Rasmus Navelsakers dagbøker

 

Rasmus Navelsaker var overlærer på Sælen skole i Fyllingsdalen og flyttet til Navelsaker i Nordfjord høsten 1945. Da jeg ikke har kjennskap til steder og navn på Navelsaker, er jeg ikke i stand til å digitalisere dagbøkene derfra.

Det kan noen ganger være en utfordring å tyde navn og steder han skriver om. Siden jeg er godt kjennt med navn og steder i Fyllingsdalen, har det gått rimelig greit.

 Helt til slutt har jeg tatt med diverse jeg har funnet i dagbøkene han skrev etterat han var flyttet fra Fyllingsdalen.

 

Olaug Sælen Solheim                                                     Fyllingsdalen oktober 2017.

 

Rasmus Navelsakers dagbøker fra 19.04.23 til og med 01.01.1946

Frå 15de okt. 1922 til 19de april 1923 inga dagbok ført.

Fyrste tida deretter berre lite – helst um arbeidet i hagen og med høns og griser.

1923

19/4      Sått 2 sengjer gulerot.

25/4      »          1 seng erter

27/4      »          poteter i trikanten ved stova ( ved flaggstonga).

29/4      lagt ei høne.

1/5-2/5              Sått poteter i åkeren ved stolpen (ljosleidingst.)

2/5       Sett hovudkål, gulerøtter og kålrot til frø upp under berget ved stova.

4.5.6.7./5          Sett poteter i Storeåkren ved skulen.

11/5      Sått 2 sengjer kålfrø.

12/5      »          stykket mot leikeplassen med gulerot.

21/5      Lagt ei høne med 11 egg. Inkje.

22/5      Sett 120 pl. Stavanger torv + 10

»          100 »    Sumarkål  + 20

»          20  »    blomkål + 20.

9/6       Planta inn.

11/6      »          230 purre.

29/6      Lagt 10 egg.

9-10/7               Hypa potetene.

4/7       kl. 450 f.m. fødd ei gjente (dotter) på Stiftelsen.

11/7      onsdag kl. 11 f.m. døypt med namnet Borgny.

9/9       Begyndt på potetene.

12/9      Begynde ta upp potetene. – 13 tynner.

17/9      Begynde halde skule på Løvstakken for Gunvor Karlsdtr, fødd 19/4-1914. Ho er vanfør og kan ikkje gå.

1924

19/4      Sått gulerotfrø.

25/4      Agnes Vereide kom.

28/4      Helga Midtbø reiste til Oslo.

2/5       Sått 2 sengjer gulerot ved stolpen.

29/4-3/5 Grave veitar.

5/5       Sett poteter ved ljosleidningstolpen og spadd um hovudstykket der.

6/5       Sett poteter i trekanten under berget. Lagt erter i trekanten inn inn for stova, sått salat, blomefrø.

7/5       Sett poteter nedanfor skulen, dei 3 fleikkjer gjort til ein.

9/5       Hogge upp veden.

10/5      Grave veit ovanfor fura (utanfor kjøkenglaset) og upp innanfor småhuset.

11/5      Lagt ei høne – 11 egg.

12/5      Sette poteter i Storeåkeren ved skulen. Gjertrud Flatset i Sælen skule.

13/5      Sette resten poteter i Storeåkeren. Sådde næpefrø.

15/5      Sådde kålrabi i små-åkeren ned for grisehuset.

19/5      – poteter ved skulen upp for vegen – og so raudbetar. Spadde um blomesengjer ned for stova.  Henta 500 gran.

20/5      Henta varer, drilla upp for hovudkål, skrive inn til norsk planter.

25/1      Kornelius Løvstakken døde kl.930 um kvelden.

1/3       Slutta skulen på Løvstakken.

21/5      Planta 500 gran hos Kr. med Vegen.

22/5      Henta stengeris til ertene hos Berge Sælen, henta kålpl. hos Jakob Bønes.

23/5      Planta blomkål   94 – reserve 10

»          Stavangertorv   34

»          Kjøpenhavn »     73        »          20

»          Ditmarsker kål 64         »          30

Sett upp staur til ertene.

26/5      Stengla ertene.

1/6       Kom fram  kjuklingar.

6/6       Mor (Hornindal) og Hans kom.

13/6      Hans reiste heimatt.

16/6      Planta rundt 400 purre, har att 100.

18/6      Lagt ei høne – 12 egg kvite italienarar.

10/7      Fått fram 10 kvite kjuklingar.

17/7      Besta, Olav, Kristiane og eg reiste til Nordfjord.

15/8      Kom att frå Nordfj., Inga, Olav, Kristiane og eg.

14-20/8 Ført Statsborgarlegmanntallet for Staten.

25/8      Brote jord.

16-17/9 Inga og eg på Heimstadteorikurset Nesttun, Sjøholm.

25/9      Tok til ta poteter i ettermiddag.

28/9      Hos gamle-smeden i Rosenlund – Inga og eg.

3/10      Teke upp potetene – 12 1/2 sekk, gulerot 40 kg.

5/10      Hovudkål 87 kg., gulerot 40 kg., kålrot 3/4 sekk.

9/10      Veita ovanfor huset.

12/10    Olav, Sunniva og Liv og eg til konfirmasjon.

15/10    Høyrde Michelsen – politisk foredrag.

17/10    Såg til gamle-Jon – sjuk.

20/10    Stortingsvalg i Sælen 243 røysteføre – 128 røysta, – ruskever-.

10-11/11           Gustav Løvstakken mura ovanfor stova.

15/11    175 årsfest for Fana folkeskule, – Nesttun.

18/11    Fanej. M. Heggen og Sigrid Furefjerding upp til oss.

20/11    Olav og eg til byen og henta ein barnesykkel som Olav vann i eit lutspel.

5/12      Ordf. Oddfjell med formannskapet og såg på  skulehustomta.

8/12      Inga og eg til byen. Inga til doktor – ein operasjon. Sigrid i Fjellet vore hos oss i 2  dagar. Operasjonen gjekk godt. Eg kom heim seint um kvelden. Var på elektr. Kontoret og til   insp. Ross. Anna ser til Inga som vert liggjande i byen til onsdag.

9/12      Styremøte i S-S. Avhaldslag.

11/12    Jakob Bønes døde av ros kl. 9 um kvelden.

18/12    J. B. Gravlagt på Nesttun kyrkjegard.

19/12    Olav og eg til Bjørgvin. Treffe Nils. Komen frå Amerika. Olai Ytrehorn ogso.

25/12    Inga og eg til Nesttun kyrkja. Stor jolehøgtid.

1925.

2/2       Ragnvald Bergset har vore her sidan laurdag etterm. Har vore i Oslo – skal til N.eid og ta til med handel.

6/2       Olav As hit. Reiste neste morgon.

7/2       Kari Løvås døde kl. 3 imorgon tidleg.

14/2      »          »       gravlagd på gravstaden – Nesttun.

18/2      Bakkebø – emisær – her. Har vore her fra 1/2 og halde møte.

9-23/2               Sløyd.

8/3       Årsmøte i kjøpelaget – 48000 umsetnad.

10/3      Hos Ingebrikt Løvås og delt frø.

27/3      Inga til diakonisseheimen og skal opererast 28/3 um morgoen. Olav var med henne til byen. Nils kom til byen.

28/3      Eg til byen. Operasjonen gått godt. Nils kom upp til oss.

29/3      Nils og eg til byen. Såg til Inga. Bra. Anna hos henne.

7/4       Nils reiste. (5/3 På Nesttun og såg utstillinga.) Eg til Nesttun etter premiene åt skulen.

9/4       Eg, Oddrun, Torbjørn og Kristiane lyddest inn Inga. Bra.

10/4      Kristoffer kom idag tidleg.

12/4      Til Nesttun kyrkja – Kristoffer med.

15/4      Inga frisk heimatt frå Diakonisseheimen.

28/4      Ein «medlem» skriv i «Kameraten» – er ille nøgd med at eg påtala uro i ungdomslaget– og dårleg orden på årsfesten.

10/5      Eg svara munnleg i ungdomslaget på ågripet.

17/5      Teodor Olsen hos oss um dagen – vore 5 dagar i byen, studert lepra.

20/5      Igår og idag Olav upptakingsprøve på millomskulen –  Storetveit. – Idag sett 300 gram «3 år gml». – Hos Rasmus Fyllingen.

26/5      Politi Rønnhovde i skulen, likeeins fru Olsen, Ivarsland, for å tale um røving av fuglereir som son hennar Johannes driv.

28/5      Torsdagskveld. Tilsynet samla og gjorde istand melding um Hannemann, Johannes Olsen.

31/5      Pinsdagskvelden- Berge Sælemyr og kona hans hos oss. Rasmus Bønes kom også.

12/6      Fru Vegsund, fru Reed, fru Pedersen til skulen og klaga på Hannemann, Johannes Olsen og Leonhard Olsen for at borna deira ikkje får gå ifred vegen til skulen.

13/6      Gjeve Johannes og Leonhard Olsen og Hannemann juling på skulen. Krinsf. Ingebrikt Løvås og Lærarinna Høsteland såg på- Same kveld Lars Olsen til læraren og heldt handa si yver gutane sin fanteskap.

22/6      Årsprøve. Løkling her.

23/6      I vergerådet. Hannemann skal sendast på Ulfnesøya.

26/6      Ferdig med det Kommunale manntal – 246 røystef.

29/6      Inga og eg i skulestyre og lærarmøte på Nesttun. Upp til Melkild. Lærar Skogen tilsett på  Minde.  Michelsen døde idag kl. 020 f.m.

3/7       Michelsen gravlagt idag. Eg til Nesttun. Såg på likferda på Fjøsanger.

29/10-3/11         Inga og eg til Oslo- Rukke i Hallingdal. Eg var på Avhaldslandstinget for å segje frå   um røystinga um forbodet.

28/11    Berge Sælemyr dårleg, svulst på heilen.

9/12      Eg var der burte og skreiv skøyte. Han yverdrag garden til Severin frå 1. juli 1928. Skreiv sjølv under. Severin ogso. Eg og Einar Sælemyr vitne.

22/7 -8/8           J. Gibostar på landbrukskurs. Nils reiste att til Am. 20/9-25.

1926

15-27/2 Sløyd og handarbeid – med arbeid ein runde um kvelden for å bli ferdige.

2/3       Mattis Nes kom her upp saman med Petra og Margit, Nils Bønes held på burte på skulen og arbeider bord og benkjer åt ungdomslaget.

3/3       Mattis og søstrene reiste. Han har fått røntgenfotografert magen sin, der er eit belegg på innsida, – doktoren lova honom inga hjelp til betring – dr. Grieg. Gjentene reiste til Haugesund, han til Nordfjordeid.

20-21/3 Inga og eg tur til Leirvik husmorskule. Eg heldt foredrag «Livsverdiar».

25/3      Bård K. her. Tala på Søreide um «forbodet nyttar i Amerika.» Handelsm. Skage skyssa hit upp.

26/3      Olav Os på årsm. i Bøndernes fellessalg., kom upp her um kvelden.

27-28/3 Inga dårleg (palmesundag), eg roleg heime.

2/4       Langfredag. Provst Riise var her og preika. Handelsm. Skage ogso til middag hos oss.

9/4       Gamle Engel Fløyen mykje dårleg. Eg såg til honom. Slutta skulen på Løvstakken.

19/4      Far B.K. har vore hos oss i 2 dagar. Igår – sundag – heldt han foredrag på Søreide i S-S  indremisjonslag 5 et.m., og her i Sælen i Fyllingsdalen ungdomslag kl. 8 1/2 um kvelden. Emne:»Vit, kjensle, vilje». Idag med bilen V/45, reiste heim til Strandebarm.

Berge Sælemyr er no god att – nokso bra. Var hit her, og vi gjorde upp papir um ljosleidingslinja.

28/4      Gamle Engel Fløyen (Bolstad) døde idag morgon kl. 5, var 86 år gamal – han åra 10.juni. Fødd 1840. Han sov burt – eg var inn til honom igårkveld kl. 5. Han streid noko då, kjende meg, men høyrde lite.

29/4      Ettermiddag kom formannskapet her til, såg på skulen, og heldt formannskapsmøte i   klasserommet (storskulen).

30/4      Maiblomane bringa rundt. Eg bryt ned for det nye grisehuset. Gamle Engel skal leggjast i kista ikveld kl. 8.

1-2/5     Inga og eg tur til Austrheim, fylkesårsmøte til  Hordaland ……

3/5       Eg til Nesttun på verjeting for Sælemyrsborna. Betalte skatten. Til Telefondirektøren i byen og snakka med honom um å få bytelefon hit.

4/5       Idag skal Gamle Engel gravlegjast. Fasmer Dahl møtte fram og heldt tale i syrgjehuset. Engel vart gravlagt på den nye gravstaden på Nesttun.

5/5       Tur til Solheim gjerdefabrikk, spurde um prisar på gjerde for ungdomslaget. Tinga litt til skulen – 1 port, 1 hyrne. Tala med Telegrafinspektøren um telefon til Dalen.

13/5      Himmelfartstorsdag heime. Ettermiddag kl. 8 telefonmøte. Sendt søknad til Bergens  telefonkompani um å få linje til Fyllingsdalen uppstikka og kalkulert. – Møte i tilsynet og  tala um 17de maifest for borna.

14/5      Snakka med telefondirektør Meinick. Telefonlinja kostar kr. 400 pr. km. For abonent- Leverte søknad um å få linja uppmålt og kalkulert.

16/5      Styremøte i S-S.indremisjon. Vågenes vald til formann. Meilen flytta til Fjøsanger.

17/5      Barnetog 9 – 1. Læraren tala ved skulen. Borna leika – hadde kapping – mat.

21/5      Berg.telefonselskap gjekk upp telefonlinje gjennom Sælen.

22/5      Inga og eg til byen, høyrde på songarane ved Børsen. Landssongarstemna. Storfint ver.

25/5      Brev frå Mathis Nes at han no er dårleg og held mykje senga. Det er kreft.

2/6       Inga og eg høyrde barnekoret i Songarhallen – 4000 born song.

5/6       Eg på bispevisitas til Fanakyrkja. Sunniva og Liv med. Gjekk heimat, eg saman med lærar Ola Bønes.

6/6       Anna kom her upp idag. Ho skal ha ferie 1 1/2 månad frå 7/6. Johans og Guro Lutro kom her ved kaffitid. Ola Lutro med, og so Arne son til Johans. Var her til 8 um kvelden. Gjekk yver Skaret til Laksevåg.

10/6      Anna reiste idag – ferie til Hardanger.

12/6      Eg gjekk til byen –  so til Nesttun i lærarlagsmøte. Vart vald med i ei nemd som skal  kome med framleg til byte av lærebok i naturkunna. Alvsåker, Tveisme, Soldal og eg.

13/6      Eg var i ungdomslaget, snakte med dei um «Livsverdiar». Fylde idag 47de året. Inga bakt ei kake i høvet.

25/6      Slutta skulen 4de klasse. 9 elevar skrivne ut or skulen. Fekk ei gåve – 1 halsnål  – hos Asta Fyllingen. Basar for Vestlandske blindeforbund ettermiddag. Kom inn ved utluting 238 Kr.

26/6      Slutta skulen idag.

28/6      Til Nesttun og gjorde upp for skuleåret. Betalt karakter-og lesebøker. Tala med Schrøder Nilsen og telefondir. Meinick.

30/6      Sote og bøtt sko no denne veka. Insjenør Gromnes frå Brg. telefonkomp. var her idag for å konferere um telefonlinja til Fyllingsdalen. Hans yverslag vert dyre.

1/7       Skuledirektør Vevle og ordf. Mohr og kontorsjef  Netteland og skuleinspektør Melkild var her og såg på den nye og gamle skulebygningen. Det gjaldt innreidning av kjellaren i nye skulen og å selje det gamle skulehuset til  ungdomslaget. Vevle og Mohr gav ord um 3000 kr. frårekna omnene i klasserumma.

5-27/7               Olav og eg på Nordfjordtur. Stansa i Reigsund og Bortne. 7-9/7  framum Os, Nes – Mattis svært dårleg av kreft. 11de til Navelsaker. 18de til kyrkje. 20-21 tur til Øye. 25de til Nes att. 27de heim til Sælen. Høyrde etter Råvass i byen.

28-31/7 Arbeidt med hønehuset.

1/8       Sundag heime i ro.

2/8       Fru Anna Løvås død av giktfeber.

4/8       Mattis Nes døde av kreft i magen.

5/8       Inga, Kristiane, Brita reiste um morgoen .

6/8       Eg var i jordferd etter Anna Løvås – la krans på kista frå Fyllingsdalen ungdomslag.

7-14/8               Inga og eg til Nes, Nordfjord, i jordferd etter Mattis. Mattis gravsett 9de august. Til Navelsaker 10de um kvelden til 13de um morgoen.

14/8      Såg uppum til H. Johannesen Råvass for å få betaling for ost Knut har sendt honom. Vi møttte Lars Bergset og frua på jarn. i Bjørgvin. Kom frå Oslo – skulde til Nordfj. Inga Bergset skulde attende til Oslo. Ho fylgde oss til Sælen.

16/8      Inga Bergset reiste herfrå um morgoen til Oslo.

18/8      Styremøte i S.S.avhaldslag på Søreide. Pengesamling til forbodskampen. Laget – 300 kr. av lagskassa.

19/8      Gjekk til lærar Skogen, Minde, for å høyre um han hadde bidr(?)ovnring å late.

21/8      Inga reiste til Linga etter Brita og Kristiane.

22/8      Samrådemøte i skulen innkjøp av det gamle skulehuset åt ungdomslaget. – Etterpå – Eg refererte saman med R. Bønes og Einar Engelsen brev til Edv. Os um utsending til Noregs ungdomslag sitt årsmøte på Hønefoss.

25/8      Revisjon av F. Innkj.lag sine rekneskap. – R.Bønes, Kr.Bønes og delte ut «Vardevakt» – og laga lister til å samle  pengar til forbodsrøystinga.

27/8      Inga kom att frå Linga. Brita og Kristiane ogso, eg til byen etter dei.

28/8      Ordf. Mohr og insj. Ross her og såg på kjellar og loftsetage i det nye skulehuset –  det skal setjas istand.

Um kvelden Pål Hamre, Joakim Fyllingen og Ole Sælensminde her – telefonsaka fyrehavd. Råder til rikstelefon. Ålmannamøte um det sundagskveld 12te sept. kl. 8.

30/8      Lærarinna kom her til frå Masfjorden.

1/9       Skulen begynd 4de og 2dre kl.

2/9       »            »          3dje og 1ste – . Eg gjekk til Bjørgvin kl. 10 for å vere på den Vestlandske lærarstemna. Høyrde Eflestøl, prost Gunnarson. Heim um kvelden.

3/9       Til det Vestlandske lærarm. Inga med. Høyrde Vevle, rektor Eskeland, dr. Kloster. Såg filmen «Gullfeber». Var på teateret og såg «Gjengangere». Kom heim kvelden kl. 11. Ovidius var komen.

4/9       Ovid. reiste idag kl. 4 et.m. Jon Navelsaker kom med middagsbilen. Frk. Flatset skulde halde møte her kl. 8 et.mid. men av det ruskue veret kom so lite folk – møtet vart ikkje av.

5/9       Sundag. Melkild kom her til. Melkild, Einar Engelsen og eg sette inn lærar til skomakarkurset, 1. Ole Alsaker, 2 Martin Moen, 3. Søfteland. Det var ni søkjarar. – Jon Navelsaker reiste med middagsbilen. Olav var med honom til byen. Jørgen Navelsaker var no komen austantil – ikkje tent på kyrne. Brita J. Navelsaker reiser heimatt frå Diakonisseheimen truleg onsdag den 8de i d.m.

10/9      Olav Os komen då eg kom av skulen. Eg fylgde honom til Bjørgvin. Eg tok på meg å vere tallrevisor av rekneskap og kasse åt Norges sylvrevalslag.Var innom til skrivar Ubøe. Vi var so i teateret og såg «Der jorden brenner» – frå Elsas. So heim til Sælen med Olav Os og meg.

11/9      Idag reiste Olav Os kl. 11 1/2 f.m. til Eid frå Bjørgvin ikveld kl. 5.- Liv og Torbjørn var idag på Torget.

12/9      Telefonmøte i skulen. Pål Hamre, Ole Sælensminde, Joakim Fyllingen, Engel Fløyen, Karl Karlsen og Navelsaker tilstade. Avslo å vende seg til Berg. telefonkomp. for å få telefon. Prøve å få rikstelefon.

13/9      Fått underskrive søknad um rikstelefon av Pål Hamre, Knut K. Samdalen. –  Joakim Fyllingn – Torhild L.Ljosnes kom hit upp. Ho er på tur til Kroken gjenteskule, Sogn.

15/9      Inga fått Ole Lynghaug, Ole M. Sælensminde og Oluf Fyllingen til å skrive under  telefonsøknaden. 14de var og Sofie Bergset upp um her på veg til Oslo. – Ikveld var eg til byen. T. Brommeland skreiv under søknaden for Løvåshaugen, og Peder O. Fyllingen. Han kom då eg kom heimatt, med 100 kr. til Det norske misjonsselskap frå Smågjentene si syforening.

16/9      Fekk Engel Roligheten og Kristian Sælensminde til å skrive på telefonpapira. – Vi tok poteter.

17/9      Ragnvald Nilsen ( Brennhaugen) og Berge Sælemyr skreiv på telefonsøknaden.  Vi tok poteter.

19/9      Alvsåker, Tvisme og Soldal (frk. Øgård møtte ikkje) og eg heldt møte um lærebokspursmålet i naturkunnakap. Samde um: Ved byskulen i Fana: Føre inn Holmsen og Strøm: Naturkunnskap, større utg. II Naturlære (fysikk og kjemi) og Holmsen  Schrimer og Strøm III Helselære og  Slettemark og Bergo: Planter og dyr. Desse bøkene er berre på riksmål. Kun flinke born får bruke nemde bøker, dei andre born  Holmsen og Strøm:   Naturkunnskap for folkeskolen ( mindre utg.) som no. Der dei har landsmål, brukar dei som no landsmålsutgåva av Naturkunnskap (mindre utg.) Flinkare lærlingar kan få bruke Slettmark og Bergo: «Planter og Dyr» – attåt.

Møte i Fyllingsdalen ungdomslag. Eg påtala at Arne Nyegården og Rasmus Bønes hadde sendt ein utsending til Noregs ungdl. sitt årsmøte – som ikkje var vald og attum styret og laget sin rygg, og kva eg hadde gjort i den sak. Styret skal kome med framlegg til uttale um saka og leggje fram for fyrste ungdomsmøte. Petra, Margit og Olav Nes kom her til um kvelden. Reiste at måndag.

22/9      Møte i S.S.avhl. si nemd for forbodsrøystinga – på Søreide. Rodeforstandarar.

23/9      Lars N Gausemel kom her um kvelden.

24/9      Reiste idag – Kona hans operert. Ikveld Einar Engelsen her. Sendt brev til Ole R. Alsaker, skomakar.

24/9      Ferdig med å ta upp potetene – rundt 25 tynner.

29/9      Styremøte i Fyllingsdalen ungdomslag å lage uttale um utsendingsvalet til årsmøtet i N.ungdl.

30/9      Møte i Fana pædagoglag på Nesttun med tale av Melkild. Eg reiste upp, sa frå meg å tale ved forbodsrøystinga, tala med Løkling.

2/10      Bård Koltveit kom her til frå Nesttun. Han skal no arbeide i Hordaland fylke til forbodsrøystinga er yver.

3/10      Olav konfirmert idag. Gud signe honom til å verte honom til æra.  Um kvelden ungdomsmøte i F.ul. Styret kom med framlegg til uttale vedkommande utsendingsvalet til årsm. i N.ul. Uttalen vart samr. vedteken. Umhandla at Ola Bønes var lagslem, ikkje dette at han ved røysting over  N.ul.form. sitt skr. var utestengd frå å verti sending. Skogen og Olav Søreide kom seint kvelden.

Avhaldsmøte Sælen torsdagskveld kl. 8: lærar Solheim og Hauge. Same kveld Rodeforstandermøte i Sælen skule.

4.5.6./10           Har um etterm. vore på N. sylvrevallag sitt kontor, Erik Pontoppidansgate 1 og revidert rekneskap for sept. månad. Sekretær Ubøe ein venleg greid mann. Reknesk. rett.

3/10      Skom. Ola Alsaker kom med middagsbilen. Han skal bu hos Engel Fløyen.

9/10      Gina Gausemel kom. Inga henta henne i byen der ho var på sjukehus.

10/10    E. Eik held uppbyggjarsmøte og tala litt um avhald. Eg såg på gjerdet um ungdomslaget si byggjetumt, um det skulde målast.

Kvelden kl. 8 telefonnemdas møte hos meg. Papira ferdige. 10 mann teke på seg 1065 kr. til linje. 12 mann stasjoneres 300 kr. pr. år i 5 år.

11/10    Skomakarkurset tek til med 8 lærlingar. Alvsåker lærar.

13/10    Fru Gausemel og Inga til byen.

16/10    »      »               »   »      reiste idag til byen. Lars Gausemel kom tidleg idag til byen med ein hest han skulde levere, henta kona med same.

14/10    Um kvelden gjekk eg til Helgeplassen og Løvstakken med blad og broskyrar og stemmesetlar til forbodsrøystinga 18/10.

10/10    Eg var med skom. Alsaker til byen – røysta for brennevinsforbod. Fam. L. Gausemel på Firda og Sygna herb. Han og kona reiste kl. 5 et.m. Kom heim 17/10 kl. 12 umlag.

18/10    Sat i stemmestyret under forbodsvalet frå kl. 10 f.m. til kl. 6 e.m. – 9 gutar på skomakarkurset no. – Av 250 røysteføre var her 102 som røysta.

22/10    Forbodsr. vart 416000 for brennevinsforb. 526000 mot. Kveldene i denne veka har eg vore hos skom. Alsaker og vølt ledskorne mine.

23/10    Kap. Evd. Os kom i 12tida. Vilde høyre um utsendingsvalet til N.ul. sitt årsmøte. Vi vil ordne det sjølve fortalde eg honom. Fylgdest til byen. Han til N.eid, skulde vigje ungdomshuset dagen etter. Eg reiste til Nesttun. Lærarmøte. Slettemark tala um  naturkunna. Lærar Fr. Skage fekk no han skulde slutta skulen 6 sylvskeiar. Eg fyreorda umskifte av lærebok i naturkunna – utgreiding av det  læreboknemda gjorde framlegg um.

Sletta og Bergo: Planter og dyr.

Holmsen og Strøm: Naturlære og Helselære.

27/10    Kjøpte 2 sauekroppar 1,70 pr. kg. hos Knut Samdal og 10 kg. ull 2,40 pr. kg.

31/10    Marknad i Fyl.ul. Spelst.»Hugvending» uppført. Ink. 601 kr.

1/11      I byen og rev. sylvr. sin reknesk. oktober.

6/11      Med skom. Alsaker til Bergen. Kjøpte led til sko åt Olav. Rev. reknsk. åt N.s. resten for okt. Alt rett. Ubøe dårleg av influensa. Betre no.

5/11      Bededag. Arne Nyegården og Rasmus Bønes hos meg um kvelden. Samsnakkast um å få  seneutstyr åt laget. Um spelstykke til 30 års festen 1927 – febr.

8/11      Til byen. Leverte grunnavståelsespapiret til stolpegrunnen for privat tilknytingslinje til rikstelefonstasjonen i Brennhaugsneset til herradskrivar Rickter Salvesen til tinglesing. Leverte søknad um telefon til Kontorsjef Netteland. Var til Melkild med honning 3 kg. Tinga matrial til sløyden og y.a. Eg åt til middag der – han fylgde meg til byen, høyre yverlærar Henrik Solheim foredrag um skulehagar.

10/11    Gjekk til Søreide um kvelden. Møte i S.S. avh.styre kl. 7. Valde lærar Skage og Navelsaker til uts. frå laget til fylkest. 14/11 i Bergen. Samtala um møte, julefest, konfirmantfest, marknad fram på våren.

11/11    Teatermålar Rudolf Krog, Skånevik, kom her til. Arne Nyegården. Rasmus Bønes, Einar Engelsen og eg samtala med honom um å få honom til å laga oss seneutstyr. Han vilde gjere arbeidet for 540 kr. + 26 kr. til reise. Bakteppe, friluftsene med sel og stove, det indre av ei stove med peis, skiftefelt, bakkelandskap – 3 draperi.

– Um   kvelden til Løvstakken.

12/11    Til byen ettermiddag. Kjøpte ein stol og sende heim til mor – korgstol. Henta ei eplekasse frå Haus, 60 kg.

14/11    Til Brg. til Fylkest. for Hordaland. Vevle heldt foredrag um framgangslinene for avhaldsfolket. Laberg melte mot. Det var 2 ting det galdt. 1 Verje det kom. sjølstyre, 2 Vere og røyste som avhaldsfolk no dei vil ta burt brennevinsforbodet. Markhus var der ogso. Valde 8 uts. til avh.landstinget til våren. Eg vart der med for Midthordaland saman med Løkling.

Ikveld møte i F.ul. Referat. Eg bad um at Erling Birkeland sitt skriv vart tilføya møteboka. Eg gjorde framlegg um at laget sette ei nemd til kome med framlegg til lagsvedtak eller lov um kven som har røysterett i laget, og kven som kan veljast, og um at heile styret skal skrive under fullmakter og avtaler. Det vart vedt. samr. å få teatermålar Krog til å lage lagets  seneutstyr til 540 kr. lektar 70 kr.

17/11    Salomon  her og slagta 2 griser, dei eg fekk hos Steirnes. Den eine 80,5 kg. – og den andre 74 kg. Pris 1,60 pr. kg.

22/11    Skuleinsp. Olav Melkild her. Høyrde på i Noregssoga. Tilsynet samla. Gav uttale um og talde til å bruka det gamle skulehuset til gymnastikksal for skulen – flytta det. Tilrådde og å   kjøpe flaggstonga eg har sett upp til skulen. Melkild gjekk herfrå i 6tida um kvelden.

Eg held no på å lage beksaumsko åt Olav.

23/11    Arne N., R. Bønes og eg samla og tok ut lektematrial til seneutstyr åt f.ul.

26/11    Arne, Hjalmar Riple, Lars Knarvik, Einar Fløyen, Rasmus Bønes – saman med Nils R. Bønes og laga råmer til seneutstyr – um ettermiddagen. Anna upp, hos oss siden igår. Ho er no innvigd til raudekorssyster.

28/11    Ungd. møte um kvelden kl. 8. Det var fyrehavdt mitt framlegg um lov eller lagsvedtak um kven som har rett å velje og kven som er valgbar i laget, og um at styret skal samla skrive under fullmakter og avtaler. Det var vedteke på fyrre møte at ei nemd skulde veljast til å kome med framlegg. Rasmus Bønes kom no med framlegg um at ei slik nemd ikkje skal veljast. Framleget hans fekk stort flertal. – So er der då ikkje den garanti som eit samla styre gjev for at lagsvedtaka vert fylgde – og det vert vel til det at eg sluttar i laget.

29/11    Idag har eg vore til Nesttun og betalt den direkte skatten. Var til driftstyrar Sognnes og fekk greide på at elektrisitetverkstyret no har ytt til Stolpegrunn for Fyllingsdalslinja 1630 kr. – 48 = 1582 kr. Dei 48 kr. deponerte eg til Fana kom. Krav i si tid. Har no fått dei att og var til Berge Sælemyr med dei idag. Leverte honom og rekning yver flaggstonga kr. 107.75. Han var sur, vilde ikkje havt det på den måten at stonga fyrst var uppsett. Skulde fyrst søkt um henne, og so reist henne.

1/12      Møte i styret  for leseringen og Tidskriftlaget.

3/12      Rev. i N. sylvr. i byen. Vart ferdig for denne gangen på ein kveld. – Idag kom teaterm. Krog og tok til å måla seneutstyr til ungdl.

4/12      Årsm. i Leseringen. Ingebrikt Løvås, Rasmus Bønes og Navelsaker valde til styre for 1926/27.

5/12      Styret i Leseringen tok ut bøker. – Krog har måla i heile dag.

6/12      Inga og eg til byen. Olav Os kom. Styrem. i N. Sylvr. 7/12. Han var her til då. Ikveld  stilte Krog ut seneutstyret.

7/12      Olav Os reiste idag. Krog ogso i 12tida. Eg forkjølt.

10/12    Telefonert til Melkild um skomakarkurset. Utstilling sundag 19/12. Han må ta med hit resten  av løna til Alsaker – 700 kr. Telefonerte til Ross um å kome hit.

12/12    Emissær Phillip Skår i skulen kl. 11 og tala – godt. Kl. 3 1/2 høyrde eg kjøpm. Sørvåg halde avh. foredrag på Søreide.

11/12    Um kvelden Ingebr. Løvås, Rasmus Bønes og eg delte ut bøkene i leseringen.

13/12    Borna til Konsertpalæet og såg filmen «Dyre..?besk»

16/12    Inga sjuk. Eg til byen til dr. Loennechen for henne – fekk medisin. Eg sende ein julepakke til mor og Hans.

18/12    Skulen fri. Brudlaup til Astrid Sælen og Nils Erdal. Eg med, Inga låg dårleg. Gav brudefolket eit kaffistell av kopar. Eg tala litt for dei etter middagen. Kom heim kl. 2 natt. Torhild Ljones og ei Nordfjordgjente frå Solheim, Gloppen, komne. På heimveg frå Kroken gjenteskule, Sogn.

22/12    Oddrun, Inga, Torbjørn og eg til byen gjorde juleinnkjøp. Eg henta ei kasse frå Navelsaker. Um kvelden gjekk eg um i krinsen med gåver til fattige.

23/12    Liv fyller året.

24/12    Torbjørn og eg ordnar på skulehuslemen. Set seneutstyret på plass, sopar, lagar joleved. Olav til byen etter ei kasse frå Okrå. Joletre og jolegåver um kvelden.

25/12    Joletrefest for borna – 119 billettar. God stemning. Tor Michelsen og faren spelte åt oss, fele og orgel.

29/12    Lone har no vore med 2 lass hestemøk-

30/12    Til Søreide ul. Heldt tale til dei um heime og heimetanken. Presten Martinussen tala um jolefesten si soga og meining.

1927

1/1       Olav og eg til Laksevåg Kyrkja. Fin musikk. Tybring snakka uniafyllast(?) med all fylle frå Gud. – Gud gjeve det må verta eit godt år – honom til ære.

2/1       Fest i Fyllingsd.ul. um kvelden. Høgskulestyrar M. Birkeland tala um visdomar som er løynd for dei vise av denne verdå, men åpenberr for dei uvise. Seinare på kvelden tala eg um jola som heimen sin fest. » Heimen og heimetanken». So ein 80 menneskje samla. Veret var meir enn ruske med blåstode og hål is etter vegane.

3/1       Til byen og rev. i N.sylvr.

4/1       Diktar Anders Underdal tala um Valdres. Song av sine eigne songar. Rasmus Bønes, Arne Nyegarden og eg laga melding um vårt arbeid med seneutstyr og gav yver til laget – kostnad kr. 666,44.

6/1       Leverte Arne Nyegården bokpakke frå leseringen. Lars Knarrvik og eg skreiv under melding um skolappekurset.

7/1       Reiste um kvelden til Oslo. Trefte Olav Os på toget i Brg.

9/1       Eg gjekk av på Ål laurdagsmorgon og fylgde toget til Nesbyen. Der var eg hos Borghild og Ola Haraldset den dagen. Tog med toget til Oslo, kom dit 940. Ævid. var på stasjonen og tok mot meg, og førde meg heim til seg. Vart motteken av Berta og gutane.

9/1      Sov til kl. 11 f.m. Gjekk til Edv. Os. Han og Olav og Ragna og borna på Rånåsfoss. Ævid og eg på Nasjonalgalleriet og såg Chr. Langgårds samling. Kl. 4 et.m. på Avh.landstinget, denne og næste og ordskifte um retningslinjene for avh.arb. 1. Ædrugeleg folk. 2. kom. sjølvstyre. 3. Ikkje  kom. og stat økonomisk interesse av alkoholhandelen.

10/1      Høvdsten formann. – Isene trekte seg unda.

11/1      Såg stortinget administrerte seg. Til Edv. Os saman med Olav Os. Til Grorud til bryggjeformann Bakke, saman med Berta. Til Lars Bergset, han åleine heime. Frå Olsens um    kvelden – Ævid med. – Helsa på Fasmer Dahl med huslyd på stasjonen. Hans Svarstad kupekamerat.

12/1      Heim idag kl. 3. Alt vel heime.

15/1      Olav Nes kom til oss um kvelden. Han skal på Amerikakontoret og få utvandringsløyve.

18/1      Petra Nes kom ved middagstid. Ho skal søkje utvandringsløyve til Amerika. Eg har gått eit par kveldar og sett Hjellestad: «Fana kirke, 100 år».

19/1      Petra og Olav reiste idag. Olav fikk utvandringsløyve med ein gong – må vere or landet innan 4 mån. Inga og Olav var til byen i ettermiddag. Mathenting i Lauvåsen. Selt dei siste hefta av Hjellestad: » Fana kirke».

21/1      Avh.talar Sigrund Haugen tala ikveld, berre 10 menneskje. Greit og godt foredrag.

22/1      Landsmøte på Nesttun. G. Oppedal vald til formann i lærarlaget. Soldal, frk. Tjørn, Kalsås, Tveisme til styre elles, kaffiykt. Nominasjon av lærarrepresentant for 2 år 1927/28. Ved andre røysting fekk Hjellestad 10r, Norland 12, Navelsaker 2. Lærar Skogen demonstr. livande ljosbildte. Lærebokspursmålet i Naturkunna fyrehavt. Eg gjekk fyrr dei var ferdige.- Rev. Kjøpel. rekneskapene um kvelden saman  med Rasmus Bønes. – Fekk med frå insp. litt    kontorutstÿr.

27/1      Inatt har det storma svært. – Skulestyre- og lærarmøte på Nesttun. Val på lærarrepresentant, Hjellestad 15r, Norland 11. Varam.: Norland. Til middag hos Alvsåker. Etter midd. til byen og rev. i N. sylvr.

30/1      Lærar Nilsen, Brg. saman med kjøpm. Sunde her og haldt møte. Kollekt til «Israelmisjonen». Nilsen ein forkynnar med klårt innsyn i Guds ord – so eit barn kan skyne det.

2/2       Gått og samla årsp. til S.S.avhl.

5/2       Laurdag. Sunniva fyllte 15 år. Gud signe henne.

7/2       Inga til byen. Anna kom frå Florøy.

8/2       »       fylgde henne til N. Loennesken. Ho vart lovd 2 mån. sjukepengar av Krinssjukekassa –   skal elles liggje 2 vekar på systerheimen og få på seg kjøt.

10/2      Gjekk til kvelden til styremøte i S.S. avhl. hos handlm. Skage, Søreide. Lagsl.: 95 = 55 kvinner + 40 mann. Heidersgåve til Årrestad 25 kr. – tilråda av styret. Soknenemda søkjer um 50 øre pr. lagslem til dekkjing av sitt underskot. Formannen sa frå seg attval.

12/2      30 årsfest i F.ul.160 menneskje. Festbord med rjomegraut og spekekjøt. Bordtalen av skulestyrar Løvås, Olav Løvstakken, Andreas Sælensminde. Spelstykke «Tatergjenta» og «Bremnefolket». Kvartett/spelemann Moi gav nokre nr. Frk. Elida Sælensminde song. Leik i Gamleskulen. Festen slutta ca. 5 – 6 sundagsmorgoen. Inga og eg gjester.

13/2      Helland og Blindheim heldt møte i skulehuset. Eg har litt influensa.

19/2      Anna Kolltveit kom til oss fra Raude Kross systerheim. Ho er bra, skal ha 1 års permisjon.

21/2      Pastor Dankert Skogen var her og tala um salmebokbyte, Landstad rev. utg. Fullt skulehuset. – Denne veka sløyd.

23/2      Emisær Simonsen tala til uppbyggjing her i skulen um kvelden kl. 8. – Elisabeth Olsdtr. Navelsaker døde – gravl. 1.feb.

26/2      Frødeling i Lauvåsen kvelden kl. 7 1/2 – 10.

27/2      Emisær Simonsen, Lista, tala til uppbyggjing kl. 11 f.m. i skulen. Sundag roleg heime.

2/3       Idag Inga og Anna til byen. Igår rev. i Fyllingsdalen innkjøpslagrekneskapen for 1926.

3/3       Far B.K. kom her til idag frå ferd i Sogn.

4/3       Reiste att idag saman med Anna. Inga med til byen.

6/3       Eg tok med bil til kyrkje, Nesttun. Salmebokrøysting um innføring av Landstad rev. bok. 3 bilar med folk frå F-dalen. Skogen heldt ei gjev preike. – Røysting: 240 mot byte, og 430 for byte (umuleg). Etterpå fylgde eg lærar Absalon Lothe, Minde, heim.  Åt der iddag, tala med stortingsmann Lothe ei stund. Tok derfrå kl. 7 til byen, skulde i vinstrefest kl. 8. Kom til  «Gimle», fekk vite at festen var avlyst medd. Stortingsm. Finne var død av slag han skulde      gå frå det politiske møte i Turnhallen kl. 3 e.m. Eg gjekk heim yver Skaret. Nådde såvidt årsmøtet i kjøplaget i Skulen.

7/3       Eg gjekk til byen, rev. i.N. sylvr. Kjøpte litt til sløyden.

9/3       Hadde sløyd med gutane i 4de kl. etterm. for å verta ferd.

10/3      »          »        ogso i kveld. Vart ferdig so i 9- tida.

13/3      Bibelskulest. Nils Lavik heldt møte her i 11 tida. Godt møte. Olav og eg var til byen um kvelden. Trefte Jon Navelsaker som reiste til Amerika med «Vega» måndag middag.

14/3      Ettermiddag var eg til byen rev. N. sylvr..

15/3      Hjalmar Riple og eg tok avgjerd um planting på ungdomslaget sin byggjeplass. 700    gran – 700 fure – 100 lønn og ask.

16/3      Inga og Synniva til byen. Trefte Petra og Margit her og bror deira Olav som reiste til Amerika med «Bergensfjord» idag kl. 3. Salomon slagta 2 grisar åt oss – 60 + 54 kg.

17/3      Var til Nesttun til skuleinspektøren og fekk ordna ymse ting. – Idag levert ein gris til Frantzen, 60 kg â 1,30 kr.

18/3      Fotograf Rasmussen, Nesttun, her og fotogr. 1. og 2. kl. på ei plate – 3. og 4 kl. på ei plate. – Tinga 2 grisungar hjå Ola Lynghaug.

19/3      Henta 2 grisung. hos Ola Lynghaug. Tur til Strømme for å røkje etter G. Drage og M. Tonning sine hus.

20/3      Eg var til Liland, heldt foredrag der kl. 4 et.m. i årsmøtet åt avhl. Gjekk ut frå Velhavens  dikt: «Stålet». Var ei stund på årsmøtet.

21/3      Kjøpte 1/2 mål bjørkeved. Sygjenta kom um kvelden.

22/3      Køyrde ut gjødselen – 14 lass.

23/3      Spadde um rabarbrastykket. Styremøte i S.S. avhl. hos Elias Søreide.

26/3      Inga og Sunnva til byen. Konfirmasjonsutstyr.

27/3      Sundag. Eg, Olav, Liv til byen og såg «Mennesket» ei utstilling av menneskjelekamen.

28/3      Årsprøva vert no halda um våren i Sælen krins som i Fana sokn. Idag prøve i Stil: «Hvad vi har til moro om vinteren» Nils R. Bønes tilstades av tilsynet. – Riksrettsdomen er fallen 25/3. Domen er revolisjonær – er frikjenning. 1 For    grunnlovsbrot- gjeve Handelsbanken 25000000 kr. bak stort. og Kongens rygg. 2 Løgn. 3 Falsk rekneskap. –  Høyrelag og handelsstand i byane sender Abr. Berge blomster. Dei fekk ta pengane sine or Handelsb. på staten sin kostnad. Stakars land.

30/3      Inga og eg til Nesttun i møte i Pedagogisk lag for Fana. Institutstyrar S. Sætre tala um «De åndssvage og samfunndet». Kaffi og Kt.

Lektor Bjørnstad vald til formann, Fru Marstranden foredrog um: Lærerens stilling til den naturvidenskaplige livsanskuelse». Godt møte. Fekk vete at det gamle skulehuset vårt her skal til Skeie ved vølinga av skulehus der. – Ikkje gumnastikksal her. Åja. – Inga og eg fekk køyre i bilen med Martin Birkeland heim til Straume. – Frk. Hanna Grimstad – sydama – for frå oss idag; har no laga klede til Sunniva til konfirmasjon.

31/3      Engel Fløyen hit og pløyde til meg etter millommat.

1/4       Olav Os kom her med middagsbilen. Sydama som var ein liten tur her til og såg på Sunniva sine klede att, reiste med midd.bilen. Olav Os var i byen på årsmøte i Solslaget, og vart her um natta til laurdag. Heime hos dei lever dei vel. – Alma Raftevoll døde på Florøy 2.apr. Gud signe henne.

5/4       Årsprøve. Lærar Olav Høvik var her av eks.nemda. Ing. Løvås og Nils Bønes av tilsynet. 15 born tok prøva. Det gjekk godt i det heile. Høvik var her til kl. 7 1/2.

6/4       Med 4. kl. til byen og såg utstillinga «Mennesket». So reviderte eg i N.S.L.. Inga kom kl.5 til Holb.stytta – eg råka henne der. Vi såg «Mennesket» saman-

Um kvelden såg vi «Fossegrimen» på teateret 7 1/2 – 10 1/4. Det var bra spel. Bilte frå Laksevåg til Skaret – gjekk so heim – litt regn.

7/4       Planta 1 kvit syren og 8 efue ned for den nye skulen.

11/4      Oddrun fylte året idag – 8. Gud signe henne. Eit smågjentelag var hos henne på ettermiddagen. – Sundagskvelden den 10de (palmesundag) hadde ungdomslaget spelkveld. Olav spela med i «Mormonane». Inga var og å såg på. Laurdag de 9de var Anne på Sanden gravlagd. – 10de var det yverhøyringssundag av konfirmantane i Nesttunkyrkja. Inga og eg var med Gunnvor dit og høyrde preika. Konfirmantane var på golvet og var spurde.

13/4      Slutta dette skuleåret idag. 15 born vart utskrivne av skulen – millom dei Sunniva og Liv. Dei fekk  avgangsvitnemål. Måtte dei ved Guds hjelp verte gode menneskje. Olav og eg    bøtte sko ettermiddagen.

14/4      Roleg. Til Søreide i avhaldsm. Lærar Løkling tala godt um «Vekt og ….-rettferd». Løyvt 30 kr. til avskilsgåve åt D.N.T. 40 år-formann Årrestad. Elias Søreide og Rasmus Bønes utsendingar til fylkesmøtet. Lærar I Hordnes og Elisa Hamre frå barnelaget. – Navelsaker 13 r og E. Søreide 11 r som utsendingar til landsmøtet i Nordheimsund i juli  månad. Løyvt reisepengar  til dei. Skal ha konfirmntfest 15de mai – sundag. – Til Peder O. Fyllingen med bod frå  Vågenes um møte hos Peder 2. dag påske.

15/4      Langfredag – roleg heime.

16/4      Påskeafta. Til byen. Yverført mitt innskot i Landsbanken kr. 476,85 til Vestlandsbanken 35% – kr. 166,90. Betalte til lensmannen, Nesttun for tinglysingen av Grunnavståelse-dok. til Privat telefonlinje i Fyllingsdalen kr. 6,50.+ 0,40.

17/4      1ste påskedag. Det ligg kvitt med snø over all mark idag, slapsever og kaldt. Heime alle.

20/4      Hefta upp efeuen ned for nyeskulen. Arbeidet med forslag til bokkjøp til S.b.b. um kvelden.

24/4      Sunniva konfirmert i Nesttun kyrkja. Inga, Olav, Torbjørn, Kristi og eg med til kyrkja. Prost   Riise forretta. Hadde Milde-bil til og frå kyrkja. Snø heile vegen. Gud signe Sunniva at ho må verte Gud ein tru tenar. – Um kvelden gjekk eg til losje Heim, Banevegen, der det var fest for Kjøpm. Sørvåg, 70 år. Han har stege i kampen for eit ædrugleg folk i yver 30 år. Brita heim att med Skagen, Søreide.

25/4      Jacob Vågenes kom til meg um kvelden. Vi samtala um indremisjonsårsmøtet sundag 1ste mai.

26/4      Eg til byen til tannl. og fekk rotfylt ein jeksel og plombert ein. Olav og Synniva med til Ny…lin og vart fotografert. Henta matriell til skulen hos Madsen.

28/4      Sette poteter um ettermiddagen ovanfor stova. Snøen kom og la seg utyver. Gjekk til Fyllingen um kvelden, tala med Peder um årsmøtet i S.S. Indremisjonslag 1. mai med mattilstelling. Josefina stå for den, Nemde og med P. um emisær S. Aksnes som reiste for D.N.M – um hans uforstandige døming av ungdom og ungdomslag. Ungd. i ungdomslaga er rømlingen som skal brennasts . Peder likte talen, han.

30/4      Snøar idag ogso – ligg ein våtsnø. Ungdomsl. plantar 1400 gr.+fur og 100 ask på St.sitt.

1/5       Søreide-Sælen indremisjon årsmøte i Sælen skulehus kl. 11 f.m. Bevertning i gamleskulen. Lærar Nilsen frå Bergen heldt tal yver teksten på dagen Joh. 21-15-25 um å elske Jesus. Tala framifrå som vanleg. Etter middag Årsmøte med årsmelding og årsrekneskap upplese og godkjent. Val på 3 nye styrelemer: Vågenes 20 r, Knutsen 18 r, Navelsaker 17 r. – Varamenn: Johan Takvam 7 r, Ansgar Børnes 5 r, Nils Grimstad 3 r. – Gullaksen tala av, seinare fire vitnemål. Oskar Birkeland gav glasmusikk og song. Til slutt litt matt. – Folk kom og reiste med bilar. – Ein får tru møtet var med Guds hjelp til hans ære.

2/5       Sått småsaker, salat, løk, kålrabi ved stolpen.

