Sydvesten 11/1976
Oppe i Træ, som vi gamle i Fyllingsdalen segjer, Altså det området der den framtidige gravplassen skal vera, ser ein restane etter ei smie. No er det borte både smia, våningshuset og løa på dette bruket. Det som no er att av det heile er den digre slipesteinen som i si tid var driven av eit vasshjul i bekken utanfor smieveggen. I denne smia stod Ivar i Træ og smidde kvivar og ljå for forretningar i Bergen. Ivar er sjølvsagt ogso horte for mange år sidan.
No er altso spursmålet: Burde ein ikkje på ein eller annan måte ta vare på dette minne om so å segja einaste heimeindustrien i Fyllingsdalen i gamal tid? Idet er so på mote å setja opp meir eller mindre vellukka skulpturer utanfor offentlege bygg. Skulle ikkje denne slipesteinen gjera minst like stor nytte? Vi berre spør!
L. S.