Slipesteinmonumentet blir reist i Lynghaugparken denne måneden

Sydvesten 32/1977

Ein svær slipestein er alt som står igjen av den gamle smia som før sto ovanfor den noverande kyrkjegardstomten ved Dag Hammarskjølds veg. Her var det han Ivar i Træ sat og slipte knivar og ljåer for forretninganen i Bergen, mellom anna. Det var før elektrisiteten gjorde sitt inntog. Gjennom Sydvesten er det sidan i fjor vår arbeidd for at slipesteinen skal takast vare på og reisa han som eit monument over ei av dei første heime industriverkstedene i Fyllingsdalen. Dersom alt går etter planen kan dette monumentet bli ein realitet innan utgangen av denne månaden. Atlas Copco og Auto 23 har teke på seg det økonomiske ansvaret for å få dette til, og ein entreprenør har sagt seg villig til å reisa monumentet ei av dei første vekene. Fritidsseksjonen ved direktør Anders Kvam har påvist ein veleigna stad for dette noko spesielle monumentet. Ein har funne ut at det er best å plassera det i Lynghaugparken.

Slipesteinen skal monterast på ein triangulær betongsokkel der sidene blir 1 m og 75 cm breie og 1,10 m høge. Sjølve steinen blir så støypt fast i betong slik at det ikkje skal medføra fåre for born som eventuelt finn på å klatra på han. På sokkelen skal det støypast inn ei koparplate med opplysningar om steinen og smia den har vore ein vesentleg del av.

 

< Tilbake til Slipesteinen