3/5       Til byen og fekk rotfyllt ein jakel, plombert 2 jaklar. Eg rev. etterpå i N.S.rev. alvslag. Kom heim kl. 1. Regnde.

5/5       Inv. til Nesttun. Var inne til Marstrander( millomskulest.) og tala med honom um smågjentene som har meldt seg til upptaking på m. Eg lese med dei litt fyre prøva rundt Santhans ( Nansy Takvam og Ragnh. Fløyen).  Til Melkild fekk litt skulematriell og 1 sett Kartteknebøker ( Holmsen & Wiborg). Kom heim  med 1bilen. Rev. Fyllingsdalen innkj.lag sin rekneskap um kvelden saman med Rasmus Bønes og Einar Engelsen.

6/5       Rev. resten av F.kl. reknesk. um kvelden.

7/5       Gjekk til byen. Torbjørn og Oddrun med til Laksevåg og henta ein pakke i posten. Eg tok til   byen på H.I. av D.n.i sitt årsmøte og fest um kvelden. Ei programnemd vald på møtet – det var styret. På festen tale av presten Hansen, Brg. og Vevle m.fl. Eg nemde litt um høyre si nye retningslinje «individet er til for seg sjølv – og samfundet for individet». Heim kl. 1.

8/5       Møte i tilsynet. Ing. Løvås og N.R.Bønes møtte. Vi samtala um fest 17de mai for borna. Lærarinna og med.

15/5      Konfirmantfest på Søreide kl. 4 et.m. Sunniva, Olav, Inga og eg avstad. Dekt bord i ungdomshallen konfirmant, framme ved talarstolen.

Presten Dankert Skogen tala pent og manande – ogso um avhald.  Eg tala so um ikkje å gje seg til drykken men til sitt livsarbeid land, heim, Gud. Ola Bønes tala um å halde ut. Les upp Frk. Høsteland, Olav, 2 smågj. frå Søreide. 9 av konfirmantane skreiv seg i laget, millom dei Olav og Sunniva. Festen gild i det heile.   Heim kl. 11 kveld.

17/5      Ein god dag med upphaldsver – noko støvete i vegane. Barnetog frå 9 f.m. upp i Knut Fyllingen sitt vegskifte og ned um Sælen. Eg tala til dei ved bordet um den fridom vi har vunne oss fram til – dei to liner «folkestyre og embetsmannsstyre. Fridom til å leve og utforme den livside Gud har sått i oss». Leik i gamleskulen – ein del dalegutar kom ein smule rusa frå byen, og heldt spetakkel. Brennevinshandelen med sin uhygge er no opna.

19/5      Henta kålplanter. Samla upplysningar um villabuenar til klokkarne. Var på Straume og Bønes.

22/5      Sundag, roleg heime. Les ut Hugo: «93»storfeld skildring av den franske revolusjon. Gjekk gjennom Killengren og Letne: Lesebok, 6 band. Sender dei til lærar Bønes, Søreide. Igårkveld Olav på orrejagt saman med Ingolv Sælen og Vilgot Riple, fekk ingenting.

23/5      Um ettermiddagen Olav og Torbjørn og eg til byen, inn til  tandlekar, trækte ei tann på Torbjørn, pussa mine tenner. Henta konfirmantbilda åt Olav og Synniva, O og T gjekk heim. Eg vart att og reviderte  N.Sylvrev als. reknesk. Kom heim i 1 tida.

24/5      Underviste Nansy og Ragnhild. Braut jord resten av kvelden.

27/5      Til landsmøte på Nesttun. Inga og Oddrun med. Eg fylgde dei upp til lærar Alvsåker sine. Etter vi hadde fått oss mat der, gjekk Alvsåker og eg til lærarmøtet. – Sammøte av lærar-og lærarinnelaget til å velje forhandlarar til å møte 3 forhandlarar frå herradsstyret um nedslag i lærarlønnen. Herradstyret har valt: ordf. Mohr, kapt. Nergår, grb. Hans Liland. – Lærarlaget: G. Oppedal kom med ei klår utgreidning um lønssaka. Det vart vedteke: 1. Landslaget vil forhandle um lønsmink. 2 Til forhandlarar vart valde G. Oppedal og H. Hjellestad av lærarne. Frk. Myklestad av lærarinna. Varamann: Navelsaker (lærarne), Frk. Svardal (lærarinnene). 3 Ein  kunde gå med på å slå av på vikeløna frå 80 kr. ned til 75 kr. på det vilkår at ein so fekk ha løna av kommuna idet tal, kva staten set vekeminsteløna til. Elles få utsett forhandlingane til Stortinget har sagt sitt ord i lønsspørsmålet. – Talrikt frammøte.

29/5      Idag sundag var eg, Torbjørn og Oddrun iveg upp på Lauvstakken kl. 615. Fint ver, ikkje soleklårt, godt å gå. Heimatt kl. 930. – Snudde seg veret, frå nord til synnaver.

4/6       Vart ferdig med ei veit 18 m. Lang frå brunnen og n.n.v. til berget. Idag fri skulen –   pinsafta.

5/6       Pinsdag. Olav, Sunniva og eg var med F.dalens ungdomslag på tur. Med motorbåt frå Straume um Lysøy – Ole Bull sin bustad – til Losje Nordvik der vi fekk oss mat. Gjekk inn til  Lyse Kloster og såg ruinar. Gjekk attende yver Fanafjellet med fint utsyn til havet forbi Marsteinen. Til Fana Kyrkja. Derfrå med bil kl. 11- Heim i 1 1/2        tida.

6/6       Eg reiste til Frekhaug på Hordalands lærarlag sitt årsmøte. Sende telegram til Dorthea og Steffen Sælen på gullbrudlaupsdagen deira frå Bjørgvin. Heime var Liv, Kristiane, Torbjørn og Oddrun på sunndagsskuletur til Søreide. Og dei likte seg godt.

Eg kom til Frekhaug i 10 tida. Gjestfritt mottekne alle på Friborg. Yverlærar Øverlid tala um uppdraging varmt og godt. Nevde litt av Hovdalsland si skulesoga i siste århundrede. Kvelden fest. Låg på Friborg, hadde rom saman med Vågsbø. Form. i Norges lærarlag Kerkleusmo tala andre dagen um lønstoda – og lønsreduksjon.

7/6       Møtet var gildt. Kom til byen i 2 tida den 7de juni Var litt i Gimle på eit programmøte for Vinstre. Trefte Lars Sunde der – liv i honom som fyrr. Eg og Vågsbø og Nils Koltveit drakk kaffi i Gimle. Koltveit spanderte – Eg reviderte i N.S. – og gjekk heim. Heime alt vel.

9/6       Til Bønes etter kål og purreplantar, planta um kvelden. Kaldt. Snøa i Lauvstakken um natta.

10/6      Slutta skulen med 3. kl. – Gjekk til Pål  Hamre, Joachim Fyllingen og Ole Sælensminde og kalla dei saman til møte sundagskvelden 12/6 kl. 8 til samtale um rikstelefonstasjon i Brennhaugen. – I ettermiddag Inga til byen for å treffe Guro Sande som er på veg til Hardanger.

12/6      Sundagskvelden kl. 8 sammøte av telefonnemda. No kome melding frå telegraffinspektøren gjenom formannskapet at telefon skal skipast i Radiostasjonen i Brennhaugneset når rikstelefonlinja sin stolpegrunn er betalt med 101,05 kr. av oss som er intereserte for skiping av telefon. Samdest um å få istand ei avtale der vi som vil ha tilknytingstelefon, bind oss til å byggje denne i fellesskap. Skal ha møte med alle dei som  er intereserte sundagskvelden 19/6 kl. 8.

13/6      Idag fylte eg 48 år. Inga hadde laga ei kringle i høvet, fikk den til kaffien ettermiddag. Oddrun gav meg ein peneturkar, Inga ei kvit trøye, Oddrun og Kristiane ein blomsterlauk, Brita kom med ei fyrstikkøskje med 67 øre i, dei skulde eg ha. – Gud signe meg at eg kan vere honom til æra. Gud signe mitt husfolk. – Har idag steinsett 42 m. grøft. Var til Søreide på styremøte i avhaldslaget – kom heim kl. 12 1/2.

16/6      Eg til byen og henta Nele og Ragnar Nes. Dei kom frå Haugesund. Fann dei hos Amanda Brendefør, Slottsgt. 2 , Bjørgvin. Dei gjekk saman med meg yver Skaret. Hos døtrene Petra og Margit i Haugesund står bra til. – Um ettermiddagen til Nesttun på lærarmøte i høve lønsnemdslaget åt lærarne. Vi samdest um å gå med på vekeløn 7250 kr. frå 80 kr. som det no er. Avslaget vert umlag 10% – rekna med avslaget i fylke-og alderstillegg.

17/6      Inga til byen og henta Guro Sande og småguten hennar Andr. Dei kom med bil frå Laksevåg.

19/6      Eg til Martin Fyllingen, Dokkebakken 2. for å høyre um han vil vere med på tilknytingstelefon og koste linje upp felles med oss 6 andre. Han vil vere med. Kvelden kl. 8 møte i Sælen skule til samtale um skiping av rikstelefonstasjon på Radioneset. 11 mann møtte. Samdest um å betale 1065 kr. til det off. innan 30. juni og sikre seg rikstelefonst. – Telefonnemda saman med radiotelegrafst. Grastveit skal arbeide med tilknytingslinjespursmålet –  få ein kyndig mann til å stikke upp linene og kalkulere.

20/6      Eg var med Nele og Ragnar Nes til byen, gjekk til Brommeland og tala um telefonsaka. Han betalte sin og Hovlands del av stolpegrunnen (88,75 kr.). Då eg kom heim att reiste Inga til byn med Guro Sande og frk. Janna Vea som var koma her til um morgoen. – Olav reiste frå millomskulen til byen og trefte Nesfolket der.

24/6      Brøyt jord dagane. Går kveldane rundt og får stolpegrunnspengar.

23/6      Var med borna til Fløyen og såg på St. Hansbål.

26/6      I byen heile sunndagen – rev. N.S.h. rekneskap for 1926 samman med E.O. Vaksvik. Han kom fyrst kl. 4 et.m. meddi «Leda» hadde sett fram i land i Måløy og vart ståande der til floa letta skipet av. – Ubøe reiser ikveld til N.S.L. sitt landsmøte på Otta. – Eg gjekk heim. Upp um til Peder O. Fyllingen på heimvegen. Misjonsmøte der. Eg kreva pengar til stolpegrunn.

27/6      Til Nesttun – lærar og skulestyremøte. Eg foredrag um byte av lærebok i naturkunna. Få skulestyrelemer, berre 5 st.. Dei påemna bøker, Slettemark og Bergo sine, skal skaffast og sendast skulestyrelemene til gjennomsyn. Gjekk so til kontorsjef Netteland og betalte 1065 kr. for stolpegrunn åt rikstelefonlinja til Sælen. Betalte skatten. Sykla heim saman med  Ola Bønes.

3/7       Sundag. Har vore heime denne vika – brote jord upp ved grisehuset. Idag var lærar Alvsaker, kona og dei 2 borna deira hos oss.

4/7       Rev. N.S.L. rekneskap for juni. Helga Midtbø kom med Oslotoget til oss. Liv var med meg til byen, henta henne.

5/7       Helga Midtbø reiste ettermiddag. Frk. Høsteland ogso. Ho kom hit sundagskvelden. Driftstyrar Sognnes var her og talast ved um dei elektriske omnene i skulen.

6/7       Eg gjekk til byen um kvelden. Tok med båten til Nordheimsund til  D.N.T. Landsmøte. Reiste saman med Elias Søreide og Olav I. Søreide. Kom til Framnes torsdagsmorgon 7/7 kl     6. Var på møtet til 10/10 sundag. Vevle vart vald til formann for D.N.T. etter Årrestad. Vart halde fest 9/10 laurdagskvelden. Årrestad vart rakt ei takkeadresse og kr. 3500 frå det norske  avhaldsfolk. Bisp Hognestad preika sundag til høgmesse. Framnes ein gild skuleheim.

10/7      Um kvelden tok Inga som kom innyver laurdagskvelden, og eg til Bergen med hesteskyss. Frk. Høsteland var med. Ein greid heim der.

11/7      Gjekk til Skutevik. Var der til ettermiddag hos Johan farbror. Torbjørn var heime. Intresant å tale med Brita til tinga i nonstida – og alt vel heime på Okra. Eg ned på Ljones og tinga nokre skopar hos Torbjørn morbror.

12/7      Gild tur til Skar.

13/7      Heim til Sælen. Anna og ein gut skyssa Frk. Høsteland og meg yver til Bakka. Inga att på Okra. Alt vel her heime i Sælen.

14/7      Reiste um morgoen til Nordfjord – kom til Eid um kvelden. Loserte på Os. Olav var på bryggja og tok mot.

15/7      Eg gjekk Vassenden upp – med «Dølen» heim. Mor og Hans livde vel. Dreiv med slåtten i godveret.

17/7      Til Hornindalkyrkja – snakka med Rasmus Brendefør, lærar Lars Tomasgard, Bakke- Jo. Rodde heimatt, hadde fylgje med Knut og Berte.

20/7      Tok så frå Navelsaker 20.juli. Mor sende med gåver til borna og gode ynskje. Hans sende Inga ein geitost og eit spekekjøtlår. Olav Hagen skyssa meg til Holmøy- Låg på Nes ei natt. Kom til Os. Sending frå Brita til borna.

22/7      Frå Eid. Hadde reisefylgje med Per Kongsvik. Skulde til byen for augo sine, – betennelse. Han hadde gløymd reisepengane sine heime, eg var heldig å kunde hjelpa honom. Til byen   um laurdagsmorgon den 23/7.

23/7      Var med Per og telefonerte heim, og kona hans sende honom telegrafisk pengar til byen. Han vart med meg til Sælen um kvelden, og tok fyrst her frå sundag ettermiddag. Vi gjekk saman til byen og skildest på Korskyrkjealmenningen.

24/7 –  28/7       Brote jord. Sett upp eit skur ovanfor grisehuset.

29/7      Tur til byen og Nesttun. Fekk ordna med måling av golva i skulen og golva i lærarbustaden.  – Olav i byen og selde dei fyrste grønsaker for iår.

I dag opna rikstelefonstasjonen Fyllingsdalen i radiobygningen i Brennhaugneset.

31/7      Kristoffer kom til oss frå Nesbyen, Hallingsdal, der han hadde vitja Borghild og Ola   Haraldset. Anna vart elles der enda ein vika. Olav henta Kristoffer i byen.

1/8       Inga, Kr. og eg til byen. Såg «Flammedanserinnen», eit tysk spelstykke. Svært morsomt med   sine mange misstak og misskyningar. Olav var saman med nokre ungdomar til Dyrdalen upp for Samdal.

2/8       Gjekk til byen saman med Kr. Han såg Varemessen, eg revid. N.S.L rekneskap for aug. kl.7 et.m. var eg på bryggja og helsa farvel på Torbjørn, Liv og Sunniva som fylgde Kr. til Okrå. Olav hadde fylgt dei til byen. Eg og Olav gjekk på varemessa. Såg Nordbekk, kom heim att kl. 12 1/2.

3/8       Idag Olav til byen med grønsakar, det regnar. Eg reiste i ettermiddag til Voss på pedagogkurs åt N. spd. Landslag. Vart der til og med 7de sundag. Johan Færøy var der og. Eg heldt morgonandakt laurdag 6/8. Tala eindel med Eskeland. Han er gådd yver til katholisisma avdi    lutherdomen har sløyfa bodsakramentet. Eg tala lenge med honom um hans stilling. Han meinte syndstilgjevinga er lagd ned i det apostoliske einbotet. – Voss folkehøgskule er ein gild stad å vere på.

9-10-11 /8         Gjekk og tok upp manntal til stortingsvalet 17/10 i haust. Olav og Inga hadde begynt måle golva i lærarbustaden med eg var på Voss. Olav heldt fram med det denne veka. Var og til byen med grønsaker. Målarm. Mjelde har arbeidarar i skulen. Melkild og han hit 12/8. Berge Sælemyr ogso Mjelde skal måle og setje istand det som trengst.

14/8      Inga og eg ein tur til S. Brendefin sine i Loddefjord. Han er dårleg. Blærekatarr.

15/8      Sett upp takrenne nedre sida grisehset. Anna Kolltveit.

16/8      Idag Olav på torget, kom hit frå Rukke. Ser godt ut.

18/8      Kjøpt 2 grisungar frå Berge Sælen, 6 veker gamle purrkegr. Har dei i fjøsen. Borna plukkar bær i hagane. Olav og Liv tok til Fana kom. millomsk. 17/8. Eg levert stortingsmanntalet – måla litt. Arbeider veg til grisehuset.

20/8      Har arbeidt veg upp til grisehuset. Borna plukka hagebær.

22/8      Mor og Helga kom her til um føremiddagen. Anna Kolltveit og Sunniva til byen og henta dei. Eg bryt jord nerfor grisehuset.

23/8      Johanna Bortne og Odv – son hennar, kom her litt fyre middag. Dei reiste att i 6 tida um kvelden – til Oslo. Olav til byen etter gymnastikksko og havremjøl.

24/8      Anna og Helga til byen – Fløyen, og såg seg um. Mor og Inga bakte havrebrød. Eg braut jord.,

25/8      Inga, eg, mor, Anna, Helga til Eids og til Nils-farbror. Kom heim att kl. 7 kveld. Litt  etter kom Olav Os og Oddlaug. Han på styremøte i N.S.L., og ho til Oslo og skal innmatrikulerast.

26/8      Olav Os for med 730  bilen idag. Anna og Helga ogso. Anna utrette i byen. Ho kom att med middagsbilen, kl. 4 fylgde Sunniva, Oddlaug Os til byen – kom att fyrst seint. Mor, nokre av borna og eg ein tur til Lauvåsen um kvelden. Med middag kom Kristoffer her til. Han søkte kapt. Veen, Fjøsanger  for å få 2 års permisjon frå militærtenesta for å gjere ein tur til Kappstaden der han skal vere båtbyggjar åt ein kompani som skal fange sild   (sildeoljefabrikasjon). Han reiste her frå 1230 til Straume, Fjøsanger. Olav gjekk til byen og råka honom 8 kveld då båten gjekk.

27/8      Mor, Helga og Anna reiste kl. 730. Inga med dei til byen. Var hos Lutrov til frukost. Båten gjekk kl. 12. Audsleg etter dei. Slikt liv med Anna – og fred med mor. – Eg måla stampen, braut jord. Middag kom Inga. Olav henta klæde hos skreddaren i Blomsterdalen – dei passta godt. – Austa vind – til syd um ettermiddagen, og regn.

28/8      Roleg heime.

29/8 – 31/8        Brote jord, laga veg ned for grisehuset. 30/8 Marstranden død av blodpropp.   Borna fri onsdag 31/8. Fekk vita dødsfallet då dei kom på skulen.

1/9       Torsdag. Tok til skulen idag med 3.kl. Frk. Høsteland med 1.de. Arbeider med vegen ned for grisehuset um ettermiddagen.

3/9       Marstranden gravlagt. Olav og Liv med på grøfta.

4/9       Sundag. Olav, Torbjørn, Sunniva, Liv, Kristiane til Brendefør sine i Loddefjord. Dei kom att   fyrst seint kl. 10. Eg sykla til Liland – høyrde riksråd Mjelde tale um den politiske stoda. Var etter inn til middag hos lærar Soldal. Sykla til Bønes til styremøte i Søreide-Sælen indremisjon. Vågenes formann for 1927/28. Skal be Kristian Simonsen kome og arbeide her 1/2 månad i 1927. Eg kom heim i 8-tida. Kaffi hos Takvam. Gjekk heim saman med Peder      Fyllingen.

5/9       Seint um kvelden kom far B.K. til oss – hadde med ein pk sko frå morbror. Far har vore på     nominasjonsmøte av stortingsmenn for Hordaland. Etter mykje kamp kom høgskulestyrar Mannsåker upp som 4de mann – repr. for Hardanger.

6/9       Idag har millomskulen månadslov. Olav og Sunniva på torget med grønsaker. Far og reiste med bilen. Eg og rev. N.S.L.sin rekneskap ettermiddag. Kom heim kl. 12 1/2 natt.

7/9       I Sæleskogen reiv mose ettermiddag.

12/9      Inga til Lutro sine med sengjamat. Vi tok potetar, Olav Bergset gift 10/4 med frk. Morttjern,   Oslo.

16/9      Solgte 2 griser. Salomon var her på fyremiddag. Selde ein – vog 68 kg à 1,45. Tek poteter um ettermiddagen. Ikkje mange – litt turrsol, men gode dei som er friske.

17/9      Til byen, kjøpte ein ny bordomn 1000 v., sild og ymse til huset. Ungdomen hadde haustfest, Olav og Sunniva var med.

20/9      Anna upp. Ho har vore hos Lutro ei tid. Dei har fått ein gut nr. 2. Anna bra frisk.

23/9      Ikveld vart vi ferdige med potetene. Fått 11 tynner = 16 hl.

25/9      Sundag, eg gjekk til byen kl. 9 1/2 um morgoen. Høyrde preika i Salem av ein svensk pastor   Hansen, flink talar. – Var upp til Mons Bergset. Gjekk på Nykyrkjebryggja og tok mot Berta og Knut Tuftene –  kl. 7 um kvelden kom båten «Ergnes». Vi bila heim. Snakka lenge saman utyver kvelden. Kjekt å få heimefolk til seg. Snakka um geitakomueisen (?) som Jørgen og Hans fekk istand meddi dei gjekk upp um yste Sætra ( framigard) og tok geitene, jaga dei ned i  fjøsen hans Hans, og sette dei inn. – Fekk sending frå mor og Hans – mat og epler. Torbjørn fekk neter frå  Botolv.

21/9      Inga gjekk med Knut og Berta til byen; dei var på Permanenten og Håkonshallen. Eg gjekk um ettermiddagen. Kjøpte koks, 25 hl. av Kolkomp. 187. – So vart eg saman med Inga og dei framande til Fløyen, såg Ben Hur i det Gamle teater um kvelden, gjekk heim.

28/9      Idag var vi 4 i teateret og såg «Jan Hervisch». Tyholdt skodespelar hadde 35 års jubileum nett den kvelden og fekk mykje hylling. Frå Laksevåg bila vi heim. Mykje regn. Heim 11 1/2  um kvelden.

30/9      Inga og eg fylgde Berta og Knut. Fyrst til kvartermeister Heggen. Var til kvelds i hans unelege heim.

29/9      Roleg heime. Ruske ver. Olav fylde året, lite gebursdagsfeiring um kvelden. Olav fekk ei klokke hos meg og Inga. Hos Knut 2,50 kr. Fylgde umbord på «Namsos» kl. 9 kvelden. K. og Berta fylgde honom til Måløy. – Vonar turen må ha vore gild for dei. Inga og eg gjekk heimatt.

3/10      Grastvedt og eg gjorde yverslag yver tilknytingslinja til telefonst. Follingsdal.

4/10      Inga og eg til byen, kjøpte klede.

5/10      Inga til byen med Olav, kjøpte regnfrakke.

9/10      Sundag – roleg heime. 7/10 Herradsk. Bergsvik var i S.Sk. og heldt pol. foredrag. 5 mann  høyrde på. Ettermiddagane hogge ved.

12/10    Gjekk rundt og krov 10 kr. til stasjonshaldet rikstelefst. «Follingsdalen» – for 1.år 1927/28.

14/10    Gjekk til byen, fekk sendt heim med bilen ei kjøtkasse som kom med Fylkesbåtane frå Navelsaker. Rev. rekneskapen i N.S. avlslag for okt. Var so upp til Mons Bergset og fekk passa klæde. Kom heim i 11 tida um kvelden.

15        Svært regnver. Bladstyrar Alb. Joleik heldt pol. foredrag i skulen: «Landmannsforbundet».   Å ja – det er vondt å måtte tale ei  leid sak, men han kom då frå det.

16        Eg gjekk til byen og høyrde Worm Muller og Mowinshel holde foredrag. Muller ei festleg utgreiding av venstres politikk. Mowinchel tok for seg høyre sine 2 positive saker: «Korntrygda og Folkeforsikringa». Ettermiddag tala eg litt med Besse Bønes um hans liv i garden.

Høyrde so Chr. Leden: «Austgrønland» i losjen – gjekk heim. – På skulehuslemen førde dei fram 2 små skodespel «ungdomen». Nokre av borna var og såg på. Olav var på skjoting um dagen.

17/10    Sat i valglokalet her i Sælen heile dagen. 102 som røysta – 4 røysta ved forfall. Ein 44% røysta soleis, 266 røysteføre. Betala bøker for skuleboksamlinga. – No resultatet av stortingsvalet.  Arbeidarane 64 r. (60 ar + 4 kom.), høyre 56 r. (h 30 +  b 26), venstre 30 r. Valet har gått i demokratisk leid – ein dom yver riksretten. Det styre vi får, anten arbeidar eller bonderegjering, kan ikkje verte ringare enn den vi har.

23/10    Torbjørn og eg til byen – høyrde preika i domkyrkja av domprost Ole Iversen. Var so til Mons Bergset og fekk passa klæde. Um kvelden foredrag av uvers. Christian Bing i ungdomslaget: «Den gamle dagordning». – Kaldt um nætane – 5 ¤ C. Salomon Helgeplassen var her um kvelden og eg skreiv søknad um å få istandsett den nye Lauvstakvegen – og so  framhald av arbeidet.

29/10    Idag brev frå Okrå. Olav til byen etter ei kasse med plomme, epler og ein sauerygg. Borna hyggja seg med frukta. Dei har tankane for oss der heime. Eg har bordkledt på skjylet upp um grisehuset.

31/10    Gustav Løvstakken og Hans har vore og mina og mura upp for grisehuset idag. Hdm. Skage har køyrt upp 2 lass bjørkeved. – Um kvelden Ingebrigt Løvås og Andr. Vergeland og reviderte rekneskapen åt S.skb,saml.

1/11      Resten av veden kom idag og vart lavd i hus – 5 mål.

6/11      Ungdomslaget basar – og spelkveld.

9/11      Idag fyrste snø i haust, – 7 1/2 ¤ C ute.

10/11    Var til Storetveit og høyrde rektor frk. Hambro tale um den Store skulekommisjonen si instilling til ny skulelov. Tala litt med lærarlagsformannen G. Oppedal um at lærarlaget sitt arbeid måtte verta meir effektivt.

13/11    Sundag. Møte i S.S. avh. her i Sælen skule. Full storskulestova. Presten Dankart Skogen tala avholdsaka – eller rettare: den mann lever det han segjer, inn i sine tilhøyrar. Måtte vere avh.mann for å hjelpa dei som ropar nedanfrå um hjelp. Fri vilje – men må bøygje seg etter dei reglar som må til for at samfundet skal trivast. Trur møtet var til det gode, og at folk gjekk heimatt med velvilje for saka. – Eg styrde møtet for Elias Søreide, som og var der.

14/11    Til Bjørgvin ettermiddag. Rev i N.S.lag. Var upp til Mons Bergset og passa klæde. Kom heim kl. 1 natt.

16/11    Ing. Løvås, Rasmus Bønes her på kontoret. Tok ut bøker til Leseringen for 1927/28.

19/11    Etter skulen gjekk eg til byen. Var inn på Telegraffinspektørkontoret og spurde telegraffinenisør Søyland kva det off. i tilfelle vilde kunde levere oss stolper for til tilknytningslinje til rikstelefonstasjonen i Brennhaugneset. Han nemde 15 kr. + 20% pr. st. – men elles fekk eg sende inn til honom skriftleg spurnad, so skulde han sende den inn til  hovudkontoret og spyrje. – Var so inn i Dyrenes best. og betalte årspengane 1927/28. Til Nesttun på landsmøte. Høyrde skulest. Løvås holde foredrag um nordlandsturen til landslærarmøtet i Trums sumaren 1927. Dankert Skogen-presten heldt so foredrag um «Jesus i gotisk-germanistisk kultur» – med det mest storfelle eg har høyrt  – eit verdensyversyn. Eg tala med Løvås, Ringeseter, Kolrud, Alsåker, Hovland um i dei interesserte seg for og talaum   lærebokbyte i naturkunnskap i byskulane, og um dei er tilfress med som dei samanslegne    lærer-og skulestyremøte er ordna no.

24/11    Torsdag. Skulefritt. Inga og eg gjekk til byen – svært kålt. Eg fekk bøker hos Madsen til leseringen det som vanta for Steffen Hanstveit. Inga utrette, og reiste heim med middagsbilen. Eg gjekk til Åbøe. Olav Os kom der sidan. Han og eg åt middag saman. Klokk, Madsen, heldt lag.

Han og mange andre revekarar var i byen skulde ta mot sylvrev som kom kvelden kl. 7 med D/S «Stavangerfjord». – Gjekk frå dei, med toget til Nesttun og var på skulestyre og lærarmøte. Eg orda der i skulest. um at krinsane måtte nytte dei 1000 kr. som var ytt til skokurs – og at  skulestyrelemene  måtte ta mot Slettemark og Bergs «lesebok i naturkunnskap» med godønje når ho vart send dei frå skulekontoret. – Eg til byen – gjekk til Skoltegrunnkaia, inn på «St.fjord». Trefte  Klokk, men ikkje Olav Os. Mange revar kom ca. 1000, og revekarar var der og tok mot. Gjekk heim.

25/11    Olav Os kom her um kvelden – gjekk at næste morgon. Torbjørn fylgde honom til Helgeplassen til Ludviksen sin revegard.

26/11    Delte ut leseringbøkene. Rasmus Bønes og Rasmus Løvås med.

27/11    Til Nesttun, reiste saman med Ingebrigt Løvås. Høyrde preika og tok del i valet på menighetsråd for 1928/30. Ikkje mange attvalde. Til byen i bil – gjekk Skaret heimatt – svært regn.

2/12      I jordferd hos los Pedersen, Nylund, og fylgde gamle fru Gjertrud Henriksen, mor til   Pedersen, til grava på Nesttun. Eg tala i heimen  yver ordet:»Herrens miskunn er frå ætt til ætt yver dei som ottast honom » Luk. 1.50. Forretta som kjømeister um ettermiddag då vi kom heimatt. Hugnadsamt samver med dei liketil folk der uppe.

4/12      Møte i skulen. Johan Midthun tala. Um ettermiddagen gjekk eg til Bjørge og til Arne Egge for å hente upplysingar um villaeigarar. Kvelden i ungdomslaget – høyrde Einar Engelsen tala til innleiding ordskifte: Kven arbeider tyngst no bonde eller arbeider?

5/12      Preike i skulen ved prost Riise. Andr. Skoge skyssa honom. Gild preike, grunndig og med ljost livssyn. 10 stk. gjekk til altars. – Åt middag hos oss. Eg fylgte med til Søreide på avhaldsmøte. Lærar Eide tala um Selma Lagerløf – greit og godt.

18/12    Ottar Ubøe upp til oss. Gjekk til byen um kvelden, og fylgde honom på Skaret. Elias Søreide var her og eg tala um joletrefesten nyårsdag. Dankert Skogen har lova tale, eg skal so tale etter bordet.

17/12    Telefonmøte hos oss. 5 skreiv då under på å få tilknytingstelefon til «Føllingsdal» stasjon i Radioneset. Lars Bjørndal skal levere stolpar til tilknytingslinjene for 400 kr., levert Sandeidet.

19/12    Til byen. Brommeland og Hovland skreiv under avtala.

23/12    Til Søreide um morgoen. Bet. veden til Hdm. Skage.

25/12    Hdm. Skage kom med bil og henta Inga og meg til kyrkje. Fint ver. Kyrkja full med folk. Offer til V.k.be. Selskap. Heimatt i 3 tida. Alt vel heime. – Jolafta var ein gild kveld med gåver til alle, og song um joletreet. Olav hadde arbeidt dukkestove til småsystrane sine, og  syskrin til Kristiane, og blekkhusuppsats til meg.

28        Joletrefest for borna med rundt 100 menneskje. Borna les upp. Tor og org. Michelsen spela åt oss. Eg tala litt um å fylgje Jesus, Joh. ev. 1.35-40.

29/12    Ungdommen hadde fest. Bruka same juletreet. Eg var til Haukeland um ettermiddagen i styremøte for Søreide-Sælen indremisjon. Møte var hjå Vågenes. Samtala um verksemd i   krinsane yver nyåret. Ymse lagsaker. Kom eg so til festen då skulestyrar Løvås hadde holdt si tale. Etter bordseta tala eg um «Jesu hender», Mark. 10.16. Festen slutta i 11-12 tida. Fleire eldre var tilstads. Rundt 100 menneskje. – Dagane millom jol og nyår sat eg med sko.  Veret strålande fint og kaldt – med stjerne og måneljose næter. Nyårsafta i 12 tida var nokre av borna og eg ute. Frå Straume lydde hornmusikk: «Lover den Herre» – 2 vers og deretter  «Deilig er jorden» – og so nokre skot. Takk for Guds nåde i 1927 – og hans nådehjelp fylgje oss ogso i 1928.

1928

1/1       Året tek til med kulde. Vatnet i springen vekke i lærarbustaden. Eg arbeidde med røyrene heile dagen. Kl. 4 gjekk eg til Søreide til avh.fest. Danert Skogen tala. Eg tala der um «Jesu hender». Besse Bønes las upp. Eg song:»Me høyra stundom» og «Med Jesus vil eg fara».

2/1       Gjekk til byen, fekk glas på  klokkene til kona og meg. Fekk tak i ein T (te) å setje i røyrene i brunnen. Rev. so N.S.L. sin rekneskap for desb. 1927, og kom heim seint i 9-10 tida.

3/1       Har idag bala med å få vatnet fram. Ikkje lukkast, det må ha frose ein stund i røyrene.

4/1       Var tur til byen og Nesttun, fekk greidt ymse små rekningar, arbeid til skulen, og bet. for bøker eg har levert til born som ikkje kan betala.

5/1       Inga og eg til byen. Kjøpt 2 sk kveitemjøl og 1 sk 50kg. sukker. Leigde bil heim.

7/1       Ungd.laget årsfest. Inga og eg gjester der. Høgskulelærar Bakke, Milde, tala um «Voksten».  Spelestykke » For…ermenn». God stemning, umlag 100 meneskje – og ein del eldre.

14/1      Samla hos Ing. Løvås til å tinge grønsakfrø um kvelden kl. 8.

16/1      Møte i skulen kl. 11. Kristian Simonsen, emisær, tala. Um kvelden årsmøte i ungdomslaget. Einar Fløyen vald til formann. Dei andre i styret: Hjalmar Riple, Rasmus Bønes, Anna Hansen, Einar B. Sælemyr.

17/1      Elektr. Johannesen, Hop 170, var her og tina upp vassleidingsrøyrene til skulen. Røyrleggjar  Mikkelsen, Fjøsanger, her og ordna pisovaren og litt røyrer. – Um kvelden møte hos Joachim Fyllingen  –  eg går um og samlar skatt til avhaldslaget for 1927.

18/1      Møte hos Sigvald Fyllingen. Pastor Dankert Skogen og frk. Angel møtte upp kl. 8 um  kvelden. Skogen heldt andakt – tala um barmhjartigheit. So gav han Berta Olsdtr. Kirkebø som no har tent der i tunet 38 år eit diplom og ei 2 sylvskeier frå laget til dyrevern for Bjørgvin og umkrins. Sigvald Fyllingen og kona hans baud nokre av oss inn til gjester etterpå. – Ratt ei hugnadstund var det. Det er bra det vert vist merksemd på slike tru gamle tenarer som grunnmurar samfundet økonomisk.

19/1      Møte her i skuen. Kristian Simonsen var her. Tala um den sjuke ved Bethestad – greidt og godt um Jesus, frelsaren.

22/1      Indremisjonsfest hos Nilsh. Grimstad. Samlast kl. 11 f.m. Tale av emisær Kr. Simonsen og bøn av Peder Fyllingen. So middagsstund. Tale av Navelsaker. Joh. 6. 67-69. Gud gjev livet, og so av h…(?), Guds barmhjartigheit. Slutta um ettermiddag kl. 5 – køyrde med Ingvald Straume i bil fram og attende.

28/1      Kl. 2 1/2 lærarmøte på Nesttun. Årsmøte årsmelding. Eg gjorde spurnad etter kor langt det var kome med spursmålet med lærebok i naturkunna. Det ligg hos inspektøren. Eg kom so med ord um dei samanslegne skulestyre- og lærarmøta, å få meir ut av dei for skulen: 1, ved å leggja dei um våren, 2, fyrst på dagen, 3, rikt program.

På songsalen hadde lærarinnene laga mat. Musikk av lærar H.K.Skogen og dottera. Tale av lærar Nesje. Framlegg frå leseboknemda um byte – Heimach og Svensen, . På heimvegen tala eg nedum til Tolleiv Kråkenes um stolpereising tilknytingstelefonen. Lærarlagstyre for 1928. Skulestyrar Soldre, form. Nolsås, Tveisme, Fru Gjerde, Ola Bønes.

1/2       Til byen. Rev. i N.S. avlslag for januar. Heim kl. 12 1/2 natt.

3/2       Styremøte i Sørede-Sælen avh.lag. Årsm. og rekneskap gjennomgjenge. Eg var og til Skage og betalte litt gjeld.

4/2       Rev. i N.S.A.l. til revidert. Talt upp kassa, – rett.

5/2       Årsmøte i S.S. avhaldslag på Søreide. Lærar Ludvik Solheim tala. Val på styre. E. Søreide attvald til formann. Nyvalde i styret Rasmus Bønes og Nils Blomnes. Står att frå ifjor R. Navelsaker og Reinhardt Grimstad. Barneljosstyre i Sælen gjekk frk. Høsteland ut, sa frå seg attval. Olav Navelsaker vart veld inn istaden. Søreide same styret. Um kvelden møte i F.ungdomslag. Lærar Lars Løvås tala um si nordlandsferd sumaren 1927 – og synte    ljosbildte yver ferda.

7/2       Rev. i N.S.a.l. Ferdig med årsuppgjerdet. Kjøpte beslag til sløyden. Såg åt Olav Os idag, er innkalla til stortinget i lensm. Øen sin stad, som er sjuk vorten av tarmslyng.

10/2      Siste skuledagen på Lauvstakken 1927/28. – Idag sluttar Honsunds (?) regjering etter mistillitsframlegg frå Mowinchel-venstre. Dei samla også bondepartiet og høyre. Det var kapitalismen med si kapitalflukt som tvinga fram krisa. Leidinga av Noreg ligg no utanfor tinget i kapitalistane sine hender.

13/2      Salomon Helgeplassen var her og slagta 2 griser. Den eine seld 65 kg. à 1,75 pr.kg. til huset. Ein danske Bøge Holm heldt foredrag og synte ljosbilete frå Island. Han har vore mållærar i   tysk og engelsk i Eiglufjord i 4 år. Dette er andre veka vi held på med sløyd. Lensmann Øen døde seint i kveld på rikshospitalet i Oslo. Olav Os reist inn som varamann. No vert han tingseta ut.

20/2      Emissær Isehaug heldt møte her i skulen i kveld kl. 8. Få møtte. Han tala godt yver orda:»Sjå han står for døra og bankar». Budde hos oss um natta etter.

21/2      Isehaug møte hos Krist. Sandal. Eg var upp. Ein god stund.

25/2      Laurdag. Gjekk til byen, kjøpte litt til sløyden, verkty og skruar. Råka Olav Os, styremøte i    N.S.a.l. Kom med meg heim og var til sundag. No er han på stortinget. Ungdomen skotårsfest i kveld.

26/2      Til byen saman med Olav Os. Eg til Nesttun i styremøte i Fana mållag. Skal ha rådleggjingsmøte 17/3 kl. 5 um nasjonal framgang i Fana. Gjekk heim saman med Ole Bønes.

27/2      Fekk 2 grisungar hos Karl O. Fyllingen.

1/3       Rev. i byen for N.S.R. al. Har fått auka løna til 37,50 for månen. Vart ikkje ferdig i kveld.

8/3       Um ettermiddagen i Pedagogisk lag for Fana. Høgskulestyrar M. Birkeland tala um folkehøgskulen, lektor H. Beyer um I. Åsen. Det gamle styret vart valt upp att.

9/3       Um ettermiddagen til byen. Rev. i N.S. al. både  den kvelden og neste morgon til kl. 9. Låg i Ubøes sitt rom og var hans gjest.

10/3      Møtte som utsending frå Fana mållag i årsm. for D.N. mållag, og Inga kom til byen og vi var båe på festen som Ervingen stelte til for oss. Låg um natta hos frk. Olsen i Klokkarsmoget    og var gjester der um sundagsmorgoen. Var so i Hospitalskyrkja og høyrde bispen preike, greidt. Gjekk so til Lutro sine på Møhlenpris, men dei var ikkje heime, og etter å ha venta 1/4 time og tala litt med borna, gjekk vi heim. Heime alt vel – borna hadde stelt bra.

13/3      Jon Berge kom um kvelden. Har vore til Betania, lagt Inga inn for sår i magen – skal liggje der og koma seg. Han reiste att idag 14/3.

18/3      Sundag, gjekk til Betania sjukehus, Bjørgv. og såg til Inga Berge. Ho om nokso bra, men hadde ikkje fått visst hos dokter Noicolaisen kva sjukdom ho har. – Tok so til Nesttun og var på samrådingsmøte i Fana mållag. Skal ha ein marknad til hausten for å samle pengar til målarbeidet. – Valt marknadsnemd: Ing. Løvås og frk. Høsteland her frå Sælen.

20/3      Inga til byen idag og såg til I.B. Dokteren meinte ho hadde sår (på) i ein tarm.

28/3      Inga til byen idag og såg til Inga Berge. Ho er bra. Eg har køyrt ut gjødselen.

31/3      Har spreidt gjødselen – grusa vegen upp med grisehuset.

1/4       Palmesundag. Mons Bergset og frua og borna her hos oss frå litt fyre middag til 6-7 tida um ettermiddagen. Ein koseleg dag. Inga og eg fylgde dei til Skaret.

3/4       Årsprøve – muntleg. Melkild var tilstades og Nils Bønes. So tilsynsmennene sine koner fru Løvås, Vergeland og S. Fyllingen var ogso. Gjekk bra. Eg fylgde Melkild til Fjøsanger, toget til byen. Reviderte i N.S.L. um kvelden.

4/4       4de kl. gutane henta heim sløydarbeida sine. Eg køyrde stein um kvelden – braut eit boktre for Engel Fløyen.

5/4       Heime. Skirtorsdag. Har sendt brudlaupstelegram til Ubøe. Han gifter seg idag. – Imorgon tidleg låg snø yver all mark.

7/4       Braut jord inn for grisehuset.

8/4       Inga og eg til Kyrkje Nesttun – påskedag. Var til middag hos lærar Alvsåker sine. Møtte der Nils Koltveit, frk. Helland og frk. Petersen frå Leirvik husmorskule.

9/4       Andredag. Eg ein tur til Lauvstakken, råka Gustav. Um ettermiddagen frk. Petersen og Helland til oss.

11/4      Inga til Haukeland med Ragnhild, fekk gibsa høgre foten hennar som hadde beinbrot litt ned for kneet. Røntgenfotografering.

15/4      Tur til Lars Bjørndal for å få honom til å ha til skiks telefonstolpane. Var framum til   Brendefur. Dei liver vel, og S. er bra. – Innum til Duesund sine i Gravdal på attandevegen. Han har bygt nytt hus «Høyset».

16/4      Nytt skuleår 1de kl. 30 born. 3dje kl. 25 born. Ettermiddagane vegen hit til skulen – og so åkrane å spada.

22/4      Laurdagskvelden, i går, i styremøte i S.S indremisjonslag hos Bernt Netland på Søreide. Årsmøte 13.de mai.

– Idag lege dårleg i hals hovud og – forkjølt i det heile. Olav har og vore forkjølt, var heime ein dag frå skulen.- Veret fint, frost um netene – men tort.

Laurdagskvelden saman med Pål Hamre, Lars Bjørndal og Arne Olsen til Sandeidet og tok mot telefonstolpane som Lars Bjørndal leverar Fyllingsdalen telefonlag. Eg talde det til 18 stolpar. Samleis Pål Hamre.

24/4      Til Storetveit. Melde Olav inn på Katedralskulen som realist. Råka Anna på bilen på   Fjøsanger. Til byen med Fimreite sine.

26/4      Inga til Haukeland med Ragnhild idag. Gibsinga vart teka av foten som no skal vere bra.

27/4      Anna reiste til Linga att. Inga var med henne til byen.

28/4      Telefonmøte. Stolpane skal køyrast frå Sandeide fram til Fyllingsdalen av dei som skal ha tilknytingslinje. Reisinga på anbod. 5 av dei interesserte møtte.

29/4      Gjekk rundt med  køyrlister. Var i avhaldsmøte på Søreide. Bladnes foredrag um Ibsen. Utsendingar til fylkesmøte: Form. E. Søreide og eg. Varam. R. Bønes og Bladnes. For barnelaga: Olav Navelsaker for Sælen, for Søreide Bladnes.

Skogen og eg bila til Minde og var på menigheitsårsmøte der um soknedelinga. Der var tvist um den nye sokne skulde heite Minde eller Storetveit sogn. – Var framum til Tolleiv Kråkenes. Han kan idag reise telefonlinje til oss, men leidde oss til Ola og Håkon Nordeide. Til Rasmus Bønes tinga kålplantar, køyrde med Pål Hamre heim seint um kvelden – han hadde vorre på Bønes der Anna Hamre skal verte kona.

30/4      Rudt stein av stykket ved skulen.

5/5       Pål Hamre har no denne veka køyrt på sne telefonstolpar frå Sandeidet og hit til seg. Godt ver, varmt og stilt.

7/5       Grastveit og eg av og stikke upp telefonlinja upp til Pål Hamre, 24 stolpar til eldhuset hans.-   Karl Fyllingen kom frå Sandeidet og fortalte at Ola Bjørge hadde nekta honom å køyre der.

10/5      Til byen etter plenfrø, skulebøker, reviderte i N.S.a.l. for mai månad. Bøe er no på reis i Tyskland um Paris, London og heim. 16/5. Rekneskapen i orden.

11/5      Idag regn etter ein lang torkebolk, eg bryt jorda.

11/5      Karl Fyllingen var i ettermiddag avstad og skulde hente telefonstolpar til M.P. Fyllingen, men vart møtt av Ola L. Bjørge som saman med 2 mann arbeidde på ei stikkrenne i vegen ut for Sælegarden. Karl kom att utan lass. – Kom litt regn idag tidleg. Eg bryt jord ned for grisehuset.

13/5      Til Nesttun kyrkje. Avrøysting um soknedelinga. 38 r for den. Namnet Storetveit sokn 24 r., Minde sokn 14 r., – Igårkveld ferdig med brøytinga ned for grisehuset.

Kl. 8 um kvelden meinigheitsmøte i skulen her um Fyllingsdalen skal høyre til Birkeland sokn – eller den nye sokn med kyrkje på Storetveit. Berge Sælemyr styrte møtet. Prest Dankert Skagen var tilstads. 34 røysteføre frammøtt. Steffen Sælen sette framleg um at Sælen høyrer til  Birkeland som fyr. Navelsaker kom med framleg um å gå til det nye sokn. Etter ein del ordskifte fekk Steffen sitt framleg 30 r – Navelsaker sitt 4 r.

17/5      Fin vårdag med flagg i topp. Barnetog gjekk frå skulen upp til Sigv. Fyllingen og nedatt um Sælen og upp til skulen. Læraren tala til borna um «Gangdagen». So kapping, mat, premiutdeling og 1 appelsin til kvar. Innkome ved listen greidde seg med 11 øre netto. –  Kvilte middag. Um kvelden var eg med ungdomen. Tala um å elska landet.

Olav var til byen fyremiddag. Etter middag stelte han med ungdomsfesten. Ein fin dag.

19/5      Fekk eit lass med hestemøk frå Lone transp. Kråkenes. Sette ein sekk genehal Cronje på 1/5- mål ned for grisehuset.

18/5      Planta 300 3/1 grana hos Per Samdal, Skaret.

20/5      Eg på årsmøte i S-S indremisjon, Inga til Rundemannen saman med lærarinna.

26/5      Pinsafta. Eg grov ei veit utanfor grisehuset.

27/5      Reiste til årsm. Nf. av Indr. på Kvinge i Masfjorden, –  um morgoen kl. 8 frå Straume, reiste E. Søreide og O.F. Søreide derfrå. På Kråkenes hadde vore ein liten skogbrand   pinsafta, sat no ein vaktman. Frå byen med «Frekkhaug» til Ostereidet, 1/2 times gang, med motor nord Hindernestj. til Kvinge. Gjestfritt i «fin natur». Gamle Sørvåg var der. Klausen og Elde gjekk ut av styret. Kom heim seint 2dag kveld.

Då Engel Fløyen sin skog brend – byungdomar gjort upp eld, og so tok han um seg, det var 1.dag. Hans Lauvstakken hadde skote seg med ei dynamittpatrona fredag eller laurdagskveld.

29/5      Fekk eit kaggelass. 45 kaggar. Har tømt det. Upp til Hamre, Nedre Fyllingen, og døypte ei smågjente som har lungebrand: Maryon Rolland.

31/5      Sette siste potene.

1/6       Planta 600 kålplanter.

2/6       Til byen og rev. i N.S.L. Køyrde ned med K. Hansens bil. Inn til Ubøe og åt kvelds i den nye heimen. Til Mons Bergset bakpå. Heim kl. 12.

3/6       Inga, Sunniva, Olav og eg var på utstillinga i Bjørgvin. Fyrst høyrde vi preike på gamle Korskyrkjetufta ute ved Håkonshallen. So inn på utstillingsplassen. Høyrde velkomentale frå byen til landsungdomen som var komen inn 800 umlag, og svartaler frå landsungdomen. So Sunnhordland songarsamskipnad sitt kor på 300. Såg oss um på utstillinga um kvelden. Kom heim i 10 tida. Då Olav Os, Haugland og Valdrica Bortne komme her. Dei vart her til     um morgoen den 4/6. Olav Os heldt svartale for Nordfjord.

4/6       Var til Gamlehaugen til Mulen sine i styremøte for Søreide – Sælen indremisjon. Var til bords der. Val av styre: Neteland vald til forman med 3 r, Mulen 1 r, Peder Fyllingen 1 r. Varaformann Peder Fyllingen. – Var på Gamlehaugen etterpå og såg kongebustaden.

