nok. Der var det «gammaldassen» som rådde grunnen. Dessutan var der mykje boss som kunne brukast til gjødsel. Dette sette Ivar på ein ide. Han kjøpte Ruskeneset på Straume og selde det til Fana kommune, då han ikkje rekna med at kommunen fekk kjøpa det elles. Her vart det bygt ein stor steinsilo der kaggegjødsla frå byen vart frakta med båt hit og tømd i denne siloen. Her henta dei interesserte bøndene det i eit slags tankvogner for hest. Kommunen bygde kai her, og hit kom lektere frå byen med boss som bøndene lossa på kaien her. Her frå vart det køyrd til Fyllingsdalen med hest og lagd i haugar til det skulle brukast i åkeren om våren. Bosset den gongen var onnorleis enn no. Det var mykje oske, noko papir og hushaldsavfall og ikkje plast, sjølvsagt. Dessutan tømte reinhaldsverket noko kaggegjødsel ogso i bosslektaren. Kaien på Straume vert enno kalla bosskaien av mange.
Like til 1915 leverte alle båndene i Fyllingsdalen mjølka si direkte til forbrukarar i Bergen. Dette tok mykje tid, mens heile dagen gjekk med, men so fekk ein på denne måten noko høgare pris. I mars 1915 var det 4 bønder med Ivar Sælen i brodden som tok til å levera mjølka til Bergens Meieribolag som det då heitte. Då køyrde den eine mjølka for alle, og dette gjekk på omgang. Året etter kom det 3 leverandører til. Ein kan her nemna at i 1928 leverte desse bøndene 225.000 liter mjølk til meieriet. Ivar Sælen vart ogso første styresmann i meieriet frå Fyllingsdalen.
Før her kom skulehus i Fyllingsdalen heldt skulen til i huset til Ivar. At her då var bruk for eit skulehus såg han klårt. Han ordna med tomt for dette og fekk kommunen til å byggja. Huset sto ferdig i 1890.
Saman med Steffen Sælen stifta han også Fyllingsdalen Ungdomslag i 1897, og dei ga saman tomt til hus for laget. Dei var også med i styret i FUL dei første åra.
Der var mykje skog som høyrde til garden, og sagbruket som låg ved Sæleelva vart flittig brukt når elva var stor. Ein dag på sine eldre dagar stod han der og skar tømmer. Han kom då for nær sagbladet med høgra handa. Ei av dei store krumme sagtennene fekk tak i den tjukke gullringen og flekkte både denne og kjøtet av fingeren. Både ringen og kjøtet forsvant i sagflisen og fingeren måtte amputerast.
Som vi snart skal høyra var han mykje med i det politiske livet i bygda og i landet elles, og gjekk fullt og heilt opp i dei sakene han stridde for. Ein dag han kom gåande frå byen med ein ny ljå i handa, gjekk han soleis i djupe tankar, og i desse sto han truleg på ein eller annan talarstol, for best det var hogg han ut i lufta fleire gonger for retteleg a slå fast meininga si.