Sydvesten 16/1976
På vår omtale av den gamle slipesteinen etter Ivar i Træ er der kome respons frå Atlas Copco i Øvre Fyllingen. Dei var interessert i denne «minnesteinen». Om han no vert plassert og kvar henne veit vi ikkje noko om. Dei skal ha kontakta Anders Kvam i Ftitidsseksjonen og der ligg saka no. Vi skal følgje dette opp og halda lesarane underretta om utfallet.
Som før nemd i Sydvesten vert det på dette bruket parselldyrking til våren. Til dei som ikkje har lese heftet: «På gjengrodde stier i Fyllingsdalen» skal eg her sitera kva det står om Ivar og smia hans: «Det nederste bruket på Helgeplassen er det vi til dagleg kallar Træet eller berre Træ. Her budde Ivar i Træ. Han var smed og smidde knivar og ljå som han leverte til forretningar i Bergen. Smia hans var skrøpeleg, men han stod der dagstøtt likevel. Han skulle vera svært so forsiktig med pengane sine, og såg seg av den grunn truleg ikkje, syn med å byggja seg ei ny, sjølv om det gjekk på helsa laus å stå der vinters dag, men då han ein gong fekk ein kraftig lungebetennelse kom der ny smie likevel. No er der ikkje stort igjen av den heller. Eg var aldri inne i smia hans, men i gamle dager var det vasshjul i bekken utanfor smieveggen som dreiv både slipesteinen og meir. Ingen av sønene hans vart smedar, merkeleg nok.
Ivar gjekk alltid tilfots når han skulle til byen, endå dei hadde hest, og då det på hans gamle dager kom rutebil gjekk han likevel. Ein vinterkveld med vind og valleslette kom han frå byen med Laksevågsferja og skulle heim. Då var han noko tvilrådig kva han skulle gjera, men fann tilslutt at han fekk ta bilen for ein gongs skuld. Då han stod på stigbrettet sa han: «No må du vera billeg med meg, du veit eg er ein gamal mann».
Det er på dette bruket den framtidige gravplassen skal Iiggja. Det er næsten synd at desse gamle fyllingsdølene skal vera gravlagde langt her frå.
Sitat slutt. Dette heftet er å få kjøpt i Bergen Bank i Oasen og kostar kr. 10,-. Inntekta går til menighetspleien.
L. S.