5/6       Regn. Olav og Sunniva til byen, skulde henta Berge-gjentene, men det høvde dei ikkje å kome. Heller ikkje Johans farbror i Skutevik.

6/6       I middagsstunda til Pål Hamres hus. Heldt tale yver båra til Maryon Rolland Nilsen som  døde 31/5. Idag slutta skulen 3.kl.

7/6       Idag til Lappelagret og Sports-og industriutst. med 4.kl. Litt regn, elles ein greid tur. 30 born med.

9/6       Til byen. Innum til Ubøe og bad dei hit upp, men Ragnhild, syster hans hadde influensa. – So til lærarmøte på Nesttun. Vevle heldt foredrag um lesebokspurrsmålet. Fleital for Munch og  Svendsens lesebok.

11/6      Måndag. Pål Hamre og eg til Bjørge. Pål køyrde. Avtale med Bjørgemennene at vi skal få køyre telefonstolpane våre på vegen deira mot å vøle den skade vi gjer på honom.

13/6      Idag fyller eg 49 år. I det høvet blomster på kaffibordet um ettermiddagen, og små gåver frå borna – reint festleg med påsmurde skiver og gebursdagskake. – Vi driv og reinskar ugras og tynnar ut gulrot.

16/6      Til byen med rabarbra, Torbjørn og eg. Sende 10 kg. til frk. Høsteland. Selde resten for 8 kr.   – Ikveld i 10 tida kom ei fransk fykemaskin forbi og landa ved Marineholmen. Amundsen skal med henne til Svalbard og leite upp Nobile og hans folk. Det er ei dødsferd. Vår herre være med dei.

15/6      Olav kom att frå Storetveit i 9 tida. Resultatet av eksamen for honom:

Norsk skr.         Tysk skr.           Eng. skr.           Matemat. og regn.

Tf.                        Mtf.                   Mtf.                    Mtf.

10 gjenter og 4 gutar strauk av 49 som gjekk upp til eksamen.

14×100/49 = 200/7= 28 4/7 %

17/6      Sundag. Misjonsbarnestemme i skulen av Fana misjonsbarnelag. Gil og Netland som talare.  Samla rundt 125 men. Veret noko byete – elles godt. Kom med bilar og reiste med bilar.

22/6      Har brote litt jord ned for lærarbustaden ogso. Gutane måla gjerdet um skulen. Hyppa hovudkålen. – Frå Amundsen har vi ingenting høyrt . Det er å ottast gale.

Til byen i middagsstunda. Til Ing. Løvås, tala um brunnen, kjøpte varer til huset i byen. Rev, i N.S.L. frå 6 til 12. Låg hos Ubøe.

23/6      Gjekk tidleg laurdagsmorgoen på Fjordbåtkaia og tok mot Brita og kom med 710 bilen heim. Brita har havt ein god tur, reiste heiman iaftes kl. 4 og her til kl. 8 idag.

24/6      Feira misjonsfest hos Peder i Oldersmoget.

25/6      Olav Os kom her upp i 3 tida og vart her til idag.

26/6      Då han og Brita til byen fyre middag. Inga og eg til byen kl. 3 et.m. – Vi såg utstillinga, var på teateret og såg «Hennes ekselense». Heim kl. 12 natt med bil frå Laksevåg.

28/6      Fylgde Olav Os og Brita til byen idag tidlig, dei reiste med «Nordfjord I» heim. Eg for til Nesttun – skulestyremøte. Herland foredrag um tuberkuløse. Til byen, betalte på D.N.K.  Kjøpte mat til folk og dyr. Rev. i N.S.al.

22 juli              Har vore til Oslo. Saue i Askar på eit hagebrukskurs dagane 2/7 – 13/7. Olav med 1 veke, han reiste heimatt 14/7 sundag. Eg kom heimatt 18/7. Heime alt vel. Kristiane, Brita, Ragnhild og Borgny er reiste til Okrå. Torbjørn har fare med Johan Ferøy til Hersvik. Dei står seg berre bra kvar på sin kant.

10/8      Har vore til Navelsaker, Oddrun og eg 23/7-10/8. Var heime hos mor og Hans. Livde vel alle. Til kyrkje 29/7, og i barnsøl i Fjellet. Til Nes 4/8, til Os 5/8, til Hersvik etter Torbjørn 7/8, heim 10/8 seine kvelden. Inga på bryggja og tok mot oss. Gild tur. Alt vel heime. – Regn og kaldt, so grønsakene står helst dårleg.

11/8      Inga reiste til Okrå etter Kristiane, Brita, Ragnhild og Borgny. Liv og eg med til byen. Olav har no laga ein kano – ber 6 mann. Har vore like til oljetankane ut mot Grimstad med honom. Leverte Berg. museum ei gamal øks, eller nedre del av ein jarnbarre, og ein pilspiss, eller lansespiss frå Haus, til konservator Bøe. Barren  400 et.Kr., lansespissen frå millomalderen, meinte Bøe.

16/8     13de, 14de og 15de  gått og teke det Kom. mantalet for iår. Idag tok Liv til i 2dre mddel., Storetveit, og Olav i 1.gym i Katedralskulen i byen. Oddrun og Torbjørn og og eg har stelt istand rabarbra, neper og salat til å fare på Torget med imorgon.

17/8      På Torvet idag. Torbjørn og eg, veret bra – umsetnaden likeeins.

21/8      Gustav Løvstakken tok til vøle på muren til lærarbustaden. Hakka av det lause beslaget, og beslå uppatt.

22/8      Graatveit og eg gjekk upp telefonlinja for å sjå kor mange stolpar som kjem på berg og må ha sprøysen – 11 stolpar. Målarane var komme heime, so vi måtte flytta sengane burt i Gamleskulen.

24/8      På Torvet – slapt. Um ettermiddag til smed Heldal, Nesttun, for å få tilbod på stolpebeslag –  heim seint og i regn.

26/8      Dankert Skogen preika i skulen til høgmessen. Eg og Pål Hamre til Loddefjord til Lars Bjørndal, var ikkje heime. Attende – um Helgeplasse, tinga Salomons til å slagte gris onsdag. Um kvelden 8 møte hos meg av Pål H., Ole M. Sælensminde og Joachim Fyllingen. Avgjorde at smed Heldal skal levere stolpebeslaget. 88 kr.. Gustav Løvstakken reist stolpane, 5 kr. pr. stk.

25/8      Sofia, Aslaug og Arne Bergset kom her um kvelden seint. Torbjørn og eg i Oldersmoget slyngde honning.

29/8      Salomon slagta 1 gris til oss, Einleiv med.

30/8      Torbjørn og eg til byen med 1/2 gris, 38 kg, og grønsaker. Bergsetgjentane og Arne reiste idag.

31/8      Eg tidleg morgoen til byen og trefte Hans som kom heimanfrå, i byen kl. 7. Var på stasjonen då B.gjentane reiste. Eg heinatt, Arne og Hans på utstillinga heile dagen, um kvelden kom dei hit upp.

1/9       Skulen. 3.kl. tok til idag. Arne og Hans til byen. A. med ein kvit kattunge. Reiste frå byen kl. 4. Tok til på millomskule N.eid måndag 3/9. Hans her upp kvelden.

2/9       Sundag. Hans og eg med Olav i båten han bygde i sumar, ganske god, kano. Kl.3 Inga, eg og Hans til byen. Såg «Charleys tanter» på D.N Scene. Gjekk heim.

3/9       Idag reiser Hans heim, Olav har månadslov og vert med honom heim. Regn ettermiddag. Eg    henta 2 grisungar hos Joachim Fyllingen – 3-4 uker gamle. Olav kom våt heim.

4/9       Til Nesttun um kvelden og henta og betalte stolpebeslag til 11 stk. som kjem til å stå på berg i den private tilknytningslinja til rikstelefonst. i Radioneset. Hos smed Heldal.

6/9       Torsdag. Kominasjonsmøte for gardbr.kand. til herradst. En frå Dalen – her i skulehuset. Elias Søreide hit tala um valet. – Eg pyntar vegen.

4/9       Eg til Nesttun um kvelden.Tala med Melkild um ettermiddagen um baloptikonbidekjøp, og um baloptikonet som er kjøpt til skulen. – Talar um malinga av lærarbustaden, kjem fram at kjøkenet er glømd. Eg skal tale med krinsformannen um det. – So var eg på nominasjonsmøtet til Arbeidarlaget, vedtok program, stiller upp liste. Saman    med E. Søreide, Stanghelle og Blomsheim kl. 12 1/2. – Var og inn til Fjellskålnes og fekk kom. ald.tilegg m.m.

8/9       Til byen med 1. bilen. Gjorde innkjøp, tala med Ing. Løvås um å få måla kjøkenet, meddi det var ført upp av åbotsnemda. – Rev. so i N.S.L. for sept. Heim kl. 12 1/2 natt.

9/9       Fest i Rosenlund. Inga og eg dit upp. Dankert Skogen var der og tala. Kom 53,61 kr. Skal vera til eit bedehus for Sælen.

10/9      Sette jordbærplanter ettermiddagen.

13/9      Måla flagstonga.

14/9      Ing. L. har vore hos lærarinna idag, no skal golva hennar og malast. Olav og Liv fri. Olav og   Torbjørn på torvet med grønsaker. Eg til byen ettermiddag. Tinga glas til reparere glasa i skulebygningane hos glasm. Danielsen, tinga gods til reparasjon av omnen i soveromet.Var saman med Olav inn til Gulbrandsen & Wernøe og tok mot balloptikonet som er kjøpt til Sælen skule, lærde å bruke det og tinga ein del ljosbilde. Olav og eg gjekk heim.

22/9      Til byen, Kjøpte koks – henta ei epletynne frå Linga, og ei brødkasse. Um kvelden haustfest i Ungd.laget.

23/9      Fest i S-S indremisj.lag. Ola Nesse tala og Gullaksen tala um livet. Bevertning, umlag 60 men. – Var til Nesttun på mållagsmøte kl. 5. Samtale um mølmarknad vinteren 1928. Melkild fortalde um våre misste utland.

24/9      Måla grisehuset.

21/9      Målarane ferdige med lærarbustaden. Vi har måtta halde oss i kjellaren, borna har lege i Gamleskulen.

25/9      Kom kokslass – 25 hl . og 165 bringebærplanter.

26/9      Tok til ta poteter. Var i styremøte for S.S. avhaldslag hos form. E. Søreide um kvelden. Skal   vere konf.fest 28/10 kl. 3 1/2.

29/9      Lærarmøte på Nesttun. Samtala um Bibelsoga til K. Martinussen. Melkild foredrog um Island. Heim seint. Henta bardunboltar til telefonlinja.

30/9      Til byen med Helga som har vore her sidan fredag. Ho skal til Lavik i Sogn på husmorskulen.Var inn til Mons Bergset med kledety til Olav. Inn til Ubøe og prata ei stund. Gjekk heim. Karl Søreide vore og tala litt um valet.

1/10      Idag er Gustav Løvstakken og Per Knarvik ferdige med å reise telefonlinja – 60 stolpar. Godt arbeid, dei har arbeidt 10 dgr.

2/10-5/10          Teke poteter ettermiddangane. 5/10 Idag insj. Smith, Fana elektrisitetsverk, og sett på dei kryss telef.linja gjer med ljosleidingslinjer.

8/10      Til byen um ettermiddag. Bet. Hygea for meg 1928/29. Revid. i N.S.als. Var til hr. Kjellevold, Lien 6a, Brg. og gjorde avtale um kjøp av matrial til den private telef.linja vår i Føllingsdalen – på 1019 kr. + ymse småting tils. rundt 50 kr. Samtala ogso med honom um trådstrekk, han slo på trudt, kunde ikkje skaff folk til å gjere det under 500 kr. – Heime um natta kl. 1 – med bil til Straume.

9/10      Ferdig med å ta upp potetene. 23 kg.-16 timer.

10/10    Til byen. Fekk Kunngjering inn i «Berg. Tid» um linjestrekjing. Kjøpte 2 smalekroppar. Rev. resten for okt. i N.S.al. Til Nesttun i styremøte. Fana mållag. Det var um marknaden fyrst i novb.

11/10    Idag Inga til Haukeland, kjøpte klede. Saman med fru Alvsåker.

14/10    O. Ubøe med frua, Ragnhild Ubøe, Oddlaug og Kari Os her. Kom med 11 bilen, reiste i 6 tida. Kari er no på f.høgskulen på Milde. Oddlaug på N.S.A.L. sitt kontor. Ubøe har nyss vore i Ål på inspektørkurs. 15 insp. reiser no rundt for å ta ut den rev som duger til alsdyr.

18/10    Planta 170 pl. bringebær,  sett stakar ved dei. Bøtt sko kveldane. Stanghelle var her med 225   arb.røysteretl. ikvled.

19/10    Gjekk um kvelden til Magdalena Sælemyr, Hans I. Stene og henta forfallsmelding og røystesetel. Fekk Jens Karlsen til å stå med arb. setlar.

20/10    Kåre Søreide gjekk ut med røystesetlar, Olav med små uppslag, som nedanfor. ( I dagboken er det limt inn en seddel med oppslag: STEM MED DET NORSKE ARBEIDERPARTI, og   en mann med en kraftig hånd rundt et flagg).

Matrialane til telefonlinja komen til Gundersen eksp.

21/10    Til Pål Hamre um fyrem. og fekk Peder til å hente telef.matrialane. Olav på gymnasiastene si kappskyting i byen.

Kl. 4 i målmøte på Nesttun. Marknaden 2.,3.,4., nov.

22/10    Mandag. Har idag vore med i valstyret i Sælen. 235 røysteføre – av dei røysta 91 personar 5 ved forfall. Veret noko suske. Jens Karlsen stod med arbeidarpartiet sine setlar fyre middag,Torbjørn stod ettermiddag. Røysting kl. 10 – 8 et. – Arbeidarpartiet hadde eit stort uppslag av den sort som står her ovanfor. (da viser han til seddelen han har limt inn).

23/10    Telefonmøte kl. 8 kvelden. Halvar Haukenes, Hufteren, fekk arb. med å strekkje trådane på telefonlinja for 120 kr. + tillegg. Grastvedt skal skaffe telefonap. etter samråd med meg. Navelsaker skrive søknad frå oss 8 um tilknyting til rikstelef. Laget stiller seg ikkje uvillig til å la Kronegården kome med i telef.laget og få telefon. Eg til byen um dagen. Bet. H. Kjellevold 500 kr. for telef.matrial. Bet. V.Kj.lag for sekkjejord, og gjorde innkjøp elles til     huset.

25/10    Har idag skreve og ringt upp Halvar Haukenes at han får arbeidet med telefonlinjestrekkjing. Gjekk til Bjørge og såg etter dei stokkane som er att. 3 låg på Sandeidet, 1 uppe i bakken ved vegen, 3 låg i fjøra ute ved vatnet ( 2 i syd og 1 i nord) – og 1 var ikkje å sjå. Igår kom  «Land og by» med gods til telefonen, og til meg – 1 kss. eple og kjøt frå Hans. Idag kom bil frå D.N. kj.lag med 7 heile og 7 halve sekkjer. Same bilen reiste med 1 tom tynne og 1 tom  kasse som går med mrk. «Lønningdal» til Linga.

27/10    Til Sæleidet og fekk Tjorestad med meg og fløta 3 telefonstolpar hit til Sandeidet. Torbjørn og Birger med.

28/10    Til Nordland på Minde kl. 5. Program for målmarknaden 2/4 kl. 5.

29/10    Gjekk rundt til telefonintressantane og Haukenes er komen og skal strekkje linjene.

1/11      Gjekk til byen. Fekk 6 sikringsst. og 16 sikringar hos fru Kjellevold. Til Brommeland, fekk 100 kr. Rev i N.S.L. for nov. og kom heim i 10 tida um kvelden.

3/11      Etterm. kl.5 til  målmarknaden på Nesttun. Inga og eg, Ingebr. L. og kona, Vergel. og kona og lærarinna. Fin markn. med mange pene ting- – Abs. Lothe og Tora ber oss til kaffe fyrr vi reiste.

4/11      Gjekk til Søreide kl. 3 et.m. saman med Inga og lærarina på konfirmantfest avh.laget heldt. Fint dekte bord i matsalen og umlag fullsatt med folk. Konfirmantar frå Sælen: Kåre Karlsen, Liv/Lis R. Fyllingen, Joh. Johannessen, Knut Sælensminde, Aslaug Sælensminde,  Bodil Sælen, – Jonas Fyllingen kom ikkje, men der var ein del smågjenter ovanfrå Sælen. Løkling heldt festtale, siden  tala eg um dåpsavtala; Bladnes um lukkelandet, han las og upp, og ein gut spela fele. Fint vær – kom heim att kl. 11.

8/11      Um ettermiddagane arbeidt ei stolpeskåp, telefonen.

10/11    Til Lien 6a Brg. og trefte Hr. Kjellevold og tala um telefonen, og fekk honom til å høyre pris   på telefonapparat.

11/11    Til Brg. og høyrde valforedrag av yverlærar Vatne og Martin Tram… . Gjekk saman med Ludv. Ludvigsen upp att, han fylgde med til i Brennhaugsgrinda.

12/11    Til byen, ilgodsstasj.: og henta telefonlinjematerial, Pål Hamre køyrde med bil. Eg leverte søknad til telegrafstyraren. Brg., um tilknyting til Føllingsdalen rikstelefon st. frå 8 abon.

22/11    Telefonmannen Haukenes ferdig med å strekkja telefonlinjane frå 8 abonementar til rikstelefonsstasjonen i  Brennhaugneset. Eg med 4. kl. til Nesttun i 50 års høgtid i kjerkja –  ho er 50 år idag. Torbjørn og Kristiane med. Eg reviderte i byen i N.S.Al. til midtnatt.

26/11    Heime – sundag. Telefonarb. Bjørndal og son hans var i Radioneset og sette inn splinten i kjellaren,  eg var med dei. Um kvelden kl. 8 årsmøte i leseringen. Skal halde fram i komande år ogso.

30/11    Hans Liland, O.J. Søreide og byggm. Sletten og sette verditakst på skulehuset. Eg har arbeidt med eit foredrag um Amundsen um kveldane.

3/12      Tur Nesttun. Tala med Melskild um skulebrunnen, telefon skulen, sykurs og attest, lærebokbyte i naturkunna. Åt middag hjå dei. Sidan hos bokh. Madsen i byen og tok ut bøker til Føllingsdal lesering. Rev. i N.S. AL til seint. Heim kl. 1.

6/12      Telefonmøte, Pål Hamre, Joachim Fyllingen og R.N. samla. Delte ut restutlegget på   telefonen kr. 125,28 på kvar av 8. Apparat kr. 62,00 på kvar av 7. Skal få telefonen ferdig til jol. Pål Hamre henta apparata.

8/12      Har no vore saman og delt ut leseringbøker – 9 stykke er med i leseringen. Eg hadde skrive  «Leseringen i Føllingsdalen 1928-29 no» med trykk på bøkene. Ingebrigt Løvås sette seg og retta det til Fyllingsdalen – so vart det litt ordskifte um namnet då, «det var ein – to som gjekk ut av ringen um namnet ikkje vart skrive Fyllingsdalen», sa Ingebrigt. Rasmus Bønes høyrde til.

9/12      Møte i skulen kl. 11. Gullaksen tala. – Heime var Borghild Berge kome og var til ettermiddag. Um kvelden gjekk eg til Inndalen, trefte Kjellevold og betalte resten av linjematrial.

14/12    Til byen sammen med Kristiane, Torbjørn og Liv. Sende gåver heim til mor. Um kvelden i styremøte i S-S. avhlag. Joletrefest nyttårsdag på Søreide.

15/12    Lærarmøte på Midthun. Prøveval på lærarrepr., naturkunnsk.spursmålet utsett. Lesebok: Svensen & Munch tilråda. Eg heim um byen.

17/12    Møte i tilsynet; joletrefest fredag 4. joledag kl. 5 et.m.

18/12    Idag telefonapparat installert i kontoret og i lærarbust.

20/12    Siste skuledagen fyre jol.

21/12 og 22/12   gjekk inn med jolegåver frå den kyrkjelege utdeling til fattige. Skreiv og upp gjenter som vil gå på syskule frå 31/1 og i 12 veker. 13 gjenter har meldt seg. – Det var 10 trengjande som fekk av jolegåvene her i krinsen.

24/12    Bøtte sko. – Olav sette upp og pynta joletreet. Der var gåver til oss alle. Olav hadde arbeidt eit lite skrin til kvar av dei 7 smågjentene, Torbjørn fekk ein boge med piler, Olav og     Torbjørn fekk nye kledar. Frå besta i Hornindal var kome eit hosepar til meg, og spøtgarn til    smågjentene. Gud signe henne mor. Vi song um joletreet, og alle gleda seg. – Har vore sværaste regndag på lenge idag.

25/12    Inga og eg til kyrkje. Hdm. Andr. Skage kom med bil og skyssa oss. Verer godt. Høgtidsamt med musikk frå tårnet, songkor frå galleriet, 2 pynta joletre i koret – gild preike av Dankert Skogen. Offer til D.N. misjonsselskap.

24/12    Barnefest kvelden kl. 5. Umlag 130 menneskje. Gjekk godt.

29/12    Kl. 5 frå byen og heim til Nordfjord, til Nordfj.eid kl. 9 sundagsmorgoen. På Os til måndag.   Olav og eg med bil til Nord. Med «Dølen»heim. Stod vel til der. Olav Os nedyver onsdag frå Holmøy. Eg nedyver laurdag 5/1.

    1929

kom til Bjørgvin 6/1 sundagskveld kl. 6  saman med Kari Os.

7/1       Skula 4. kl. – og ut den veka. Skulestyremøte og lærarmøte. Hjellestad vald til lærarene sin mann – skulestyreformann. Prost Rise takka av. Edvard Svoren slutta.

8/1       Reviderte  N.S.A.L.rekneskap tyrsdagskvelden.  Råka Olav Os i byen på veg til Oslo til tinget.

14/1      Sløyd og handarbeid no i 2 veker.

15/1      Ragnvald Nes kom um kvelden – frå revalsmøte i Bjørgvin.

15/1      Telefonsamband med Bjørgvin istand. Centralapparat installert i Brennhaugneset. Telefonen fungerer godt.

18/1      Ragnvald Nes reiste idag. Kurset um sylvrev slutta igår.

22/1      I Lauvåsen og tinga grønsakfrø – fyrr um dagen i byen etter saker til sløyden.

27/1      Sundag. På Søreide kl 3 1/2 årsmøte i S.S.avhaldslag. Lærar Bladnes vald til formann etter E. Søreide. Styret: R. Bønes, E. Søreide, Reinhardt Grimstad og Navelsaker.

29/1      Tok til skule på Lauvstakken med Gunnvor. Um kvelden Olav Knut Ekvall og spela og fortalde soger i skulehuset. Svenske frå Småland. Gamall folkemusikk. Verdt høyre.

30/1      Ekvall spela åt borna, 4 kl. litt fyre middagsstunda. Sløyden slutta 26/1, men ikveld stod eg å arbeidte  med nokre gutar som skal gjere seg ferdige.

31/1      Frk. Midthun tok til syskule i Gamleskulen idag med 14 gjenter.

3/2       Inga og eg til byen (sundag) og såg filmen «Volga – Volga». Det er kunst. Var innum i ein ny kaffe på Strandsida up for Blometorget. Fint og godt stell.

4/2       Rev. i N.S.AL. til midnatt.

5/2       Inga Berge var koma heime då eg kom at frå skule på Løvstakken. Ho har vore til Dr. Loennechen – er bra, men går med handa i fatle,(høyre). – Eg var innum Lauvåsen på mandag. Ingebrigt sa han har sagt frå seg plassen i skulestyret – etter han ved nyttår vart vald upp att for 3 år.

6/2       Rev. i N.S.AL. Heime kl 1 natt.

7/2       Krinsmøte kvelden kl. 7 1/2. Nils Bønes, Vergeland og Ole Lynghaug valde til tilsynsmenn. Berge Sælen laut ta etter Ingebrigt som krinsformann.

8/2       Idag reiste Inga Berge. Inga med, skulde få trekt tennesr hos Kramer. Inga Berge bra, men armen i fatle.

9/2       Eg til byen etterm., reiste til lærarmøte Nesttun. Frk. Sandvik synte ljosbildte frå Amerikaferd. Avskilsgilde for Knut Svoren, han fekk ein korgestol og ein Ulomevase (urne).  Frå 8 til 1 natt rev. i N.S.A.L. Låg hos Ubøe um natta. Rev. også sundag til kl. 5. Ferdig då. Bil til Nesttun til møte i Fana mållags styre. Vart årmøte sundag den 17de kl. 5. Marknaden har ført inn umlag 3000kr.

14/2      Høyrde Kristian Schjelderup foredrag: Vori..(?) og hans vei til frelsen.

15/2      Rev. rekneskapen åt Føllingsdalen innkjøpslag saman med B. Bønes.

17/2      Årsm. i Fana mållag på Nesttun kl. 5 et.m. Nordland kom med utgreiding um målmarknaden. Kom inn 2900 kr. Hamerås foredrog um målstoda no – det norske instinktet held norsken uppe. Mål: Få heile norsk i skulane, og so Birkeland.

Val styre: Form. Joh. Hauge, styre elles Fru Netteland, Ola Bønes, G. Birkeland, R.   Navelsaker. Mållagsfest for Fana midt i mars. Festnemd vald. Styret åleine. Utsendarar til Det n. målst. i Bjørgvin 27. 28. mars. Hauge, fr. Neteland, Knut Svoren, Navelsaker. Samråde um norsk prest for Fana. Ikkje delta i agitasjonen um person – skulde det vere for nokon, so Andersen, Elverum.

20/2      R. Bønes og eg sluttreviderte F.innkjøpslag sin rekneskap for 1928. Rett på det andr. At varekonto i hovudboka syner at det er gått ut varer for umlag kr. 35,00 som ikkje er kome i kasse – og hovudbok. Tala med R. um ugreida med utsending til N.ul. sitt årsmøte på Hønefoss 1927 – eg kunde ikkje gjort annorleis um det var no, og han hadde vore i god tru.

2/3       Årsmøte i F. innkj.lag kvelden kl. 8. Same styre: Ing. Løvås, Gustav Sælen, Andr. Vergeland. Styret fekk fullmakt til å tinge med L. Henne og Kr. ved Vegen um å betale sin gjeld, ein   brøkdel og få resten ettergjeve.

1/3       Møte i skulen kl. 11. Gullaksen tala um «besette» – godt, men so kom målar Grøner og tala det or folket att. Eg snakte med Gullaksen etterpå um dette.

– Varmtvannskjelen i badet er lek enda – måtte tappe honom tom idag.

4/3       Inga har lege idag. Det er ein åreknut som er leid – det er på høgre foten i kalbota der ho hadde årebetennelse då Borgny vart fødd.

6/3       Kvelden kl. 7 1/2 Sognemøte i skulen av slike Ing. Løvås hadde serleg bodsendt til uttale um at Føllingsdalen skal høyre til Birkeland sokn.  – Han varsla og meg, men då han sa meg at eg nok kunde møte, men ikkje måtte la kome ut kva som var fyrehaldt, let eg vere å møte meddi ein ikkje kan vita ein og annan som er i møte ber ut – og so avdi at eg endå er av den meining at det rettaste for Føllingsdalen er å sokne til Storetvedt.

8/3       I byen um kvelden og høyrde Kåre Forstervoll og Lars Eskeland tale på ålmannamøte i D.V. Mållag. Lars Fostervoll:»Bygland og Eskeland um «Måldyrking»». Full møtesal i Gimle.

9/3       På D.V. Mållag sitt årsmøte frå kl. 9 1/2 f.m. som utsending for Fana mållag. Gulvåg skal slutte som redaktør av Gula ved utg. av mars månad. Det vart tala um.

17/3      Tala på 10 årshøgtida for S-S.avh.lag på Søreide. Kva det er å vere avhalden, kva vi har utretta og skal utrette. Bjørkum tala og  – godt. Bladnes leida stunda framifrå. Spela sluttakta av Håkon Jarls død. – Inga har lege av årebetendelse 14 dagar, er uppe att idag. Kjem seg bra.

20/3      Dankert Skogen heldt fastepreike i skulen kl. 8 kveld,

24/3      Gjekk til byen. Møtte Brita, kom med Nordfjordbåten til byen. Olav og Oddlaug kom frå Milde høgskule. Var saman til Vestmannaheimen. Åt kveld på Torgkafeen. Eg gjekk heim.

25/3      Prøve i stil i skulen. 15 st. prøvde. En vinterdag. Etterpå Inga og eg til byen. Kjøpte   brudlaupsgåve til brudeparet Frøholm 27/3 – Olav Os held møte med utsendingar frå    sylvrevalslaget i heile landet. Brita fylgde oss heim. Drosjebil frå Laksevåg.

27/3      Olav Os kom her upp iaftes, etter å havt 2 dagersmøte i N.S.A.lag. Idag skirtorsdagsafta tok Hans og Brita, Inga og eg drosjebil til byen for å vere i injeniør Frøholm og Inga Bergset sitt brudlaup. Vi tok inn på Vestmannaheimen. Der budde Olav Os. Kl. 4 1/2 var vi i Domkyrkja. Der vart dei vigde av kapelanen Dale som tala norsk. Han var visst telemarking. Song og alt var norsk. Køyrde bil til og fra kyrkja. Inga var krunebrur, pynta ennar   Ragnhild Os. Frøholm gjekk i si løitnantsuniform. Han er enkjemann – har 3 born. Dei var    kledde i nasjonalbunad, trivelege 3 kjekke; Anders 6 år, og 2 smågjenter. – I brudefylgjet var fru Inga N., fru Maria Bergset, systrene til brudgommen, Pernille Bergset, syster mi, og Lars L. Bergset, son hennar, bankbokhaldar i Oslo, var der. fru Sandal frkr. Frøholm, ei husmor på Haukeland sjukehus og ei heime frå Innvik i nasjonalbunad. Likeeins systrene til brura: Sofia, Olava, Aslaug. Gildet tok til kl. 6 i matstova åt Vestmannaheimen. Olav Os var    kjømeister. Det var middag med fleire rettar. Yverlærar Taraldset tala for brurefolket og gamle foreldra hans. Det vart skåla for dei, og sendt telegram til foreldra hans. Lærar N. sa og nokre ord og ynskte signing. Vart songe norske songar or eit trykt hefte. No: Gud signe vårt dyre fedreland. I 12 tida um kvelden rjomegraut,sidan kaker og frukt. Saman til kl. 3.  Inga og eg tok heim med drosjebil. – Brita Os vart dårleg under laget – ho har magekatarr; det var den som tedde seg. Det var eit gildt lag i alle måtar.

28/3      Låg lenge frampå. Helga, syster til Inga, tok oss på senga. Ho kom frå Lavik husmorskule i Sogn, er no ferdig med kurset. Skal heim til Okrå imorgonkveld, longfredagskvelden.

29/3      Idag høgmesse her – longfredag – ved prest Dankert Skogen. Sofia, Aslaug, Leiv og Arne Bergset kom her ettermiddag og vart til kl. 8. Helga reiste kl. 3 etter middag. Bersetborna reiste med bil kl. 8 – Hr Grastv. hadde stengt telefonen då eg skulde tinge bil.

30/3      Påskeafta. Hogg ved. Torbjørn og eg.

31/3      Inga og eg til middag og kvelds hos Frøholm sine på Damsgård.

1/4       Eg til Liland udl. tala på ein pakkefest kvelden kl. 8. Det var um å vere norsk, og kvifor.  Kom med bil heimatt kl. 10. – Var ein vakker ungdomsflokk der syd – og stemning.

2/4       I ettermiddag fylgde eg Pernille og Arne til Damsgård.

3/4       Kalka grisehusmuren. Klypte granhekken ut for stova. Tok så upp mantal yver born som skal ta til skulen 16.april.

6/4       Årsprøve, muntlig. Heile tilsynet samla. Berge Sælen med frue, Andreas Vergeland med frue, Nils R.Bønes og Ola Lynghaug. Frk. Aslaug Tjormcausor – frk. Høsteland var ei stund.    Prøva gjekk godt. Brudlaup på Fløyen, Elisabeth Engelsen vart gift med Lars Knarrvik.  Då vi som hadde vore med på årsprøva sende telegram: «Brudeparet Knarrvik, Føllingsdalen. Stille ved bordet; Tilsynet har ordet: Elisabeth skal styre, Larsen skal fyre, dei reiser sin kos  og hamnar i Os. Lukke og fred, det ynskjer me. Frå sensorlærarinne, lærar og tilsyn med fruer.»

Um kvelden kom fru Petra Olsen ( Petra Nes). Ho hadde fylgjt mannen sin frå Haugesund til byen. Han drog til Amerika att, driv humarfiske nær New-York.

9/4       Tyrsdag. På Lauvstakken til Gunnvor for å lese med henne, ho er dårleg og veik endå – eg tala med henne ei lita stund.

10/4      Til byen, prøvde selje river åt far B.K. Gjekk ikkje. Vart bode berre 1,00 – 1,20 pr. rive. Til    det leverar fabrikkane i Os dei angro.  – Eg rev. i N.S. alag til 1. natt.

12/4      15 lærlingar slutta idag skulen – millom dei Kristiana. Gud signe dei.

13/4      Lærarmøte Nesttun. Fru pastor Isachen tala um Kristendom og Kultur, prof.Krogenes «atonetesien». Rev. i N.S.Al. til kl. 12 1/2 natt.

14/4      Mons Bergset med Jr. og 2 smågjenter hos oss.

15/4      Anna kom hit uppom morgonn. Inga var med henne til byen. Reiste kl. 1. til Leirvik, skal vere på sanatoriet der for å få råd for gikt og eksem. Sælde gulerot i Bg.

17/4      Til Søreide til hdm. Skage og bakar Hovland, fekk S.S indremisjon sin rekneskap for 1928 revidert og godkjend.

21/4      S.S. indremis.lag hadde årsmøte i Sælen skulehus kl. 11 f. Taler av lærar Gullaksen og emisær Vilhelmsen. Umlag 70 menneskje. Godt møte med god stemning. 4 unge sa fram si gudstru. Vågenes, Navelsaker attvalde i styret med 19 r kvar. Varam.: Olina Søreide,   Takvam, M. Grimstad. Slutta kl. 5.

17/4      Sykurset slutta med 15 lærlingar. Frk. Midthun fekk gåve 2 ljosestakar av sylv. Utstilling  –   mange pene ting utstilt i Gamleskulen. – Gustav Sælen gift med Orlaug Knarvik idag. Brudlaupet på Tjønnen, lite gjestebod.

28/4      Oddlaug Os upp til oss. Skuleinspektør Olav Melkild og fruen kom og såg på utstillinga. – elles mange. Framum til oss til kaffi. Avholdsmøte i Sælen skule kl. 8 kveld. Martin Eide tala godt um nauen heime på garden. 8 menneskje tilstades.

3/5       Anna upp her – fra Leirvik «Furuly» og heim. Såg godt ut. Inga fylgde henne til byen. Lisbeth er trulova med Jon Fjellheim.

4/5       Reinska brunnen.

5/5       Møte: Sælen barneavhaldslag kl. 10 f.m.

6/5       Eg gjekk til byen ettermiddagog reviderte i N.S.A.L. Kom heim kl. 1. natt. Alt i orden på N.S.A.L. sitt kontor.

8/5       Har no ikveld kløyvd upp 5 1/2 mål fureved Engel Fløyen køyrde hit på leikeplassen til meg.

10/5      Til Nesttun i styremøte i Fana mållag. Vedtak: 1 Tur til Lysekloster 16/6 kl. 9 frå Nesttun, 2   Søknad til herradstyret um at all brevskifting og bokf… må verte på ny-norsk. 3 Søknad til jordstyret um same. 4 Um å skrive seg for 2 nynorske spelframsyningar på den nasjonale cene, 1 haust og 1 vår.

9/5       Himmelfartsdag var eg um kvelden ein snartur til Samuel Brendefør på Kringsjå og insjenør Frøholm`s, Damsgard.

12/5      Avholdsmøte på Søreide. Løvik og Klausen tala godt. Valde utsendingar til årsmøtet i K.F. av Dnt på Hauge i Gjerstad: Bladnes, E. Søreide, Navelsaker, O.F. Søreide.

15/5      Inga var til tanndoktor Cramer i byen og fekk seg gebiss.

16/5      I jordferd etter Eli med Vegen, ho døde av kreft fredag 10/5 i 11 tida.

16/5      No heime etter å ha vore i jordferd med Eli. Alle naboar var samla der, og dei 3 brørne henner. Inga og eg med til kyrkjegarden. Presten Dankert Skogen var til ved Vegen og tala i huset.

17/5      Fest på skulen for borna kl. 9. Tilsynet flinke å hjelpe til, brød frå handlm. Skage. Lærarinna   og var med og hjelpte til. Eg tala til borna etter vi hadde gått tog syd til Berge Sælen. So var det kapping, – lengdelaup, sekkelaup og egglaup. Mat deretter og leik. Slutta i 2 tida. – Inga og eg gjekk då til byen – lærarinna saman med. Olav, Sunniva og Liv var gådde um morgoen. Vi råka Liv, Sunniva og Ragnhild Fløyen på bryggja då vi gjekk inn på båten til Okrå kl. 19. Kom til Okrå laurdagsmorgoen.

18/5      kl.10. Anna tok mot oss på bryggja og fylgde oss heim. 1.pinsdag til kyrkje. 2.pinsdag kveld reiste vi kl. 4 – heim her til kl. 1. um natta.

23/5      Har hatt under tak veden denne veka.

25/5-26/5          Til Hordaland fylke av D.N.T. sitt årsmøte på Hauge i Gjerstad.

Hugnadsam tur. Eg var formann i valnemda der, og hadde eit vondt arbeid til å finne 6 nye styrelemer for 6 som gjekk frå. Eg budde um natta hos stykkjunker Birkeland på Småland.

27/5      Planta 400 gran hos Magnus Strømme, upp for butikken.

28/5      Planta kål, men veret heldt seg tort.

30/5      Revidert i N. Sylvr.lag. Fekk bod ved Ubøe at løna revisor er sett upp frå kr. 37,50 til kr. 50   pr. mån. alt i 12 tida. Bilane går no frå Laksevåg ned til Pål Hamre, og det lettar mykje.

31/5      Inga og eg til byen, kjøpte presang. Sukker og fløytekopp på brikke til Ragna Nes som gifter   seg 3/6 på Nes i Nordfjordeid med Inge Wisthus Aursletta, Helgeland. Eg rev. elles i N.S.A.L. og vart ferdig for juni.

1/6       Rasmus Bønes og Anna Hamre gifter seg – brudlaup hos Pål Hamre. Eg sende telegram frå      oss: «Brudeparet Bønes, Fyllingen . Heil og sol. Hav heppe med heimen. Inga og Rasmus Navelsaker».

2/6       Sundag. Inga og eg, Brita, Ragnhild og Borgny til byen. Titta fyrst inn i Johanneskyrkja. Såg so på dyresamlinga på Museet. Gjekk ned um til Mons Bergset kl.2 og vart der sidan like til kvelds som gjester. Insjenør Frøholm med frue og 3 born var der og. – Vi kom heim att kl. 11 kvelden. Ein gild dag.

7/6       Eg gjekk til byen og var med på fedrelandslaget si stemne på Møhlenpris der Hansen, Helland-Hansen og Severin Eskeland tala. Det var samhald for å reise landet økonomisk, verne det frå revolusjon mot komunismen. Veret bra. Fyrste gong eg har sett Hansen – kvit av hår, men spenstig og rank – han vil nok folk og land vel.

8/6       Idag slutta vi skulen i 3. kl. Dermed ferie til 6.sept.

9/6       Hr. Ubøe med frue og frk. Ragnhild Ubøe hos oss til middag. Dei vart her til kvelds.

10/6      Inga og eg til byen – ho til tanndoktar og fekk passa gebissen, eg inn i «Arbeiderbladet», leverte eit stykke «Nidaros». So til Nesttun til inspektøren og ordna ymse ting. – Reiv rabarbra um kvelden. – Kom bod i radio at Nidaros i lagtinget fekk 20 r, Trondheim 18 r.

12/6      Ragnvald Bergset gifte seg med Ingeborg Kirkeide Stigen idag på Smeby hotel der.

13/6      Eg fyller 50 år. Dei flagga for meg her heime og gjorde ære på meg um kvelden. Skuleinspektøren sende telegram.

15/6      På lærarmøte Nesttun. Igår slo lynet ned og tynte telefonen på kontoret. Idag fekk eg bøtt telefonapparatet i byen, Olav med, kjøpte sko åt honom.

16/6      Borgny, Ragnhild, Inga og eg til Ubøe sine og var der i gjestebos til um kvelden.

11/6      Rev. i N.S.A.L. um dagen. Var til Nesttun og tok mot teljinginstruks for jordbruksteljinga 20. juni 1929. Eg skal telje gardane på Bønes og Straume.

25/6      Um kvelden seint ferdig med jordbruksteljinga.

24/6      Kristoffer komen att frå Syd Afrika – kom til oss iaftes. Har vorre burte 2 år. Stega seg godt, idag fylgde eg honom til byen. – Olav  har fått 30 kr. til feriereispengar av Katedralskulen. Han var saman med Krist. til båten gjekk kl. 7. Eg rev. i N.S.

27/6      Lærar og skulestyrarmøte på Nesttun. Eg leverte um morgoen jordbruksteljinga til herradsagr. Mons P. Midthun. – På skulest.møte foredrog Melkild um den parlom. skulenemda sitt framlegg til ny skuleordning. Prost Riise var med – lærarpersonalet saman med skulest. vart fotografert. Skulest. heldt eit lite avskilsgilde for Riise. Eg og revid. i N.S. ettermiddg og vart ferdig for juni, ogso for pelscentralen.

28/6      Møtte idag i herradstyret for Sigurd Skei. Busjettfyrehaing og avgjerd um målform i administrasjonen. Saka ikkje leggast burt vedt. med 14 r – 13 mot. Saka utsett med 14 r for –  13 r mot.

29/6      Inga, Oddrun, Torbjørn og eg til byen. Ho kjøpte klede, eg gjekk og betalte rekningar og var til tanndoktor. Gikta vil halde seg i ryggen – har teke seg upp att idag. Hyppa kålen i kveld.

3/7       Tyrsdag. Inga til Espeland saman med Johanna og Berge Sælemyr og kjøpte trikot. Eg gjekk   til byen og var med i N.S. landsmøte – kontrollerte møtekort. Hordaland sylvr. alslag heldt fest på Fløyen for dei som vilde vere med. Olav Os kom med fribilett til Inga og meg. Ho kom til byen i 7 tida. På møtet var umlag 320 frammøtt – halvdelen av desse i festen på Fløyen. Hyggjeleg, god mat, taler, upplesing og musikk. Form. i H.sylvr. bad velkomne, bladm. Sjurset tala for for byen og Vestlandet, Olav Os takka frå sylvr. laget for god mottaking, eg tala for Ubøe og Kontorfolket, Tormod Knutsen tala um og for dyra. Inga og eg kom heim kl. 3 um natta.

3/7       Eg var til byen med tennene – og so reviderte eg.

4/7       Idag fyller Borgny 6 år. Eg til byen med tennene att, og reviderte. Torbjørn, Oddrun og Liv og med idag. Imorgon Kristiane og Sunniva ogso. Olav har vorre og fått sine ettersedde.

8/7       Saga av telefonstolpar til ved på Fløyen. Ettermiddag smurt Joachim Fyllingen sine telefonstolpar med karbolineum. Brukt 10 l. til 17 stolpar. Joachim svært dårleg – magesår. Han skal opererast tyrsdag 9de Diakonisseklinikken.

11/7-30/7          Inga og eg tur til Hornindal i Nordfjord. Olav reiste same dag til Okrå i Hardanger.

3/8       Liv for til Hardanger. Olav attkomen 28/7.

6/8       Selt grønsaker på torvet.

7/8       Slagta 2 griser. Salomon Helgeplassen her. Svært regnveir.

8/8       Til byen med 1 1/2 gris, fekk 1,75 pr. kg. Stod på torvet ogso. Ein 500W.ovn i læremiddelromet.

9/8       Borna plukka ripssbær. Olav er med Larl Fyllingen og grev på skulebrunnen. Veret godt.

11/8      Sundag. Oddlaug Os kom upp her i fyremiddag og vart til kvlds. Til kaffi var Hjørdis og  lærar Sørheim hit som gjester; Ragnhild og Engel Fløyen ogso.

15/8      Inga til Hardanger idag. Eg har sote med sko. Gustav Løvstakken og Karl Fyllingen arbeider med skulebrunnen. Regnsamt ver. Olav måla golv i lærarbustaden – og olja dei i skulen.

16/8      På torvet med grønsaker. Til dr. Wilmann med Kristiane for ryggen hennar. Fekk korset med Drevelin til henne. Han sa at ryggen vanta ingenting – berre gå rank. Ho har vaks fort – og høgre aksla vil halde seg litt logere enn vinstre.

19/8      Idag tidleg til byen og Inga, mor Kolltveit og Liv som kom frå Hardanger. Eg etter på Laksevåg og tinga 2 gamle jarnkne på verftet, og trematrial på Florvåg Bruk. Inga og mor heim i drosjebil. Liv og Kristiane til Fana Kom.millomskule i 3. og 1. kl. Olav til Katedralsk. 2. kl. – Ettermiddag var eg til byen att etter bøker og jarnoglar.

22/8      Mor, Inga og eg tur. Til Gamlehaugen, innum til Kumlen sine, upp til Alvsåker, Nesttun, til   middag. Til Eidsnes sine til kvelds. Bila heim. Fin tur.

23/8      Arbeidt hyller i kjellerverkstaden. Mor og Inga baka flattbrød.

25/8      Sundag. Nils farbror, Eidsvåg og dotter Brita her ut yver dagen.

26/8      Til byen med mor og Inga. Trefte Lisbet og Jon Fjellheim som hadde vore til byen og bytt ringa. Mor reiste heim med «Lønningdal». Ein hugnad med ho var her.

27/8      Regnveir den heile dag. Ettermiddag var eg til byen og skulde treffe Petra og Margit og frk.Mjele. Fann dei ikkje. Dei kom saman med Liv litt etter eg var komen heimatt. Heime på Navelsaker lever vel – på Nes ogso. – Idag har eg levert lovnad frå Føllingsdalen telefonlag til hr. Grastveit at Brg. kringkasting kan få leige våre stolpar. 1 kr. pr. stolpe frå Tomtebo til Radioneset.

31/8      Petra, Margit og frk. Mjele reiste idag med dagruta kl. 2 til Haugesund. Dei har sydt   konfirmasjonsklede til Liv, pent og godt. Inga gjorde billegskjøp på ty, ho hadde Petra med. Og Petra og Margit sydde for inkje. Det har vore slik hugnad dei dagane dei var her – ein har kjensle av at det er eins eigen folk, greide og gode. Og no Petra reiste, kom so sterk ei kjensle yver meg at ho gjer ikkje vegen her til oss oftare – ho tenkjer å reise til mannen sin i    Amerika. Ho er fyrste guddotter mi – Gud signe henne. Troppa til lolemen er fredig – eg har sete med sko.

1/9       Sundag. Idag såg eg til Gunvor Løvstakken som har vore dårleg i 9 veker. Det er nyre- blærebetendelse og meir. Ho har vilje og enersji, so ho greider seg ei tid. – Var i Rosenlund, tala med Gamle-smeden. Kristi kom ogso upp, tala med henne um å vere trøstig-, «til ham i troen kommen, et freidig mod jeg får, og frykter ei for dommen som over syndere går». – Var der til middag.

2/9       Rev. i N.S.A.L.- ferdig. Inga, Kristiane og Liv til byen. Kjøpte hatt åt Kristiane – ho fyller 14 år idag. Vaks svært, og er ei gjev gjente – Gud signe henne. Vi fekk oss kaffi saman i Torgegården. Eg var til middag innum til Ubøe. Idag er det fyrste dagen eg har rev. i den nye   kontorbygningen, Strandgata 10. Ljose, gode rom. Ubøe sine bur endå i Pontopidansgt. Dei    har fått seg ein liten geit for 4 veker sidan.

3/9       den 2/9 måndag, tok Nils Lund sine folk til å rive på Gamleskulen. Igår ordna eg or kjellaren  og ordna i kjellaren her nede i Nyehuset. Igår var Melkild her med Sjur Dale, Høyanger, og såg Nyeskulen.

4/9       Bjørgv.bisped. sitt  lærarmøte. Trefte Johan Torøy. Han vart med heim um ettermiddagen.

5/9       Til byen att med Johan Torøy, han heimatt um natta. Lærarmøtet slutt til middag. Far Bård Kolltveit kom upp på møtet. Han var til byen for augo sine. Ingen fåre. Tårekanalane bora upp. Eg var med honom til middag, «Misjonshotellet» – og umbord på «Lønningsdal» kl. 6. – Kjøpte elles sekkjegoss på D.V.Kj.lag både til folk og fe. Tinga koks hos Victor Müller.

6/9       Inga til fru Ubøe med sengjamat, 1 kake som ho har baka sjølv. Eg hengde upp talje i troppeuppgangen å heise sekkjer frå lemen med.

7/9       I styremøte i S-S.indremisjonslag hos Netland. Alle møtte. Fest 29. sept. kl. 11 på Søreide. Emisær Tang, Blomsterdalen, skal hallast til å arbeide i laget rundt 3 veker frå 1.novbr.

8/9       Sundag. Inga litt dårleg i høgre foten; det er årebetendelsen som ter seg. Ho har lege idag. Rett ein regnveirsdag.

15/9      Idag eg ty kyrkje. Høyrde for fyrste gong den nye sokneprest Andersen Rysl. Heldt ei livsfylld preike um enkjesonen i Kain. Gud signe arbeidet hans. Var etterm i lærarinnene sitt årsm., Nesttun. Høyrde fru Anna Setne. Foredrag um nye undervisningslinjer. Brøt med uniformitet og let det individuelle hjå barnet kome til sin rett. Ho tala ogso um lærarinnene sin organisasjon. – Tok trikken til byen. Såg «Noa ark», ei dyresamling på eit skip. – Heime  ligg no Ragnhild og Kristiane, det er – meiner Inga – skarlagensfeber. Eg må idag telefonere til doktor. Eg har i veka som gjekk, smurt telefonstolpane med karbolianum. Elles: skulen  går sin gang.

