Aslaug Sælensminde hilser

Leif Larsen. Kontreadmiral Arne Utne, Ordfører Arne Næss, gode fyllingsdøler.

For oss gamle fyllingsdøler er det ei gleda å få væra med å heidra ein av noregssogas største heltar, Leif A. Larsen, eller betre kjend som Shetlandslarsen. Under dette namnet er han kjend av alle vakne nordmenn. Ja ikkje berre nordmenn, men langt utover i verda. med sin hemmelege rutefart over Nordsjøen berga han eit utal av nordmenn som ellers ville ha hamna i tyske fangeleirar og truleg mist livet der.

Nokon militær dekorasjon kan ikkje vi gje deg, Leif Larsen. Du ligg på verdenstoppen slik frå før, men idag, 8. mai, 40 år etter at freden kom etter 5 lange år under tysk okkupasjon, skal du her. like ved heimstaden din i Fyllingsdalen, planta eit eksemplar av livstreet Thuja. Dette treet, som vi ogso gjerne vil kalla eit fredstre, fylgjer det ei minneplata med. Den skal vera eit symbol på eit fredeleg liv i eit fritt og sjølvstendig land. På same tid som vi ikkje skal gløyme, den heltegjerning som dette treet skal minna oss om.

I djup takksemd takkar vi deg Shetlands-Larsen for den innsats du gjorde for folk og fedreland. Vi er stolte over at vi kan rekna deg som fyllingsdøl. La oss gamle og nye fyilingsdøler verna om dette treet, og vi må alltid hugse at det kosta oss mykje å få freden og fridomen igjen i 1945.

I godt samarbeid og i «kjærleik varm og mild» må vi verna om freden.

Takk!

Aslaug Sælensminde fra «den gamle Fyllingsdal»

 

< Tilbake til program