Prolog

«Mannen med hesten» vi no skal få sjå
som symbol på ei svunnen tid.
Det gjev oss noko å tenkja på,
noko vi aldri att kan få:
Ein dal so stille og blid.

Fyllingsdalen var ingen by.
Det var bønder som rådde her.
Kven skulle tru at ein bydel ny
her i dalen fram skulle gry,
so ingen bonde med hest du ser.

Til byen dei køyrde med mjølkespann
i vogna som hesten drog.
Og elles arbeidde hest og mann
heime på eng og åkerland
med møkakjerra og harv og plog.

Vintersdagen i snø og kulde
til skogs drog mann og hest.
Ved til huset no hoggast skulle,
og vedasleden med lass so fulle
kom heim når føret var best.

Når dei omsider var ferdig i skogen
og våren melde seg på,
då såg du mannen med hest for plogen.
Hesten sveitta seg våt om bogen.
Eit dagleg hende å sjå.

Ja, hesten var mannen sin trugne dreng
som sleit frå morgon til kveld.
Drog slåmaskina på frodig eng.
Når veret er godt ein nytta det treng.
Å få slåtten unna det gjeld.

Men høyet skal ogso køyrast inn.
og då, var borna på plass.
Dette fryda eit barnesinn
so gleda stråla frå raude kinn
i høyvogna ut etter lass.

Til brurafylgje på kyrkjeveg,
ja gravferd ogso forresten,
då mann og kona pynta seg,
og skulle det vera skikkeleg
so pynta dei ogso hesten.

Idag er det berre motorlarm.
Det var ikkje slik den gong.
Då høyrast kunne, ein vårdag varm,
noko vi gøymer i vår barm:
Ein kvitrande fuglesong.

No ja. Eit framsteg skal dette vera.
Med motoren går det fort.
Men minnast hesten det skal vi gjera.
Her har vår ungdom litt å læra.
Difor er dette gjort.

Leif Sælensminde

 

< Tilbake til Program