16/9      Dr. Smitt her til idag. Jau, det er skarlagensfeber Ragnhild og Kristiane har. Oddrun ligg og. Dei må vere skilt frå dei andre i 6 veker, dei andre borna må vere burte frå skulen her i 6 veker. Olav og Liv må vere burte frå sine skular 1 veke so ein kan sjå um dei er smitta. Det  bryt ut um 3 dager i så fall. Dei sjuke på gjenteromet for seg, sjukdomen er mild.

23/9      Tok poteter ut for grisehuset. Pent på. Styremøte i S.S.avh.lag på Søreide hos Bladnes.  Smågjentene begynde kome seg. Inga steller dei.

24/9      Idag tok Olav og Liv til på skulen att.

27/9      Dr. Smitt kom og såg til dei sjuke. Dei er bra. – Vi tek poteter ettermiddagen. Inga til byen med Liv og kjøper konfirmantutstyr.

28/9      Eg med 38 born fra kl. IV og III til byen og såg «Hogenbeck menasjeri og cirkus». Eit minne for livet for borna: Tigrane og løvene, kamelane og elefantane, somalinegrane og tundrane m.m. – Heime er borna som er sjuke, åt og kjem seg.

4/10      Olava Høverstein og dotra Reidun og systra Maria Øen var her frå igår kveld til idag middag. Olava hadde henta Reidun frå Hagavik. Der har ho vore i 8 mån. for å verte bra etter ein tuberkuløs magesjukdom. Ho er heilt bra.

5/10      Eg på geografilærarkurs på Nesttun. Oslolærar Nils Viborg heldt det. Der er arbeidsskuleprinsippet gjenomført til utløysing av forrige til sjølvverksemd og skaping av interesse. Kom heim til 8 tida, gjekk ilag med Ola Bønes frå Straume – tala um Kristoffer  som inbiller seg han vert sinnsjuk. F.ungdl. heldt haustfest. Martin Birkeland fortalde frå Kanada-Am. ferda han gjorde i sumar, so ein såg dei norske i yrkje og helg, med sut og           gleder.  Deira liv er strev og lengt. Røyvd ved arbeid, drykk, gudlegdom. Skildringa av utvandrarlivet kallar fram vemod. – Dei små held frisknar til, men endå avstengde frå oss andre.

6/10      Idag er det Liv sin konfirmasjonsdag. Gjev han må verte til hennar signing.

13/10    Sundag. Onsdag vart vi ferdige med potetupptaking – umlag 20 hl. Fredag var eg og rev. i  N.S.A.L. for okt. Rett og greidt alt. 2 nye kontordamer, so no ialt 6. Ubøe på inspektørkurs i   Ørsta. Denne gongen rev. eg for fyrste gong rekneskap for innmeld blårev i laget. – Heime står bra til. Borna er bra friske etter skarlagensfeberen. Men ikkje gjort reint endå.

Liv idag på konfirmantfest, Nesttun. Olav på kappskjoting i Munkebotnen, der er millom Katedralsk., Handelsk. og Sydnesh.sk. . Eg til byen høyrde Skjeflo i Turnhallen.

17/10    Til byen og til Nesttun, uppgjerd for reparasjonsarbeid og måling i sumar. Med 2 kg. honning til Melkild.

20/10    Igår var Gustav Løvstakken og Karl Fyllingen ferdige med brunnen. Eg planta ut jordbær. – Idag har eg vore til Grimstad hos Nils Larson på indremisjonsfest. Lærar Ånes og Neteland tala, der var godt å vere.

22/10    Til byen og henta kasse frå Hans med ost og kjøt frå mor. – Igår var eg og til byen og råka Olav Os. Snakka med honom um Ålforpengene. Var til Nesttun i styremøte for Fana mållag, ytte 500 kr. til «Gula Tidende». –  idag har dr. Tybring vore her og sunnheitstenar Titlestad.

Smågjentene skal no sleppe frå kammerset. Dei vart bada i kveld, og romet røykt. Dei gledde seg ved å få kome saman med oss andre att.

25/10    Idag har Engel Fløyen kjøpt 2 smalekroppar, 50 kg., til oss for 1,30 kr. fyr kg.

28/10    Igår var eg til konfirmasjonsfest på Søreide. Der var 24 konf. frå Søreide – Sælen; av dei 17  frå Sælen. Presten Andersen Rysst tala um avlat. Eg song «den fyrste song» og «Jesus fylg meg» . So tala eg um «Skil ljos fro rust». Liv skreiv seg i avh.laget.

2/11      Til Frekkhaug – til avhaldslagleidarkurs. Der var fred og orden med ein meisterleg gjenomført god tone. Tror ungdomen kjenner seg heime der hos godt folk. 40 lærlingar. På kurset gode foredrag og tilskundringar. – Rev. i N.S.A.L. ut yver natta – eg kom heim i 1 tida. Inga litt dårleg av forkjøling endå. Olav bra.

3/11      Marknad i Fyllingsdalen ungdomslag.

4/11      Inga og eg til byen ettermiddag. Var med Jon Røyrvik og Lisbet til St. Jacobskyrkja på Nygård. Dei vart vigde der av presten Karl Martinussen kl. 5 1/2. Han hadde til tekst:» Eg og     mitt hus vil tene Herren» – ei god tale. Orgelmusikk. Berre Inga og eg med dei i kyrkja. Rett   høgtidsstund. Vi tok heim, gjekk til Naustebryggja, ferja yver Puddefj., og so Sigurd Riple til chauffør med bil til Sælen. Smågjentene hadde laga eit pent kveldsbord. Song «Himmelske Fader» fyre maten. Kom 4 telegr. til brudeparet um kvelden. Frå lærarinna ein blom i potte. Frå oss 2 korgstolar.

7/11      Lisbet og Jon Røyrvik reiste ettermiddag. Inga og eg fylgde dei til byen. Dei gjorde kjøp, vi åt ilag i Torgegården. Såg so «Laila» på Det Gamle Teater. Dei fylgde «Lønningsdal I» kl. 1 natt. Mykje landsynning utetter natta. Vonar det gjekk dei vel.

9/11      Marta Steinsvik i skulen kl. 8 kveld og heldt foredrag um katolisisma – at der er so mykje  elegskap.

10/11    Eg gjekk til byen. Høyrde bisp. Lunde, Oslo – det var livande ord um tru. Høyrde statsm. Mowinchel «Vår politiske dag». Ein trøytande mann som sig yver i høgre.- Snøslette heile dagen mest. Det er ruskever.

20/11    Idag Inga til byen med Guro Sande som har vore hos oss siden måndagskvelden. Sundag  17/11 var Inga og eg til byen og høyrde Brantsdag og Hopen – fest i Misjonshuset um  ettermiddagen. 19/11 kl. 8 til Søreide og med i styremøte for S-S-avh.lag. Trøytt, for kvelden fyrr rev. eg i N.S.A.L til midnatt. I styremøtet valde utsendingar til avhaldstinget 1/12 i Bjørgvin, Blomnes, E. Søreide og eg. Program, juletrefest 1/1 1930.

29/11    Inga til Espeland kjøpte trikotasje. Eg til byen, rev. i Norges sølvr. for nov. Kjøpte bøker til leseringen for 1929/30. Trefte Johan Strand på torvet. Han i byen med kona si, opperert brud eit bryst. Eg kom heim kl. 1 natt.

1/12      Hordaland avholds. møte i Bjv. kl. 11. Eg var med som utsending frå S-S.avh.lag. Programmet åt avh.folket til komande val – Kr. Sydnes ordleidde. Eg gjorde sovorre framlegg til uttale til Landsnemda at dei skulde greide det ut og um mogeleg ta det upp på programmet til valet 1932.

«Det må inn i lovgjevinga at Bryggjeri, Vinmonopol og all rusdrykk-kapital skal dekkje til staten den skade og dei ulemper rusdrykken fører med seg.

Derfrå skal kommuner, forsikringsselskap, einskilde få refundert skaden og ulempene». Det vart sams vedteken. Eg vart saman med 8 vald til utsending til Landstinget, Lillehammar. 5.  og 6. jan. – Møtet slutta kl. 4. Reiste då til Brendefør sine på Laksevåg, Inga koma der fyrr.     Vi var der til kvelds.

4/12      Idag skulestyre-og lærarmøte på Midtun skule. Kolrud foredrog um den nye skule: Arbeidsskulen. Litt ordskifte. Vedtak um å søkje å få innført leseverket: «Hjemme og ute» i byfolkeskulane. – Tok til Solheim og såg Hordaland sylvrevutstilling, umlag 1000 dyr. Trefte Ingebrigt Lervik. Reviderte frå 4 – 7 i N.S,A.L. Fekk betalt rev. i Skinncentralen med 25 øre  pr. skinn – i 1929 selt 690 skinn.

8/12      Presten Andersen Rysst her og heldt gudstj. kl. 11. Ei storfeld preike um å vere ljos.   Altergang. 7 tok del. Offer til dei fattige til jol, kom inn 65,00 Kr.  A.R. og Andr. Skage hos oss til middag. Eg til Søreide ettermiddag, tala i eit sammøte i avh.l. for vaksne og born,  «Um å vere avhalden – førebyggja – fall». Kom heim, Olav Os komen frå Oslo der han har von på landsutstillinga åt N.S.A.L. – Frette at Eli Bønes døde sundagsmorgoen kl. 1.

9/12      Olav Os gjekk idag. Eg til byen etter skuletid, gjekk i N.S.A.L. og talde upp i kontoboka  Kapital dags dato(ca. 220 000 kr) etter Os i uppmoding. Snakte um å kjøpe statsoblig. for 100 000 kr.. Eg bila til Bønes, var med og la Eli i kista – song og sa nokre ord yver Luk.  24.35 – var der til kvelds. Heime kl.11.

10/12    Hanna Grimstad her og sauma klæde til smågjentene frå igår av.

13/12    Fredag. Kona og eg var i jordferd på etter Eli, kona til Nils. Eg forretta som kjømeister. Var umlag 70 menneskje. Veret var tolleg bra. Dankert Skogen tala i syrgjehuset um songen i Sorg og i gleda.

16/12    Sunniva kom att frå Haugesund. Har vore der 14 dagar hos Petra og Margit Nes. Sytt seg  kåpe, havt det kjekt der. – Oddlaug Os kom her iaftes frå Olso. Ho går lærer seg til  tanndoktor. Idag reiste ho heim til N.eid i joleferie.

Rørvik kom her middagstid. Hadde vore til Haukeland med 2. dotter til Jon – skal opererast for blindtarmbetenelse. Lisbet vart her til 1/12 torsdag. Ho og Inga saman til byen. – Eg og   Torbjørn til byen 18/12  og kjøpte oss sko. Hanna Grimstad – sydama – reiste og idag.

19/12    Inga til byen med Lisbet. Ho reiste kl. 6 et. m. med «Lønningsdal». Torbjørn med, fekk seg klede.

20/12    Inga til byen kjøpte ting til jol. Eg inn med 180 kr. til trengjende. Det var 7 st. som fekk iår. Signing med å dele ut – hos Gamle Kristi.

21/12    Siste skuledagen fyre jol. Sunniva til byen til doktor – alt bra.

23/12    Eg til byen saman med Ragnhild, Kristiane og Olav. Var med R. og Kr. til 2, då reiste dei heim med varene. Eg reviderte i N.S.A.L. til kl. 11 kveld. Kom heim kl. 1 natt.

24/12    Til Haukeland sjukehus og såg til Brita Røyrvik – hadde med ei joleglede (ein blom) og ei bok (Svarstad si) til henne.

26/12    Idag var insjenør Frøholm sine hos oss til middag og utetter dagen. Hyggjeleg stund. Dei gjekk i 7 tida. Igår joledag ikkje til kyrkje, meddi bilen til Skogen som hadde lovt å køyre oss, gjekk uklar. – Elles still jolehelg –bert –  litt snølag yver markane idag.

28/12    Joletrefest for borna, rundt 110 menneskje. Martin P. Fyllingen spela orgel åt oss. Det gjekk bra. Born og vaksne gjekk um joletreet og song. N. las upp joleevangelja. Born las små  salmar og stykke. Læraren tala litt etter kaffiykta yver …dt 23.26. Seinare frukt, eple og  appelsiner. Tok til kl. 5 – slutta kl. 10.30. Tilsynet pleide å hjelpe til.

29/12    Sundag. Samuel Brendefûr m.h. her frå middag til kvelds. Ei hugnadstund å ha sine sambygdingar hos seg. Ungdomen joletrefest, pastor Irgens tale til dei. – Fram på morgoen dagen etter svær storm og regn frå sydvest, med væte inn med glasa i skulen.

31/12    Inga til Haukeland og lyddest um Brita Røyrvik. Ho er i betring og vert utskriven umkring den 5. jan.

1930

1/1       Nyttårdag. Roleg heime alle. Gud signe det nye år.

2/1       Eg til byen og reviderte i N.S.A.L. Tok til med arbeid på Premiekatalog yver sølvrevutstillingane i 1929. Heim kl. 1. – Kjøpte eit lass matvarer på D.V. Kf.lag.

3/1       Arbeide med katalog sylvrevutst. 1929.

4/1       Sameleis. Brita Røyrvik heime ned frå Haukeland sjukehus.

5/1       Inga, Brita og eg til byen til Ubøe til middag. I kino um kvelden. Eg samla pengar åt telefonst. på heimvegen.

6/1       Fyrste skuledagen i 1930. Veret held seg ruske so borna kjem tildels gjenomvåte på skulen.

7/1       Olav til byen, han henta skjema til å føre Katalog sølvrevutstillingane sine premielister på. Eg arbeidte med dette utetter til kl. 3 natta.

13/1      Sunniva og eg til byen med Brita Røyrvik som reiste med Vøringen til Tysse. Eg råka Olav Os som var på veg til Stortinget, han var på N.S.A.L. sitt kontor og tok med Premielist for Samdal og Nordre Møre til Norges Boklag.

11/1      Ungdomslaget årsfest ut yver natta til kl. 5-6. Eg sat og arbeidde med Premielist for Lillehammer til kl. 3 natt.

12/1      Møte i skulen ved emisær Hårvik – kl. 11.

17/1      Ragnhild fylte 8 år idag. Ei kjekk lita gjente, må det berre gå henne vel fram gjennom tida. Gud signe henne.

18/1      Til byen og reviderte i N.S.A.L. til kl. 11.

19/1      Møte i barneavhaldslaget. 11 st. møtte. Skulde vore i Årsm. for Søreide-Sælen avhaldlag. So rusket et ver at eg gjekk ikkje. Arbeidte langt på natt med N.S.A.L. si premieliste.

21/1      Nils Bladnes kom her upp med avhaldslaget S-S sine bøker og sa meg at eg var vald til formann i laget sundag 19/1. Eg eva meg mot å ta mot valet, let honom ta bøkene med attende, skal so vere møte i det nye styret hos honom måndagskvelden 27/1 kl. 1/2 8 og avgjere formannstillinga. No kveldane har eg sote og arbeidt med Premielista åt N.S.A.L. Gjort ferdig lista for Ål-utst. og Trondhj.

27/1      Idag tok 4. kl. til med sløyd – 14 gutar.

27/1      Var i styremøte i Søreide-Sælen avh.lag hos Bladnes, lærarinnem. Um kvelden. Eg melde meg or laget for å verte fri formannsplanen, tok diverre attende utmeldinga, då dei andre i styret baud meg so um å stå. So får det då syne seg um eg greider til signing for laget i det året vi no går inn i.

29/1      Til N..A.L. kontor med Premielistene for Lillehammer og Bergen utstill. Arbeider der med rev. til kl. 3/4 12. Var til bibelskulestyrer Nils Lavik og fekk honom til å lova å tale i S.S. avhaldslag her i Sælen sundagskveld 9de febr. kl. 8. Dette seinare forandra til 23/2 kl. 11 fm.

1/2 og 2/2         revidert i N.S.A.L. til langt på natt. Sløydskulen slutt idag.

6/2       Til byen med Premieliste-manuskrift for Ålesund-utstillinga – og nytt manuskrift for Lillehammerutstillinga. Rev. til i 12 tida um natta. Ubøe fylgde meg på bryggja – Naustebr.

9/2       Sundag. Ubøe og frua kom hit upp til oss. Eg til styremøte i S.S. indrem.lag um kvelden so   eg var ikkje heime då dei gjekk. Styremøte hos Berent Netland. Peder Fyllingen og eg bila dit ned og upp att. Vert samtale um årsmøtet 6de april.

11/2      Idag til styremøte i Fana mållag på Nesttun. Hauge, lærar, form. og fru Netteland varaf. Ola Bønes kassastyrar, 25-årsgilde 23. mars. Valde gildemand. Knut Svorren skal skrive um laget i dei 25 år. – Ubøe reiser imorgon til England Lampson`s skinnauksjon. Jacob Totland  vert med.

12/2     I jordferd etter Martinus E. Fyllingen som 6. febr. i 11 tida f.m. Han hadde vore noko tutlen i det siste – åreforkalking i hovidet. Lungebetendelse kom no til – og so slutt. – Heile slekta samla der uppe i jordferda. Med bil til gravkapellet på Øvsttun. Dankert Skogen tala i (kyrkja) gravkapellet. Eg tala og forretta i heimen. Skildest i 10 tida.

15/2      Inga og eg til Brg.Kr. lærarlag sin fest i St. Jacobs meinighetshus. Tale av bispen Hognestad, Laksevåg sin prest Ekeland, og res.kap. Martinussen. Hyggjeleg samver. Bispen tala um at bergpreika er ikkje nok til upplæring i Kristendom. Ekeland um kristeleg arv. Inga og eg  heim kl. 1 natt.

Idag sendt Premieliste frå Sandane og Harstad Sulvrevutstillingar 1929. Dermed dei 9 lokalutstillinger ferdige. Brevet sendt fra N.S.A.L. sitt kontor.

21/2      Melkild kom til oss i skulen. Høyrde på litt i naturkunna – så etter ting som trengst i skulen. Vart her til middag. – I fyremiddagsstunda kom far Koltveit og Anna. Far kom for eit auge som han søkjer N. Meling si hjelp til å verte bra att. Det er bindehinnebetendelse. Eg tok til  byen ettermiddag for å treffe Olav Os. Han ein snartur heim. Hadde med rekneskapen for Pelsdyrbladet. Reiste med kystrute kl. 7. Eg sat og reviderte til 11 1/2 um kvelden.

23/2      Olav med Far til dokter i byen. Anna for igår. Idag kl. 11 uppbyggjeleg avhaldsmøte i Søreide-Sælen avh.lag. Full skulestova her i Sælen med folk. Nils Lavik – bibelskulestyraren i Brg. tala godt um Teksten Joh. ev. 12. 35-43 um Gud som ljoset på vår veg – nemde motsetnaden –  «….ret» – kom då inn på avhaldsaka – at rusdrikktrafikken er synd». – Eg talde ungdomen til å verte avhaldne etterpå og sluta med bøn. – Eit godt møte.

28/2      Far vore her heile denne veka. Det går fram med auga. Hugnad å ha honom her.

2/3       Til Eidsvåg. Far, Inga og eg med bilen til Laksevåg, og frå byen med Åsabilen, til Eidsvåg til             Nilsafarbroren kl. 12. Der hadde vi ein gild dag. Eg kvilte etter middagen, for eg kom heim frå revisjon i Sr. kl. 2 inatt. Etter kaffi ein tur um Åstveit og til skulen att. Knut Skålahaugen og dotter hans med. – Inga og eg vart der til 850 . Far vart der natta yver, han skal til augedokter imorgon, og kjem so her upp att. Det går fram med auga. Inga og eg kom heim i 11 tida. Heime sto vel til.

1/3       Fekk idag Premieliste N.S.A.L. for Landsutstillinga Oslo 1929, og rekneskapen Landsutst. 1928 med svar frå Vetes. Eg rev. i N.S.A.L. til 12 natt.

5/3       Eg til byen ettermiddag. Far, Inga og Olav var der fyrr. Vi var hos Eidenbom og kjøpte klede Olav og eg. Far er bra att i auga. Betendelsen har gjeve seg, men den ljose-kvite flekk for synet held seg. Doktoren meiner det kjem seg litt um senn.

7/3       Inga var i byen att idag og handla klede hos Zuchermann som har sluttsal i Håkonsgata. Vi er   bedne til Alsaker sine på Nesttun sundag, far, Inga og eg.

9/3       Far, Inga og eg til Nesttun. Fyrst: Kyrkja, so til Alvsåker sine til middag. Der var Nilsfarbror ogso og hans huslyd. Vi var der til kvelds. Far er no bra, men synet på vinstre auge er dårleg endå. Han ser so vidt urvisaren med det.

10/3      Idag med frokost reiste far. Han hadde å utrette i byen. Inga og eg drog til byen ettermiddag , og fylgde honom på båten, «Lønningdal». Auge har kome seg noko – besvær etter kvart, er å vone. Gud signe honom.

Eg sende Premielista  for Landsutstillinga i Oslo til Noregs ..lag(?). Sat so og reviderte i N.S.A.L. til midnatt. – Heim i måneskin – litt snø.

13/3      Levert Statistikk til Årbok for norsk pelsdyral 1930, og Namdal og Nord-Møre Premielistene i korektur. Sendt Olav Os rekning yver arbeidet.

16/3      Til Søreide og høyrde Melkild og presten Klavenes tale i møte um «Heim og skule». Avtala styremøte i S.S. avh. hos meg tyrsdag 18/3 kl. 8 kveld hos meg. Um kvelden kl. 8 i ungdomslaget og høyrde «Stevleik» og såg på spelframsyning, Inga og eg. Ungdomen er flinke.

18/3      Styremøte hos oss i Søreide-Sælen avh.lag. Dei møtte Elisa Søreide, lærar Bladnes, frk Høsteland og eg av styret. (Reinhardt Grimstad kom ikkje), og so av saumarlaget: Fru Marta Dolvik og frk. Margit Søreide. Det vart avtalt:

1          Marknaden åt laget skal vere Palmelaurdag og Palmesundg 12/4 og 13/4.

2          Marknadsnemd: Fru Marta Dolvik, fru Bladnes, frk. Olina Søreide, frk. Margit Søreide – Elias Søreide, hadm. Skage, -Reinhardt Grimstad og Martin Dolvik.

3          Lagsmøte på Søreide sundag 11. mai kl. 5 et.m. – Møte slutt kl. 11.

19/3      Fastepreike i Sælen skule ved Dankert Skogen kl. 8 et.m. Fullt hus. Han tala um: «Kristus en yppesteprest for de tilkommende goder». Altargang etter preika – 2 kvende gjekk.

31/3      Emisær Didriksen og vaktmeister Gjerde frå byen her og heldt misjonsforedrag og synte ljosbilete til frå Lulu, Madegaskar og Kina. Gjerde innleidte med Guds ord og bøn, Didriksen heldt eit foredrag med liv og glød i – som han kan gjere det, – skulestova var full av folk, mest born.

27/3      Idag var Inga og eg saman med 11 st. på ein Mildebil til Nesttun i 25 års gilde for Fana mållag. Vegen var litt ugreid av snøen som har falle siste dagane og idag. Vi kom fram 1/2 time etter tida. Gilde tok til kl. 5. – Herradsalen var pynta med norske flagg på borda, og ei breid norsk borde rundt veggjene upp under loftet, hefta fast med små skjoldar – den raude og gule leten rådde. Songhefte og namnekort ved kvar talerk. Inga og eg fekk plass uppe ved    høgbordet til vinstre. Der var mange av damene som hadde nasjonalbunad – Inga ogso. Ein rett god Prolog –  av fru Jan Netteland – upplesen av lærar Bladnes. Festtale av høgskulestyrar Martin Birkeland um halde målblada og målbokheimen uppe, det er som vi står og fell med det. So rjomegraut – og den var god – med spekekjøt og kringler og flatbrød til. So veksla det med taler. Formannen i F. Mållag no, Johannes Hauge tala um laget i 25 år, so var det ord av Eirik Hvit frå Vestlandske mållag, frå Hans Liland varaordførar i Fana, frå Lars Nordland fyrste        formannen i laget, frå Mons J. Flesland. Song innimillom. Borda vart teken burt og benkjer sette til rette. Folk prata saman og hygde seg. Per Berge frå Voss – spelemann – hadde spela um rjomegrauten, han gav no fleire fine tonestykke etter Mossafinn og Helgelanden – og so fortalde han Sivlestubbar. Etter ei kaffiykt tala pastor Dankert      Skogen. Han tala norsk endå byfødd. Det var um skilnaden på det heidne og kristne Noreg, um nasjonal heidendom og nasjonal Kistendom. – Festnemda med sin formann Jan Netteland   gjorde eit rett godt arbeid denne fest – eit rikt minne, med von um  framgang for eit norsk Kristent Fana – eit Fana med rett vyrdnad for seg sjølv. Vi frå Fyllingsdalen kom heim att so   i 1 tida same Mildebil som vi for med.

24/3      Salomon og Eiliv var her idag og slagte grisene, 2 stykke. Den eine var Engel Fløyen med til   byen 25/3. Vekt 70,5 kg. à 1,40 kr.

26/3      Onsdag. Eg var på veg til byen. Då møtte eg Rasmus Raud upp for Pål Hamre. Gjekk med honom heimatt – hadde den hugnad han vart her til laurdags. Torsdagsskvelden var Inga og eg og han til teateret og såg «Fjelleventyret» av Bjerregård. Raud filte sager torsdag. Fredag sola han skorne mine. Hugnad frette heimanfrå. – Han søkte dr. Melling for augo sine – men dei er bra.

29/3      Rasmus Raud reiste idag tidleg. Gud vere med honom på hans veg. I ettermiddag til Nesttun på lærarmøte. Såg fyrst på husflidsutstillinga. Mykje pent, serleg kvedearbeid. Sælen skule fekk det ord um saum og sløyd at det var Særdeles pent og godt utført arbeid – og alle lærlingne fekk same premie.  I lærarmøtet der lærarinner og lærar var samla tala Andersen Rysst um Hinducisme – Kristendom, samanliknar. Sers intresant.

30/3      Sundag var eg til byen og treft Olav Os og Rasmus Brendefør. Os var i styremøte for sølvreven. R. Brendefør møtte i lagmannsretta.

2/4       Årsprøve. Bladnes var her frå eksamensnemda. Berge Sælen med frue og fru Vergeland. Ein gild dag. Ettermiddag var eg til NS.A.L. og reviderte.

6/4       Sundag. Årsmøte i S-S. Indremisjon på Søreide kl. 11 f.m. Det var fyremiddagsmøte med tale av bibelskulelærar Åvik og lærling Ürkegjerde. So mat. Årsmøte med årsmelding og rekneskap. Båe vart godkjende. Val: Form. Berent Netland sa frå seg attval i styret. Peder O. Fyllingen og Oliva Søreide vart valde. Att frå fyrr står Knudsen, Nøysnes og Navelsaker. Ordet var so fritt ei stund. Møtet slutta kl. 5. – Ingvald Straume hadde henta oss med bil, og    kom no og skyssa oss heimatt. Eg tok til Lakesvåg til Frøholm sine. Der var Inga med Liv og Brita komne fyr – og so var Bergset og Sandal sine der, og fru Hardeland ( Hildegunn Tvedte). Hadde lagnad der frametter kvelden.

8/4       Var med 4de kl. til Nesttun. Tok mot premiar for saum og sløydarbeid som var på Husflidsutstillinga. Kvar gut fekk eit sylvstaup, og kvar gjente ei sylvteskei. 44 lærlingar fekk premie. Og so ros for særdeles godt og pent utført arbeid. Hadde ein Mildebil som skyssa oss fram og attende. Gild stund.

10/4      Skuleåret 1929/30 slutta for 4.kl. 10 lærlingar utskrivne. Det har vore eit godt år.

11/4      Rev. i N.S.A.L. Sende rekneskapen åt Landsutst. i Oslo. Ballandserer med avskrivning for matriellet på 7000 kr.

12/4      Rev. idag det eg tok på med igår «Skinncentralen», og vart ferdig med mars valget. – Idag kom Olav Os frå tinget. Han hadde fått innbyding til Nidaros Kyrkjehøgtid i juli, han og kona. Han reiste heim til påske. – Inga har vore dårleg i hovudet idag.

13/4      Eg i basar på Søreide. Tala yver Palmesundagsteksten: Fred og Krig. Basaren gjekk godt – berre ein 3 ting ikkje utluta.

14/4      Liv og Kristiane påsketur til Okrå. Inga og eg med dei til byen. Fylgde Lønningsdal kl. 6. – Inga inn til fru Ubøe sidan og var der til 11 um kvelden, då ho og eg tok heim. Eg sete og rev. til den tid.

16/4-21/4          Inga og eg tur til Sande og Høsteland. Tok til byen onsdagskvelden 16/4, og reviderte litt. Inga inn til Ubøe sine, lånte ein regnhatt. Eg inn ogso, vi åt kvelds der. Leigde rom på hotel City. Der låg vi um natta. Tok med Horden kl. 630 skirstorsdag og kom til Sande middagstid. Hans Sande var med båten ogso. På Sande ein flot fin gard, men noko vindsam. Ingen skog, borthuggen og brend. Hans og eg ein tur etter sauene kvelden.

Såg då 3 huslydar med hatl, og ein liten planteskog i ei livleg hell mot syd. Han kan vekse skogen. – Triveleg i den nybygde heimen til Guro og Hans Sande. – Laurdag middag drog vi   med motorskyss til Høsteland, og Hans og Guro var med. Var ute for motorskade på   Baldersøy inn for Herøya – låg der 1 time. Kom so inn til Høstelands-bryggja. Vi tok upp til Larsagarden. Guro og Hans med. Motoren for til Sandnes og reparerte, og kom derfrå fram mot midnatt. Då skildast vi med Guro og Hans etter 2 hugnadsame dagar.

Var so i den gjestfrie heimen på Høsteland til 2.påskedag, hos mor til lærarina. 1.påskedag til kyrkja på Sandnes og høyrde den unge presten deira Gelmeüiden. Kyrkja var fullsett, eit vakkert landsens gudshus. Lyden var åt og song ein salme med dei venta på ein motorbåt frå    Risnes. Dei song bra med alle. Gudstjenesta gjekk greidt. Presten var litt nervøs, men forretta greidt for altaret, og Preika – jo, ikkje so ille. Han la i vissa inn i orda sine alt det han makta å gjeve sin kyrkjelyd. Med røynsla vert han ein tolleleg bra prest. Vi rodde til og fra kyrkja. – Um kvelden etter middagskvilda køyrde vi til Låveidet der stort.mann Hans Wergeland bur. Kona hans var med på kyrkjebåten og bad oss heim til seg.

Ein merkeleg fin tur gjenom små dalar, framum små vatn og elvar – vegen i bakke, krok og sving. Endeleg framme etter å ha kørt 7 km. Ei koseleg stund heime hos gamle Vergeland. Han pratande og morosam. – Kom attende til Høsteland midnatt. – Andredag tur til Fitjevatnet – der er arbeidsland, fint rudningsland på denne garden, og so fureskog i dalar og   på åsar. Meir enn til husbruk. – Etter farvel med dei gilde vertsfolk attende til byen med           «Massfjord» i 915 tida um kvelden. – Heime alt vel.

27/4      Styremøte i S S indremisjonslag hos Mülen, Fjøsanger. Vågenes vald til formann. Peder O. Fyllingen varaof., Navelsaker kasserar. Eg sa då Vågenes foreslo meg til formann at det var ikkje tenleg eg vart det: eg kunde nok arbeide saman med dei andre i styret, men dei kunde visst lite arbeide saman med meg då dei ikkje hadde tru til meg.

28/4      Rev. i N.S.A.L. saman med Lars Kolås og Ivar Dyrkollbotn.

1/5       Inga og eg på basar i Rosenlund.

3/5       Kvelden i 10 tida hos Bladnes, Søreidgrend, og avtala um avhaldsmøtet på Søreide sundagen 11.mai kl.4 et.m.

4/5       Fru Inga Frøholm og fru Sandal til oss etter middag. Inga og eg fylgde dei til Pålen. Elisa Hamre gift igår.

5/5 og 6/5         Kløyvt veden av dei utrangerte ljosleidingstolpane.

7/5       Veden under tak.

8/5       Reviderte i N.S.A.L. um kvelden og ut etter til midnatt.

11/5      Søreide – Sælen avh.lagsmøte på Søreide kl. 4 et.m. Styremøte kl. 330. 1. Utsendingar til Hordafylke årsmøte på Nesttun 28/5 og 29/5: Navelsaker 19 r, Elias Søreide 17 r, Skage 9 r.   for vaksnelaget. Søreide barnelag: Reinh. Grimstad, Sælen barnelag: Frk. Høsteland. Varam.: Marta Dolvik, Olina Søreide, Olav I. Søreide. 2. Laget utte samr. kr. 50 til Fana tuberkuloselag til utstyr av barneheimen for tuberkulosetruga born Mobergsli i Os. Basaren 13/4 gav 200 kr. i lagskassa, so vi har å hjelpe oss med for det fyrste. Eg sa nokre ord um soleis eg har råka på tuberkulosen. 3. Dankert Skogen heldt Olsok-foredrag, greidt og lærerikt.

Um kvelden kl. 8 møte i tilsynet til samtale um 17.mai fest for borna. Vergeland ikkje tilstades. Fest vedteken med tilstelling som 1929. Brød og sjokolade.

14/5      Planta 400 granpl. – 3 årgl. – hos Knut Håheim Fyllingen.

17/5      Olav, Kristiane, Liv og Sunniva til byen i 6 tida um morgoen og morgontoget-

Borna gjekk tog her frå skulen kl. 9 morgon til Pål Hamre og ned att um Ivar Sælen og til skulen. Læraren tala litt til borna, so kapping, mat. Alt ferdig til kl. 3 et.m. – og det hadde gått greit. Inga og fru Vergeland stod for kokinga av sjokolade og matstellet. – Frk. Høsteland, Nils Bønes, Ola Lynghaug, Berge Sælen med.

18/5      Inga sjuk av 3 dagers halsesjuke. Eg brote jord ettermiddagen upp for grisehuset.

25/5      Melkild i ungdomslaget og foredrog um «Kva Noreg har mist, og kva det kan vinna att».  Hauge med. Stova full av folk.

28/5      I fylkesm. for Hordaland av D.N.T. på Nesttun. I fest um kvelden, heimatt, for forkjølt. Høgevald var der og tala um «Edrugskapsnemder» og um kvelden festtale um «Fylgjene av drikken».

1/6       Heime, er forkjølt ein grand. Brøyt jord um kveldene.

3/6       Um morgoen  var Inga til byen og tok mot Brita Os. Dei kom upp her til ved frukost. Ho hadde med smør til Inga og ein spikekjøtbog til meg, og ullgarn til hoser til gutane. Rett hugnad å få heimefolk til seg.

4/6       Inga og eg fylgde henne til byen, og kjøpta henne billett med Oslotoget. Skal til Oslo i pinsehelga, til Olav som truleg vert ferdig på tinget til pins. Eg reviderte i N.S.A.L., og Inga  og eg kom heim 1130 um kvelden. – Idag slutta skulen 4. klasse.

10/6      Inga og eg tok til Linga  fredag 6/6 um kvelden, og kom fram pinsdag morgoen. Dei livde vel heime og på Fjellheim der Lisbet no styrer huset. Pinsdagkvelden kom Olav, Hans Fløyen og Rasmus Løvås. Dei hadde sykla um Trengereid og Nordheimsund og hit. Dei for heimatt 2.dag, og um kvelden tok vi med «Haugland I». Ein gild tur. Heime hadde stege seg    vel.

11/6      Styremøte i S.S. avhl., Elias Søreide, Sverre Søreide, frk. Høsteland og eg møtte. Vart løyvt   kr. 10.20 til Hordaland fylkessamskipnad av D.N.T. Elles sett upp Program for 2. hå 1930. – Inatt var fælt tore-og lynver. Sikringane i telefonen gjekk. Idag bra att.

13/6      Siste skuledagen for i sumar med 3.kl. – Sette poteter i nybrotet ut og ned for brunnen. – Fylte 51 år. Inga hadde baka ei kringle i høve for dagen – og vi drakk sjokolade uppe med steinbordet heile huslyden.

14/6      Eg i N.S.A.L. og reviderte den heile dag.

17/6      Berte Olsen og Inga Fløholm kom til oss ettermiddagen. Strålande fint ver. Hugnad å sjå Berte att, etter 7 år sidan ho var her.

18/6      Samanslege skulestyre og lærarmøte Nesttun. Dankert Skogen foredrog um den 4de bøn. Byte av lesebok i bystrøket avsege Lærarlagsmøte etter.

Skulestyrar Soldal og lærar Rugdester valde til utsendingar til N.L.L. sitt landsmøte i Nidaros med 30 kr. reisepengar til kvar.

18/6      Hende den syrjelege uulykka kvelden i 9 tida at drengen til Berge Sælemyr, Bjarne Sande frå Sæbøvågen, Manger, drukna under bading i Austruvatnet.

20/6      Var burt til Berge Sælemyr og la drengen Bjarne Sande i kista. Moster og farbroren var og henta honom. Faren var ikkje god for å kome. Gud trøyste honom og hjelpe oss alle til kvar tid å vere ferdige å fare her frå. – I kveld fylgde eg Berta Olsen – fyrst ned til fru Frøholm, so til kystruta som for frå byen kl. 7 et.m. Berta kom til Måløy kl. 6 laurdag morgoen – og til Rugdsund kl. 1020 s.dag. Ho vilde vere der med jonsok.

21/6      Inga og eg tok frå heimen i middagstid til byen, og reiste med dagruta til Haugesund til Petra Olsen og Margit, og vart der vel motteken kvelden kl. 9.

Sundag 22/6 ein 180 km. lang biltur til Førde, Sveio, Vats, Ølen, Etne og Skånevik og attende. Ein gild tur. Kaptein Mele, frue og born med. Dei spanderte heile turen på oss, Petra og Margit. I Sveio var Inga og eg uppum til kyrkjesongar Nonslid og frue Torhild Ljosnes og var der 1 times tid, prata og åt kvelds saman med dei.

Attende til Haugsund kl. 1030 kvelden. Eg vart liggjande dårleg 23/6, 24/6 og 25/6. 3dagers halsesykje. 25/6 um føremiddagen var Inga og eg til Janna Vea og åt middag. Elles var Janna med meg til Sundet skule og synte meg um der. Kl. 2 reiste vi med kystruta, og kom til byen kl. 9 kvelden – og heim kl. 11. Alt var vel heime.

26/6      Siste skuledagen for borna. Kristiane er flytt upp i 2. middelkl. med Mtf. i hovudk. Liv tok middelsk.eks. med Mtf. i hovudk., og Olav er flytt upp i 3. kl. på Brg.Katedralsk. – Eg har lege idag, men kjem meg.

27/6      Borna reinskar ugras, eg sit på kontoret og gjer undan årsmelding m.m.

30/6 og 1/7        Eg reviderte på N.S.L. sitt kontor. Kjem klagar til kontoret på at det er feil i Premielistene. Desse feil kjem ved ettersyn av feil i originallistene. – Gutane har sote med sko.

2/7 og 3/7         Samlar inn pengar til Føllingsdal rikstelefonst. I. hå. 1930. Fint høyver med god turre – folk får høy i hus.

14/7-9/8 Tur til Inntrøndelag til Møre – … ikkurs. På Stiklestad 29. juli. Sjå vedlagde brev.

(ingen vedlagte brev i dagboken)

15/8      Måndag 12/8 låg eg av giktsmerte i ryggen (heksestyng). Tyrsdag 12/8 gjekk eg inn med manntalet for Stortingsvalet hausten 1930. Onsdag 13/8 likeeins. Um etterm. var eg og rev. i N.S.A.L. Torsdag 14/8 gjekk eg i Fyllingen med manntalet. Idag skriv eg det av. Olav kom att av 3 3/2 vekes sykkeltur. Var med Inga til byen, ho reiste til Okrå etter borna. Trefte Olav Os på N.S.A.L. kontor. Var saman med honom hos Ubøe til kvelds. Os var so med meg heim.

16/8      Ned til byen att og reviderte. Os reiste heim kl. 4. Eg arbeidte til seine kvelden. Trøytt heim. Os leverte eit tilsvar til Lindstrøm sitt skriveri i «Tid,Tegn».

18/8      Sat og gjorde istand manntalet til stortingsvalet. Skreiv eit stykke um «Premielistene» og sende det 20/8 til «Norsk Pelsdyrsblad» og «Pelsbladet».

19/8      Til Nesttun. Rev. i N.S.A.L.

20/8      Rev. då og. Venta Inga og borna frå Hardanger. Kom ikkje med «Haugland». Morgoen 21/8 kl. 7 kom dei – med «Lønningdal» og so med bil heim. Alt vel. Torbjørn hadde med ein båt – siglar – og so eplekasser. Borgny har tyngst 2 kg. i sumar.

26/8      Pernile og Inga (Frøholm) kom i 230 tida idag, hadde med Åse Pernele som småbarne til Inga skal heite. Dei lever vel, ogso Pernile og heime hos henne.

27/8      Anna K. kom her morgoen. Hadde vore på Betania med Lisbet, sjuk av svull i ein arm – den høgre. Skal opererast. Inga, Anna og eg ein tur til Espeland og kjøpe trikotasje.

29/8      Anna reiste ved middag. Eg vølte telefonlinja upp med Pål Hamre.

30/8      Eg til byen kjøpte ting som trengst til skulen, elektrpærar m.m. Inga var og såg til Lisbet.

31        Inga og eg til Frøholm sine. Inga fadder på Inga Frøholm si dotter Aslaug Ragnhild. Var i Domkyrkja. So til middag saman med Sandal og Bergset sine. Pernile bar smågjenta til dåpen. Eg var med Pernele ut til Samuel Brendefür um kvelden.

1/9       Fyrste skuledagen i haust. Alle borna møtte. Kristian med Vegen og Leif og Ola med Vegen og Zakarias Sælemyr og Karl Løvstakken held på med leikepassen.

2/9       Rev. i N.S.A.L. for september månad.

4/9       Fekk ei tynne sumarfrukt frå Okrå. Igår Inga og eg til Lisbet på Betania, ho er i god betring. – På heimvegen gjekk eg frå Skaret til Salomon Helgeplassen og tinga honom til å slakte griser til oss onsdag den 10/9.

5-6/9     Liv kom att frå Navelsaker. Maria K.N. var med henne, Lisbet har vore her sidan laurdag. Jon kom med henne uppatt igår – reiste i dag.

19/9      Idag skal Lisbet reise, då doktoren sa henne god att i armen.

20/9      Ferdig med potetene. Ca. 20 tynner. 30 hl.

1/9       Maria K. Navelsaker, Liv og eg tur til byen. Såg Håkonshallen, Polskuta «Fram», var på Fløyen, såg ein Texasafilm i Konsertpalæet, for so heim. Veret godt. Laurdag 20de kom 1 kasse eple, 1 kasse ost (geitost) og 1 halv sekk  neter frå Navelsaker. Liv har plukka netene.

30/9      Maria K. Navelsaker reiste til Nordfjord idag.

3/10      Hjørdis Ljosnes med smågjenta Sigrid kom idag middagst.

1/10      Inga og eg i jordferd etter Gudrun Lynghaug – ho vart 87 år.

2/10      Til byen og revid. i N.S.A.L. for oktober. Ubøe i Ålesund på inspektørkurs – vert 14 dagar.

11/10    Reinska jordbæra, sett ei rast til, so no 5 rastar. Arbeidt med bringebæra. Hjørdis Ljosnes til    byen med Sigrid igår, kom att i kvelds.

12/10    Andersen-Rysst var her kl. 11 og heldt gudstjeneste. Offer til D.n. misjonsselskap. Kom inn ca. kr.25,88. Presten åt middag hjå oss. Skulestova full med folk.

10/10    Hjørdis Ljosnes og Sigrid reiste idag. Doktaren fraus litt av (såret) skaden på handa til Sigrid. Eg revid. i N.S.A.L. til midnatt.

14/10    Nele Nes kom her ikveld. Petra og ei syster til mannen hennar med. Idag fått heim koks til vinteren, 10 hl. Til skulen 40 hl.

15/10    Nele og dei andre reiste idag til Haugesund. Det V.Kj.l. sin bil  upp med matvarer idag. Petra og frk. Olsen fylgde til byen med den bilen. Inga og Nele for ettermiddag. Torbjørn og eg driv og reinskar bringebær ettermiddagane.

20/10    Val på stortngsmenn for 1931-33.

21/10    Eg var med og talde upp etter valet, kom heim kl. 11.

29/10    Ikveld møte-basar hos Peder i Oldersmoget. Emisær Harvik tala der. Kom inn til D.N.            Kinamisjonsselskap 362,25 kr. Inga og eg var upp der.

31/10    Eg tur til Frekhaug til avhaldsstemne. Vevle og Carl Simonsen, Drøbakk tala. Heimatt seine kvelden.

3/11      Gjekk til Betsy Pedersen Nyland. Ho ligg av kreft i magen. – So til byen og reviderte i N.S.A.L. til seint på kveld.

2/11      Sundag den 2. novb. var Bergset og Frøholmfolket her.

9/11      Sundag. Konfirmantfest. 10 konf. frå Søreide og 15 frå Sælen. Elles møtt fram 75 mennes. Prost Riise tala og emisær Harvik og Navelsaker. Frk Høsteland las upp, Frk. og Hr. Skoge   spela og song. Festen gild, og visst so at folk likar fest oftare av den sort.

10/11    Eg til byen og reviderte i N.S.A.L. Heim kl. 1 natt.

11/11    Styrem. i Fana mållag, hos lærar Joh. Hauge, Nesttun. 1. Samle luter og gåver til Gula. 2. Mållagsfest på Milde folkehøgskule sundag 23. novb. kl. 4. Hordaland. 3. Be pastor Irgens um å få norsk: Lørdagsbladet. 4. Valde ei nemd um å gjere framleg til hefte med Jolesangar.

14/11    Styremøte i Søreide-Sælen avh. hos meg i Sælen skule. Møtte: O.I.Søreide som skrivar. Av    styret: Frk. Høsteland, Elias Søreide og Hdm. Andr.Skage. Fyrehavt: 1. Reinh. Grimstad vald til reknesk.førar åt laget etter Bladnes. Kassa med reknesk. og bankbok levert til   Hdm.Skage mot kvit., for at  han skal levere det til Reinh. Grimstad som ikkje var tilstades. 2. Program for 1.hå. 1931. Eitt møte kvar månad jan., febr., mars, mai. Det fyrste årsmøte, det siste fest, dei to i midten foredragsmøter. -Yverskotet på konfir.fest. kr. 10,81. 3. Sendt  Den alkoholfrie stud.heimen Oslo 20 kr. –  Dartil kaffi hos oss etter møtet (møtet var på kontoret).

16/11    Johannes Hauge i F. Ungdsl. og tala um Per Sivle – greidt.

18/11    Um kvelden kom Kristian Os. Er på revesjå i byen 20/11 – 23/11.

20/11    Idag fyller mor 84 år. Gud signe henne. Johannes  Skutevik døde 13/11 um kvelden    (torsdag), skal gravleggjast 22/11 laurdag. Inga og eg skal iveg.

22/25    Fredagskv. 21. reiste Inga og eg til  Skutevik til Johannes farbror si jordferd. Kom til Sk. kl. 4 laurdag morgon, fylgde Inga Berge til dei og låg. Laurdag var jordferda – 100 menneskje umlag. Presten Farnes tala i heimen – der båra stod. So gravleggjing på gravstaden i Tørrvik. Song for liket ved kvar gard heilt fram. Presten kasta jord på og tala – eit ungdomskor song. Middag i Bedehuset etter vi kom heim. Farnes styrde song til og frå bordet. Fru Farnes song ogso. Kaffi i 8 tida um kvelden. Far B.K. takka for frammøtet. Eg takka frå oss gjestene som fekk vere med. Farnes slutta med nokre ord og Arons signing.

Ved båren vart det um dagen lagt på kransar av Olav Skutevik, av far B.K., av Nils Koltveit, av Lars  Berge sen., frå honom sjølv  og frå Nils Skår, og av ungd.lagsform. i Tørrvikbygda, av læraren der, Håbrekke. – Um kvelden samlast næraste slekta i Skutevikheimen – til intim samrøde, ei koseleg stund. – I seng i 11 tida i Berge. Var til middag i Sk. um sundagen. Med bil til Okrå um kvelden, og var der til måndagkveld kl. 9. Båten gjekk frå Fosse kl. 10 – til byen kl. 8 morgoen 25/11. Idag 25 år eige kongerike, jubileum. Eg reviderte i N.S.A.L. Inga kjøpte klæde til borna, og var gjest hos fru Ubøe. – Kom  heim kl. 7. Alt vel.

5/12      Idag har eg fygt Betzy Pedersen til jorda. Ho døydde 29/11, laurdag kl. 11. Det var magekreft. Eg tala i heimen yver orda Salm. 103.8 – «Herren er barmhjertig og nådig». Hennar salme var no 479 «Gud er  nådig.» Til grava kl. 2. Dankert Skogen tala i kapellet på gravstaden – og ho vart lagd i jorda under salmesong. Frå 1.-3 heldt eg på med folketeljing, seinare har eg brukt kveldane, og har no att øvre Dalen og Bjørge.

6/12      Lærarmøte på Nesttun. Prøveval på lærarrefor.. Ikkje fleirtal på nokon. Millomsk.st. Bjørnstad foredrog um karaktergjeving, ordsk. etter. Vilde ha meir øvning i gramatikk.

–  Eg rev. i N.S.A.L. um kvelden til midnatt.

7/12      Til meinigheitsråds-val på Nesttun um fyremiddagen. Kl. 3 til Milde f.h.skule. Inga og eg fekk Paul Hamre til å køyre oss dit. Det var Hovden-kveld. Anders Liset tala um mannen. 45 kr. vart samla inn til Hovden-gåve. Bladst. Laurin tala um «Stoda for målsaka no». Det gjeld å arbeide fram den indre front. Heim i 9 tida med bilskyss.

13/12    Er no ferdig med folketeljinga for Sælen. Folketalet er soleis:

Bønes               128       Fyllingen n.       57        Helgeplassen 50  Bjørge   14

Straume          213       Lynghaugen       5          Tjønnen         83

Sælen               100       Fyllingen ø        137       Knappen      38

Tilsaman

825 menn

524

301 menn busette i krinsen, tilstads. 1. des. kl. 0: 814 menneskje.

– 11/12 skuestyre og lærarmøte på Nesttun. Irgens foredrog um Kyrkjekultur, valde til repr. for lærarne 1931-1932: Norland med varamann Alvsåker.

21/12    Handelsmannen Skage her um fyremiddagen med Kyrkjeutdelinga sine gåver – kr. 175,-.  Kristi Helgeplassen kr. 25,-, Anna Vegsund kr. 20,-, Rasmus Sælemyr kr. 40,-, Aleks. Johannesen 87 år 13/12 1930, kr. 15,-, Stene kr. 40,-, Rolland Nilsen kr. 20,-, Karl. R. Fyllingen kr. 15,-. – Tok in pengar til Telefonstasjonshaldet Radioneset – 8 terminer. – Berte  V. Kirkebø – tenaren hos Sigvard Fyllingen – har fått sylvmedalje og diplom for lang og tru    teneste, – 40 år frå Det kung. selskap for Norges vel. Skal gjevast henne onsdag den 7de januar kl. 4 et.m.

28/12    Joletrefest med borna 98 betalte billett, men ein del små og vaksne kom til, so talet var rundt   120 menneskjer. Veret ruske um dagen, men bra utetter kvelden, og festen gjekk bra, born og eldre hygde seg. – Merkeleg jol – utan snø og vinter, berre slaps og regn. Har  vore rolege heime alle i jolehelga – og vore friske.

29/2      Ungdomen joletrefest, umlag 80 menneskje, hyggeleg. Dankert Skogen tala um jola. So song um treet, mat og frukt og jolenissar.

30/12    Møte til  ta ut  grønsakfrø i Lauvåsen kl. 8 kveld.

30/12    Leverte kassa åt Leseringen med kr. 1,49 til Ingebrigt Løvås og bet. leseringen 1930/31 med    kr. 10,-.

1931

3/1       Guro Lutro og frk. Inga Helland hos oss ettermiddagen. Karl Søreide her, og eg skreiv  søknad til Fana fattigstyre for Gunnvor Løvstakken um hjelp – 25 kr. pr. mån. Ho fylte 15 år 19.april 1929.

5/1       Skulen tok til idag i det nye året. Signe då Gud arbeidet. Inga og eg fylgde Sunniva til byen, ho skulde til Framnes att på skulen.

6/1       I kveld har eg revidert rekneskapen for «Årbok for norsk Pelsdyravl 1930″. Han er rett.

10/1      Skogfilmen i skulen, Gerhard Kjølås synte fram.

12/1      Tok trygdebrev i  Andvake for Olav på 10 000 kr., for Torbjørn på 5000 kr., utb. ved 60 år alderen for båe. Lohen agent.

14/1      Styremøte i S.S. avhaldslag hos oss. Alle møtte. Tok upp manntal yver lagslemmene: 37 menn + 56 kvinder, 93 lemer.

15/1      Krinsmøte. Tilsyn for 1931: Nils R. Bønes, Berge Sælemyr og Sigvald G Fyllingen. 6 mann møtte. 16/1 Fredag. Fotograf Rasmussen, Minde og fotograferte skulen.

18/1      Årsm. i Søreide-Sælen avhl. Lærar Sørheim tala godt um Hovden. Val: Navelsaker form. 11    r, E.Søreide 5 r. Styrelemer: R. Grimstad og  A. Skage. Varam. Sverre Søreide, E.Søreide,  Martin Søreide.

Barnelaget Søreide:         A. Skage, Olav Drivenes, Fru Bladnes.

»      –    »    Sælen  :      Navelsaker, Frk. Josefine Fyllingen, Fru Navelsaker.

Revisor: Jacob Vågenes, Andr. Søvik.

Rådslem i D.N.Nasjonalf. mot Tuberkulose: Navelsaker med E. Søreide som varamann.

25/1      Indremisjonsfest på Grimstad hos Nils Larson. 80 menn samla. Søyland tala f.m., og misjonær Lilletveit et.m. Eit song-og musikklag frå Bib.sk. var med. Her fra Fyllingsdalen leigde Peder O. Fyllingen bil av Ingvald Straume til oss. Kom heim kl. 6 1/2 Inga og eg. Ein gild dag.

27/1      Rev. i N.S.A.L. Styremøte i Fana mållag hos Joh. Hauge på Nesttun kl. 5 et.m. Fyrehavt yting til «Gula Tidend», og nedsetjing av årspeng. i laget til 1 kr. pr. medl.

30/1      Inga og eg på D.N.S. og såg «Læraren» av Garborg. Det var godt spel. Lauris Håve spela so ein gløymde det var spel. Han søkte i ord og framferd vise ein Jesu læresvein. – Vi kom heimatt i 12 tida.

1/2       Rev. i N.S.A.L. til kl. 4. For då til Nesttun og var på årsmøtet i Fana mållag. Styret vart vald uppatt. Vart sett ned lagspengane til kr. 1,- pr. lem. Ordskifte um Gula Tidend skulde få stønad. Vedteke mot 3 r. 500 kr. gåve.

4/2       Fotograf  Rasmussen, Minde har med 14 foto av skuleborna.

5/2       Styremøte i S.S.avhl. hos Navelsaker. Sverre O. Søreide møtte som varamann for Blomnes. Styret organiserte seg, valde handlm. Skage til varaform. og skrivar, Reinh. Grimstad til kassestyrar. Olav J. Søreide sa frå seg skrivarplassen i laget. Han har havt den i 12 år.

7/2       Siste dagen i sløyden for iår. Helst ein travel sjau, men det går då, og borna lærar noko.

13/2      Kona og eg til byen. Eg rev. i N.S.A.L. Styret er samla i byen 12/2, 13/2 og 14/2 for å kome med framlegg til inspeksjonsreglar for sylvreven, budsjett m.. – Til kontoret kjem endå skinnpakkar – for vårauksjonen. Eg tala so snarast med ein og annan av styret, ogso med form. Dalsaune.

28/2      Lærarmøte Nesttun. Hadde fyre salmespursmålet, og timetalet i 2. og 4. kl. byskulen. Høgskulestyrar Birkeland tala um «Mållaus ånd». Eg rev. i N.S.A.L. til midnatt.

12/3      Igår var åbotsnemda og såg på det som skulde vølast ved skulen og lærarbustaden sumaren 1931.

12/3 og 13/3      Eg var til byen og rev. rekneskapen åt Norsk Pelsdyrblad 1930. Saman med revisorane Lars Kolås og Ivar Dyrkollbotnen. Dei gjorde merknad ved lysingsprovisjonen for sjølv…te og sjølvindsende lysingar som dei meinte etter avtala millom N.S.A.L. og Noregs Boklag, det ingen provisjon skulde vere for.

14/3      Idag betalt 1. premien for Olav og Torbjørn sine poliser. Olav sin på kr. 10000 og Torbj. sin    på 5000 kr..

14/3      Nils Nes og Per Skrede her. Kom kl. 6 kvelden, og var til næste morgon. Var til Engel Fløyen og såg fjøsen hans. Såg skulen her, synte ljosbilete.

19/3      Olav Knut Ekvoll – ein norsk felespelar var i ungdomslaget og spela. Fin musikk.

20/3      Olav Os kom seint ikveld og for att tidlig morgoen 21/3. Han er på årsmøtet i N. Salgslag i byen. Elles ogso på slakteutstillinga som har vore denne veka.

21/3      Rev. i N.S. Det er kapt. Os sine svar på rev.merknadene eg førde til boks, og so rev. sluttrekneskapen for Norges Pelsdyrblad 1930.

27/3      Rev. i N.S. Styret samla i byen. Vedtok inspeksjonsordning. Eigarane merkje sjølve. Merkjinga verte kontrollert av inspektørane som inspiserar dei dyr eigarane ynskjer.

29/3      Palmesundag. Ragnhild dårleg. Telefonerte til dr. Smith, og han kom. Ho hadde lungebetendelse.

30/3      Til byen. Leverte «Statistikk for Sylvrevutstillingane 1928-1928-1930». Rev. sidan i N.S. Var inn til  naturlekjar Sigv. Høines. Han lovde foredrag i Søreide – Sælen avh.lag på Søreide sundag 26. april kl. 4. Emne: «Erindring som årsak til sjukdomane «. Då eg kom heim kl. 1 natt var Knut og Hjørdis Ljosnes komne med Sigrid. Skulde til dokter med henne, men Nicolaisen burtreist på påsketur.

I dag haft eksamen i stil: Fortell om det husdyr de kjenner best». Berge Sælemyr tilsyn. Tinga 1 lass mat og for hos D.V.Kj.

31/3      Idag eksamen i rekning. Nils bønes tilsyn. Ikveld Knut Ljosnes og eg ein tur til byen.

1/4       Hjørdis og Knut Ljosnes reiste idag. – Eg til byen etter. og arb. i Skinncentralen. Låg hos frk. Olsen um natta. Tok mot Sunniva .

2/4       Skirtorsdagsmorgoen på kaien. Ho kom frå Framnes, frk. Sande vart med henne upp. – Eg arb. i byen ut yver dagen. Til kaffi hos Lutro frå 4-6 etterm. Arb. til 12. Gjekk heim.

3/4       Langfredag. Anderssen-Rysst og preika i skulehuset til høgmesse.

3/4-7/4              arbeidt i Pelscentralen i byen. Dette var Påskehelga.

11/4      Slutt idag skuleåret med II kl. Sælen skule. Var sidan i byen og reviderte.

12/4      Roleg sundag. Les korrektur på «Statistikk yver Pelsdyrutstillingane 1929-1929-1930». Skreiv utgreiding til skulestyret um Bernhard Larsens skuleborn Leif og Borgny.

13/4      Trefte Johan Forøy og kona og Åsmund i byen. Dei var på kyrkjemøtet for Bjørgvin   bispedøme.

19/4      Sundag. Årsmøte i Søreide-Sælen indremisjon. Rundt 70 menn. på fyremiddagsmøtet.

Lærar Nilsen, Brg. tala. Kaffi og mat i kjellaren. Kom inn 78,25 kr. Årsmøte med årsmelding og rekneskap. Nettoinnkome i året kr. 124,97. Eiga 543,39 kr. Val: Vågenes 24 r, Mulen 21 r og Navelsaker 26 r.  – alle 3 attvalde. Varamenn:Netteland 8 r, Ingv. Søvik 6 r og Lars Grimstad 2 r. Styremedlemene for 2 år 1931/32.

26/4      Avhandsstyremøte og marknad på Søreide i ungdomshuset. Dr. Høines tala um «nytt syn på orsakene til sjukdomane». Marknaden gjekk livleg. Vart valt utsendingar til årsm. for Hordaland fylke 13. og 14. mai i Sælen: Navelsaker 17 r, Hdm. Skage 10 r, E. Søvik varamann med 9 r. Søreide barnelag: Olav Drivenes 9 r, Fru Bladnes vara. 6 r. Sælen barnelag: Fru Navelsaker samr.

3/5       Inga, Kristiane og eg til Storetveit kyrkje og høyrde preika av Irgens. Inga og eg til Fana. Vel   mottatt i prestegarden. Eg tala på møte i den Kristelege ungdomsforeining um rett å kunne segje:» Ja og nei» til dei ting livet byd. Var so i prestegarden att til kaffi. Kl. 7 1/2 i Fana Ungdomshall i avhaldsmøte. Birkeland tala, Skogens songkor. Eg tala um:» Dei ymse synsvinklar» som grunn for dei ymse syn på avhaldsarbeidet. – Vi kom heim i 12 tida.

4/5       Bodsendt til Sylvrevlaget sitt kontor for å greide litt med rekneskapen til Forsøksgarden Dal. Styret var samla, dei vilde ha årsuppgjerdet av det syner kva som er brukt i året og kva det er brukt til. Og eg sa kor mykje Dal har kosta laget og kva verdiar laget har der. Eg fekk i uppdrag å setje upp ei årsoppgjerd som syner samanhengen. Ubøe reiser torsdag 7/5 til    Engleand, og vert burte 2-3 veker – frua vert med. – Eg fekk tilbod um å vere med på   Landsmøtet på Lillehamar 24/6 for å vera skjef for kontrollen med fullmakter, røysteuppteljing og referat.

7/5       I ettermiddag til byen, gjorde ferdig rekneskapen for Dal. Kassaboka var kome hit att. Kapitalkonto vert kr. 44766,44.

11/5      Sunniva vart dårleg  iaftes. Ho hadde vore til Salomon Ljosvoll sine um dagen. Det var elvatrekk eller jorddunst ho hadde, sa Dr. Samdal. Ho kom hit, køyrde bil sjølv. Torbjørn og eg har planta  berker langs gjerdet ovnafor grisehuset i ettermiddag, – nokre ogso vest mot vegen.

13.og 14. mai    møtte lærar Drivenes, hdm. Skage og eg som utsendingar til årsmøtet for Hordaf. av   DNT. i Seim. Ein gild stad å vera på. Der har min gamle kjenning Botolf Tomasgard havt sitt arbeid til han døde 1918 – der er han gravlagd. Vevle var med og tala – mana til truskap mot  ungdomshugmål. Um natta låg eg hos Nils Rydland. Gåsemyr frå Breim er lærar og kyrkjesongar der no.

17        Barnetog frå Sælen skule til N.Fyllingen og um Gustav Sælen, og attende til skulen. Læraren tala um 17.mai, vår nasjonale gebursdag, um vi som forandrar oss, um Gud som er den same og held uppe dei som går hans vegar. Det var sundag. Borna kappa i lengdelaup, sekke-og  eggelaup. Premiane var sløyfer. So sjokolade og småbrød attåt i kjellaren. Alt gjekk pent. Tilsynet hjelpte godt til. – Olav gjekk tidleg um morgoen kl. 5 1/2 til byen for å vera med i     «russetoget» som student. Kl. 9 kvelden var vi samla heime att alle. Bygdeungdomen var til ymse stader i fest, meddi her i bygda var ingen 17de mai fest for vaksne.

19/5      Rev. rekneskapen åt «Norsk Pelsdyrblad». Rekneskapføraren Lilleheim viste ikkje vel inne i sitt fag. Balansen for 1/5 førd med kr. 269 for lite.

20/5      Planta 400 – 3års  gran hos Tomas Bjørge , 4de kl. Um kvelden styremøte i S.S. avh.lag. Skal ha lagsmøte sundag 31/5 kl. 7 1/2 i ungdomshuset på Søreide.

25/5 og 26/5.     På Frekhaug. Hordaland lærarlag hadde årsstemna si der 2dre og 3dje pinsedagen. Gild møtestad og gildt møte. Skuledirektør Vevle, lærar Folkestad, professor Indrebø var der og tala. 26/5 Rev. Norsk Pelsdyrblad til midnatt.

31/5      Styremøte i S.S. indremisjon, Vågenes form., Peder O. Fyllingen varaform. Eg tok på meg  vera kassestyrar og skrivar endå eit år. Det vart vedteke melda seg inn i Det vestl. Indremisjonsforbund med 4 r. for, og 1 r. mot.

Kl. 7 1/2 avh. møte i ungdomshuset på Søreide, der det var framifrå tale av lærar Nilsen, Brg. og Fru Sætre , Blomsterdalen. Litt lodstaking og åresal etterpå. Det heile slutt vel kl. 10. God stemning.

7/6       Ole Johan og frue, Nils farbror, T. Alsaker sine her til middag og utetter dagen til kvelds. Ole Johan farbror er nyss komen frå Amerika – 70 år gamal, der han har vore i umlag 40 år. Skal vera heime til hausten. 5/6 Siste skuledagen for 4. kl.

9/6       Rev i N.S.A.L. Der var styremøte um kvalkjøtfor, beinmjølfor m.m. Eg reviderte Norsk  Pelsdyrblad sin rekneskap – no i orden.

11/6      Siste skuledagen fyre ferien – med 3. kl. So signe Gud det gode arbeid som er gjort i skuleåret. Til styremøte i Fana mållag kl. 5. Det var um målbruken i Fana, kommunalt og offentleg. Saman med   styret var lektor Seim, prof. Indrebø, kontorsjef Netteland,  herradst.lemene  Elias Vågsbø og Halvard Midthus. Der var eit framlegg frå fyre um å ta norsk i bruk i alt vedk. Fana, kommnalt og offenleg. Eg gjorde framlegg um subsidinært:

» Ved dei kommunale og offentlege kontor skal alt som vedkjem Fana kommune fyrehavast i den målform som sakene er upptekne » – umlag soleis var det. – So snakka mållagsst. um å vende seg til Fana menigheitsråd med bøn um meire nynorsk i «Søndagsbladet».

15/6      Småskulen slutta. Dr. Smitt og såg på 1. kl.

15/6 – 20/6.       Rev. i Pelscentralen. Olav Os kom upp her iaftes. Olav fekk det skr. eksamensres. den 19de : F, T, F, S. for norsk, tysk, matematikk, fysikk.

21/6      Sundagsettermiddag til Oslo. 22/6 ut til N.S. sin Forsøksgard Dal og såg på drifta. 26/6  Bjørn Øvrebø køyrde Lars Kolås og meg til Veladromen, vi såg på den, og N.S. sitt materiell der. 24/6 Til Lillehammar. Såg oss um på Maihaugen um kvelden. 25/6 torsdag årsmøte med   foredrag av Anders Fjellstad og skr. Ubøe, framsyning av Sylvrevfilmen.

26/6      Lovendringar. Årsm.regnskap var fyrr godkjende. Val av styre: Veslegard og Totland   attvalde.

27/6      komne til Fagernes i Valdres. Tok til Gol, og kom heim seint kvelden. – Olav har fått mtf i hovudkarakter til studenteks. Han har fått plass på jarnbaneverkstaden på Minde frå 14de  august.

29/6      Idag har eg rev. i N.S. Liv var til Strandebarm saman med Ungdomslaget igår. Idag kom Inga til byen og møtte Helga Okrå. Ho har vore på ein veketur til Voss.

4/7       Laurdag. Idag i 11-tida tok Olav og Rasmus Løvås ut på cykkeltur – Oslo – Stockholm, København, Warnemünde, Hamburg, Fredrikshavn, Kristiansand – og heim. Gjev lukka må vera med dei. – Heile denne vika har eg rev. i Pelscentralen.

15/7      Torbjørn, Oddrun og eg på tur til Navelsaker.

16/7      Inga til Okrå.

1/8       T., O., og eg kom att frå Nav.

2/8       Olav kom sundagsmorgoen frå utanlandstur. Sidan meir.

6/8       Måndag-kveld reiste eg til Linga for å henta Inga. Vi reiste um Bergen og Nordheimsund – Trengereid heimatt idag. Kom heim kl. 11. Alt vel heime.

7/8-8/8. Fredag og laurdag gjekk eg med kommunevalmanntalet, og var ferdig med å gå rundt  laurdagskvelden. Sundag den 9de reinskrev deg det. Måndag 10. aug. var eg til Nesttun og leverte manntalet på lensm. sitt kontor. Kom der kl. 1245, då var der stengt. Var so upp att kl 530, og fekk levert det til kontorist og fullmekt. Hjelmervik. Elles um dagen var eg på N.S. kontor og reviderte. Trefte og helsa på form. Dalsaune der. Styremøte 11de aug.

11/8-15/8          Heime, slege litt, vølt madrassen, lagt tak på vedhus m.m.

14/8      Olav tok til på jarnbaneverkstaden på Kronstad idag, og skal arbeide der 1år for å få verkstadspraksis.

17/8      Inga og Liv med til byen og gjorde innkjøp til huset. Eg rev. i N.S. til kl. 1130 natt.

18/8      Gjekk upp Telefonlinja frå Joachim til Mjølkeplassen, 40 stolp. Var og snakte med telegraffstyrar Lien um å segja upp Statstelefonen. – Rev. elles i N.S. idag.

19/8      Ole Johan, kona og Nils Koltveit hos oss, dei har vore syd til Karmøy til hennar slegt, skal no til Okra. Johnsen kom med gåsehuset eg kjøpte av Ragnv. Nilsen.

20/8      Var i byen og utretta og rev. i N.S. Trefte Olav Os. Konen skulde arbeida i Kontrollnemda åt   D.V. Salslag.

21/8      Slyngde 12 kg. honning av alle 3 kubene. Seinare på dagen ringde han upp at Rasmus Maurset og kona hans vilde sjå upp til oss idag. Olav og dei vart med upp um laurdagskvelden og vart til sundag kl. 5. Då for dei og eg til byen. Maurset sine skulde segja farvel med Jørmund, son deira, som går maskinistskule i Gøteborg. Eg rev. til kl. 11.

28/8      Vølt lås og springar, sett inn glas, vølt portar m.m. vedkomande skulen desse dagane. Hellevang har her arbeidarar som målar det ytre av lærarbustaden, legg linoleum på Kjøkengolvet vårt, oljar golva i skulen. – Henta 2 grisungar hos Joachim Fyllingen.

29/8      Rev. i N. S. til midnatt.

30/8      Inga og eg til Håkonshella «Fana mållag» hadde stemna der. Prof. Indrebø og pastor Skogen tala. Kom heim att kl. 6.

Pastor Skogen tek frå 15. aug. red. av «Søndagsbl.» og vil stille dei 2 mål likt. Likevel vert skr. frå styret i Fana måll. sendt til «Meinigheitsr.»

5/9       Rev. i N. S. Tala med Ubøe um skr. i «Gula» um sylvrevavlen. Henta 1 kasse fisk frå Johan Færøy.

14/9      Henta 1 ty. slagt frå Knut og Hans 4+3 Kiekroppar. Far kom her idag til middag.

15/9      Inga og eg til Eidsvåg i høve av Ole Johannes og kona hans reiser til Amerika den 16de sept.

16/9      Inga til byen. Eg og rev. i N.S.A.L. Amerikabåten reiste kl. 1 inatt. Far, Inga og eg gjekk heim frå Ervingen kl. fram mot 10. Då skilnad. Bård Mansverk og Knut Ljones og Hjørdis var der ogso. Nils Koltveit sine og Sverre Koltveit. Dei fylgde Ole Johannes og kona hans Inga umbord.

19/9      Begynde ta poteter ovanfor stova.

26/9      Lærarmøte på Nesttun – Salem og songboksp. – Rev. i N.S. A. L. um kvelden.

1/10      Ferdige med å ta potetene, 30 hl,- 20 tynner. Uvanleg fri for rot.

2/10      Rev. i N.S.lag for okt.

5/10      »       i N.S.lag og Norsk Pelsdyrblad. 8/10 Styremøte i S.S avlslag hos oss.

11/10    Marsjkonkuranse. Borna har vore og sett på. Inga og Kristiane skal til Storetveit Kyrkja kl. 6 til konfirmantaltergang. Suse. har fått 1 kr. for å vøle ein ny kledning.

12/10    Til skulestyre- og Lærarmøte på Nesttun. Det var spursml um strengare karaktergjevning ved slutteks. i folkeskulen, då denne skal vere upptakingsprøve til millomskulen. Saka skal sendast lærarinne- og lærarlaget til handsamming.

Rev. i «N. Pelsdyrsblad» og N.S. ettermiddag.

18/10    Konf. fest i meinigheitshuset på Minde. Inga og eg med Kristiane dit. Kapl. Leganger heldt ei fin tale for fedrelandet. Elles tale av Anderssen Rysst, Irgens, Dankert Skogen les eit dikt av seg sjølv, Irgens les upp or  «Den siste viking» av Bojer um då Elisensløg skulde døy. Fin musikk av organist Matiassen og  sangerinne Sten, – båe er blinde.

Der var hugnadsamt å vere. Mykje ungdom i 16-20 års alderen.

19/10    Kommuneval. Av 274 røysteføre i Sælen Krins røyste 74 + 3 st. frå andre krinsar.

6/11      Rev. på kontoret åt N.S. Trefte der heile styret på nær Lindstrøm som er sett til styrar av Østlandske mjølkeforsyning. Formannen spurde meg um det eg hadde skrive til honom um løn åt meg, – 10 øre pr. skinn for skinnrev. 8/11 kl. 4 konfirmantfest på Søreide i S.S. avh. Gjert Andr. Gullaksen og Eide tala. Ingjen song og musikk.

10/11    Rev. att. Ubøe melde meg at løna mi for all rev. åt N.S. var sett til 150 kr. pr. mån. frå 1/1 31.

11/11    Idag døde Heine Vågsbø etter sjukelæga på 1 veke. Han fekk slag.

13/11    Har idag vore til Nesttun og fylgt Sverre Løvås til jorda. Han døde brått torsdag natt, lungebetendelse og dårleg hjarte.

17/11    Var til Nesttun kl. 1 lærarinna, Inga og eg og fylgde Heine Vågsbø til jorda. Eg la krans på båra fra Fana mållag og Søreide-Sælen avhaldslag med desse ord:

«Dette er ein krans frå Fana mållag. Det var det du såg og arbeidde for at morsmålet måtte vera vegen inn til folket um det skal vakna til andeleg liv og utviklast til størst mogeleg dugleik,- det er derfor vi takkar og heidrar deg. Det var det at du såg og arbeidde for at morsmålet må vera vegen ut frå folket um det skal kunna gjera den størst mogelege innsats i   utviklinga – det er for at du såg og arbeidde for dette vi takkar og heidrar deg og i vyrdsemd     legg denne krans på kista di.»

«Heine Vågsbø. Frå Søreide og Sælen avhaldslag skal eg få lov å koma med nokre blomar til   deg. – Det er for du trufast arbeidde for eit edrugelig og pent liv ut i bygdene våre. Det er for   du let Guds anden skape (forme) deg til ein mann som det er mod og reising i å innast.

Og frå meg lyt eg få segja takk for ærleg og trufast venskap. – Kvil deg so i Guds fred. Guds ljose signing vere yver deg, han signe minnet ditt for oss!»

Kyrkja var fullsett med folk, kista stod framme i koren. 17 kransar vart lagt på. Dankert Skogen forretta i kyrkja. Presten Irgens kasta jord på. Fru Vågsbø var i Sverige på en nervelækjeheim. 3 smågjenter er att.

So ruslar burt ein og ein. Vågsbø var 68 år gml.

25/11    Styremøte i S.S.avh.lag hos oss. Alle møtte. Eg so form., i kvinnelaget fru Marta Dolvik.

Tala i Fyllingsdalen ungd.lag um Holiaferda.

29/11    Sundag. 1. i adventa. Um kvelden Inga og eg til Storetveitkyrkja høyrde Fasmer Dahls kor syngja, og preike av pastor Irgens.

I skulehuset spela dei «Hr. Sogfører».

2/12      Årsm. i Leseringen i Fyllingsdalen. Styre: Ingebr. Løvås, Rasmus Bønes, Navelsaker. Løvås vald til formann. Ringen skal halde ved 1932.

5/12      Leseringst. samla. Tok ut bøker for 1931/32, 19 stk. Olav Gullvåg.

6/12      Anderssen-Rysst heldt gudstjenesta i skulen. Storskulestova fullsett. Innsamlign til joleutdelinga kr. 41.80.

15/12    Var med i jordferd etter Marta Fyllingen-Samdal,- både Inga og eg. Hennar slekt frå Bremnes var der.

16/12    Krinsmøte. Valt tilsyn: Nils R. Bønes, Sigvald Fyllingen, Berge Sælemyr. Joletrefest 4.dag  jol, Kontigent 80 øre. 5 møtte på Kr.møte.

17/12    Slutta skulen 1040 og bila til Skoltegrunndkaien for å ta imot Nils som kom frå Amerika. Gustav Haugen var ogso med. Dei vart med her upp um kvelden. Stege seg godt på reisa – var vel 900 menneskje med båten, og mykje post.

18/12    Idag for dei til byen att for å utretta ærend.

19/12    Olav, Torbjørn, Liv og eg til byen og sa farvel med Nils og Gustav som for heim til   Hornindal. Amund Lø..åen – no teke prestaeksamen, Oddlaug Os – går på husindustriskulen i Oslo og Aslaug på Ant. Johannesens handelsskule i Brg., alle desse for heimyver. Borna og eg vart gåande i byen og kjøpe jolegåver. Nils gav meg 200 kr. til å kjøpe for. Han vil gjerne gjeve – Gud signe hnom.

20/12    Handelsmann Skage her til med kr. 155 som vart delt millom ymse trengjande: Karl R. Fyllingen kr. 15. Stene kr. 40. Aleks Johannesen kr. 15, Rasmus Sælemyr kr. 40. Anna Vegsund kr. 20.  Kristof. Helgeplassen kr. 25. Skagen køyrde i bil, eg fylgde honom til  Straume, og gjekk til Bønes, og fekk Nilsen til å kome og setje upp joletreet til barnefesten.

22/12    Slutta skulen til jol.

24/12    Samla um joletreet alle heime – Nils sine jolegåver delta ut.

26/12    Til middag hos Skoge – til seine kvelden. Henta og køyrde oss upp att i bil.

27/12    Til middag hos Kapt. Frøholm sine på Laksevåg. Båe dagar var det Inga og eg.

28/12    Kl-5 joletrefest for borna – umlag 80 samla. Veiret var nokså rusket. Kl. 845 for eg frå festen etter at vi hadde gått rundt joletreet, songe, lese upp, fått mat i kjellaren, og tala til borna. Det var Olav og eg som bila til byen. Båten gjekk kl. 930 til Nordfj. Det var «Sogn». Til Nfj.eid tyrsdagskv. 29/12 kl. 9. Olav, Kristen og Kari Os tok imot oss. Låg på Os um natta. Olav køyrde oss til Nord. onsdag. Med «Dølen» heim kl.3 30. Nils Nes med upp med 2 røvar til Hans frå revegarden på Nes der Hans har part. Sigurd Olsen og Petra (Nes) kona hans   med. 31/12 reiste dei til Nes att. Hans skyssa yver fjorden um kvelden kl. 730 Nils, Olav og eg med til huset og åt kvelds. Høyrde sidan til yver midnatt på på høgtalaren åt Hans. Det var kloke folk på tala um det farne år, og framtidsvonene for det nye – ingen såg dei – grått i grått.

 1932

1/1       Nyårsdag. Eg inn til Johans um kvelden.

2/1       Rasmus Kjos kom med «Dølen». Nils, Olav og eg inn til Per Mattis.

3/1       Olav Os, Oddlaug og Kari kom med «Dølen». Sameleis Johannes Melheim og 3 smågutar –  var til ettermiddag – sundag. Då reiste vi heimanfrå alle – ogso Olav og eg. Med mor si signing. Ho er samanbøygd og har eldast – men elles frisk bra. – Um kvelden Olav og eg til Nes, Nils henta oss på Nord.

4/1       Hyggjeleg på Nes. Reiste idag til Os. Åt middag der. So med dampen «Sogn» kl. 4.

5/1       Tyrsdag kl.10 fm. til Bergen. Rugga endå under føtene då vi kom iland. Olav heim, eg rev. i   N.S. til middnatt.

6/1       Tok til skulen med 4.kl- idag – ljost humør og hugnad i arbeide.

7/1       Skulen tok til 3.kl. Styremøte i S.S. avh.lag hos oss.

8/1       Idag fylde lærarinna 40, Inga og eg var upp til henne ettermiddag til kaffi – ho fekk ein blom   hos oss.

10/1      kl.4. Årsmøte i S.S. avh.lag på Søreide i Ungdomshuset. Emisær Hårvik tala til oss um å gjeve. Årsmelding og rekneskap godkjend etter nokre merknader. Valet: Eg sa frå med attval. Bladnes formann med 10 r., eg hadde 6, Styrelemer: Frk. Høsteland og Rasmus Bønes, – frå    fyrr hdm. Skage og Reinh. Grimstad.

11/1      Krinsmøte  skulen. Val på 1 tilsynsmann for Sigvald Fyllingen som er vald til krinsformann. Mons Løvås vart vald.

12/1      Eg til Søreide. Bladnes hadde meldt seg or laget for å verte fri formannspassen. Skogen skal kalle saman til møte i februar.

14/1      Styremøte i S.S.-indremisjon hos Navelsaker, Sælen.

15/1      Rev. i N.S.lag. Det vert tur til England 21/1 – 2/2 til skinnauksjonen hos Leampson. Dalsaune godteke det.

16/1      Skrive redegjørelse til Rasmus J. Fyllingen at han må få arbeide framleis på vegen Tjønnen –   Sælemyr.

17/1      Møte i skulen. Sekretær Johan Helland tala. Ikkje so få møtte.

21/-31/1 Tur til London til skinnauksjon 25/ – 29/1, saman med 16 mann frå N.S.lag.

31/1      Inga var på Skoltegrunnskaia i Brg. og tok mot meg. Vi kom med «Venus» kl.6.  Tollvisitasjonen for lempeleg. Tok bil heim, heime kl. 7. Hadde gjort turen frå Schelds på 23  timar. Heime alt vel.

6/2       Lærarmøte på Nesttun. Karaktergjevinga fyre – ikkje ferdig med emnet. Lærarlaget sitt framlegg gjekk ut på at avgangseksamen frå folkeskulen skal gjelde som upptakingsprøve til millomskulen, men millomskulen sine lærarar ut or eksamensnemda. Eg orda mot det siste, dei burde heller vera med i eksamensnemda ogso og gjeva karakter og vera ansvarlege for dei. – Var til Alsaker sine og åt kvelds – Inga og eg. Ragnhild Eide var der og. Ho er i byen med yngste dottera som er sjuk av sukkersykje.

7/2       Roleg heime. Ragnhild Eide kom upp til oss idag.

3/1       Jørgen Navelsaker og Olav R. Ottersdal kom upp til oss ettermiddag. Dei er til byen, Nevengården – med Knut Olsen Ottersdal, han har misst vetet. Dei reiste att ikveld, Olav og eg fylgde dei i Fyllingen.

5/3       Nils kom her til idag. Han er på reis til Amerika. Heime på Navelsaker lever vel. Sundag 6/3 var vi rolege her – snøslaps og vind heile dagen. Kdm. Skage var innum um kvelden –  fortalde frå avhaldsmøtet på Søreide sundag 21/2.Handsm. Skage vald til formann, Elias Søreide kom inn i styret etter lutdraging med lærar Drivenes, O. I. Søreide kom med skuldingar mot meg då eg var formann at eg hadde vore despotisk, og hadde hindra fyrehaving og røysting um ungdomsarbeid i styremøte,- og at legfolket hadde havt det fritt i laget, men at han for sin del skulde ikkje kvide seg med å draga asenet ut. Sundag 13/3 kl. 4 skal det vere avh. møte på Søreide att.

7/3       Nils og eg var ein tur til Gamlehaugen, Fantoft kyrkja, og so inn til byen og til Kringsjå til Samuel Brendefør sine. Dei lever vel. Kom heim med 10 bilen, i godt ver.

9/3       Igår var Nils til byen, kom att til middag. Idag etter frukost reiste han for å eksp. kofferten sin. Eg telefonerte til N.A.L., «Stavangerfjord» kom ikke fyrr i 8-9 tida um kvelden. Etter skuletid gjekk Inga og eg til byen. Sunniva var med til malarskulen sin. Inga gjekk til Maria Bergset. Dertil gjekk eg frå N.S.kontor kl 8 og trefte henne, og vi gjekk ilag til Skoltegrunnskaia. Der trefte vi Nils, han gjekk, og vi umbord på «Stfj.» og såg oss um. Siden fylgde Nils oss på Bondeungdl. si kaffistova på Torget. Der skildes vi,

Nils gav Inga 50 kr. til småborna – og lånte meg kr. 1000 til Olav sin skulegang. Gud signe honom på hans vegar.

10/3      I kveld rev. i N.S.lag att. Tok med heim Roshmann sin rekneskap yver Forsøksgarden Dal.

18/3      Rev. NS.lag, Deb. og Kred. lista. Frk. K. Hadsle teke frå pulten min den Skinnkreditnota eg hadde liggjande der ufullført. Ho segjer i svar på min merkn. i Rev.prot., at det var retta fyrr eg sette merker. Eg førde merknadene i Rev.prot. ajour, og tok på med Deb. og Kred.lista. Det var styremøte i N.S.lag.

19/3      Med som vald uts. frå Fana mållag til årsm. i Vestl. måll. Olav Os med heim um kvelden. Han er i byen – det V. Salslag.

4/4       Rev. i N.S.lag, fann ein manko i rekneskapen åt Pelsdyrblad på kr. 1000 betalt ut av N.S.lag sin kasse til N.Pelsdyrblad, og ikkje ført inn i N.P.blad si kasse. Soleis sporlaust burtkomen-. Skramstad er mykje ulukkeleg for det. Truleg er det ein som har komen for nær kassa som er synderen.

5/4       Onsdag rev. eg ogso. Var um kvelden hos Ubøe sine saman med Skramstøds. Det var 4 årsdagen etter Ubøe sine var gifte.

26/3      Eg var og rev. N.S., og då kom det telefon heimanfrå at Inga var so sjuk, hadde hjarteklapp. Eg tinga Dr. Frk. Stensaker og reiste heim. I 6 tida kom ho, Inga var då bra. I påskehelga tok det seg upp att, og Stensaker vart henta ogso 2dedag.

Inga måtte halde senga ei heil veke, so æna det burt smått um senn. Truleg det hadde samanheng med tannuttrekkjing og bedøvning ho hadde havt vel ei veke fyre påskeafta.

7/4       Årsprøve. Dagmar Målstad var her frå eksamensnemda. Det gjekk rett bra. Inga var no bra, men vi hadde Josefina Fyllingen til å hjelpe oss.

11/4      Åbotsnemda i skulen og såg kva som skal gjerast ved skulehuset og lærarbustaden for å halde det med lag.

12/4      Lensmannsbetjent Strømseter i skulen og forhøyrde vedr. Visnes og Trygve Hansen um deira tjuveri frametter vinteren. – Borgny Maurset var koma upp idag saman med Liv.

13/4      Lensm.betj. Strømseter på kontoret og forhøyrde sei som har velt stabbesteinar. Edvard Arnesen, Nils Amundsen, Helge og Eigil Knoph. Borna som sluttar skulen, kom med blomar til meg. Jenny og Kitty ein, Olga og Maria ein. Gutane: Reidar Fyllingen, Erling Løvås, Odd Johannesen, Kristoffer og Konrad Sælensminde, Adolf Nagelsen og Arne Ludvigsen med 2 – dei vilde glede meg etter samarbeidet, dei snilde born.

15/4      Idag tok eg til med ny 4de kl. på 19 elevar. I middagstunda var dei 14 elevar som slutta, i heimen hos oss – fekk kaffi og kaker og utdelt avgangsvitnesbyrd. Maila og Dagny kom med 2 par koppar til meg.

16/4      Idag ny 3de kl. med 36 elever – trongt i klassa, for trongt.

19/4      Jørgen Stordal hos meg og bryt jord frå idag av.

21/4      Eilert Mehl – kunstmålar frå Nordfjordeid, var her og selde bilete som han har måla. Han har butt i Nesbyen i 20 år, no søkjer han å kjøpe hus i Fana. Eg kjøpte 2 bilete: 1 rev på jakt, 1 landskap med ein hare på flugt. – Lærarinna kjøpte 2 bilete.

22/4      Møte i Skuletilsynet k. 8 kveld til samtale um klassedelinga i skulen. 3De kl. er nemleg 36 elevar stor. Sende skriv til skulestyret um det at dei måtte ordne det på den for skulen  fremlagte måte. Tilstade: Kr.form. Sigvald Fyllingen, tilsynet elles: Berge Sælemyr, Nils R. Bønes og Mons Løvås-Sælen.

23/4      Rev. i N.S.lag – skreiv under N.P.blad sin rekneskap – Status til N.S.lag. Årsuppgjøret er i orden.

24/4      Sundag – rolig heime til ettermiddag. Inga og eg gjekk og bila til byen. Såg det amerikanske   spelstykket «Batsy» – kvikt morosamt spela på Den nasjonale scene. Var på heimattvegen innum til Frøholm sine, snakte med Inga um Arvid sin sukdom. Det går stadig nedyver med honom hadde Lars skrive – truleg kreft.

25/4      Idag eg stod upp 630 var det snøkvitt på markane.

26/4 og 27/4.     Revisorane Lars Kolås og Ivar Dyrkollbotnen i Brg. og rev. rekneskapen åt Forsøksgarden, Norsk Pelsdyrblad, Norges Sølvrevslag. Gjorde merkn. til styret um kr. 1000 manko i N.P.bl. sin rekneskap.

30/4      Inga til byen og kjøpte Torbjørn klede. Hadde treft Olav Os. Han kom upp til oss um kvelden. Det var i høve Ålfotsaka han no var i byen.

1/5       Sundag ettermiddag for han til byen for å treffe Gausemel og Hjelle som kom sundagskvelden. Sundag kl. 8 kom styret for N.S.lag upp. Dalsaune, Veslegard, Sæter, Totland og Ubøe og var fram til 101/2. Hugnad at dei kom upp. – Denne kvelden hadde Fyllingsdalen ungdomslag møte um å byggje hus. Den innkomne tekning skulde    detailteiknast og det vil utreknast.

2/5       kl. 11 kom Teodor Olsen uppum. Han skal til Dale i Sunnfjord og fungere som distriktslækjar 4 månar. Far hans er dårleg, um det er kreft eller sopp, veit dei ikkje endå – men det går attende med honom, endå han har lagt på seg 3 kg. Kl. 530 gjekk eg til byen – då eg kom til Sandviksvei 56A, heldt styret på å bryte upp, men ute i Skinnhallen fekk eg då sagt dei samanhengen med mankoen på 1000 kr. i Skramstad sin rekneskap.

Men saka var no utsett til neste møte i styret. Det vert halde på Gjeilo nett fyre årsmøtet den 23de juni.

So gjekk eg til City, der råka eg Olav Os. Prosedyre og vitnehøyring i Ålfotsaka hadde gått bra,- utfallet um dei 3 kom.: Eid, Eikefjord og Hornindal skal vere fri å betale Ålfot gjeld for dei 10 kom. som har fått linjenett og kraft. Det kjem fyrst um 8-14 dagar.

På Nordfjordbåten trefte vi Teodor Olsen og Olav som hadde fylgt honom til byen. Trefte ogso Jakob Gausemel og Hjelle, som skulde heimyver.

Ovidius Olsen har vore sjuk so sidan 1 månad fyre jol.

11/5      Idag tek Sunniva til 3 arbeidsdagar for veka hos frk. Riper på lampeskjermfabrikken hennar. Ho vart ferdig igår med det små malarkurset ho har gått der.

17/5      Fest frå 9 um morgoen saman med borna. Hels 1,2. og 3 kl. av 4de berre 5 born. Fint ver. Gjekk til Lauvåsbrua og nedatt til skulen. Læraren tala til borna inne i 4de kl. rom. Mat i kjellaren. Det gjekk greit. Tilsynet og konene hjelpte til godt. – Våre born var til byen alle på   nær dei 3 minste. – Eg gjekk til byen etterm. og rev. i Pelscentralen ei stund.

28/5-29/5          Til Ytre-Arna i Fylkesmøte H.avd. D.N.P. Køyrde um Åsane. Sende bøn til Landsstyret at Hordaf. må verte ref. på nynorsk i Årsmeldinga med barnelaga.

På festen um kvelden tala st. Konow. Um natta låg eg hos Margrete Vaksdal. Elde vart vald i styret etter Sætersdal. Heime kl. 10 um kvelden. Jørgensen Laksevåg og eg hadde fylgst på heile turen, var innom honom og fekk kaffi, hadde ei lita andagsstund saman. Olav og Erling Myrane sykkeltur til Strandebarm.

31/5      Tyrsdag kvelden sette eg meg på kontoret med revisjon av Norsk Pelsdyrblad. Eg fann då feilen p Kr. 1000. Skramstad har fått løn for desb. 1930 og jan. 1931 – 2 gongar a kr. 1000,-.

30/5      Måndag slutta Jørgen Stordal bryta jord for denne gongen- har brote 276 m2.

2/6       Satte siste potetene i dette nybrotet.

5/6       Inga, Torbjørn, Oddrun, Borgny og eg til Ubøe sine til middag. Fyrst var vi ei stund på Brg. museum. Hugnad der nede hos dei.

8/6       Teodor Olsen kom på gjenomreise heim for å sjå til faren som er reint dårleg. Kreft i lever og   lungar, truleg begynd i magen. Var 2 dagar heime, måtte på Rikshosp. Att mandag 6/6, han kjende seg roligare der. Teodor reiste i kveld 8 til Oslo. Eg var med til byen. Reviderte ei stund.

9/6       Idag har eg slege i hagane. Kl. 840 fekk eg telegram frå Teodor, Oslo, der han segjer faren, Ovid, skal begravast på laurdag. So Teodor nådde honom i live. Han har død i ettermiddags. – Gud signe honom.

10/6      Tok til Oslo um kvelden. Kom dit laurdagsmorgoen 11/6, fann Berta Olsen og Teodor i sorg. Ovid vart gravlagt på Vestre Gravlund kl. 2. Var bisett i gravkapellet. Kista var dekt av  kransar. Presten Urbye tala vakkert um Ovid sin innsats i livet, um hans strid for å verte skynna. Var inge Kransepåleggjing med taler. Slekta var samla der. Hilda – kona til Hans farbror, og dottera Margit og mannen hennar Karl Bakke, Leonia, kona etter Nils som døde      ifjor, Petra og hennar mann Kalberg, Lars Bergset sine born, Lars med kona Alvild, Sofia og Leiv, og so eg vestantil av slekta her. Vi bilte frå og til Hermann Foss gt.18. Eg var gjest hos Berta Olsen til sundagskveld, natt til sundag låg eg hos Lars Bergset. Laurdag ettermiddag   var Lars med meg til Nordre Gravlund. Eg la blomar på grava til Olava. – Idag kom eg heimatt og tok til med skulen kl. 11 1/2.

Fredag morgon den 10/6 døde Hilda-syster åt lærarinna, etter å vere sjuk berre vel eit 1/2  døgn.

So er Ovid slutta. Eg sakna honom sårt. Han var hovudet for slekta der inne, og so greid å gå til. Der var råd og rettleiding. Og i det siste god og humørfullt, men gjekk der ofte misskjend og so einsleg. Ja, Gud signe honom.

13/6      Nett no i kveld har Inga vore til byen og helsa på Teodor og Bertha. Ho fylgde honom til Dale i Sunnfj. der han er vikarierende distriktslækjar.

19/6      Sundag. Sælen sundagsskule til Sælen, eg var her heile dagen. Litt uro med dei var det.

20/6      Rev. i N.S.lag. Gjorde Ubøe merksam på at då eg kom til kontoret kl. 830 fredag 1/6 og måndag 20/6 var gatedørlåset upplåst. Berre Yale-låset var låst og heldt døra att. Seinare kl. 4  sa frk. Knutsen at eg skulda henne for ikkje å ha læst døra. Eg viste henne til Ubøe, og han sa at eg hadde ikkje nemnt nokon, berre at dørlåset var ulæst.

22/6      Reiste um morgoen frå Straume med Mildebilen til Bergen, derfrå til Geilo med toget kl. 1430. Styret i N.S.lag heldt møte der utetter kvelden – og so næste fyremiddag. Revisorane og eg var då innkalla, gjorde greide for Skramstad-saka. Styret gjorde vedtak um at Sk. skal svare N.S.lag si kasse 1000 kr. som han mottok 14/2-32, men ikkje har ført til inntekt i N.S.blad sin rekneskap.

23/6      Årsm. vart sett til kl. 16, umlag 120 frammøtte. Årsm. og rekneskap valde litt disput. Horveisaka – vere mild mot Kausjonistane. Debitorlista – vil ha den spesifisert for ein del. Ein del vilde ha N.S.lag og Pelscentralen skilde åt, Forcentralen nedlagt. Forslaget um rådgjevande nemd for Pelscentralen fall.

24/6      Slutta møtet kl. 22. Som ny formann kom inn i styret Visnes, Austfold.

25/6      Styret reiste vestyver. Dalsaune og Totland – elles Ubøe og Skramstad. Eg saman med Veslegard reiste austyver, han til Ål, eg til Nesbyen, der Inga var reist til dagen fyrr.

27/6      Vi vart hos Borghild til idag då vi tok med toget til Haugastøl. Derfrå med rutebil yver Hardangervidda, framum Vøringen til Eidfjord, og med båt til Ulvik.

28/6      Vi låg på Hotell Vestrheim, for med båten kl. 8 um morgoen og til Norheimsund, derfrå med   bil til Okra. Dit kom vi kl. 1430. På Okra var kvile. Måndag 4/7 var vi på stølen, Skar Tyrsdag rodde vi rundt Holmane – um ettermiddag var vi til Ljosnes.

6/7       Onsdag fylgde vi «Lønningdal II» kl. 17 og kom til Bergen torsdagsmorgoen,- og heim med Mildebil kl. 730 um morgoen.

7/7       Reinska ugras heile dagen – hyppa potetene i nybrotet.

8/7       Heime. Telefonlinjeformann Glosvik var og skulde flytte rikstelefonstasjonen fra Radioneset til Ole. M. Sælensmide. Kl. 21 møtte Pål Hamre, Joachim Fyllingen, Martin P. Fyllingen, Sigvald Fyllingen, Ole M. Sælensminde og Navelsaker. Vart samde um at rikstelefonen sine    folk som flytter stasjonen frå Rasioneset til Ole M. Sælensminde ogso skal ordne våre tilknytningslinjer.

11/7      Rev. i N.S.lag. Ubøe på ferie. Eg til Telegrafbygningen og tala med insp. Sønsteby um flyttinga av Telefonstasjonen.

Til Melkild. Leverte pengane for «Søndagsbl.» 1.hå 1932.

Fekk greide på kva som skal vølast ved Sælen skule.

12/7      H. Kjellevoll held no på flytter Telefonstasjonen. Eg har bøtt sko idag.

13/7      Liv fekk avg.vitnemål frå Handelsgymnaset, hovudkarakter 1,35.

16/7      Torbjørn og Kristiane på ferietur til Okrå, saman med dei frk. Gudrun Herland.

22/7      Eg rev. i N.S.lag. Styret var samla til møte. Ubøe komen att etter 2-3 veker ferie. H. Kjellevold er no ferdig med å flytte Føllingsdalen telefonst. til Ole M. Sælensminde.Han ordnar ogso tilknytningslinjene. – Skr. lovde å få ordna med Np.blads rekneskap på onsdag  27/7 ved Hr. Tveiten – bror til Frk. Tveiten. Har ikkje fått talt upp Np.blads kasse denne mån.

23/7-7/8 tur til Nordfjord. Dagane 24/7 – 27/7 på Os og Nes. 28/7 – 6/8 på Navelsaker hos mor og Hans.

7/8       um kvelden kl. 18 kom eg heim til Sælen. Mor Okrå var her då.

10/8      Rev. i N.S.lag. Skr. har endå ikkje ordna sitt rekneskap, men torsdag kjem Frk. Tveiten som   no er frisk att og fører rekneskapen ajour.  Um kvelden for eg til Nesttun til lærar Alvsåker sine – Okra mor, Inga og smågjentene var komne der fyre. Bila heim um kvelden. 13/8 Mor og Lv reiste til Okra kl. 1330.

17/8      Berta Olsen kom med middag. På tur frå Nordfjord til Dale, Sogn. Reiste att um kvelden. Dei skal saman med Dr.Tørlen sine i slutten av august ta til Oslo. Tradvor si vikartid i Dale er då runna.

Borna tok til Oddrun I kl. mid., Torbj. II kl. mid., Kristiane I gymn. Brg.kat. um torsdag.Torsdag morgoen kom Liv og Torbjørn frå Okra.

20/8      Eg har rev. heile vika. Ikkje fått talt upp rekneskapen til N.P-bl- endå. Frk. Tveiten reist på landet.

21/8      Den 26de Kinamisjoensfest i Fyllingsdalen. Har fyrr vore hos Peder O. Fyllingen, i år i Sælen skule. Tale av emisær Hårvik med fl. Sælens songkor. Kom inn kr. 105,32.

28/8      Sundag. Olav reiste idag kl. 20 med «Iris» til Trondheim for 1ste sept. å ta til på Norges Tekn. Høgsk. Gud signe honom i hans arbeid. Inga, eg og Torbjørn var med honom på   bryggja.

29/8      Fann idag eg talde upp N.P.blad si kasse at hr. Skramstad har lånt der Kr. 897 – til ymse tider og skreiv merkn. um at han no må betale dei attende.

2/9 og 3/9         Den vestlandske lærarstemne med foredrag av fru Anna Sctne um den nye skulen, avskildsforedrag av skuledirektør Vevle: «Attersyn» og foredrag av rektor Kistvik um den nye skulen ogso – psykologisk gransking. Inga var med fyrste dagen. Då råka vi Johan Ferøy og kona um ettermiddagen. Vi var og såg » Bjørgedal» i Teateret. Tok drosjebil, heime kl. 24.

23/9      Var til N.S. og kontor. Trefte Dalsaune der, han var på Styremøte i N.S.lag. Tala med honom um kvelden um Sk. sine.

24/9      Laurdag. Ettermiddagane denne vika teke poteter, når veret har vore lageleg. Elles regnt mykje. – Kvar stund eg no har havt til det, har eg arbeidt med Pelscentralen.

1/10      Choucheron Åmodt foredrog i skulen um «Norge no og Grønslad».

2/10      Eg til Koncertpaleet og høyrde dr. Anton Mohr foredrag: «Japan og Mansjuko.»

3/10      Ferdige med potetupptakingen.

4/10      Snøsletta like til sjøs.

16/10    Sund. Losje «Lyderhorn» frå Laksevåg har hatt upe møte i skulehuset her idag. Berre 10 vaksne frå Sælen møtt, og ein del born. Dei vil kome att seinare, og prøve få igang ei losje her. – I kveld henta Inga og eg Anna på Jarnbanestasjonen – ho kom frå Nesbyen der ho har vore hos Borghild 14 dagar – skal til Strandebarm att imorgon. Helga er litt forkjølt. Eg driv reviderar i Pelscentralen mest kvar dag. Gjekk ned der igår, arbeidte til kl. 2 inatt – og so idag fra 7 til 2. For då heim til godtemplarmøtet.

Um kvelden til Jarnbanest. og henta Anna  – kom frå Nesbyen. Ho reiste att måndag 17/10. Inga og eg med til byen.

22/10    Lærarmøte Nesttun kl. 330. Eg innleidte um «Kristendomsupplæringa i folkeskulen, og          Konfirmantupplæringa». Ikkje tid til ordskifte. Andersen-Rysst tala um Konfirmantupplæringa. Um kvelden rev. eg i N.S.lag til kl. 11 1/2.

26/10    Rev. i N.S. i ettermiddag – det er arbeid med Pelscentralen som held ved. – Ubøe nemnde um at Rev. Skramstad ikkje gjerne tok inn i bladet eit Spursmålskjema um Vitafisk – der folk kunde kome med upplysningar korleis dei likte foret og med mogelege merknader. Under skulde stå uttalelse frå ein uppdrettar um foret.

4/11-5/11          Tur til Frekhaug i Bededagshelga til avhaldsmøte der. Gode foredrag og kameratsleg samvere. Fest Bededag-kvelden. Hdm. Skage, lærar Soldal frå Fana. Eg delte rom med dei hos Bjørkum. Serleg å merkje tale av lærar Mongstad og sokneprest Martinussen.

5/11      Arbeidde på N.S.lag kontor. Råka formannen Dalsaune. Det var samtale um Skr. sin rekneskap, hjelpe honom til, um han um mogeleg kunde få ha rekneskapen.

8/11      Inga til byen um morgoen. Tok mot Brita, fylgde henne til Diakonisseklinikken. Der opererte   Dr. Loennesken høgre handa hennar, som var sjuk av eit revebit. Det var onsdag 9/11 ho vart   operert. Laurdag 12/11 henta Inga henne heim, ho er til byen og får handa ettersedd  annankvardag – elles kjem ho seg.

15/11    Eg arbeider ettermiddagen med N.P.blad sin rekneskap. Då eg talde upp kassa 12/11 var der med kassabilag kr. 200 for mykje.

19/11    Brita reiste kl. 17 heimatt, ganske bra i handa. Eg til byen og sa farvel på henne.

20/11    Haljem tala i skulen kl. 11. – Kl. 2 etterm. møtte eg i fylkestinget for Hordaland, og var med og vedtok avhaldsprogrammet for komande tingbolk. Fekk vedteke eit framlegg um at  rusdrikkumsetnaden skal bere dei utlegg trafikken føre med for heimar, herrad og stat. Vart vald til utsending til Landstinget i Trondheim 7. og 8. jan. – Inga Berge kom til oss um kvelden.

21/11   I styremøte i Fana mållag – og i eit samrådingsmøte utetter kvelden i kontoret hos fornannskapsekreteren. Vedtok å søkje um å få 6 norske gudstjenester i Nesttun Kyrkja for året. Prof. Indrebø hadde forma framlegget.

23/11    Styremøte i «Leseringen». Torbjørn har vore heime frå skulen sidan førre onsdag då han  vreid foten – vinstre – under hopping i gymnastikken på Mellomskulen. Foten kjem seg.

26/11    Årsm. i «Leseringen». Eg skal halde fram 19 32/33. Styre: Ingebr. Løvås, Rasmus Bønes, Navelsaker.

27/11    Roleg idag, sundag. Aslaug Bergset her til ettermiddag. – Dei har areidt på ungdomshusgrunnen ei tid vest for Ola med Vegen.

28/11    Gudrun Maurset kom upp idag. Faren var i byen og selde material. Eg til byen reviderte – svært med skinnsending. Jacob Totland kommer og skal hjelpe Ubøe taksere skinn. Ubøe og eg til Hordaland politikammer til umderpolitimeister Cappelen Dahl for å høyre kva som skal svarast på i Rongen-saka på Voss 30/11 kl. 11. Eg skal upp og vere vitne.

30/11    Til Voss. Med bil frå Sælen til Brg. kl. 7 morgoen, med toget kl. 8 – til Voss 1037. I rettslokalet kl. 11. Der møtte Knut Horvei og 5 vitner – O.A. Rongen eitt av dei. Alle vitna var inn i retten og vart fyresagde ansvaret med å segje sant og alt dei visste um det dei vart spurde um i bedragerisaka mot Horvei. Fyre middag høyrt berre 2, anklage Knut Horvei og lensmann Sortevik. Ettermiddag i 4 tida kom eg til, forklarte um 4 skinn O.A.Rongen hadde selt til N.S.lag. Han hadde kjøpekontrakt på dyra hos Horvei, og so hadde Horvei etterpå 26 juni 1931 gjeve Bolstadøyri hot. pant i same dyra for gjeld kr. 2500. Bolst. hot. vart soleis bedragne.

2/12      Rev. i N.S. Trefte Anders Sæther. Han var og takserte skinn i Pelscentralen. Skal vere styremøte i N.S.lag laurdag den 3/12 – Då vil han ha ei greide med rekneskapen åt Norsk Pelsdyrblad.

11/12    Sundag. Veslagard og Anders Sæther upp til oss. Vi såg fjøset til Engel Fløyen, gjorde tur til Gamlehaugen og Fantoft-kyrkja. Fylgdest ved til byen. Hadde kaffi saman på Holbergstova.   Hugnad med dei karane. Eg tok til Laksevåg, for ut til Samuel Brendefor som har lege kring  4 veker. Litt dårleg i vinstre hand og fot, og so er det vanskeleg med vatnet, men truleg kjem han seg att.

13/12    Til byen med Inga. Ho har vore dårleg tildels frametter hausten, det er magen. Var til yverlekjar Bøe, – Eg reviderte på N.S.lag kontor utetter kvelden. Skramstad har ikkje ordna sin rekneskap endå. Eg nemde det med Veselgard og Sæther.

16/12    Idag på skulestyrarmøte på Nesttun. Vedteke byte av Songbok: Sørås. Val på lærarrepresentantar for 2 år 1933/34: Hovland og frk. Svardal. Til byen. Var med Inga til dr. Bøe, og han sa henne at etter røntgenfotografia mangla det ikkje magen henna noko i som sår eller kreft. Det var vel helst nervane. Med varsam diett vert ho bra att. – Eg på kontoret og reviderte. Igårkveld 15/12 sende eg Dalsaune telegram at Rekneskapen åt N.P.blad ikkje er førd a jour etter 18de novb. Trefte S. og V. som ynskte styremøte for å ordne tingen. Veslegard fer heim i kveld.

17/12    Laurdag. Tok til byen. Sende mor og Hans jolegåve. På kontoret råka eg Sæther. Eg reviderte litt i Pelsc. og saman venta vi å få tale med Dalsaune. Sæther melde honom at Skr. ingenting hadde gjort med rekneskapen til i kveld, og at S.og V. fann det truleg å kalle saman styremøte for å ordne saka. S. ringde og upp Veslagard um same.

21/12    Til byen kl. 6 onsdagskveld. Dagane måndag og tyrsdag hadde Lars Kolås og revisor ordna med rekneskapen til Skr., N.P.blad. No var Dalsaune komen og skulde avgjere korleis det skulde vere. Skramstad skalføre rekneskapen â jour og avslutta for 1932 – til 14. jan.1932. Dette er merknad av revisor Lars Kolås i Revisorprotokollen. Eg vart av formannen gjort kjend med det, og so spurd av Sæther so formannen høyrde kva eg meinte no burde gjerast. Eg svara:Formannen får få Skr. til å segje up si stilling. – Sæther, um Skr. ikkje vil det. Eg svara: Form. får då segje honom upp.

Olav kom heim frå Trondheim måndags morgoen, frisk og har lika seg rett godt.

22/12    Delte ut gåver fra Kjyrkja til Kristi Helgeplassen 25 kr., Anna Vegsund 20,-; Sælemyren Rasmus 30,- . Var so i byen saman med Inga og gjorde joleinnkjøp.

Dalsaune og Sæther reiste heim til jol, D. med toget og S. med båten. Eg sa farvel til dei på    Bondeheimen i 6 1/2 tida. På heimvegen inn til Aleks. Johannesen med kr. 15.-, Stene kr. 35-. Idag slutta skulen 3. klasse etter 3 tim. skule. Lærarinna 2. kl slutta igår.

23/12    Idag fyller Liv 19 år. Engel Fløyen 60 år. Eg til Karl Fyllingen med kr. 15,-. Var so i Sælemyr og betalte mjølk for mån mai-sept. Tala ei stund med Gamle Brita. Ho har falle noko ut no, men er glad og med freidig mod.

25/12    Ing. og eg, Liv, Oddrun og Borgny til Storetveit-Kyrkja og høyrde joledagspreike. Karl O. Fyllingen køyrde oss med bil.

28/12    Eg har revidert i N.P.lag både Tyrsdag og idag onsdag til middag. Kveldsjoletrefest for borna i Sælen – 86 bilettar selde, rundt 100 menneskje. Festen gjek rett gildt.

31/12    Torsdag, fredag og laurdag har eg vore på kontoret og arbeidt med å føre kreditnotaer – arbeidet går med liv og lyst der, alle er interessert i å få det fort og godt gjort. Eg har lege på kontoret på Skr. sin sofa 2 neter. Hadde Kristiane på Diakonisseklinikken onsdag morgon. Ho fekk operert ein vokster på høgre rista. Det har gått godt med henne. – So skal Gud ha takk for året 1932 for all hans signing.

1933

1/1       Eg har lege det meste av dagen. Det er kjøkesykje-kusma som held på i vinstre kjaken, upp mot øyret.Brita har havt henne fyrr, og det kjem seg. Liv har vore til byen og sett til Kr.ane, ho skal sleppe heim imorgon. Pernille Maurset på Betania sjukehus er ogso bra att, skal sleppe heim i veka kjem.

4/1       Kristiane kom heim frå sjukehuset idag etter 7 dagar, heilt bra.

5/1       I ettermiddag i joletrefest hos Joackim Fyllingen – i barneforeninga som syr for misjonen. Helland var der.

6/1       Har gjort frå oss utsending av betaling for skinna som ble selde i desember. Eg har arbeidt i 10 dagar.

7/1       Laurdag. Fått underskrifter på bønskriv um nynorske salmar ved Gudstjenestene i Birkeland kyrkja, levert søknaden til Hdm. Andr. Skage.

22/1      Idag til årsmøte i SS. avh.lag på Søreide. Handelsmann Skage slutta som formann, lærar Drivenes vart vald for 1933, under mykje motsegn tok han mot plassen. Han tala for at ein må leggje um arbeidet, få noko nytt inn,- som får han prøve. Nye styrelemer Frk. Høsteland og Sverre Søreide.

30/1      Kolås og eg fekk N.P.blad sin rekneskap til å stemme

31/1      Olav Os kom herupp. Er i byen vedkommande Ålfotsaka, ho står truleg godt for E.,H., og E.fjord.

16/2      Sløyd i 14 dagar laurdag kjem 18/2 – 10 gutar i 4de og 17 i 3.kl.

Frå 14/2 tyrsdag styremøte i N.S.lag i Oslo til framlegg um lov for endring for laget saman med den valde lovnemd. Kolås reiste inn 14/1 for å være i samråding vedk. Lindås i 2 dagar. – Rekneskapen åt Forc. har ein diff. på 1 kr. – åt Pelsc. på 747,26 kr. – Borna har haft   forkjøling – kusma – og vore heime frå skulen 1 veke kvar. Kristiane, Torbjørn og Oddrun. Torbjørn er heime endå.

22/2      Idag Åbotsnemda og såg kva som skal vølast ved skulen og lærarbustaden,  skulestyreformann Mons Flesland, insjenør Ross og byggmeister Sletten. – Hugnadsam råde heime. Alfotsaka er for det meste unna ved valgiftdomen 1. febr. Soleis at Eid måbetale kr. 150.000, Hornindal 30.000 og Eikefjord 25.000 (spart Eid 200.000, H. 40.000, efj. 50.000).

26/2      Sundag. Årsmøte i Fana mållag på Midthun skule. Lektor Saue fortalde frå ei Island-reis. Ved val på styre sa Joh. Hauage frå seg attval til formann. Eg sa ogso frå meg attval, har vore lem av styret i 4 år. Det nye styret vart: Rugeseter formann, Ola Bønes, Olia Midthun, Frk. Hansen, Kristina Bakka.

1/3       På kontoret. Kolås var der, mest ferdig med rekneskapen til Skramstad. Trefte Dalsaune. Han, Sæther og Winsnes skal vere med Ubøe til London denne venda – treffe utsendingar frå Kanada.

4/3       Lærarlagsmøte på Nesttun. Valde til å kome med framlegg til lærebok i skr.norsk i Fana folkesk.: M.B. Oppedal og Soldal. Kaffiykt: Pastor Irgens tala um kyrkja sitt Tredelsbind.

5/3       Nils Koltveit og Marta, lærar Alsåker sine frå Nesttun her.

12/3      Sakførar Sverre Koltveit her til middag og frametter dagen.

13/3      Sender Vestlandske forstlige Forsøksstasjon 976 1/2 liter furekonglar som borna har samla, 8 øre pr. l.

16/3      Skreiv under N.S.lag sin rekneskap for 1932. I orden alt. Tap på årsdrifta kr. 11356,69 + Tilskot frå Pelsc. 21000 kr. + 1500 kr. til dekkjing av ++biose.

17/3      Ubøe fortalde at styret har vedteke pengane i bygdal…dane skal takast ut og setjast i statsobl.   – Dei har vore utbindeledd millom laget og bygdene – og burde fått stege so lenge ein ikkje    hadde bruk for dei.

23/3      Styret i N.S.lag har vore samla fra 21/3 tyrsdag for å gjere avtale med Lampson um skinnsal – og so sjå gjenom årsrekneskapen for N.S.lag med ymse tiltak. – Gjorde vedtak um at Skr. ikkje har lov å kvittere for og ta mot pengar til N.P.blad.

27/3      Idag fekk Skr. bod om dette i rek. brev. Eg var i ettermiddag i byen og reviderte. – Inga fyller 49 år idag. Gud gjeve henne  framleis livedagane og helsa.

2/4       Sundag. Mons Bergset og kona hit upp. Likeeins Signe Brendefør og Jon. Hugnad å ha dei til gjester utetter dagen.

Samuel Olson Lien døde på Raude Korsen onsdag den 29de  april kl. 6 morgon. Eg visste det ikkje fyrr og les det i «Fj.Bl».

5/4       Tur til Kringsjå, helste på Samuel Brendefør og Rasmus Brendefør og sonen Lars. Rasmus er i byen og set som lagrettemann i lagretten for S. og F. – Samuel er sengjeliggande – og ser toleg bra ut; han er ikkje framme, for føtene vil ikkje bere honom. Samuel Lien døde truleg  av nyresykje – og magakreft. – Var på Raude Korsen frå tyrsdag middag 28de og døde onsdagsmorgoen 29de kl. 6. Vart gravlagd på Hornindal Kyrkjegard idag.

6/4       Slutteksamen for 4. kl. Av eksamensnemda møtte Bernt Agdestein, elles Berge Sælemyr og Hanna, Sigvald Fyllingen og Ingeborg og Nils Bønes – og lærarinne frk. Høsteland. 5 born sluttar skulen. Dei kom med blomar til meg. 3 av gjentene Elisabeth Kchlenbeck ein, Astrid Malkenes og Evy Ulbergsund ein. Dagen gjekk vakkert – Gud signe dei alle.

Um ettermiddag 530 kom Rasmus Brendefør og Lars- og Jon S. Brendefør. Eg møtte dei i Fyllingen, eg fylgde Agdestein dit upp. Fylgde til Fløyalåvedøra og såg inn i den og so såg vi skulen her i Sælen, dei var her til bilen 1030 kveld gjekk frå Pålen. Hugnad å sjå heimefolk i huset.

7/4       Reviderte på kontoret fyremiddag. Pastor Amund Lø..ise og gjenta hans Borghil fylgde heim til middag, dei for att kl. 6. Då fylgde eg med til byen, høyrde Lars Eskeland tale um Grønslandspørsmålet i Gimle for fullset hus kl. 830. Sorg yver tapet – tapt alt, men ikkje æra.

9/4       Palmesundag. Då vi las teksten, kom Olav Os – han vart verande til ettermiddag. Vi tala um Ålfotsaka som skal in for herradsrett, og prøvast um valgiftsdomen er gyldig. – Inga, Olav Os og eg tok til byen med 4 bilen – og gjekk saman med Olav Ytrehorn til Domkyrkja der 5 teologiske kandidatar vart ordinerte av bisp Fleicher. Millom dei var Amund Lødøren som er den fyrste Hornindøl som er prest vorten etter reformasjonen. Ein liten horndals..minge samlast utanfor Kyrkja etter handlinga var slutt. Rasmus Brendefør og Lars sonen var der,           Anders Muldsvor, Kristian Kirkhone og ein del samer var der. Etter samtale på kafeen Bergenhus, drog Inga og eg heim kl. 9. Olav Os er i byen for å kontrollere N.S.lag og å vere på årsmøtet den 11. april.

14/4      Langfredag. Anderssen Rysst og preika i skulen kl. 11. 6 nattverdsgjester. Presten og hdm. Skage til middag hos oss. Kl.330 for dei med Skage sin bil til Søreide. – Preike der kl. 4 et..  Her var storskulestova full av folk under preika.

15/4      Påskeafta. Eg har lege idag. Dårleg i ryggen – . Har vore storm i natt. Elektr. burte til kl. 12.  Åltakt med snø – og kaldt. Sola greidde ikkje vekk all snøen til kvelds.

27/4      Rev. i byen til midnatt. Fekk idag brev frå Hans. Mor har vore sterkt forkjølt – hostar – , men er litt uppe att. Hans har fått tenestegjente frå Lofoten – let bra til å begynde med. – Olav J.  Ytterorn har ulækjelig kreft i magen, skriv han. Jørgen Navelsaker sin gard er yverteken av Hornindal spb. – Eg har enno kjenning av dårleg  ryggen – slet eller gikt. – Olav J. Ytterhorn døde roleg heime torsdag 20de apr. – Lysing i «Fj.Bl.»

6/5       Styremøte i Søreide-Sælen indrem. hos Vågenes. Styret i Søreide kristelige ungdomslag møtte ogso. Samdest um at dei 2 styre skal ha sammøte minst 2 gonger um året for å samråde um arbeide for Guds rike i desse 2 bygder Søreide og Fyllingsdalen. Etter tala um bedehus, bønnemøte m.m. Heile laget var til bords hos Vågenes. Årsmøtet i S-S- skal vere i Sælen skule sundag 28. mai kl. 11. Ingolf Søvik skyssa Peder O. Fyllingen og meg heim.

13/5      Kvelden. Sigvald Fyllingen og Nils Bønes og læraren samtala um fest for borna 17de mai. Skal prøve. Gamle Rasmus Løvås døde 70 år gml. onsdag 10. mai.

16/5      Fylgde Rasmus Løvås til grava – fint ver og fylgje. Hadde av Mildebilane til skyss. Inga Berge hos oss torsdag den 18de um ettermiddag.

17/5      Fest for borna i skulen. Særleg småklassene møtte. So ein 60-70 men. Gjekk pent – i fint ver. Sigvald Fyllingen og kona, Berge Sælemyr, Nils Bønes, frk. Høsteland og Inga Navelsaker hjelpte til. Grastvedt var med og tok tida under kappingane. Hadde med stafettlaup med pengepremiar.

21/5      Morbror Torbjørn Ljones hos oss. Eg til byen og henta honom sundagsmorgoen kl. 10. Han var hos oss utetter dagen til kl. 7. Ubøe sine kom ogso framum – kapt. Olsen var med dei.

24/5-25/5          Hordf. av DNT årsmøte på Nordhordl. Ungdomskule, Frekkh. Eg var med som utsending for Sælen barneavh.lag. – Møtte og tala med Jakob Lothe og skuledir. Vevle på Jarnbanest. i byen. Hugnadsamt møte på Frekhaug.

30/5      Tyrsdag. Eg gjekk til byen. Trefte Liv på Fergebryggja. Ho sa Pernele var i byen hos Mons, og venta meg. Eg gjekk dit. Ho skulde til Oslo til Inga som har fått ein son. Ho lever vel, og vert der til yver St.Hans. Olava styrer slåtten med Bergsetnaustom. So rev. eg N.P.blad sin rekneskap, talde upp kassa saman med Kolås.

3/6       Pinsafta. Reviderte på kontoret heile dagen.

8/6       Igår slagta Salomon 2 griser, som Engel køyrde den eien til Birkeland, Kjøtbasaren idag.

12/6      Eg slutta skulen idag med 4de kl. – Ferie til 30te august då skulen tek til med 3dje kl. – Kl.1   reiste Inga, Sunniva, Brita, Ragnhild, Borgny og eg til Okrå. Kom dit med Lønningdal II tyrsdagsmorgoen 13de juni kl. 330. Alt vel, Jon Fjellheim tok mot oss på bryggja. Mor var uppe, og kom oss imøte. Far ogso siden. Det er gullbrudlaupsdagen deira. – Ved middagstid kom Nilsa-farbror og Lutrafolket frå Brg. og frå Skutevik og Ljones og oltveit kom dei, og    so gardsfolket – og or bygda hdm. Ones og lærar Aksnes og Doris Bjerke. Rett gild fest um           kvelden, med umlag 50 telegram – og ikkje få gåver. Sunniva hadde med ein bordlampe ho hadde laga – det var frå borna våre. Elles hadde Inga med ei dundyne frå syskinlaget. – Ut på kvelden reiste gjestene. Vi vart der til 21/6. 17/6 var eg i jordferd etter Jama Eikebrekt. 19/6 var Inga, borna og eg ein tur til Ljosnes til slekta der. Eg har heile tida havt 3 dagars halsesjykje – men er litt betre.

23/6      I kveld kom Olav heim frå Nidaros, har vore 2 dagar framum på Navelsaker. Har stege seg godt, og er frisk.

24/6      Skulestyrar- og lærarmøte på Nesttun – elles har eg revidert igår og idag.

27/6      I jordferd etter Brita Sælemyr, ho døde – sovna burt onsdag den 21de juni – uml. 84 år gml. Inga og eg var med i jordferda. Eg tala yver båra yver hennar eigne ord:» Um ein moder gløymer sitt diande barn, so glømer eg ikkje deg, eg har teikna deg i beggje mine hender». Song fyre tala: Velt alle dine veie, 2 v., og etter: Er Gud for mig, så trede 1,3.v.

25/6      Inga og eg var um sundagsettermiddagen og lydlest um Samuel Brendefør. Han er lam i vinstre sida, ligg. Men har det eller godt, kan lese, minnest, er godt stelt, og trøystar seg til Gud som er hans liv.

29/6      Fekk telefonbod frå Oslo kl. 1530 at eg skulde kome til årsmøte i N.S.lag. Eg var då på kontoret i byen. Bila heim – og attende til Jarnb.st. kl. 8 kveld – og kom til Oslo 30/6 fredag kl. 710. -var i møte der den dagen og 1/7. Budde hos Berta Olsen, Hermann Fossgt. 18. Sundag 2. juli hos kapt. Frøholm ved Majorstua, fadder på ein smågut Leif Oddvar, døypt i Riis Kyrkje av sogneprest Dietricksen. Alvhild Bergset bar guten, elles var det Sofia, Lars       Bergset og eg som var fadrar. – Sundagskvelden råka eg Kristoffer Kolltveit i Pipparvika, han låg der og selde båt – hadde 8-10 igjen. – Kom til Brg. mandag 3. juli. Olav Os var med same Toget. Han tok til Nordfjord um kvelden, eg gjekk til Kontoret og reviderte utetter dagen. Kom heim kl. 23 kveld. Alt vel. – Ei tjuvarbande har rasa rundt gardane.

4/7       Borgny fyller 10 år idag. Kvikk og greid. Gud signe henne. Eg til kontoret att. Olav kom med middag. Kjøpte trapes åt smågjentene.

6/7 -7/7             D.n.T. har desse dagane havt landsmøtet sitt i Brg. Eg har revidert, lite vore med. Gjorde igår istand bladstykkje um «Årsmøte 1933» til N.P.blad. I kveld reiser Ubøe sine på 14 dagars ferie til Sjernarøy.

6/7       um kvelden var Jørund Maurset her. Han køyrer bil på Paradis. Er elles bilreparatør for bilane som går frå Isdalstø.

10/7      idag reiste far B.K. Han har vore på D.n.T. landsmøte i Brg. i 3 dagar. Han, Inga og eg var på fest i Betleheim laurdagskvelden, og sundag 9nd var vi med i demonstrasjonstoget på Festplassen i Brg. – Olav, Liv, Kristiane var til Leivestad i helga. – Ikveld for Inga, Brita, Ragnhild, Borgny og eg på Nordfjordtur i 14 dagar.

29/7      Kom heimatt frå Nordfj.turen kl. 8 morgon. Alt vel heime. Liv ferietur til Leivestad.   Torbjørn til Okrå. Olav har arbeidt kano. Sunniva har 3 vekers ferie. På Navelsaker levde vel. Mor veikare, uppe ei stund, ligg ei stund av dagen. Hans har Olav Fjellet, 12 år, til hjelp. Eg fekk hjelpt til med å få kontrakt millom dei interesserte i veganlegget Grimsneset- Navelsker underskrive. Dei interesserte sin 1/10=kr. 17200. For Jørgen Navelsaker sitt bruk  teknar truleg banken under. 18/7 var eg med ved Lærar Oliver Hatlelid si jordferd. Han vart same dag køyrd frå sin lærarstad Ramnedalen, og vart frå Eid’s side tildelt ei vakker jordferd. – I Hornindal var vi i besøk hos dei på Furedals..sen og Grøthaugen. Elles gjesta vi Jørgen og Mathis, Knut og Olav Navelsaker – ein hugnadsam tur. – No er det arbeid.

31/7-4/8 Har desse dagane farta bygda rundt og teke opp Stortingmantal 1933. Borna plukkar bær i hagane.

Aug. 17            Lars Kolås var med upp til oss. Olav for idag til Okrå, Kristiane og Oddrun er der fyrr. Hellevang held på målar utvendige av skulen. 13/8 var det styrem. I S.S.indrem. hos Peder O. Fyllingen. Vågenes vart formann. – Frå 15. (tyrsdag) og heile denne veka har eg revidert på N.S. kontor.

19/8      Inga, Brita, Ragnhild, Borgny og eg til Ubøe sine på Minde. Reint gildt der. – Eg reviderar no kvar dag i Pelscentralen.

16/8      Døde Jenny (Fjellheim) Røyrvik etter blindtarmoperasjon.

23/8      Møtte som verje for Mikal Sælemyr (adr.: Mikal Severinsen, Grand Forsk. H.Dal) i skiftet etter mor hans Brita Sælemyr. Møtet var hos herradsskrivare Rishter Salvesen, Engen 25, Brg.

26/8      Jon Røyrvik, Lisbet og dottera Anna kom her til laurdag kl. 4 et.m. frå jordferd på Dale etter Jenny Grøsvik. Dei vart her til mandag 28. Reiste med «Haugland».

27/8      Lærar Haugsdal m. frue og dotter kom her i eigen bil. Hadde vore til Loddefjord i Kyrkja. –  Um kvelden tok Fyllingsdalen ugl. ved å byggje hus for 19000 kr. Dei skal ha 13000 til nyttår, gjeld 5000 kr. – Eit utlegg for dalen på 500 kr.pr. år i 20 år, eller etter 25 møte pr. år ei husleige av 20 kr. for møte. Tolleiv Kråkenes skal ha murab. Byggm. Korsvoll trearb. Det var umlag 20 ungd. på dette møtet, slike som hadde røysterett.

3/9       Sundag. Olav reiste inn kvelden til N.T.H. Skule, Trondheim. Jørund Maurset kom og skyssa honom. Liv, Torbjørn og eg var med til Skoltegrunnskaia. So signe då Gud studeråret hans.

7/9       Idag var 2dre dagen vi tok poteter. – Fru Hardeland og Fru lensm. Tvedt kom frå Laksevåg ettermiddag.

20/9      Lars Kolås leverte rekneskapen for N.P. blad til den nye Bladstyrar Høstmark. – Skr. syner seg å vere langt komen i å få til seg bladet sine pengar. Har haft ei serskilt abonnementliste  hos Garnes – han har teke kontigenten på denne lista som inkome til seg. Har etter 27/3   kvitta for beløp til N.P.blad, og brukt dei innkomne pengar sjølv personleg.

26/9      Ferdig med å ha upp potetene – umlag 20 tynner.

1/10      Sundag. Idag Torbjørns Konfirmasjonsdag. Inga var med honom til kyrkje. Karl O. Fyllingen køyrde. Gud signe honom å halde lovnaden. Eg var til Seminaret – 27 år sidan eg var der sist. Det var i høve av Deinboll-minesmerket si avduking. Truleg 90 eldre lærlingar tilstades,  – men ingen andre enn eg av mi klasse. – Der er nytt med internat og skulekjøkken, lærlingane utetter bygda hos folk er det slutt med. Eg var upp til Kristian Lunde og Per Kyvik og helsa på husvertane mine fra 1887-89.Helsa ogso på Per Lundemannsverk som eg budde hos 1905/06 på «Strandheim» då eg styrte småskulelærarkurset.

5/10      Møtte på Nesttun og tok mot vinstrerøystesetlar. Andr. Skage køyrde meg heim.

23/10    Sundag. Til Nesttun-kyrkja. Røysting etter preika um å få 6 nynorske gudstjenester um året. Vart vedteke med 111 røyster, 20 r. mot. Ettermiddag reviderte eg på N.S. kontor. No ferdig med skinnrevisjonen for 1932/33.

28/10    Lærarlagsfest på Kyrkjevoll skule. Inga var med. Stor samling. Vevle og Markhus med og Dankert Skogen og Ljones. Tida er leitande etter rette opplæringsmåter og – uviss. Det var fasitta av talene. – Berre det visse å søkje hjelp frå ….. til arbeidet.

29/10    Sundagskv. Konf.fest på Søreide. 8 konf. med frå Fyllingsdalen. Dankert Skogen tala godt avh.sak til borna. – Eg song gamle tonar: Kor godt, og kor gudeleg, Kun død er mig, Overmåte, Når liv og st.

10/11    Lærar-og lærarinnelagsmøte på Midthun skule. Vedt. å be um å få Skr.norsk Bøkene til Håland og Hans Bergesen på prøve. Nemd sett til å kome med framlegg til lærebok i Bibelsoga: Eide, Kolrud, Navelsaker, frk. Svardal, Tufte.

14/11    Fanaboken kom til skulen – 44 eks. Tinga burt i Sælen krins.

30/11    Johan Sælen utført elektr. reparasjonsarbeid i Lærarbustaden og Uthuset. – -10¤ og berr mark. Is på Årtuvannet – og måneskinn um kveldene. Ungdomen renner på skjæser. Kristiane fall på isen sundagskvelden 26/11 og slo seg sleinst – lett heilerest. Ho er no bra att.

2/12      Hos Ingebrikt Løvås og delte Leseringsbøker, 7 lemer iår.

3/12      Sundagskveld. Styremøte i Søreide-Sælen indremisjonslag og Søreide kr. ungdf. Samdes um   å få prestane til å halde bibelkveldar på Søreide. Gjorde istand søknad um 5 øre frakt på Mildebilane for kyrkjesøkande frå Søreide og Sælen.

10/12    Til Nesttun kyrkja – valde Menighetsråd for 1934/36. Tok derfrå til byen saman med Vågenes, åt middag saman på Kaffistova Noreg. Eg reviderte ei stund.

11/12    Olav kom tidleg morgon frå Trondheim. Levde vel og hadde havt god reis.

20/12    Gått rundt med gåver av kyrkjeutdelinga til Kristi Helgeplassen kr. 25,-, Anna Vegsund 15,-, Rasmus Sælemyr 25,-,  Aleks Johannesen 15,-, Stene 30,-, Karl R. Fyllingen 15,-. Alle takka og var gla for gåva.

19/12    Krinsmøte. Tilsyn for 1934: Ole M. Sælensminde, Rasmus Bønes, Karl K. Løvstakken.

17/12    Sundag. Andersen Rysst her og preika til høgmesse.

26/12    Var på Grimstad på joletrefest ikvell kl. 5. Tala yver Luk. 17.20-21 um Guds rike inne i oss – på fest i det Kristelege ungdomslaget der. Emisær Midthun var der ogso. Joleveret umlag  +0¤ C alle dagar, berrmark, noko regn. Stor hugnad, med alle borna heime. 1Ste joledag var eg og Sun., Olav og Torbj. til Birkeland kyrkja.

29/12    joletrefest for borna. 99 betalte bilettar. Gjekk godt. Ingeborg Fyllingen stod for kjøkenstellet.

30/12    I joletrefest for ungdomen. Danker Skogen tala. Eg tala seinare um kvelden. Gjere upp sin  livsrekneskap. Elles har eg revidert på kontoret med uppgjerd for skinn til seint på natt.

1934

1/1       Berr mark. Heime. Mons og Maria Bergset og 3 av borna deira kom her til mddag idag. Det bles no, isen fer av Årtunvatnet att. Synnaver. Litt regn, og berr mark. – Gud signe det nye år for oss.

7/1       No er Olav nett reist til Trh. kl. 920 kveld. Gud signe honom på hans ferd og i hans skulegang. Det har vore gildt å ha honom heime. Johan Ferøy kom her idag i 11tida, og vi har havt hugnad av samver med honom til no, han reiste med same bil som Olav, – Karl Nebbestølen-. J.F. er på sers fylkesting for S.ogFj. til å gjere vedtak i gjeldsspursmålet åt fylket. Eg tala iaftes med ordf. Hjelle og Gausemel um det. – Eg har etter joledagane vore i byen og arbeidt med uppgjeret åt Pelsc. like til fredag 5/1.

8/1       I møte i Bibelsogenemda hos lærar Kolrud på Nesttun kl. 1630. Vi fekk kvar sine 5 eks. Bibelsoger å gå gjenom.

31/1      Igår og idag revidert (idag sundag) Pelscentralen, ført àjour konteringane i kreditnotabøkene. Dei har eg i veka havt med heim og revidert dei.

1/3       Var til kontoret og reviderte. Snakka med red. Høstmark um den nye instilling åt styret til auksjon, for m.m. Idag reiste  Ubøe og form. Dalsaune til auksjonane i London. – Der er no kome eit nytt revafor i handelen i Oslo.

8/3       Helga kom til oss for å sy. På Okrå lever vel.

10/3      I kveld skal huset åt Fyllingsdalen ungdomslag vigjast um til bruk. Til no har ungdomen havt sine møte og festar i skulehuset, matsal i kjellaren og spelrom på loftet, og det har gått godt, utan noko knirking, – Inga og eg var på festen, innlederne,  Matin Birkeland heldt vigsletale – vigsla huset til ungdomens framgang – å ja, ein del løst yver dei som kritisera ungdomen – og ein del skryt yver ungdomen som no er betre enn han vert halden for. Huset er koseleg inni, avdempa, rolege fargar. I matsalen framifrå uppverting. Godt spel um eit lite stykka av no Tu — det var Arne Nygård og Einar Engelsen, Kristi Engelsen og Edit Nilsen. Liv Navelsaker hadde bladet som og var godt. – På festen 50 innbetne utsetningar frå ungdomslag i Fana, – og so var form. i Hordal. Ungdomssamlag hv. Lærar Hole frå Manger med.

13/3      Har ordna bringebæra. – Igår var det kringkasta fra N.S. lag. Ubøe og Dalsaune har vore i London på marsauksjonen 14 dagar. Kom att sundag 11/3.

14/3      Åbotsnemda og såg på skulen og lærarbustaden.

23/3      Olav Os upp her kvelden, for alt morgoen etter – laurdag. Han har vore i Årsm. i N.S.l ag. Vi tala um N.S. og P.s. sine disposisjonar.

16/4      Delte ut avgangsvitnesbyrd til 13 lærlingar, 11 gutar og 2 gjenter. Brita var den eine. Viktor Nilsen kom med ein ljosestake med ljos i til meg. – Idag tok 4.kl. til nytt skuleår med 30 lærlingar.

19/4      I jordferd etter Edvard Løtveit. Eg tala yver båra i heimen yver Salme 62.7. Dankert Skogen tala i Møllendal Kapell yver det same. – Der var godt å vere i jordferdslaget utetter dagen. Pastor Astrup og frua var der – dei eig Løtveitholmen.

29/4      Fru Hega Kolltveit – kona til Sverre og småguten Johannes var hos oss frå middagen.

6/5       Inga og eg i Årsmøte for S.S. indrem. på Grimstad hos Nils L. Grimstad – ein gild samlingsstund, eit godt møte. Brigt Fjelltvedt var og tala.

10/5      Underlensm. Strømsæter på Sælen skule kontor og forhøyrde læraren um Ester Hole. Faren er fastsett for blodskam med barnet i 1931.

17/5      Torsdag. Skulebarnetog kl. 9 morgon – med tale av læraren, kapping, mat og leik. Veret nokso kaldt, elles uppheld. 70 born – 20 vaksne.

Ettermiddag og kveld fest i Ungdomshuset, eg heldt festtale yver emnet: Ja, vi elsker. Rundt 150 menneskje. Spelstykkjet «Brennefolket». Pen ungdom, vakker fest.

21/5      Andre pinsdag var Red. Høstmark og frue, Hr. Ubøe og frue gjester hos oss. Bernt Klokk var og med. Hyggjelege gjester.

22/3      Dorothea Sælen døde torsdag 25/3 middag – 79 år gamal.

26/3      Prøve i stil, 27/3 prøve i rekning. 11 gutar og 2 gjenter tok prøva.

28/3      i jordferd etter Dorthea Sælen. Ein fin dag, frå den vakre heimen på Flata i Sælen og til gravkapellet. Hennar slekt frå Hosanger er stor, og so grannane frå heile dalen: Sælen – Fyllingen, Lærar Løvås tala i heimen, Dankert Skogen i gravkapellet. Lærar N. i heimen um kvelden – og so lærar Herland frå Hosanger. – Fin og hugnadsamt lag. Av Dorthea og Steffen sine 13 døtre er 3 døde, 2 i Amerika og 8 møtte ved jordferda. – Men Dorthea – eit freidig,       ljost og godt menneskje, med stor intelligens, forstand og kraft – vel den fyrste i Dalen av dei eldre kvindene.

6/4       Munnleg eksamen i fint ver. Melkild og frua her.

11/4      Oddrun fyller idag 15 år. Gud signe henne – på hennar livsveg.

Idag slutta 13 born skulen. Dei gjev med gåvar, idag 2 serviettringar, årsprøvedagen 6th april 1 setlebok og ein sylvblyanthaldar. Ja, det har vore hugnad med dei. Må Gud fylgje dei på  deira vegar.

12/4, 13/4 og 14/4          arbeidt med revisjon på N.S. Kontor. Edv.Løtveit døde torsdagskvelden 12/4 ca. 70 år gamal. Ein staut mann.

23/5      Klokk spanderte billett til Komedieteateret på meg. Såg «Norsk-Amerikansk» av Torvald Tu. Hr. og fru Ubøe, frk. Knudsen og Ragnh. Ubøe var ogso med. Etter til kvelds hos Ubøe på Minde.

26/5 og 27/5      Til Indre Arna på Fylkesmøte for Hordalandf. av D.N.T. Saman med bakar  Kristensen, Elias og Sverre Søreide losjerte eg hos Ola Indre-Arne – greidt og godt. Eg var med i valnemda, formann, samrøystes framlegg, Lærar Kvamstø kom inn som ny mann for ungd.skulelærar Andr. Mongstad, Arna ein rett pen stad.

29/5      I lagmannsretten som vitne i sedskapsaka mot Karl Hole. Forklarte um Esther og Gerd som gjekk på skulen her 1927-32. Sedskapsbrotet i 1931.

2/6 til 5/6          Reis til D.N.Sk. selskap sitt årsmøte på Vereide i Gloppen. Gild reise. Vann meg 3 vener frå Herdla: Rasmus Breivik, Sivert Fauskanger, Hans Hestehaugen. Vi budde på garden Hjelmeset hos Olav J. Hjelmeset. Overlag gildt der. Råka Kyrkjes. Lars Reed, Innvik,   der.

9/6       Lars J. Berge gift idag.

10/6      Sundag. Olav kom heim frå D.T høgskulen kl. 1 idag vi sat og las evangelja. Han liver vel, og har stege seg med eksamen, vorre uppe i 6 fag sidan påske. Den eksamen er hard påkjenning. Gud skje lov det har gått so bra som det har gått.- I kveld i Sylvbrudlaupslag hos Berge Sælen.

13/6      Har no grusa rundt stovehuset, og ned i vegen. Idag fylte eg 55 år. Alderen kjem umerkande. Guds miskunn fyl meg frå år til år, han vere lova.

14/6      Idag slutta 3.kl.,og ferien tek til.

15/6      Lærarinna slutta idag 1.kl. og reiste 16/6 til Masfjorden.

17/6      Jørund Maurset kom, med Olav er heime. Dei var til Hordastemma på Fana um ettermiddagen.

18/6      Olav reiste heimantil kl. 19 til Kjeller fykemaskinfabrikk for å stå eksersisen der, skal melde seg til teneste på Kjeller 19/6 kl. 10 1/2. Gud signe honom.

20/6      Kl.15 var Inga og eg og Knut Samdal i Fyllingsdalen Barneforening. Listene vart trakte, og     til D.N.M.selskap vart utdelt kr. 65,00. Eg sa nokre ord um at Gud er trufast, 1 Tes. 5 kap. 23.24.

30/6      Revidert i byen mest heile veka. Trefte Olav Os på kontoret. Han var i byen på D.N.Salslag styre og kontrollmøte.

4/7       Idag er Borgny 11 år. Gud signe henne. – Oddrun og eg fer ein 8 dagars tur til Nordfjord ikveld.

16-17/7 Kom att frå Nordfjord. Oddrun vart att til 20/7. Pernille Bortne døde i ettermiddag den 16. juli /måndag).

21/7      Sylvbrudlaupsdag – 25 år idag sidan vi vart vigde i Strandebarms kyrkja. Far, mor, Jon Liset kom i bil um morgoen – Kristiane var med dei. Um dagen kom Berge Sælen og Marta, Engel Fløyen og Ragnhild med personleg helsing til oss – 19 helsingar med telegram og blomar. Borna kom med gåver, Liv og Sunniva med 6 gaflar og 1 krålampe. Gud signe dei alle.

23/7      Far, Jon og Lisb. reiste. Eg var med dei til byen, og vi var ein tur til Fløyen. Elles reviderte eg på N.S.

26/7      Mor, Inga og eg til Espeland fabr. og kjøpte terikotage-restar. Fin biltur, eg rev. etterm. 27/7    Kr.ane for til Okrå att.

29/7      Mor, Inga og eg til Fana kyrkja – olsokpreike. Til middag hos presten, såg inn i Kyrkjevoll- skulen, og i bustaden til Hjellestad. Han synte oss um. Heime kl. 530, fin biltur. Torbjørn, Hans Fløyen og Jorund Maurset tok 24/7 ut på kanotur um Hardanger, torsdagskveld kl. 1930 kom dei til Okrå. Liv kom att ikveld frå Leivestad, reiste dit med Gudrun Maurset   24/7. Ho har havt blindtarmoperasjon, 11 dagar sjukehus, kom hit 22/7, er no bra.

31/7      Mor reiste med «Haugland» til Okrå.

2/8       Kanokarane kom att i godt hald.

1/8 – 4/8            Eg teke upp det Kommunale manntal 1934 med 385 rf. i Sælen krins. 4/8     Torbjørn sykkeltur til Okrå.

5/8       Styremøte i S.S. indremisjon hos oss. Vågenes form., Peder Fyllingen varaf. Og Navelsaker skrivar.

6/8 – 10/8         revidert i Pelscentralen – no a jour til dato.

11/8      Laurdag. Oddrun kom heim att frå Navelsaker. Hadde gjort seg noko skade ved å stange mot streng i ei hes, skade på lippa og nasa. Hun bra stelt og i god betring. I ettermiddag Pernille Maurset hit upp med Liv. I byen for ryggen – masasje – men bra no.

19/8      Idag sundag tok Torbjørn saman med Jørund Maurset og ein til ut frå Okrå på sykkeltur, Eidsfjord, Lilleh., Galdhøp., Stryn, Vadheim og heim att i dag kl. 8. Gild tur.

Torbjørn kom heim att av sykkeltur 21/8.

20/8      Brita, Oddrun, Kristiane, begynde skulen, Brita og Oddrun Fana komm. Mill. sk., Kristiane Brg.Katedralskule. Torbjørn begynde Fana Gymnas 1.de real. 22/8 på Storetveit.

29/8      Eg kasta grøft tvers gjenom vegen for grunnvatn frå lærarbustaden.

1/9       Begynde skulen 1. og 3- kl. i Sælen.

3/9       »              »         2. og 4. kl. i Sælen.

4/9       Slagta 2 griser. Salomom Helgeplassen var her.

8 og 9/9 Laurdag og sundag i lærarmøte Hordaland Krins på Frekkhaug. Var saman med Ånedal, Kyrkjesongar Brekke, St…dstraum, Lærar Lunde Brg. Godt møte. 13/9 Kristoffer kom um kvelden.

15/9      Målarane endeleg ferdige idag. Borni ligg medan på skulelemen, Inga og eg på Kammerset.

18/9      Olav. Korleis han står seg i Tr.heim.

Heradskas. Løn sept. H.T. DnT. Årsmelding barnelagsarb. 1933

18/9      Olav Os upp her um kvelden. Styremøte i N.S. lag.

2/4       Lars Os døde idag   85 3/4 år gamal.

4/10      Lærarmøte Nesttun – ordskifte um Bibelsoge-byte.

Ikkje semje – mange meiningar.

I byen på Heradsskrivarkontoret i skiftesamling etter gamle Brita Sælemyr. Å dele rundt 17000 kr. Vart sett av 300 kr. til gravmerke.

7/10      Oddrun var konfirmert idag i Storetveit Kyrkja av presten Otto Irgens. Inga og eg var med, desuten Anna, Helga, Sunniva og Brita, og frk. Høsteland. Peder O. Fyllingen køyrde oss i bilen sin. Regnde svært heimyver. – Gud signe Oddrun til å halde sin lovnad. Hdm. Skage hertil um kvelden og tala um lærebokbyte i Bibelsoge.

8/10      Skulestyre- og lærarmøte på Storetveit i gymnastikklokalet. Skulestyrar Løvås målbar emnet «Attsitjing i klassene».

15/10    Kommuneval. Fyllingsdalen vart utan representant. Vinstre fekk 3: Grinde, Solheim, lærar Eide.

31/10    Møte hos læraren um Vegljos i F.dalen. Styrm. Danielsen, Snikkar G. Larsen, Telegr.st. E. Grastvedt, Berge Sælemyr, Ing. Løvås, Sigv. Fyllingen og Navelsaker tilstades. Samdes um uttale å sende til Herradstyret um vegljos. Navelsaker fullmakt å skrive under henne. Ikkje folkemøte um saka.

9/11      I meinigheitsrådsmøte. Soknedelingsaka – ho skal fyre i meinigheitsmøte. – Bibelsogebytespursmålet utsett. Dankert Skogen vilde ha ei uttale um at Berggrav, Lødøen,  Vogts bøker alle var tenlege å ta i bruk. Eg uttala meg mot dette, då saka utsett.

23/11    Tala med Olav Os på Kafe Bergenhus. Han til styremøte i Oslo i N.S.lag . Auksjon der 26/11, N.S.lag rundt 4-5000 skinn.

28/11    Onsdag – leseringen årsmøte på kontoret. Olav Os kom her medan.

29/11    Årsmøte i Fana lærarlag. Bladnes vart vald til formann. Inga var med til møtet. Inga   Alvsåker er sjuk av gikt.

1/12      Inga og eg i brudlaupet til Edit med Vegen. Ho vart gift med Hjørnevik. Eit gildt lag. Dei bur på eigen gard i Alversund.

2/12      Sundagskveld var Inga og eg og Liv i Fana mållag sin fest på Nesttun. Markhus heldt festtala, og tala for kvinna.

5/12      I Lauvåsen og delte Leseringbøker til 9 lemer. 18 bøker.

14/12    Olav kom idag tidleg med 7 3/4 bilen heim til jol. Frisk og i alle deler vel. Det er ei glede at han er heime att.

16/12    Soknepresten Anderssen Rysst var her idag og preika til høgmesse. Det kom inn til dei fatige til jol kr. 57.00. Hdm. Skage og soknepresten var hos oss til middag og kaffi.

17/12    Idag kl. 1 1/2 kom Hans i telefonen og fortalde at Mor døde sundag den 16de desember kl. 7 um morgoen. Ho hadde havt det noko tungt siste døgna, ikkje fått sove netene. Var med seg sjølv til det siste. Gud signe og glede henne i sin himmel. Ho har vore god for oss frå fyrst til sist i bøn og arbeid.

18/12    I kveld, tyrsdag, kl. 19 skal Inga og eg reise i mors jordferd. Inga og eg reiste heimanfrå kl. 1545. Fylgde «Kong Harald» til Måløy derfrå motorbåten «Maløy». Frå Os vart Brita med. Kom heim med «Dølen» 19/12 kl. 1515. – Mor låg i kista i Nystova, lik seg, bleik, mest smilande – lik Gamle Brite i Lindene, sa dei som hadde sett henne.

Torsdag 20/12 um kvelden kom Johanes og vilde sjå henne. Han hadde vore på Sanden den 16de då ho vart lagd i kista. «Ho var eit kjærleg og venleg menneskje. Ho vilde alle vel, ho skapte ikkje mykje ufred i garden. Ho var ein strevar, ho livde ikkje noko av kreftene sine. Vårherre må like slike. Ho må få ein god stad. -Det må vere med henne som ho sa det var med Nils på Helgøya då han var død. Han var alltid so morosam og med godt mod. Han er gådde fyre for å ta mot oss. Vi kjem snart fleire etter.» Ei vakker minnetale yver mor frå næraste grannen. Kista vart lagd lokk på fredagskvelden 21de. Far hadde arbeidt kista fyrr han døde i 1920 truleg. Nils Nes slo loket på. Ho vart pynta med balsamgranbar, og 14 kransar. Den 22de samlast Otredølar, Navelsakerar, Fjellarar kl. 8. Dei fekk frokost. Vi bar kista inn i stova. Eg tala yver Salme 18.1 «Takk Herren, for han er god, og hans miskunn varer oveleg». Song «Mitt hjarta lova herren» 3. og 4.vers. Kl. 10 for vi med «Dølen» som låg ved landet vårt og venta då vi kom berande med kista. Ola S. Lien køyrde kista frå Sanden til kyrkja. Presten Eide forretta inne i kyrkja ved kista. Mor vart gravlagd jamsides far. Slekta frå Dalen fylgde til Navelsaker med «Dølen». Det var middag og kveld. Ved kveldsmaten då     kvar skulde gå til seg, tala eg yver 2 korintarbrev 5.1. «For vi veit at um vår jordiske likanes hus vert nedbrote, so har vi ein bygning av Gud, som ikkje gjort med hender, ovelig i himmelen». Grannane for, slekta var til sundag ettermiddag. So signe Gud  henne mor, og oss som er att til å gå i hans vegar. Vi var heime med jola. Kom brev frå Nils. Han sender kr.1000 til Olavs skulegong. Inga for heimatt fredag 28de desb. 34.  Eg vart og tala til Horninsdalsungdomen laurdag 29de desb. «Han lagdes i et krybberum, ei ende har hans herrlegdom» og foredrag um «Tida». Pen umgdom. – Var nyttårsafta på Navelsaker.

1935.

1/1       Reiste frå Navelsaker til H…enøy. Hilsa på hr. Raud, fekk 1 stas hos honom. Bila saman med Oliver L. Nagel til Eid. Låg på Os. For 2/1 onsdag til Måløy, og kom heim til Sælen torsdag 3/1. Alt vel heime.

4/1       Litt forkjølt. Har skrive brev idag.

19/1      Olav reiste ikveld til Trondheim att. Det har vore rett gildt med han var heime. Litt influenca heile huset siste vekene, men no bra att. – Laurdag den 12te  joletrefest for borna i  ungdomshuset. Eg reviderar på N.S. lag ettermiddagane.

9/2       Ola Nils Navelsaker døde idag laurdagsmorgoen i 6 tida, or Hans sitt brev.

21/2      Styremøte i N.S. lag. Eg har mest kvar ettermiddag vore på kontoret og revidert. Salomon Helgeplassen slagta 2 grisar idag.

2/3       Lærarmøte Nesttun. Markhus tala um skulereformer. På lærarmøtet røysting um Bibelsogespursmålet: Berggrav 7 r. Vogt 7 r. Lødøen 1 r. Ved 2.røysting: Berggrav 7 r. Vogt 8 r.

3/3       Sundag kl. 6 morgon, døde Samuel Brendefør – 69 år gamal. Han budde no i sjølveigande hus på Oldernes, Laksevåg. – Men kvelden same dag hadde Fana bondelag årsfest i Ungdomshuset her i F.dalen. Inga og eg var med. Ei hyggjeleg stund.

9/3       Samuel Brendefør vert vravlagd på Nygård, Laksevåg idag. Samlast kl. 12 i heimen. Mange var møtt fram. Rasmus, broren, med kona, Brita frå Hornindal, Rasmus Maurset og kona Oline frå Leivestad. Inga og eg var der. Kransar lagde på kista frå Loddefjord og Laksevåg. R.B. og K.M. med koner var med oss til Sælen um kvelden. Sundag 10/3 fylgde Inga og eg dei til lærar Gullaksen sine.

7/3       Signe og Håkon Brendefør, og Mons Bergset sine uppe her frå middag av . Reiste med 10 1/2 bilen frå Hamre. Hugnadsam dag.

24/3      Alvsåker sine, Nilsfarbror og Marta, Fru Sverre Koltveit hos oss. Eg var fyremiddagen ein liten tur til Gamle Jon Nordås, han melde frå um at han hadde misst bankboka med ca. 300 kr. Eg kom heim fyrst etter gjestene var komne.

31/3      Inga, Ragnhild, Borgny og eg var til Leivestad, reiste laurag 30te. Vart vel mottakne av Maurset sine. Dei lever vel. Kom heimatt sundagskveld.

1/4       Eksamen i stil – 15 som tek prøva.

8/4       Munnleg eksamen. Gjekk godt, fint ver. Borna som slutta skulen gav meg ein Fyllepenn.

9/4       Brita Lund – kunstvevar frå Hornindal – kom og var hos oss natta yver. Idag begyndt 3.kl. nytt skuleår.

7/4       Har beskåre bærbuskene i båe hagane.

19/4      Laurdagskveld. Anderssen Rysst preika her i skulen. Han, hdm. Skage og frua, Vågenes og frua til middag  hos oss. Samtala um soknedelingen.

12/5      Sundag kl. 2 f.m. døde Lærar Rasmus Brendefør heime på Sollid. Krasa foten under ein  timberstokk på Saga måndagskveld den 6te mai. Tyrsdag søv han inn i siste svevnen og kom ikkje til seg sjølv meir. Gud signe honom.

12/5      Samtalemøte i Fana og Birkeland kyrkjer um soknedelingssaka. Flest tala for at Fana vert delt i 3 sokner: Fana sokneprest, Birkeland residerande kapelan, Storetveit 3. prest.

19/5      Samtalene i Storetv. Kyrkja um samme emnet. Eg sette fram framlegg: Fyllingsdalen bør høyre til Storetveit sokn.

2/6       Røysting i alle 3 Fana kyrkjer um spursmålet. Eg møtte i Storetveit-Kyrkja – mykje forkjøld. Grunningar kort framlegg 1. By og land væra venn, vi er alle norske menn». Og 2. Storetveit   kan lettare kyrkjeleg tene 1 landskrins enn Birkeland, 3, for ikkje segja 4. Mitt framlegg fekk   12 r. (vert ikkje vist kor mange mot).

30/5      Kristi Himmelfartsdag og onsdagen fyre var eg til Hundvin og med på Hordafylket av.D.N.T    sitt årsmøte der. Var formann i budsjettnemda. Vi låg hos Maurset sine på Leivestad. Hdm. Skage, Kristensen, Håkon Grimstad og eg. Køyrde i bil til og frå der. Vevle var med, sa frå at det er siste år han står som formann i D.N.T. Norges bok.lag.

5/6       Lærar og skulestyremøte på Storetveit skule. Frk. Wik foredrag um Boksamlingsaka.

18/6      Sunniva tok ferietur til Petra Olsen, Haugesund – vere der 14 dagar. Kristiane upp til hard prøve i soga, fekk Ng.

22/6      No har eg i 14 dagar revidert på N.S. kontor. Idag med Ubøe i motorbåten hans til Knarrevik såg dei gamle fabrikkbygningar. Klokk Øyesvoll, Høstmark og frue med – og so Torbjørn.

30/6      Til Fana indrem.stemne ved Fana Kyrkja, og i Fanafj. Ein gild dag. Tale av emisær  Lu… «um livsmål».

8/7       Styrem. I S.S. indrem. hjå Vågenes. Vågenes formann, Peder Fyllingen varaf., Navelsaker skr. og kasserar.

10/7      Eg arbeider framleis med revisjon. Det har vore Pelssentralen siden pins.

Olav kom heim av tysklandtur tyrsdag 2. juli. Vert heime for å lese i sumar. Sunniva kom att frå 14 dagars ferietur til Haugesund til 1. juli. Liv er 14 dagars tur til Hålandsd. og kjem att  til 14de.

13/7     Kristiane og eg tok på Nordfjordtur kl. 16 frå Bergen. Var på Os, Nes, Navelsaker, Sollid og Lien. Eg kom til Fyllingsdalen att 6te aug. Kr.ane er att i Hornindal. Eg slo i hagen ved stova same dagen. Alt vel heime.

10/8      Har vore i byen og revidert i N.S. Idag heime, bøte sko m.m. Olav kom att frå 6 dagers kanotur til Okrå. Regnsamd ver.

19/8      Olav reiste til Tr.heim att ikveld kl.7. Han skal upp i eksamen i 3 fag sist i august. Har vore ein hugnad med honom var heime. Eg reviderar på N.S. kontor kvar dag no. Det er Kreditnota bøkene. Mama saftar og syltar, mykje bær i hagen. Idag kom ein kasse solbær frå Okrå. Torbjørn kom att frå Solund tyrsdag 13de , han har vore hjå Johan Færøy 14 dagar, og har havt det rett godt der.

25/8      Tur med hdm. Skage og frue til Eikelandsosen og Hålandsdalen i bil. Eg og Inga med – ein gild dag.

26/8      Eg har og arbeid med revisjon vel ei veke – føre skinnlisteprisane yver til kreditnota bøkene. Lite feil – flinke kontorfolk.

1/9       Ingebrigt og Sygni Løvås har sylvbrudlaup i dag.

8/9       Einar Einarson Fløyen døypt.

4/9       Ola Helgeplassen var her og slagta 2 griser.

23/9      Sundag på Kristeleg lærarstemne på Frekhaug-kk. ungdomsskule. Hope var der – tala um å sjå Jesus. Det var levande ord.

27/10    Idag tala Gustav Hansen (santalmisjonen) her i skulen. kl. 3 1/2 møte i S.S.indremisjon og S.kr. ungdf. um Søreidgrend bedehus. Eg tala til uppbyggjing yver Mat.9,1-8.

Bedehuspr. Irgens si gåve på kr. 5000 vart motteka med takk – atterhald at B.meinigh.råd må søkje um huset til gudstenester, og at bedehusst. skal få høve søkje B.mråd um husleige.

Tomtekjøp i Dolvik vart godkjent.

Byggjenemd: Vågenes, Mart. Steinsvik, Reinhart Grimstad, Netteland, Hdm. Skage vart vald. Det er dei som fyrr har arbeidt med saka, valde av styret.

Kostnaden. Tomt                                                            1500 kr.

Sand cement 850. grunnarbeid 1900                        2750 »

Sjølve huset                                                                    11400 »

                                                                                   15650 kr.

Irgens si gåve og mogelege gåver kan gjelden verte 6000 kr.

31/11    Konf. fest Søreide kl. 4. Bra med folk. Oskar Martinussen tala og han og frua song. Hyggjeleg fest.

8/11      Ragnar Nes her på Hordf. Sylvrevutst. Gjekk til byen idag, reiste til Petra i Haugesund.

15/11    Nils – bror kom heim frå Amerika idag kl. 245 .

5/11      Tyrsdag morgon kom Kr.ane fra Navelsaker.

Her mangler det noe.Mulig det gjelder Nils-bror.

Kom frå skulen var han komen heim i stova med bilskyss frå Laksevåg. Han kom til Brg. kl. 10 kveld den 14de . Lever vel, ser litt eldre ut. Vil vere vinteren heime. Det var ei glede for oss alle å sjå honom. Gud signe honom.

18/11    Måndag. Nils reiste til Nordfjord kl. 10 kveld med «Olden». Eg gjekk til byen og møtte honom – var saman på Sølvrevslaget, såg oss um. Åt kvelds saman. 19/11 Idag telef. eg  til Os at han kjem der ikveld kl. 9.

26/11    Fru Sarah Dekke kokedemonstrasjon i skulehuskjellaren. Årsmøte i læseringen.

6/12      Faste Johanna Ljosnes, faste til Inga, døde 6. desember. Vert gravlagd fredag 18/12.

17/12    Tyrsdag kveld kl. 8 krinsmøte. 9 røysteføre møtte. Tilsyn valt: Rasmus Bønes, Ole M. Sælensminde, Karl Løvstakken. Vart vedteke at krinsmøte skal kunngjerast ved uppslag. Eit framlegg um at krinsmøtet skal utsetjast for å verte innkalla ved uppslag vart vraka med 3 r. for, 6r mot.

20/12    Olav kom heim i dag tidleg vi sat åt frokost. Han lever vel, og har stege seg godt.

Idag slutta styret i N.S. lag sitt møte i Brg. Har vore saman 3 dagar. Auksjonen i Oslo har gått godt.

26/12    Inga og eg tok med bil til Okrå. Heimanfrå 815 til Okrå 1330,  gjekk rutebil yver Kvamskogen. Lite sø. Far fyllte idag 80 år, lever vel. Torbj. Ljones, Erling Koltveit, Knut Ljosnes kom og ynskte lukke. Um kvelden kom Torbj., Olav og Ragnhild Skutevik, dagen etter Inga Berge. Mor og lever vel. Gud signe dei gamle. Inga og eg reiste laurdag 28/12 kl. 1030 med bil, heime 1530. Olav og eg for med same  bilen kl. 1615 til Bergen og tok med «Alden» kl. 17 til Nordfjord. Kom til Eid 29/12 kl. 9, gjekk til Os. 30/12 reiste vi kl. 3 med bil til Hord. og tok med «Dølen» til Navelsaker. Brita og Olav Os, Nele, Nils og Hildr. Nes, og so Olav og eg. Nils og Hans tok mot oss på bryggja. 31/12 kl. 12 henta vi Pernele, Sofia og Arne Bergset med Såta-naustet. So var vi samla alle systkena som er her i Norge. Sveinlina er i S. Dak. Var heime på Navelsaker 1/1-36. 2/1 skyssa Hans og eg Olav Os, Nils Nes, Pernele og Sofia og Arne til Såta der bil henta dei kl. 16. Ola, Brita, Nele, Hildr. og eg vart til laurdag 4/2 kl. 14. Då for vi med «Dølen» til Nord., bila til Os, for frå Eid kl. 20, Olav og eg kom til Sælen 5/2 kl. 18.

Systkeinmøtet var gildt, har ikkje vore samla på umlag 40 år på Navelsaker som no. Hans stelte det rett godt for oss. Pernele og Brita skifte kleda etter mor. Gud signe oss kvar på våre  vegar.

1936

19/1      Olav for i ettermiddag kl. 10 sundag til Trondheim att. – Eg var på Søreide i skulehueset  – tala på medlemsmøte i S.S.indremisjonslag. So vart gåva til presten Irgens til bedehuset motteka samrøystes på det vilkår at menigheitsrådet skal etter samråd med bedehusstyret ha høve til å ha kyrkjelege møte og handlingar der, då ikkje meir enn eit pr. 14de dag. Lovene for huset vart endeleg godtekne. Byggjenemda fekk fullmakt å arbeide med byggjespursmålet. – Skage hdm. køyrde meg og Peder O. Fyllingen med bil uppatt.

26/1      Igår ettermiddag og idag rev. i Pelsl. For kl. 4 til Søreide frå Bgr. og var på årsm. i avh.laget. Styreval: Kristensen form. Elles: Harald Grimstad og Navelsaker valde for 2 år. Ragnvald Skage for 1 år. – 25/1 vart Erling Sælemyr og Anna Tangedal gifte, brydlaup på Laksevåg.

4/2       I jordeferd etter Gamle Kristi Helgeplassen. Ho døde onsdag 29. januar. Ho fyllte 91 år den 12. desb. 1945. Eg tala yver Salme 23.1.4. Gud signe henne.

1/2       Foreldrefest i Ungdomslaget. Jakob Naustdal tala.

10/2      Soknedelingsmøte i Skulen. Stemning for at Fyllingsdalen saman med Søreidgrend går til Storetveit sokn.

2 tala for Kråkeneslinja

2  »    »    Fyll.   med

2  »    »    Fyll + Sør med

Elles vala alle for at Søreide vart med, kunde då rekna med sterkare representasjon for herradsstyret.

14/2      Fana lærarlag. Høgskulestyrar Birkeland tala um Framlegget til skifte i rettskrivinga.

10/2 – 22/2        Sløyd og saum. Inga har lege av influensa i denne tid.

21/2      Prof. Indrebø tala um rettskrivingsframlegget i Lærarl.

6/3       Nils og Hans kom her til ved middag. Nils er på veg til Amerika. Hans dreg til byen.

9/3       Hans reiste heimatt um kvelden. Kom telefonbud om at drengen Martin Melheim, hadde fått blodforgift i ei hand. Elles vel heime.

11/3      Nils reiste til Amerika att med «Stavangerfjord». Torbjørn og eg med honom til byen. Torbj. gjekk heim kl. 6 kveld. Eg vart med Nils på «Stfj», kl. 8 1/2, då kom han. Olav Bergset kom og då. Var inn på «Stfj», såg oss um. Skildest med Nils i 10 tida på Torget. Båten gjekk kl. 630   12/3. Gud signe Nils.

13/3      Resolusjonsmøte i Fana lærarlag um den nye rettskrivinga. 9 r. mot – 11 for ein veik motresolusjon.

15 – 16 – 17/3               Soknedelingsnemda vedtok: 2 røyster Storetveit åleine sokn, 7 røyster (alle)   Storetveit + Fyllingsdalen + Søreide. Fana skal delast i 3 prestegjeld.

2/4       Årsprøve, 5 gutar og 6 gjenter sluttar skulen. Gjennomsn.karakter: Stil 2 Rekning 2,4. Fin dag, litt kaldt. Lærar Tveisme frå eksamensnemda. Fru Mosige – frå Fløyen – var ogso med. Elles heile tilsynet. – Inga er no betre, var med heile dagen. Gjentene stelte maten heime. Alt gjekk godt.

4/4       Jon Larsson Berge, Tørrvikbygd, døde idag av lungebrand. Han er ein av dei traustaste eg  har treft der inne. Skal gravleggjast påskeafta.

15/4      Oddrun reiste med «Nordfjord I» kl. 22 ikveld til Hans på Navelsaker for å hjelpa honom i sumar.

26/4      Brite, Ragnhild, Borgny teken upp som speidargjenter.

7/5       Knut Werswick var i Ungdomshuset og foredrog: Fra menneske til soldat». Krigens elendigskap og forbanning, gjer gudsbildet um frå menneskje til ein som tryggar seg ved   drap – soldat.  –  Eg, Torbjørn, Inga, Sunn., og Liv høyrde det – frå oss.

17/5      Eg var hos ungdomen og tala um å vere fri – i ungdomshuset rundt 150 menneskje. Heile dagen gjekk pent. Barnetoget formiddag ogso, det var på skulen.

og 21. Har D.N.T. årsmøte i Lindås. Fint ver ca. 80 utsendingar. Eg var formann i valnemda.Godt samarbeid. Budde i rom saman med N. Elde Jørgensen, L.våg, reisekamerat. Vevle med og tala si hjartesak – berge folket frå rusdrikken. Elles tala Jakob Haug.

24/5      Sundagsskulen frå St.Markus menigheit (Gyldenpris) med rundt 100 born, 30 vaksne ( ei stund ca. 200) her ved skulen, Hodne Noren, Bøhmergata, står fyre utflukta.

30/5,31/5,1/6                 Inga og eg tur til Okrå. Dei lever vel. Kristoffer er i Oslo og sel båtar. Turken har brunsvidt uppe i bakkane. Eg drog til Fana 2.dag kl. 3. Inga vart att ei veke. Kom heim kvelden – natta kl. 1. Alt vel.

6/6-7/6              Til D.N.M sitt årsmøte i Bremnes – Urangsvågen. Gilde dagar. Budde i ein god heim – hos Bernt J. Soler. Gjesta Nils L. Huus som er lærar der. Amerikaprest Vee tala yver ordet: Jesus frå Nasaret går forbi – gripande, vekkjande, dragande til Jesus. – Då eg kom heim morgoen 8/6 kl. 2, var Inga koma. Alt vel.

17/6      Var med Fyllingsdalen barnemisjonfor. i Oldersmoget. Dei hadde utluting. Kom inn 50 kr. til D.N.M.selsk. 50 kr. til D.N.Kinamisj.forb.

Gjekk um kvelden til Sandberg, Straume, snakka med foreldra um Paul, snakka sidan med Arne Egge.

21/6-29/6          Årsmøte for N.S. lag på Åndalsnes – 10 års jubileum. Eg var med. Møtet gjekk godt – gode voner for levevegen.

4/7       Idag var Signe Sælensminde gift med ein Solheim. Brita Rygg (Brendehaugen) vart gift ogso. Brenden og ho skal bu på Ask der dei har kjøpt gard.

6/7       kl. 15 reiste Borgny med «Lønningsdal» til Okrå – åleine. Kl. 2215 – Ragnhild, Brita og Sunniva til Navelsaker med «Firda». Mama fylgde Borgny til båten.

Eg såg R.,B.,og S. vel umbord. Gud signe dei på ferieturen. Eg reviderar kvar dag.

8/7       Olav kom heim idag tidleg. Han lever vel, har stege seg godt på skulen.

Olav sin kamerat Nils Skogen døde fredag 3/7 på Haukeland sjukehus, vart gravlagd på Herdla tyrsdag 7. juli. Han har havt nyretuberkulose, men var no bra. Forstoppelsen og lungeblodpropp gjorde sitt til slutten. Han ynskte sjølv å verte gravlagd ved sjøen – Herdla –   barneheimen. Gud signe honom.

12/7      Idag har Mons Bergset, frue og 2 døtrer vore hos oss.

Brita Brenden har lege på kammerset hos oss denne veka av halssvull. Ho kjem seg, mannen hennar kom iaftes. Dei har teke i styre garden på Ask.

20/7      Sunniva kom att frå Hornindal. Alt vel.

31/7 – 4/8         Tok upp Stortingsmanntalet for Sælen Krins.

 

Bønes                  68

Strømme           177

Sælen                 50

Bjørge                10

Helgeplassen    39

Løvstakken       20

Tjønnen             64

Fyllingen Ø       48

Fyllingen N       23

499 røysteføre pr. 1/8 1936 i Sælen krins.

 

8/8       Laurdagskveld tok eg til Nordfjord med «Firda» kl. 4 et.m. Kom til Navelsaker måndag 10/8 etterm. Martin Melheim, Brita og Ragnhild henta meg på Såta. Fredag 14/8 var smågj. og eg på Hornindal Kyrkjegard og såg til gravane – fars og mors. Tyrsdag 18/8 morgoen kom vi til   Fyllingsdalen. Laurdag 15. kom Kristiane frå Husstellskulen i Stryn til oss på Navelsaker. Same dagen fekk Hans telefon innlagd.

9/8       Olav for frå F.dalen til Trondheim att.

23 og 24/8         Inga og eg med Hdlm. Skage, frua og Åsta biltur til Okrå i Strandebarm. Liv og Borgny var der fyrr. Dei lever vel. Såg på skaden etter vassflaumen. Var til Oma, Framnes. Ein rett gild tur.

26/8      Fekk Landingsskdok. av Yverretten, Brg. til gjennomsyn.

31/8      Leverte dei til o.r.sakf. Follestad til gjennomsyn. – Eg har revidert kvar dag. Olav held no på med eksamen ved N.T.H.

1/9       Idag tek skulen til i Sælen. Veret rusket og kaldt (kjølig).

4/9       Olav Løvås døde på Haukeland sjukehus.

10/9      Gravlagd. Eg la krans på kista i Gravkapellet på Midttun frå heile klassa hans – 4. kl.

11/9      Fredags kveld i fest på Hotel Terminus, N.S.lag heldt festen for funksjonærar og tenestemenn.

13/9      Lærdalsulukke kl. 5 morgoen. 74 menneskje gjekk til.

18/9      Olav for frå Tr.heim til Greåker cellulosefabr. for der å arb. uppgåva til Diplomeksamen.

4/10      Brita konfirmert idag. Far og mor og Torhild frå Okrå kom laurdag 3/10, Helga frå Arna idag. Vi var saman til Storetveit kyrkja. Inga, Ragnhild og Borgny også med. 58 konfirmanter. Fin biltur i godt haustver med sol. Gud signe Brita at ho må halde lovnaden. Idag kom Nils Koltveit frå Eidsvåg og var ei stund.

5/10      Um kvelden var vi til Skage på Søreide far, mor, Torhild, Inga og eg. 6/10 Dei reiste til Eidsvåg kl. 10.

9/10      Oddrun kom heimatt frå Navelsaker idag.

29/10    Kristoffer var her med 3 kasser eple.

2/11      Sunniva drog til Haugesund til Petra med middagstid. Ho skal vere der og saume.

3/11      Olav og Agnes Navelsaker kom til Brg. i morgon tidleg. Oddrun var og tok mot dei. Ettermiddag kom dei upp til oss og vart til um morgoen då dei for til byen att.

4/11      Inga og eg til byen um kvelden. Såg «Spor som skremmer» på Komedieteateret, Olav og  Agnes var med.

8/11      I kveld kl. 4 styremøte i S.S. indremisjonslag hos Peder O. Fyllingen. Nils Kristensen vart strøken av laget. Eg køyrde med Lars Grimstad til Søreide. Saman med hdm. Skage og   Ragnv., Skage ordna med konfirm.festen 5/1. Eg må fungere som formann meddi eg er varaformann for Nils Kristensen. At han er gådd ut av funksjon, heng soleis saman: Torsdag 29/10 på ein liten basar på Søreide fortalde fru Lilletvedt til fru Vågenes at Nils Kristensen hadde dreve utukt med dotter til Lilletvedt frå dottera var 11 år til no ho var 13.

Bededag 30/10 kom Vågenes her til Sælen og vilde snakke med meg um det. Eg var på kontoret i byen. Vågenes kom laurdag 31/10, og vi talast ved her på kontoret. Sundag 1/11 tok eg frå kontoret i byen til Søreide til kl. 3. et.m. Tanken var å gå til Nils Kristensen og segje honom at han vert stroken or laget grunna si framferd, men vi gjekk inn på kontoret til handelsmann Skage. I samråd med einannan let vi dette vere, varsla lensmannen, han vilde sende ein politi – varsla fru Lilletvedt som var  byen, ho vilde kome. Politi Takle kom, forhøyrde fru Lilletvedt og fru Schelderup. Var seint kvelde til Grimstad og henta Nils Kristensen, køyrde honom til Minde, forhøyrde honom – og han tilstod heilt. Kristensen vart sett i Kringsfengselet. Veka /11 – 8/11 har gått med forhør av smågjenter.

9/11      Olav Navelsaker uppom her idag. Agnes operert for falske mandler på «Florida» av dr. Andresen. Olav reiser heim ikveld. 11/11 Reiste fyrst ikveld. Operasjonen gjekk bra.

11/11    Inga Berge og Anna Eide kom heim med Inga i 6 tida. Ho var og lydlest um Agnes – Ragnhild Eide. 12/11 Inga og eg var med på kino, såg «Lovis Pastur».

22/11    Lutro-Alsåkerfolka, Inga Berge, Agnes Navelsaker hos oss. Dei framande reiste um kvelden. Agnes vart til tyrsdag 24. nov., Inga og eg fylgde henne til byen. Bra frisk etter operasjon, falske mandlar, og so eine brystet.

29/11    Inga og eg til Nesttunkyrkja. Meinigheitsrådval. Stort fløde um natt og morgon.

3/12      Fyrste snøen kom iaftes. Plogen gjekk, so Rasmus Bønes var ikkje med i Årsmøtet i Leseringen.

6/12      Sundagskveld. Årsfest i Fana mållag i Fyllingsdalen ungdomshus frå kl. 17 – 24. Hoprekstad tala um embeds- og bondesyn på vår nasjonale utvikling.  Framifrå rjomegraut, greidt spel – musikk og skodespel, og fin leik. Kona og eg, Liv og Torbjørn var der.

12/12    Kona og eg var i jordferd etter Bernt Sælen. Eg tala yver Mat. 18.10. Hyggjeleg samver.

15/12    Inatt kl. 4 hol på stemma sør mot Fløyenlandet. Cementbrua miste nordre landfestet og gjekk til botnen i nordre kant. Vatnet gjekk yver stemma og jamt med brua, og fløymde yver vegen ned til Fløyaskiftet. Dit upp kom skuleborna frå Straume, og måtte snu heimatt. Stor flaum.

Berge Sælen si sag gjekk klar, 2 bruar i Sælen – den til saga og den til Nygården – gjekk med, og Sæleflatene stod under vatn. Torbjørn, Brita og Ragnhild kom ikkje avgarde til Storetveit på skulen.

16/12    Rasmus Bønes legg provisorisk bru i hovudvegen yver cementbrua.

20/12    Innlagt automatisk telefon i skulen og heime.

22/12    Kristiane kom heim frå Stryn idag fyremiddag. Alt står bra til, ho har havt ein gild skuletur, ser godt ut, og har lært ein heil del.

25/12    Torbjørn, Liv og eg til Birkeland-kyrkja.

26/12-31/12       arbeidt i N.S.lag – Torbjørn og eg skreve kreditnotarar.

Nyttårsafta var kona og eg, Torbjørn og dei 3 minste gjentene til Ubøe sine – var til det nye året vart ringt inn, bila so heimatt. Berr mark, 7 ¤ C.

1937

6/1       Nyttårsdag – roleg heime til kl. 5. Då til Søreide til joletrefest S.S. fråh.lag heldt der i Ungdomshuset. Pastor Strøm Nilsen, lærar Indre Arne tala. Fullt hus, hugnad og godt humør. Oddrunn og Ragnhild var med.

2/1       Kona til Peder O. Fyllingen døde idag, 74 år. Hadde lungebetennelse fyre jol, kom seg, men no stansa hjarta.

3/1       Torbjørn og eg har igår og idag vore på N.S. kontor.

5/1       Olav kom med Oslotoget idag. Har helsa og lever vel. Leverte diplomsvaret 2/1 laurdag kl. 19 – vart so vidt ferdig då. Gudskjelov at han har greidt seg gjenom studiane, og gjeve at han må verte til gagn for landet – for det som godt er.

7/1       Torbj. og eg sluttar kontorarb. på Pelsc. Skinuppgj. for desemberauksj. ferdig å sendast ut. Var til middag hos Høstmark. Ynskte Frk. Olsen til lukke med 90 års dagen.

20/1      Lærarmøte Nesttun – sa farvel med Kvale. Ei god stund, ein god mann.

22/1      Møte i Nesttun arb.parti. Valg av Herredsrepr. Kløyving på sp. um kvinnene vere med og røyste. Opposisjonen gjekk.

26/1      Styremøte i S.S. avholdslag. Hdm. Skage, Marta Dolvik, Harald Grimstad og Navelsaker møtte. Snakka um Årsmøtet og basar og val. Årsmøtet 7/2, basaren 14/2 um mogeleg.

28/1      Det har vore snøfast for toget til Oslo. I kveld skulde det gå yver fjellet. Olav reiste med til Kjeller, der han skal vere resten av eksistida – 3 månar – no han er ferdig med insjeniøreksamen. Slik ein hugnad ha honom heime. Han har gjort istand eit tillegg til diplomuppgåva. Igårkveld fekk han og Torbjørn prøve isen på Årrtuvatnet – stålis. So fylgde Torbj. og eg honom på bilen 540. Gud signe honom.

3/2       Sunniva reiste ikveld med 10 båten til Haugesund att i Søjldre. Hennar hug står nok til måling, no vil Petra lære henne å sy – til å leve av. Hugnad med ho har vore heime. Gud signe henne.

7/2       Årsmøte i S.S. avholdslag på Søreide i skulehuset kl. 4 et.m., frammøtt uml. 25 men. Navelsaker tala nokre ord um Vyrdnad. Årsmelding og rekneskap godkj., Ragnvald Skage vald til formann, Marta Dolvik, Anton Steinsvik valde for 2 år.  Att frå fyrr Navelsaker, Harald Grimstad.

13/2      Kona og eg som gjester i Fyllingsdalen ul 40 års gilde kl. 8 kv. Rundt 160 men. Foreldrene til lagsl. innbedne gjester m.fl. Rolv Skre: Festtale um «uppetter Glasberget». Spelstykket «Rasjonelt fjøsstell». Rjomegraut, kaffi – fin musikk. Lars Løvås fort. um laget si fyrste tid. Takk frå foreldrene frå Ing. Løvås – helsingar frå Fana, Søreide, Liland, Milde, Hjellestad ul. Slutta kl. 4 morgoen 14/2. Gild samkome. Liv og Torbj. var med i Spelet. – Liv som Ingrid, Torbj. som Pedersen. Dalen har ein gild ungdomsflokk med pen framferd. Gjentene som varta up var dei fleste kledde i nasjonalbunad. Gud signe ungdomen og Dalen.

16/2      Nilsa-farbroren i Eidsvåg fyller 70 år. Inga og eg var ut der um kvelden. Han hadde havt mange visittar utetter dagen, Lutro, Alvsakerfolket var der. Fung. skuleleidar Eide var der, Form. i Åsane lærarlag Anders Rosseland, nærast grannar, og alle borna til Nils var der. Der var folk av Eide med lukkjeunskjing. Takketaler av N. farbroren, lukkjeunskjing frå slekt og vener, ein song av dottersonen N. farbr. sin største hugnad. Skulen hans hadde og vore til hugnad – det synte dei mange lukkjeunskjing og takketelegram. Inga og eg kom heim kl. 030 – frå Eidsvåg og hit. 1 time.

13/3      Olav Os, Inga og eg såg Peer Gyndt. Olav Os heim med oss um kvelden.

16/3      Kristiane og eg til Brager Larsen på Bondeheimen og tala um Paristur for Kristiane. Br. Lasen lova å skaffe henne plass – um mogeleg.

17/3      Telefonmøte på skulen, det gamle Telefonlag vert uppløyst meddi vi har fått bytelefon sidan jol 1936. Knut Sælensminde skal ta ned resten av linjematerial og stolpar, Pål Hamre, Ola K. Sælensminde og Navelsaker skal søkje å selje linjematerialen m.m.

24/3      Eg kom heim frå skulen – skula berre 3 timar, meddi det var skirtorsdagsafta, – då var Olav komen. Har permisjon frå Kjeller. Han har fått bod um ferdig eks. som maskiningeniør. Hovudkarakter 1,8. Diplomuppgåva 1,75, Gud signe honom og hans arbeid.

26/3      Langfredag. Preiker ved Anderssen Rysst i skulen. Full skulestova, 12 nattverdgjester. Ungdommen: Olav, Torbjørn, Kristiane skitur til Gullfjellet. Liv, Brita, Ragnhild, Borgny tur til Okrå i påska.

2/4       Fredag. Munnleg eks. 15 born: 4 gutar og 11 gjentar utskrevne. Dei gav meg ein sylvvase. Fru Målstad var her frå eksamensnemda. Fin dag, fin stemning – og song.

22/4      På Nesttun i N. arb.p. årsmøte kl. 7 etm. Var med og fekk gjenom at kvinnegruppa valde repr. til herradspartiet i høve til sitt medlemstal.

Nest. arbp.   kvinnlege

61 r                  26 r                  87        1 repr. for kvar på-

6 r                    3 r                    9          begynd 10 lemer.

Heim kl. 1. Reiste saman med Stanghelle og E.Søreide.

26/4      Til Fana indremisjonslag sin 50 års fest på Kyrkjevoll skule. Peder O. Fyllingen og Knut Håkreim med. Sekr. Ballestad ei mektig preike um livs- og dødsstraumar frå menneskja.

Fest frå kl. 2 1/2 i Kyrkjevoll gymnastikksal med tale av soknepr. – bevertning – lagssonga av Hjellestad. Korte taler av Ola Skage, Brigt Fjelltveit og Navelsaker. Avslutting av Ballestad. Ei gild stemme. Fana indrem. lag er livande og leveført.

1/5       Laurdagskveld. Olav Os har vore i styrem. i N.S. denne veka. Fylgde meg heim frå byen. Kom umbord i ferja kl. 10 kveld trefte vi Olav som kom frå Kjeller – ferdig med eksisen. Han har stege seg vel. – Olav Os og eg tur til Krokatjønna sundag.

4/5       Tyrsdagsetterm. Rev. på N.S. kontor. Styrelemene farne til Oslo til skinnauksjon. – Ikkje megling idag med arbeidarane som går på gata – Krinsmeglingsmannen skal ha fleire upplysningar. Høstmark nerveveik. Har 3 månars perm. og lovnad um plass og same løn, når han er frisk att.

6/5       Kristiane til byen med «Leda» kl. 1130 til England. Gutane, Liv, mama og eg med på kaien. Vener var møtte fram til «farvel». Gud signe henne på hennar veg. – Sol og pent veir.

9/5       Sundag. Årsmøte i S.S. indremisjon kl. 11 i Fyllingsdalen ungdomshus. Skulestyrar Åmdal tala fyre middag, umlag 50 men. Til middagsbordet umlag 40 men. Kom inn kr. 56,90. Etter middag tala Emisær Netland. Val: Vågenes 14 r., Navelsaker 13 r., Ing. Søvik 10 r. – for 2 år. Fint ver – god møtestad.

10/5      Smed Lars Olsen søkjer um alderspensjon – vert 94 år 15. okt.

15/10    B. Kontor-og Landsf. for. krev fru Brekke vekk frå yverordna stilling ved N.S. Kontor.

24/5      Olav reiste til Oslo.

26/5      Olav tok til arbeide i Eureka.

5/6 – 7/6           Tur til Øystese til D.N.M. selskap sitt årsmøte. Biltur.Vart buande hos ordf. Jak. Vik. – delte værelse med emisær Ottesen i Indremisjonen. Rett gild stad. Laurdag konstituerte møtet seg. Sundag Ottesen og eg såg Ingebrigt Viks museum ved kyrkja. Ein kusntnar med innsyn i livsdyper som speglar seg av i menneskjet. Høgmesse ved Koprietanmisjonspr. Eg tok biltur til Okra  – var der 2 1/2 time. Liver vel. Mandag. Val. Tur til Fykse, såg brua dei byggjer. Nattverdsgudsteneste frå kl. 4. Kom vel heim kl. 11. Heime alt vel.

12/6-13/6          Inga og eg tur til Haugesund til Petra og Margit – og Sunniva. Til Molstrevåg og Agvalsdsnes – ein rett gild tur. Eg kom til Brg. 14/6 om morgoen – reviderte om dagen. Var på Lærarlagsmøte frå kl.16. Søkjer om dyrtidstillegg. Eg gekk frå . Laget søkte om utsetjing av innføring av ny rettskriving.

25/6-17/7          Var eg på ferietur. Inga var med til Harstad – under Årsm. i N.S. lag. 6/7 skildest vi i Ålesund, ho tok til Fyllingsdalen, eg til Hornindal.

11/7      var eg og Hans til Hornindalskyrkja, såg fars og mors grav.

14/7      Skyssa Hans meg til Strand, eg såg Melheimskyrkja og den nye Heggjardalsvegen, var til Nes.

15/7      Gjorde turen frå Os til Børdal.Trefte Karl Årøen i Stryn. Jens døde i Grane, Vefsen 7/7, gravlagd der 12/7.

18/7      Søndag. Olga Årøen kom hit op frå jordmorsulen.

21/7-24/7          Teke op Kommunemanntal 1937, Sælen krins med 505 røysteføre.

 

Kommunemantalet 1937.

Bønes               76

Straume        166

Sælen               52

Bjørge                9

Sæleidet             1

Helgeplassen    44

Lauvstakken      23

Tjønnen              67

Fyllingen Ø       43

Fyllingen N       24

=          505

24/7      Idag reiste Inga med Kristoffer Sverre. (Kr. har vore ein 14 dagar hos oss), Ragnhild og Borgny med «Lønningdal» til Okrå. – Sunniva kom idag tidleg frå sylæra i Haugesund.

31/7      Oddrun saman med Ida Kjønn tok på ferietur Voss – Hardanger.

Eg har revidert heile veka. Torbj. fekk plass på Telegrafskulen onsdag 28/7.

1/8       Inga, Borgny, Ragnh. og Liv kom seint kvelden att frå Okrå. Alt vel med Brita, heim frå «Lønningdal» kl. 12 natt.

22/8      Ikveld kl. 8 reiste Torbjørn til Oslo med toget for 24/8 å ta til på Statens Telegrafiskule. Mama og eg følgde honom på stasjonen. Gud signe honom. – Etter var Inga og eg på Elektr. og radiomessa. Idag D.N.arbp. sitt 50 års jubileumsdag.

24/8      Olav Os med op her frå styremøte på N.S. kontor i byen. – Her heime har Ålund måla heile august.

30/8      Hans kom til byen sjuk, verkte i heile kroppen, vinstre sida av ansiktet lamma, kunde ikkje late att vinstre auge. Vi gjekk til Dr. Audun Schøtt, som Dr. Freihow hadde vist honom til og sendt brev til med Hans. Dr. Schøtt ordna Hans inn på Betania sjukehus. Tyrsdag etterm. kl. 4 var eg der. Det var betendelse i nervane som gjorde verken. Hans var noko betre, hadde fått sove, og verkte ikkje so. Torsdag 2. sept. kl. 4 var eg inne igjen. Hadde undersøkt ryggen og   visstnok sprøyt inn der. – På same rommet låg tanndr. Ola Brendefør for eksem på hendene,      og ein vossing for svull i tykktarmen.

4/9       Var inn til Hans. Han kjem seg. Det er ein sleten nerve i ryggjen, ikkje betendte nervar. Kvile og ro han treng. Petra og Margit og Liv var og inn til honom, dei fylgde saman med Liv her op um kvelden. Var på D.N saman og såg «Don Juan».

10/9      Var i Rosenlund og skreiv skifte ettter Fru Marta Knudsen, søster til smed Lars Olsen. Smeden ligg, hovnar op i føtene, men har klår tanke – det går mot siste reis. Han vert 94 år 12. nov.

15/9      Henta Hans frå Betania. Han har fått sove, men slappinga i høgre ansikt og auge er endå. Kome seg litt. Var hos oss til laurdag 18de, då for han frå Bergen med «Fanaråken» kl. 17 og heim. Eg reviderte på N.S.  Tok elles poteter ettermiddagene.

Idag var målar Ålund ferdig, har gjort godt arbeid.

20/9      Sykurs tok til i Sløyden – 12 lærlinger og og Frk. Martina Midttun som lærar.

26/9      Inga og eg følgde Ragnhild til Storetveit Kyrkja, Borgny og Brita var ogso med. Ettermiddag rev. eg i N.S.

Brita Brenden kom til oss om ettermiddagen og vart her nokre dagar.

27/9      Fri skulen kl. 11. Lærarinna og læraren frå Hordaland Lærarlag sitt årsmøte. Markhus tala, um kvelden Rektor Wergeland.

3/10      Ragnhild konfirmert ved Storetveit Kyrkja – 65 konfirmantar. Brita, Borgny, Inga og eg med   til Kyrkje. Helga og Torhild hos oss og med i bilen til Kyrkja. Lærarinna med til middag.

5/10      Stanghelle på kontoret, samtala um valget kjem.

6/10      Onsdagskveld kl. 8. Ragnhild, Inga og eg gjekk til natverd i Storetveit Kyrkja. Det var konfirmantaltergang.

10/10    kl. 6 om kvelden med Ragnhild til Storetveit Kyrkja. Pastor Irgens, lærar Solheim, eg, Disp.   Tandberg Hansen tala til konfirmantane. Eg hadde til tekst i høve konfirmasjonen: Til. 4.13:  «Eg magtar alt i Kristus som gjer meg sterk».

14/10    Torsdag, Inga og eg til Møhlenpriskaia og kjøpte 4 eplekassar av Kristoffer som låg der med eplelast, skulde op etter kysten like til Namsos.

15/10    Lærarmøte Nesttun. Dosent Dr. Aksel Lømme tala om Geografioplæringa. Nemnd for skulefilm og radio. Eg talde frå. Var innom Ludv. Ludvigsen og tala om kommunevalet. Kva vi skal gjere til neste omgang om 1 år.

18/10    Kommunevalg i Sælen skule for Sælen Krins med 504 røysteføre. 211 rysta – 42%. Eg var med som varamann i stemmestyret.

24/10    Slagta 2 griser, Peder Nebbestølen slagta, og køyre dei inn til byen.

8/11      Til Follestad ettermiddag – les for honom tilsvaret mitt i Landingsaka.

10/11    Var hos Follested og tok utskriv av enkelte ting vedkomande L.S.

12/11    Inga og eg var til Sølvbrydlaup hos Hdm. Lutro på Møhlenpris. Ei festleg stund med tale av lærar Tveisme, Haringalaget av Inga Heland, søster til sølvbrura, av Inga Alvsåker. Med same vi kom til Laksevåg møtte vi Nils Nes, som har vore på Sølvrevutstillinga. Var saman med honom i byen eit par timar.

28/11    Bedehusvigsle – Søreidgrend bedehus vigsla med sokneprest Anderssen Rysst. Pastor Irgens tala ogso. Middag i kjellaren for rundt 200 men.

Huset kostar 16117,43 kr. + ulønt arbeid – frivilligt arb. på grunnen

3000,00 »

= 19117,43 kr.

Fana spb. mot vanleg rente og avdrag = 4500 kr.

6 private og rentefrie lån â 500 kr.      =  3000 »

Frå Fyllingsdalen var med Peder O. Fyllingen, Ole M. Sælensminde, Knut Håheim, Fru Joachim Fyllingen, M.P. Fyllingen, Lærar Navelsaker.

5/12      Høgmessegudsteneste i Søreidgrend bedehus kl.11. Rundt 100 men. Pastor Irgens forrett. Navelsaker intimerte Fil. 1.6., 5 altergjester. Hdm. Skage slutta med takk for fyrste høgmessegudsteneste i eige hus – og med bøn.

5/12      Gudsteneste i Søreidgrend bedehus ved Pastor Irgens. Eg var der og intimerte Fil. 1.6.»Han som begynde den gode gjerning».

12/12    Gudsteneste i Sælen skule ved soknepresten Anderssen Rysst, offer til trengjande til jul. Om kvelden i Fana mållag sin årsfest på Liland. Hdm. Skage køyrde. Bisp Fleisaker tala om fridommen etter Luthers reformasjon, Anderssen Rysst om nasjonal fridom.

15/12    Krinsmøte kl. 8 kveld. 17 røysta ved val på tilsyn. Karl Løvstakken, Ole. M. Sælensminde, R. Bønes slutta. Valde: Ingolv Iversen med 14 r, A. Wergeland 12 r, Gunnar Larsen 10 r. (loddtrekking med Ivar Løtveit.)

Joletrefesten skal vere 8/1 laurdagskveld kl. 5.

Vart gjort vedtak om å få igang skulekjøkkenopplæring ved S.sk.

»          »          »    »    skulemjelk ved S.sk. – Tilsynet var frammøtt – elles 10-12 frå Skaret.

19/12    Søndag. Sykurset slutta idag med utstilling. Hdm. Skage og eg køyrde om med julegåver til trengande, den kyrkjelege utdeling.

16/12    Laurdag var eg ettermiddagen inn på Franciskus aueklinikk St. Parkveg 32 Brg. og såg til Tufte-Berte. Ho har «Helvedesild» i høgre ansiktet, har og teke på høgre auet – men var no betre både ansiktet og auet.

21/12    Inga og eg til byen. Kjøpte inn til jul. Såg til Berta med same. Torhild for til Okrå. Hans Lystad og frua hadde dekt kveldsbord, ei hugnadsam stund før dei for til

Austfold – heimen til Lystad. Klokk for og med kveldstoget. Var 10 ved bordet – N.S. betening.

22/12    Slutta skulen til jul. Harald Grimstad kom med dei elektr. ovnane.

I god stand. Torbjørn kom frå Oslo med kveldstoget kl. 9, heim kl. 1030. Han har stege seg vel.

24/12    Eg har arbeidt over på Kontoret. Tok mot Olav med morgontoget frå Oslo. Kom kl. 945. Han hadde havt ein god tur, lever vel. Hugnad å sjå honom heime. – Ein rett gild julekveld, alle på nær Kristiane heime.

25/12    1. juledag. Olav, Torbjørn, Liv, Ragnh., Borgny og eg til Storetveit Kyrkja i pent ver. Irgens   preika.

31/12    Olav, Torbj., Liv, Ragnh. i Nyårsfest i Ungdomshuset. Helga B. Koltveit hos oss frå Arna. Eg har arbeidt på N.S. Kontor idag og dagane etter jul. Hyggjeleg heime, gutane og eg var og kjøpte klede 30/12. 29/12 var Olav og eg og såg til Berte Tuftene. Ho kjem seg. Gamleåret gjekk ut med fløyting av båtane på byhamnen. Gud vere takk for Gamleåret – og signe det nye.

1938

2/1       Roleg heime igår og idag. Gutane skjeisar på Årtun og Sælevatnet. Idag kl. 9 var det +1¤C –   berr mark, sol og fint ver. Ikveld reiste Olav til Oslo att. Torbjørn og eg var på stasjonen og     sa farvel på honom kl.20. Rasmus  L. og Ingolv S. var der og.

6/1       Iaftes for Torbjørn og til Oslo att, han og eg har sote på N.S. kontor og ført kreditnotaer heile   veka. Eit sakn no gutane er farne. Igårkveld konferanse på kontoret heime med Ludv.           Ludvigsen, med Hygea-agent. So møte i tilsynet om juletrefesten kl.8 kveld. Festen skal vere   laurdag 8/1 kl. 5 kveld. Heime har det vore forkjøling og kvalme siste dagane. – Den 4/1 var        Olav Os og Oddlaug heime om ettermiddagen. Ho for til praksisen sin på Kongsvinger att,      han skal idag fare til skinnauksjonane i London.

8/1       Juletrefest for Sælen skule i Ungdomshuset, 158 vaksnebillettar â 75 øre og 30 småbarnbil. â   40 øre. Rundt 200 men. Fin fest, fint ver, god stemning. Folk like songen, fin musikk av Ø.            Ludvigsen og K. Sælensminde. Tilsynet flinke å skjepe til fest.

11/1      Ferdig med revisjon av «Sildens»  rekneskap.

12/1      Juletrefest hos Joachim Fyllingen kl. 16.

22/1      Bladstyrar Lystad og frue kom her med 310 bilen og vart hos oss utetter dagen. Var med om    kvelden på f.ul sin årsfest der kona og eg var bedne som gjester. Gild fest, rundt 200 men.        Ragnhild var med og spel i spelstykke. Lystad`s gjekk kl. 2330 . Festen slutta 0230 natt.

23/1      Heile søndag var eg på N.S.lag sitt kontor og reviderte.

31/1      Sigv., lærarinna og eg samtala om «Skulemjølk», Sælen sk.

8/2       Tilsynet saman med Mjølkenemda, samråding om saka.

1          Alle born må få skulemjølk.

2          Nokon her i dalen må saffe henne.

Tala om skulebarnskyss med bil frå Bønes – Straume, om skuleradio. – Til kaffi hos læraren.

7/2       Sløyd frametter 14 dagar.

19/2      Sløyden slutta idag. Ikveld kona, Liv og eg hos Ubøe sine. Hugnad stund, eg til kontoret ved midnat, Inga og Liv bila heim.

7/3       Til Ole Bull teateret, Brg. og såg Oslofrokosten demonstrert, på Håkonshallen og Museet –      med 4. og 2. kl. Lærarinna med. Same dag eg til Dr. Smith, Nesttun og doktorundersøkt –      lovbod for lærar-.

19/3      Brev frå Hans, høyrt Landdringsaka tapt. Fekk utlevert domen på kontoret til Follestad –         tapt og kr. 500 i sakskostnader. Eg skreiv av domen og sende Hans.

21/3      Alle N. S. lags rekneskapar stemmer av for 1937. – dr. Fenn sine hjelper Kristiane med å         søkje Polytecknik så ho kjem vel frå det – 3 månar, og ha plassen hos Fenn sine.

29/3      Samtalte med Andr. Follestad på hans kontor om Landringsaka.

a Lagmannsretten fløtte Landringsretten. Follestad meinte det var feil – etter lova skal det eit     skyn til for å fløtte ein rett.

b Om lagm.r. sine velvillige premisser at Ole Ottesen og Hhl. ikkje bør nekte landring på        tvistestaden og om å skrå av steinfyllingen for båtopdraging, velviljege uttalelse utan reell           brukande verdi.

c Om dei presinptive forhold – dei ankande burde vete om krenkjingane av landingsretten         før etter Lagn.r. sin uttalelse. Eg merkte med den uttalte vurdering av dei ankande sitt vitnemål var det fåfengt å føre saka lenger. Follestad meint ikkje det. – Men    tvistegjenstanden so lite av verd at vanskeleg å få saka for Høgsterett – verdien må vere før        3000 – no visst 5000 kr. Men H.r. Kjeremålutval kunde få saka inn for H.r. om dei fann det     rimeleg å imøtekome ein søknad om det. Men der er ikkje kurant eller gjeve at dei går med    på det, sa Follestad.

Saka kjem no opp i 2000, H.700, F.800, O.O. og Hhl 500.

 

10/4      Fra kontoret i byen gjekk eg idag til jarnbanest. kl. 9. Toget var 1 1/2 time senka. Torbjørn     kom frå Oslo, vert heime i påska. Olav er faren til Bøverdalen, skal vere ferien der. Dei lever vel, står seg godt. – Eg skal ha 14 dagar ferie til 25/4.

14/4      Kinamisjonsfest Søreide. 10 år barneforeininga, no 21 lemer. Sendt 1250 kr. desse åra.

Tala om indremisjonslaget med Vågenes, Reinhardt Grimstad. Stansen i arbeidet kjem av s      ladder vedkommande lærarinna, skilje laget i 2. Kjem frå den Kyrkjelege orienterte sida,            Indremisjonssida. Kr.ungdomsforening vil ha eitt lag. Søreide – Sælen som før.

På festen tala emissær Hårvik. Borna song. Eit musikkor underheldt. Navelsaker tala om         Jesus på vegen, Mark 10, 46-51. Chr. Skredsvik sitt bilete «menneskjesonen».

16/4      Påskeafta. kl. 5 etm. Eg las og song Oluf O. Fyllingen ut av heimen. Presten Sæverud og eg   tala litt ved båra. Dei køyrde honom til grav-kapellet. Han døde tyrsdag den 12te – 78 år gammal, skal begravast onsdag den 20de april.

17/4      Påskedag. Kvitt med snø over alt. Inga og eg skal til Hans Lystad sine i Eidsvågneset. Dei      var hos oss langfredag. Frk. Solsett var og med. Vi var tur til Bjørge.

19/4      Rev. Forsøksgarden. Til N.S. kontor med rekneskapen om kvelden.

20/4      Torbjørn drog kl. 205 til Telegrafsk., Oslo att. Han har arbeidt Radioapparat, sendar og           mottakar siste dagane. Skjertorsdag og langfredag var han til Gullfjellet på ski. Fredag var og       Ragnh. og Oddrun med.

Idag, litt kaldt synnaver, men fint, fylgde Inga og eg Oluf Nebbestølen til jorda. Eg var           visevert, gjekk pent. – Etter vi kom heim og i middagen, snakka litt over Joh. 5, 24-29, om at            Jesus kallar fram or gravene det vi sår, at vi må stelle oss så at vi kan verte kalla fram til liv,    om Oluf søkte fyrst Guds rike, so fekk det andre attpå garden å stelle og la her ned sin arv til   heimen-, «mitt land eg gjev med  …heilt mod». Peder O. Fyllingen, og Oluf sin bror Johannes hadde og ordet. Ved jordfestinga forretta pastor Skogen.

25/4      Lisbet kom idag. På Fjellheim og Okrå lever vel.

Idag døde Gamle Anna i Fyllingen, kona til Jon Nordås. Ho vart 88 år gamall. – Gustav          Løvstakken har vore fredag og idag og retta op gjerdet ved skulen.

27/4      Igårkveld styremøte i Avh. laget hos Elias Søreide. Eg vald til varaformann, Harald Grimstad   kass., Marta Dolvik skrivar.

28/4      Sølvrevkontorpersonalet møtte på Hotel Rosenkrans kl. 17 og høyrde foredrag av Birger          Larsen om hans reise rundt jorda somaren 1937. – Mat og hyggjeleg samver etter til kl. 9 1/2 kveld.

30/4      I jordferd etter Anna Nordås Fyllingen. Om kvelden på N.S.lag kontor. Snakka med Birger      Larsen og Dalsaune.

1/5       Styremøte i Søreide – Sælen indremisjonslag på Sælen skule-kontor. Ingolv Søvik,    formannen, er sjuk og i hans stad møtte Lars Grimstad. Ole M. Sælensminde møtte og som     varamann. Fint 1. maiver. Flagget på stong heile dagen.

4/5       Styret i N.S. samla i Brg. frå 27/4 – 3/5. Årsmøtet skal vere på Hamar 28/6 og 24/6. Revisorløna mi vart auka. For 1938 skal ho vere 3000 kr., pr. mån kr. 250. N.S. vil og halde            1/2 av telefonkostnaden min med kr. 69 pr. år.

9-10 Mai.          mandag og tyrsdag snøkvitt morgoan og snø utetter dagen. Kvelden 10de  – 1/2¤.

12/5      Tilsynet møte på skulekontoret. Ikkje fest for borna 17.mai iår. Skal samle pengar til   Radioapparat til skulen. Tils.stød at læraren får godtgjort 1/2 telefonkost. pr. år.

15/5      Årsmøte i S.S indrem. i Søreidgrend bedehus 55 men. Bjorøy og Brigt Fjelltveit tala. Peder    O. Fyllingen slutta i styret etter å ha sote i det 19 år. Ole M. Sælensminde vart innvald i          staden.

16/5      Mandag kl. 1630 kom skulekjøkkennemda: Fru Prof. Horgen, Fru D. Hansen, Frk. Sørensen,   Kolrud, Melkild. Dei såg på skuleloftet til skulekjøkken og 1 klasserom. Var til kaffi hos oss.

17/5      Ikkje barnetog for skuleborna iår.

Inga og eg med «Vøringen» til Kvarven. Tok mot «Vega» kl. 10 i Håkonshallen der kong         Håkon og Stortinget vart mottekne som Brg. sine gjester. Ei historisk stund. Kl. 1330 såg vi     duken vart teken av Chr. Michelsen-statua på Festplassen. Ein vel brukt dag.

20/5      Ringte op Ivar Follestad kl. 3 et.m. Sa frå at eg var mot å appelere Landingsaka til Høgsterett   meddi

1 at for Hans sin del han ikkje lenger har plikt og rett til å føre saka for dei interesserte            meddi dei fell frå

2 at den vinst det kan vere for honom ikkje står i forhold til dei utlegg han må bere.

3 vilde bestemme korkje til eller frå om appelering. So vert det ikkje appelert, sa Follestad.

22/5      Marta Sælen døde brått idag tidleg – nerve-og hovudsjukdom. (Frå seg, hengde seg i løa).

23/5      Måndag. Sælen sk. 4de planta 500 – 3års gran hos Pål Hamre.

25/5      Kristoffer – bror til Inga – vigd til Lisbet J. Linga i Korskyrkja i Brg. idag kl. 2. Inga, Helga, Torhild, Anna Linga (mor til brura) og søster med – , og Torbjørn Koltveit. Han chauffør.    Reiste frå Linga 6 1/2 og kom heimatt kl. 21.

Siste potetene sett idag. Varmere om morgoane +6-8 ¤ C. Voksterver. – Idag Marta Sælen        køyrd til Gravkapellet.

27/5      Marta Sælen gravlagt kl. 1. Grendalaget samla på gravplassen. Pastor Sæverud tala skynsamt   – rikt med blomar på kista. Olav Skillbekken krans. Samlast i heimen til kaffi. Eg sa nokre       minneord om hennar freidige, modige, ærlege ord til ros og ris og om eg hadde vore mot         henne som eg skulde.

5/6       1.pinsedag. Borgny Maurset gift med Hr. Vabø, Lindås. Brydlaupet står på Leivestad. Liv er    med herfrå.

23/5      Skriftleg eksamen. 14 elevar tek prøva.

11/6      Munnleg eksamen. 14 elevar slutta skulen. Tilsynet tilstades. Av eks.nemda Kyrkjes. Skogen. Ein god dag. – Elevane som slutta gav Læraren ei kompottskei.

Same dag Anna Sælen gift med styrmann Larsen.

20/6      Delte ut avgangsvitnemål til dei 14 kl. 6 et.m. Hos Læraren til kaffi.

22/6      Sat modell for Sunniva, ho malar no 3dje kvelden på bildte av meg. Det er hos målar Dahl.

24/6      Skulestyremøte, sammøte med lærarne. Eg foreorda om Handarbeidsoplæringa – helst for        gutane. 1/3 av skuletida til handarbeid.

25/6 til 3/7        Eg reiste laurdagskveld 25/6 til Årsm. i N.S. lag på Hamar 26/6 om morgoen var       gutane og tok mot meg på stasjonen i Oslo. Eg for derfrå måndag kl. 1035 til Hamar Motel      var der 28. og 29. juni. Kritikk over Pels-og Forh. og lite positivt. Fest 28. um kvelden, 29    kvelden til Hosbjørg, 30 om kvelden for styret frå Hamar. Eg tok drosjebil til Gata i Holset, gjekk derfrå til Haraset Sommerpensjonat der. 40 gjester; eg låg der, men var omkring og         helsa på kjenningar frå 1910 då eg var lærar der. Til Oslo fredag 1.juli om kvelden. Var           saman med gutane i Oscarsgt.41. Laurdag gjekk eg til Berta Olsen, var sidan ilag med gutane   til kl. 2230 då toget gjekk til Bergen. Kom heim søndag middag, alt vel heime. Torbjørn for            søndag morgen til Atna på telefonarbeid.

14/7      Olav kom – eg sat på Kontoret og arbeidde med referat frå N.S. årsmøte på Hamar kl. 2430      om natta – då kom han hit. Reiste frå Oslo i bil med Rasmussen ( Ing.kamerat) til Kinsarvik            derifrå til Ulvik saman med Ing. Iversen, derfrå til Okrå. Står seg vel.

15/7      Sunniva gjorde seg ferdig med maleriet av meg hos Dahl ikveld. Petra og Margit Nes trefte      vi i Brg. – Sun., Liv og eg. Dei er på veg til Ragna Visthus – Søre Helgeland. Nele Nes er der           før.

19/7      Olav reiser i kveld kl. 10 til Stavanger og Egersund. Derfra med Ing. Rasmussen i bil til         Oslo.

23/7      Idag laurdag kl. 16 fer Borgny, Ragnhild, Brita og eg til Nordfjord – Hornindal. Malar            Frantzen, Minde, driv med 4 karar og malar skulehset og det andre åbotssnemda har nemmt   skal gjerast.

6/8       Kom at frå Nordfj. idag i 10 tida. Smågjentene er att på Navelsaker ei veke. Der står bra til –    her heime ogso. Kristiane er koma heim frå London – kom 5/8. Har reist om Roskilde,          Danmark. – Poteter og grønsaker her står bra.- Sommar i lufta – og varmt.

25/8      Inga og eg reiste til Okra.

29/8      Eg kom att. Dei lever vel. Lisbet – nyekona – fell godt inn ilag med husfolket.

30/8      Kom Liv frå Nordfjord – ferietur.

31/8      Inga kom att.

8/9 og 9/9         Den vestlandske lærarstemna i Bergen. Inga med. Møta i Ole Bull teatersalen. Eksp.   skjef Bogsen tala om den nye skoleordning, Frk. Bøeckman om framhaldskulen. Det teknar           til at oplæringa skal gå til å gjere born og unge ikkje berre dyktige i bok, men og i arbeid.       Rektor Eskeland og Kristvik kritiserte den nye lærarskuleordning. Pedagogikk og psykologi    vert for dominerande, og 4 års skule vert for knapp etter pensumet. – Eg syntes etter     foredraga at lærarskulen vert berre for rikfolk. Stemma var i deira fagretning, førarar fortel        sine tankar som utviklinga skal gå etter og d….os set stil og høyrer og kjem ikkje med            innlegg og idear til korrigering, livgjeving og utdjupingar ein god framgang. Det           demokratiske synet er på veg til stammesynet under føring av leiarar. – Worm Müller tekna       Michelsen som leidaren ut av krisa 1905.

10/9      Overlærar Bø snakka i Sælen skule om Bergens verneforeining som vil kjøpe Sælemyren av    Andr. Wergeland til arbeidsheim for straffangar som har utsona sin straff. Det var kome skriv            til Fana her.styre frå Fyllingsdalen om at dei om dei gjev konsesjon, so må dei stille garanti    for at fred og tryggheit i Dalen ikkje vert skipla. 7 mann møtte.

12/9      Sunniva for kl. 5 et.m. med Lønningsdal I til Linga og skal ha ferie.

23/9      Torhild her til på tur til Norddal, Sun…or, for å vikariere i ein 2delt skule. – Liv, Oddrun,       Brita, Ragnhild til Nilsa-farbror sine, Eidsvåg.

11/10    Var kl. 1530 i Rosenlund og tala over 1. Kor. 16.54 ved Hjalmar Olsen si jordferd. Han døde   av hjarteslag laurdagskveld 8/10 brått, vart idag køyrd til Møllendal.

5/10      Kontrollemda åt N.S. sette statsautorisert revisor Odd Berg Hansen til som revisor for N.S.      medavdelingar, og meg som assistent. Han løn kr. 4000, eg skal ha av dette kr. 2000 for            1939.

20/10    Gamle Jon Nordås, Fyllingen døde idag tidleg av alderdom 93 år gamal den 26/12 1938.

26/10    Jon vart gravlagd på Nesttun gravplass frå kapellet, dertil vart han køyrd laurdagskvelden 22de okt.       Pastor Sæverud forretta i kapellet og ved grava. I heimen var gjestene samla til            middag og kvelds. Ved middagsbordet sa eg nokre minneord i tilslutning til Joh.ev.: 6.67-69. Vi song Jesus styr du mine taker – om kvelden: Jeg har båret lerkens vinger. Hyggjeleg            samver.

28/10    Kinamisjonsbasar i Oldersmoget. Kom inn 318,45 for 1938. Sekretær Hårvik heldt andakt.

31/10    Sunniva flytte til Brg. Tullinsgt. 4 III for å arbeide som sydame. Peder O. Fyllingen køyrde     ned til henne – eg var med og såg sakene vel fram. Gjev ho må ha signing og held med seg.

3/11      Bededagsafta. Anna Okrå kom til oss. Helga var her ogso. Bededag og søndagen etter.             Hugnad å ha Anna i huset. Inga har vore litt dårleg – det er nervøs mage og rygg.

9/11      Onsdagskveld     høyrde Fru Anna Setne holde foredrag på Nesttun om ungdomen no i skulen og heim. Kritikk over noverande opdraging og opskulering – var rotete for meg, kunde ikkje       sjå målet, men det positive var der at den praktiske oplæring må få breiere plass.

8/11      Tyrsdagskv. Møte på kontoret av skuletilsynet etter optak av Iversen. Vilde ha: a Fortgang       med skulemjølka, b Brukt radio i skulen, c Meir brukt badet, d Skulebil frå Bønes –       Straume.

11/11    Fredag. Idag morgon kl. 7 kom Pernela til Brg. på veg til Oslo. Der vil ho vere i vinter med    borna sine. Ikveld kom ho til oss.

19/11    Anna Sælen – kona til Ivar Sælen – døde idag ved frukost-tid. Ho har loge i heile haust. Det    har vore magen og levra – no sovna ho vek. Eit strevsamt liv slutt. Gud signe henne.

20/11    Idag tidleg døde Dronning Maud – ho var i England, Appleton House, godset sitt. Det var       operasjon for gallestein. Ho sov bort.

Konfirmantfest i F.d. Ungdomshus ikveld kl. 5. Borgny og eg var der. Besse bønes styrde       festen, omlag 60 men. Gjekk pent. Prest Sæverud og lærar Bondevik tala godt. Idag kl. 11       emisær Bolli i Sælen skule.

25/11    Jordferd i Sælen. Kona og eg gjekk ned kl. 11 og var med Anna Sælen til gravstaden ved        Nesttun kyrkje. Bror til Anna, skulestyrar Lars Løvås tala ved båra om kjærleik. I kyrkja tala      Dankert Skogen – han kasta og jord på. Ho vart lagd i grava saman med mannen statsråd         Ivar Sælen. I heimen samlast ettermiddagen oml. 100 menneskje, slekt og grannar. Då vi            skildest i 8-tida fekk eg slutte laget med nokre ord om Joh. 6,40 om at Jesus vekkjer op dei     som har levet. Vi song  Gud signe vårt dyre fedreland.

9/12      Til møte kl. 8 hos Eidsnes – jarnbanest. – om å skipe arb.foreining for Fyl.dalen. Stangh.,        E.Søreide, Svendsen, Eidsvik og N.

14/12    Styrem. i S.S. avh.lag på Sælen sk. kontor. Elias Søreide, Marta Dolvik, Harald Grimstad og Håkon Steinsvik møtte. Skal ha juletrefest i Ungd.huset på Søreide Nyttåsdag. Var hos oss til            kaffi. Kl. 9 g utover.

15/12    Tyrsdag kl. 8 krinsmøte. Frammøte særleg på Skaret. Skulemjølk, Tannvøla, Skulekjøken,      Radio, Badet, juletrefest m.m. omtala. Tilsynet skal stå 1938,1939,1940: Iversen, Larsen, Wergeland. Personl. varamenn: Fru Samdal, Ivar Løtveit, Ludv. Ludvigsen. Larsen har            bestemt juletrefest for borna der syd i «Straumes vel» til laurdag 7. jan om kvelden, før    krinsmøtet kunde fastsetje tid for juletrefest for skulen, endå eg hadde snakka med honom        før, søndag 11/12, om at krinsen sin juletrefest truleg vart ein av laurdagane 7/1 eller 14/1,      merkeleg tilsynsmann.

19/12    Samanslege skulestyre-og lærarmøte på Nesttun i Midthun skule. Val av lærarrepr. i    skulestyret for 3 år. Hermod Hjellestad, varam. G. Oppedal. Lektor Dale foredrog om den nye rettskriving.

21/12    Skulen slutt til jul.

22/12    Torbjørn kom med morgontoget, eg møtte honom på ferjebryggja. Han kom heim so kl. 12.    Eg reviderte på N.S. kontor.         Kl.14 1/2 døde Nils Bønes, f. 1859 2/3, mest 80 år.

23/12    Reviderte til kl. 6 et.m. For heim, reiste saman med Pål Hamre og Marta Hamre til Bønes,      Nils var lagd i kiste. Heldt andagt Joh. åp. 2,10. Ver tru til døden, so skal eg gje deg livsens     krune. Song: Velt alle dine veie 198,1-2, føre og Guds fred 849, 1-4 etter andakta. Var til        bords, grannar, vener og born etter.

24/12    Olav kom i  11-tida, eg var på N.S. kontor og arb. til kl. 2. Ei gild julafta heime. Vi var alle. Kona, eg og dei 9 borna. Song om juletreet, gav og tok mot gåver og glede.

25/12    1. juledag følgde Olav, Torbjørn, Ragnhild, Brita, kona og eg rutebilen til Nesttunkyrkja og    høyrde preika. Dankert Skogen preika – der var tvil om han sjølv var frelst, om vi var frelste,   men dei små born høyrer Guds rike til.

26/12    2. juledag morgon – lekk med utskjemming i læremiddel-rommet. Om kvelden kl. 10 tok       Olav fotografi av oss alle i skulehandarbeidsrommet. Rasmus Løvås knipsa av.

28/12    22. og 28. desb. skreiv kreditnotaer på N.S. kontor. 28 om kvelden var kona og eg gjester       hos bladstyrar Lystad saman med Ubøe og frue, Brekke og frue, Haland, Solheim, Klokk.             Rett hyggjeleg kveld.

29/12    Kona og eg i jordferd etter Nils R. Bønes, ein våtsur dag med valleslette og vind. Dankert       Skogen forretta i heimen, 70-80 ma. Eg var som kjømeister. Hyggjeleg lag.Tala om kvelden        over Salme 50. 14-15. – Køyrde til og fra Bønes med Pål Hamre. – I kveld, 5. dag, har            ungdomen juletrefest i Ungdomshuset, fra oss er Torbj. eg og 6 gjenter. Brita Brenden kom her til idag.

27.3dje dag kvelden reiste Olav til Oslo att, stor hugnad med å ha honom heime.

31        Gjekk heim frå kontoret N.S. kl. 3 et.m. Ungdomen hadde nyårsfest i Ungdomshuset for         lemene. Helga kom til oss. Var oppe til midnatt, høyrde kyrkjeklokkene frå Brg. og båtane fløytte. Høyrde ogso vel kyrkjeklokka på Søreidgrend bedehus – ljos, pen klang – alt sa          farvel til 1938, og ønskte 1939 velkome.

1938 har vore eit våtår med      mm, i 1887 var det        mm

1939.

Jan. 2-7 Skreiv kreditnotaer på N.S. kontor. Kristiane og Knut Sælensminde var der og.

4          Om kvelden for Torbj. med toget til Oslo, på Telegrafskulen att. Har vore hugnad ha honom    heime. Han arbeidde og 3-4 dagar på N.S. kontor.

4, 5, 6. og 7      gjekk eg gjenom rekneskapar med den statsautoris. Revisor Berg-Hansen. Norsk         Pelsdyrblad, Forc., Pelsc., og sist N.S. lag sin. Arbeidet millom oss vart delt soleis at B.H.    skal ha kassa og jurnalbilag og kontering, medan eg skal kontrollrekne kassa og jurnalbilag,     kontr. Annoncer og debetnotaer i N.P.bl., kontr. Øvrebø, Ricter og Vestl. Kj.lag i Torc., kontr.        Skinnpriser, kreditnotaer og kontoføring av forskot i Pelsc., kontrol. ing.bladp. m.m. i N.S.    lag.

7          Om kvelden kl. 5 juletrefest for borna i Ungdomshuset. God stemning, omlag 180 møtte,        vind og sno ute, folk kom og for med bilar. Tilsynet hjelpte godt til. – Songen levande, – eg       snakka litt om kva frukt vi har av Jesus – Livstreet. Kom heim ved midnatt.

8          Søndag. Mildver. Eg steller med springane i skulen, kranen i Lærarinneromet var sprengd.

ute vote og slaps – snøen brånar, +1¤ C.

15        I går og idag har eg rev. i byen. Idag var Borgny og Ragnhild Eide    her då eg kom heim.       Kristiane reiste ikveld til Horsøy sildefabrikk for å ta til i kontorplass der.

31/1      Åbotsnemda i skulen og såg på det som skal vølast i somar.

26/1      Torsdag døde Torbjørn morbror (Gamlemorbroren) på Ljones. Han har butt i Vågen siste 30     år, var no 80 år. Delte garden millom Unge Torbjørn og Lars-børene sine.

4/2       Fyl.ul heldt fest for foreldrene i krinsen. Tale av M. Birkeland: Svine-Maren. Felespel av         Lorentz Hop. Matstund med prat om borda. Spelsteykke, Leik. Fullt hus. Ei god feststund. –   Eg fekk takke for det gode minne ungdomen gav oss eldre, og bad dei halde fram so at            namnet til den enkelte åt heimane kan stå høgt i bygda. Slutta kl. 3 – 5/2.

16/2      På N.S. kontor. Berg-Hansen arb. skjema for rekneskapbøker saman med Ubøe. – Eg gjekk       til styremøte i S.S. avhaldslag hos E. Søreide.

19/2      Reiste med 4-bilen frå N.S.  Kontor til Søreide til årsm. i S.S. avhaldslag. Tala: Om å vere     gode mot kvarandre (Nansen Møhlenpris). – Besse Bønes vald til formann. Lagsp. sett til kr.          1,25 og 1.00 for menn og kvinner.

21/3      Brita og Olav Os kom op her ikveld – dei er i Brg. i bondevika. Brita var her frå        tyrsdagskveld til torsdagsmorgon, ho kom opp att fredag og var her til laurdag føremiddag.       Laurdag reiste dei heim. Torsdagskvelden var dei i Bondefest i H.-og Sfj. Hus.

25/3      25/3      Inga og eg reiste til Eidsvåg i brydlaup til Brita Koltveit og Kåre Lotsberg. Dei var     vigde i Åsa-kyrkja kl. 6. Fint ver, ca. 30 gjester. Fint og hyggjeleg lag. Inga og eg bila saman           med Lutro og Alsaker sine, vi gjekk av ved Sølvrevhuset, og lå der om natta – Inga for heim    i 11-tida, eg reviderte heile dagen den 26/3. Borgny og Ragnhild var på Gulfjellet i dag.           (Skitur)

27/3      Fin vårdag. Inga fyller 55 år, er bra med helsa.

31/3      Kristiane slutta på Horsøy sildoljefabrikk, og kom heim. Der er stilt om somaren.

Liv reiste til Hålandsdalen, Kristiane til Okra. Smågjentene til Gullfjellet 2.dag – Oddrun og    Borgny i ro, dei hadde skada beina dei var dit 26/3. Brita heime og rekna. Inga og eg ogso     heime, eg las 3 bøker. – Torbjørn roleg i Oslo og arbeidde fram mot telegrafisteksamen. Olav    påsketur til Bøverdalen, gjekk derfrå til Finse på ski saman med Bertelsen – kom vel frå           detta.

21/4      Kallskap. Dankert Skogen døde idag 62 år gamall, åreforkalkelse.

24/4      Kontrollnemda møte på N.S. kontor: Kolås, Bell, Andersen. Fana husmorlag demonstr. i        Sælen skule i kveld kl.8, Tarmdr. Kjærland tala.

27/4      Guro Sande var her frå igår. Hans ligg på Betania for dårleg hjarte og mage.

28/4      Fredag, Dankert Skogen gravlagd.

2/5       Samsnakte med Berg-Hansen på N.S. kontor om arbeidsfordelinga millom honom og meg –    om løna for revisjonen.

5/5       Hans Sande utskr. av Betania, ikkje frisk.

8/5       Planta 24 bærbusker ned for lærarbustaden, elles sett poteter.

6/5       Kristiane kontorplass i livstrygdeselskapet «Norske folk».

17/5      Onsdag. Ikkje fest på skulen. Borna: 65 vilde til byen, berre 19 på skulen – uråd halde fest       her. Borna her i fint ver til byen og med i toget der. Eg arbeidde ute til sein middag.      Ungdomen fest om kvelden.

14/5      Årsmøte i S.S. indremisjonslag på Søreide i bedehuset. 48 møtte. Netland og Høilund tala.     Valde styre: Hans Søvik, Vågenes, Navelsaker.

18/5      Kr.himmelfart og heime, Petter kom til middag og var til kvelden.

21/5      Kinamisjonsbarnestemne på Sælen skule kl. 11 – 17. Brigt Fjelltveit, Hårvik, Frk. Håkonsen   – omlag 90 menneskje. Gild stemne.

31/5      På N.S. kontoret. Snakka med B.A. om revisorløna. Han hadde fått brev frå L.K. om å gje      tilbod for revisorarbeidet under eitt. Han viste i sitt svar til brev han hadde sendt om det         same, og gav beskjed om assistentløn pr. time 2,50 og 4,-.

1/6       Styremøte i S.S.avh.lag hos Besse Bønes. Eg varaformann, Marta Dolvik skrivar, Harald         Grimstad kasserar. Årsmøte for Hordaf. Dnt. på Liand 3. og 4. juni. Utsend.: Andreas Skage, Harald Grimstad, Marta Dolvik.

7/6       Lærarinna innlagd på Raudekrossen, operert idag for ein vokster i underlivet. Inga skular,         tok til 1/6.

Skulen, omlag 80 born og 20 vaksne – på biltur: Om Blomsterdalen, Stend, Fana Kyrkje,       Ulven, Lyse kloster, Hagavik, Os, Vallaheia, Fantoft Kyrkje og heim – kl. 9 – 17.30.

Vaksne 2 kr. – born 1 kr. Fint ver, gild tur. Inga med.

Pernele og Olav hadde vore her om dagen, på veg frå Oslo og til Bergsetnausta, ho fylte 70      år 5/6 Pernele.

12/6      Årsprøve munntleg. 10 born slutta skulen, gav læraren sukkerskål og fløytemugge av kvitmetall.

14/6      Idag var siste skuledagen i 4. kl.

13/6      Eg skula med 3. kl. Kom heim kl. 11, var det kome nytt flagg på stonga. Det var frå alle         borna, ogso Petter Haugarvoll var med. Ved middagstid kom Torhild og Nils Koltveit. Dei      ønskte meg lukke med 60 års dagen. I 4 tida kom frå N.S.kontor Hr. og Fru Dalsaune, Ubøe    og Frk. Ubøe, Lystad, Håland, Hr. og Fru Brekke, Kristen Solheim,. Dalsaune rakte meg ein lenestol frå N.S., Pels og Forc., Lystad ei kontorveske frå N.P. bl., Ubøe eit sølvmatsett frå     personalet på N.S. kontor. Dalsaune 1/2 dus. Sølvteskeiar frå kona og seg, – saman med taler      og takk for arbeid som revisor i N.S. lag og avdelingar i 13 år, og ønskje om at eg kan halde    fram. Vi var til bords, vi var i skulen. Lystad fotograferte, eg takka for gåver og ønskje med å            segje at det som gjorde at eg heldt ut var ideen om at eg arbeidde for eksistensgrunnlag for        norske heimar, at eg trefte godt folk som arb. for same ide om arb., at det er å vere sandheten    tro i kjærlighet», «om takk og gåver at det kjem frå edel godt og miskunnheit som skal     etterjage meg alle mine livsdagar». Salm. 23.6

Det 19 telegram – 8 blomesendingar. Kl. 7 kveld for dei frå kontoret og Kristen Os. – Hr. og    fru Lutro og Anna Koltveit og Helga Koltveit kom sidan, og so Besse Bønes. Vi var saman       utetter til 930. Petter reiste 830 . Anna og Torh. og Helga vart til dagen etter. – Gud vere takk   for åra som er gådde, Gud vere takk for 60 års dagen, og signe dei som synte venleg      merksemd, Gud signe åra som kjem. Frå gutane Olav og Torbjørn kom same dag brev frå        Oslo med gode ønskje.

14/6      Inga og eg til byen, trefte Anna og Torhild som reiste med Hardangerbilane i 4 tida. So           lyddest vi om Frk. Høsteland på Raudekrossen, stod bra til. Eg for til Nesttun og fekk matrial til Jordbruksteljinga 20/6-39.

15/6      Slutta skulen 3.kl. til ferien.

16/6      Eg til byen, såg til Berge Sælen – dårleg, til lærarinna, ho er bra. Bringa henne løn juni.         Søster Marta kom med same. – Om kvelden Hr. og Fru Ansgar Bønes og Hr. og Fru Ole M.      Sælensminde hos oss – hyggjeleg samver.

18/6      Styremøte i .S.S. indrem. hos Vågenes, Haukeland. Val formann: Reinert Grimstad,   Varaform. Navelsaker, han og skrivar og kasserar. Peder og Ole med vegen med herfrå.

24/6      Inga og eg reiste til Leivestad i Gudrun sitt brydlaup. Ho var vigd til Otto Haukås 24/6 kl. 5    et.m. i Seims Kyrkje. Vi kom heimatt 25/6 kl. 11 kveld. Gild tur. Vi bila til Haukåsen og        skoda heimen.

26/6      gjekk eg til Brg. og tok mot Ragna (Nes) og Wisthus, mannen hennar og smågjenta Rut. Var   på Fløyen og Br. Museum, og so heim til oss ved middagstid.

27/6      Gjekk til Brg. saman med Wisthus sine og Inga. Wisthus sine for til Nordfj., Inga og eg med   1. båten til Leirvik. Gjekk iland kl.5, bila til lærarskulen, møtte Stuland, fekk rom på       Internatet II 20. Var på åpninghøgtida 100 års jubileet den 28/6 kl. 10 med prolog av Rekt.      Sev. Eskeland, tale av Kyrkjestatsråd Hjelmtveit og skuledirektøren Vevle. Middagsøkt og       tale av Fylkesmann Nordanger. 27/6 var Inga og eg inn om til Fru P. Roti, var i Kyvik og       helsa på Per, 28/6 var vi og helsa på Kristian Lunde og Nymanns-Lars. – Av mine         klassekameratar: Ivar Varden, Johs. Haugland, Berit Stuland, Nicolai Røsseland, Sigrid           Valland. – kvelden 28/6 for I. og eg med bil til Leirvik, og var hos Kristian Fyllingen til 2 1/2   natt då for vi til Haugesund. Inga gjekk iland kl. 5 morgon 29/6, Petra Olsen og Margit tok     mot henne. Eg for til Stavanger. Tok inn på Grand hotell no.10.

Etterm. kl. 4 sermøte av uts. N.S. lag i Messebygningen på Bergstad. Ale 51 møtte.   Referatmøte. A.M. Wik tala om skinnhandelen og polemiserte til kontorskj. Lindstrøm.

30/6      Årsmøte i N.S. lag kl. 10. Eg førde referat av vedtak.

Kontrollnemd: Kolås vald 1939, frå før Bell og Lykke. Awren 1 varam.

Styret: Veslegard og Døving gjekk ut. Olaf Ruud og  BP. Norheim valde inn.

Odv. Berg-Hansen med Navelsaker som assistent tilsett som revisor 1940 med løn 6000 kr.

Kvelden kl. 8 fest på Solstrand hotell – repr. og styret gjester.

1/7       Utferd: Sola fykeplass, Kleppvarden, Nesheim gard, Garborg – . Gratis biltur. Rikt og godt      årsmøte.

1/7       Kl. 15 til Knut Ansersen (Grøtthaug) Vøland gartneri. Han følgde meg på bryggja. Kom til      H.sund kl. 1 natt. Severin Olsen og frue tok mot meg. Hadde det gildt der. Inga var hos dei.       Både Petra og Margit har vore dårlege, men er no bra.

3/7       For Inga og eg med båten kl. 17 til Okra. Kom fram kl. 2 natt, med bil frå Bakka. På Okrå      lever vel. Dei byggjer om våningshuset, budd medan i skulen og på Fjellheim. Der låg Inga    og eg.

8/7       laurdag bila I. og eg over Kvamskogen, kom heim kl. 23. Alt vel heime. Petter og Liv møtte   oss med Jarnbanest. Heime var Rasmus  Løvås. Alt stod i pen vokster. Vi hadde hatt ein gild      ferietur. Hans Sande døde 16/7 av kreft.

14/7      Lærarinna kom hit op frå Raudekrossen – ikkje heilt bra endå.

15/7      Liv ferie til Okrå.

16/7      Ragnhild, Borgny og eg til byen med Oddrun, drog til Frekhaug kl.5 et.m. på puggekurs.       Prøve ta optagelsen på Stord Lærarskule.

18/7      Olav kom frå Nordfjord ferietur. Torbjørn teke Telegrafeksamen, sum 1.58.  Skal arbeide 2       månar frametter på Notodden. Olav har vore på Navelsaker, Bergset, Nes, Os. Alt vel.

21/7      Idag er det 30 år sidag Inga og eg vart gifte. Har med Guds hjelp gått vel til no. Alle borna og vi er friske. Fin overskya somardag, 21¤ C. Petter Haugarvoll og Liv kom frå byen.

22/7      Reiste Liv og Petter til Hålandsdalen.

23/7      Olav reiste til Oslo att det er slutt på ferien hans.

(regner med at det var Liv og Petter) hadde bytt ringar. Gud signe dei til å vere saman til         hans ære. Liv kom igår frå Okrå. Ho reiste inn 15/7.

25/7      Lærarinna tilbake til sjukehuset att. Nokko dårleg.

27/7      Idag er eg ferdig med jordbruksteljinga og sender henne til Fana jordst. 180 skjema – arbeidstid 90 timar. Janna Osa kom i ettermiddag og vart til 29/7.

29/7      Eg reiser ein tur til Navelsaker med «Firda» frå Brg. til N.eid søndag 30/7 kl. 8 morgon,          gjekk til Os, og vart der til 1/8. Brita frisk, Kari og Oddlaug heime i ferie. Til Nes vart der til onsdag 2/8 og tok med «Dølen» til Navelsaker om kvelden kl. 18. Pernele Bergset kom           laurdag 5/8 sein kveld. Søndag 6/8 følgde vi «Dølen» til kyrkje, såg til fars og mors grav,          gjekk med Brita Furredansen, måndag 7/8 med rutebilen til Samuel Bakke, på            Hornindalsætra om kvelden. Rasmus Bakke skyssa oss frå Sanden 8/8. Vi gjekk          Otredalsstranda og kom til Otredal kl. 13. Der var Einar hos Pål Utigard. Ola Utigard skyssa    oss til Navelsaker kl. 19. 9/8 var Johans Inigard og eg på fjellet til Myraflatuva. 10/8 var       Pernele, Karianna J. Navelsaker og eg ut i nyevegen. 12/8 skyssa Hans og eg Pernele til           Holvrøy, ho tok rutebilen til Stryn og heim til Bergsetnausta. 13/8 kl. 13. rodde Hans meg frå            Grimsneset, derfra bil til N.eid, til Os kl. 13. Dei åt slåttegraut, eg fekk vere med. Med             «Fanaråken» kl. 16 –  til Bergen måndag 14/8 kl. 8 – og heim til Sælen med bil. Heime alt      vel. I Hornindal vel motteken av alle, Pernile syster og eg fekk vere saman 8 dagar, det          lengste eg har vore saman med henne sidan ho var 17 år og reiste til Rasmus Otredal og tene    for 12 kr. året. Det var no 50 år sidan ho hadde vore der.

23/7      Tok potet-lauvet til å fari.

14/8      var det meste reist av potetsoppen.

Lærarinna Oline Høsteland vart operert igjen. 31/7 måndag, ho verkte so i underlivet, var         klein etter – men kvidna til mot søndag 6/8, men so bar det nedover og søndag 13/8 kl. 19          døde ho – 47 år gamal, fødd 8. januar 1892. Gud signe henne eit samvetsfullt, energisk og       godt menneskje, ho har arbeidt ved Sælen skule i 20 år, og ikkje skofta ein dag på grunn av       sjukdom.Vi står her fatige att.

15/8 og 16/8      Rev. N.S. og talt kassene opp etter samtale med Berg-Hansen.

17/8      Var med Oddrun til Brg. Ho for med 1-båten til Stord, skal prøve å greide å kome inn på         Lærarskulen – 106 konkurentar om 30 plassar.

18/8      Inga, Sunniva og eg for til Høsteland for å vere med i jordferda åt Lærarinna. Ola ved Vegen    og kona, Ingeborg i Fyllingen var og med. Fint ver og fin reis fra kl. 1330 – kl. 20,-. Inga,      Sunniva og eg fekk huset til Lovisa Høsteland. 19/8 Ola og Marta pynta kista – bar henne frå   bestestova ut på tunet og sette henne på ei vogn som var dekt med bar. Folket sette seg på         benkjer derom kista. Mildt, stilt sorggrått veir – inkje sol. Presten Gulmüyeiden talte etter 2 vers av: «Velt alle dine veie- 1. og 2. vers, over orda Luk 16. 9-13-, om å gjere seg         vener ved den urette mammon, og om å vere tru i det minste» – ei fin lita tale over Frk. Olina Høsteland si båre. So song vi «Med Jesus vil eg fara» 2 vers, 1. og siste.

So la ein kransar på kista: Navelsaker frå Fana skulestyre, Ola M. Sælensminde frå Sælen        krins, Frk. Tuft frå Fana lærarinnelag, Fru Navelsaker frå Kvinnelaget i Føllingsdalen,    Navelsaker frå Lærarheimen i Føllingsdalen. So song vi: «Jesus lever, graven brast» – beggje    versa – og køyrde til den nyss istandsette gravlunden på Høsteland. Ved kvart tun følgjet   gjekk forbi, song vi salmevers. Klokka på gravstaden ringde – kalla. Der var 6 graver alt.         Lærarinna fekk plassen opp mot nordvestre kråa. Presten kasta jord på, og vi song: «O tenk      når engang samles skal.» 30 kransar ialt, dei 5 pålagde vart sidan lagde opp på grava- – Dei 2    stovene var fullsette med middagsgjester, vi song føre og etter maten.

Det er heftet en lapp på de neste 5 sidene, teksten er følgende:

Frk. Høstelands jordferd, Høsteland Masfjorden 19/8 1939.

Salmeboken 321. «Velt alle dine veie» 1,2-3.

Tale 2.Kor. 12 kap.9 vers

«Min nåde er nok åt deg.»

a Veggordet

b Fyrste heim av nåde – Høsteland

c Andre »        »  »          Sælen -, død

d Hagen med blomar, skulen med borna

e Pynta juletre

mørkt og kaldt og lite sol.

Lite barn og «Jesus kom»

f Ho er om oss, her heime

hos oss i Føllingsdalen

«Min nåde er nok at deg.

345 Er Gud for mig 3-4 vers.

 

kransepåleggjing 19/8 39, Høsteland:

Frk. Høsteland, Fana skulestyre vil få lov å leggje ein krans på kista di. I 20 år har du gjort      godt og trufast arbeid i Sælen skule. Du gav skulen all di arbeidskraft, og at Sælen skule           skulle stå på høgde med skulane i Fana, – og at Føllingsdalen har eit vakkert barne- og            ungdomsliv skal du og ha takk for.

Med vyrdsam helsing og takk frå Fana skulestyre, frå skulestyreformann og skuleinspektør       legg eg denne  kransen.

 

Frk. Høsteland, dette er ein krans frå Lærarheimen i Sælen – frå borna, kona og meg.

Du har vore lærarinne for alle 9 borna – frå det eldste til det yngste. Dei takkar deg alle for       god skulegong, for hyggjelege stunder og samtaler utanfor skulen og etter skuletida. Og dei     segjer: «Korleis skal det bli no lærarinna er vekke?»  Og kona og du hadde det hyggjeleg          saman, bytte gode tankar og gode ord. Når eg stundom spurde etter kona; «ho er oppe hos            lærarinna,» var svaret. Der var godt å vere.

Og eg som har havt deg til samarbeidar ved Sælen skule i 20 år – som born og kone saknar      deg, so gjer eg og det. Saknar deg som god og skynsom samarbeidar, saknar dine kloke råd,      saknar deg som det gode og hjelpsomme menneskje eg heilt kan ha vyrdnad for.

Vi står fattige att.

Men vi kjenner det som du er om oss her, som du er om oss i Sælen, og vi segjer deg            hjarteleg takk for samveret vi segjer deg takk for ordet om nåden med denne kransen.

Gud signe deg for Jesu.

 

677       Nu strider dagen under Jesus mig allting er

765       Å tenk når engang samles skal

249       Kvar skal eg vel av

64b       Hjelp meg Herre Krist å stride

849b     Guds fred over huset

485       Jesus lever, graven brast

507       Deilig er jorden

45        Lover Herren, han er nær

Jeg har båret

647       Kjærlighet fra Gud

301       Med Jesus vil eg fara

620       I Jesu namn, me stemnar fram

664       Overmåte full av nåde

Mørkt og kaldt og ite sl

790       Så ta da mine hender

779       Jesus styr du mine tanker

 

Ved kaffibordet tala eg over 2 Kor.12 kap. 9: «Min nåde er nok åt deg» – ei bibelord    Lærarinna hadde i glas og råme på veggen. Frk. Johnsen, Laksevåg, tala og. Gud signe          Lærarinna og heimen hennar. Søndag 20/8 var vi tur til Loveidet, Inga og ei kone frå Hope      gjekk ned til Fru Sigrid Wergeland. Vi andre køyrde til Frøyset og såg kyrkja der, kom til            Høsteland att til middag. Marta og Ingeborg var av og plukka blåbær. – Kl. 1630 sa vi farvel    med Gamle-mor Lovisa og syster Sigrid – og Marta – syster til Lærarinna -og for med båten, kom med «Masfjord» til Brg. kl. 22, og heim til Sælen i 24 tida.

21/8      Ordna boksamlinga. Brita, Ragnhild og Borgny tok til på skulen i dag. Som eg er og går og    arbeider her, tykkjer eg Lærarinna er her – er om oss. Guds fred vere  med henne.

26/8      Arbeidt i hagen og på potetåkrane, skore vekk grast og renska ugraset vekk. 27/8 Petter            Haugarvoll kom her idag. 29/8 Om kvelden kom telegram at Odrunn hadde greidt       opptakinga på Stord Lærarskule, 40,5 point. Opptakingsummen var fra 44,5 – 38,5. – ho kom inn som no. 16.

1/9       Tok til skulen 4.kl.         24 elevar           Inga vikarierar

»      »   »          2 »        32        »          1. og 2. kl.

2/9       »      »   »          3 »        23        »

»      »   »          1 »        11        »          tilsaman 90 elevar.

3/9       Torsdag 1/9 gjekk tyskarane på Polen, idag søndag kl. 1 lyste England og Frankrike at dei       vilde hjelpe Polen. – Olav Os kom her idag. Petter Haugarvoll kom her til frokost – han og         Liv kanotur.

6/9       Henta sukker- og kaffikort (1000) og mjølsetlar ( 4009)på Nesttun.

7/9       Delt ut i Sælen skule fra kl. 17 – 21 – 438 s. og k. kort – 2060 kg. mjølsetl.

13/9      Delt ut ialt 1018 sukker og kaffikort, 208 mjøltilv. på 5006 kg.

10/9      I avskilsfest for Anderssen Rysst som reiser den 13de for å overta Eidsvoll prestegjeld. Ei        god stund, men det vert ein sakn for oss at han reiser frå oss. – Kristoffer Okrå hertil 11/9 og       var til 12/9.

18/9     Tok til å ta poteter.

22/9      Fekk 1 plommeskuff frå Okra, 1 pærekasse frå Hans – der var og 1 spekekjøtlår i pærekassa.

26/9      Ferdig med potetene – 12 hl. Asbjørn Sandberg har hjelpt meg. Idag døde kona til Pål Hamre   – Marta.

4/10      Onsdag. Var i jordferd til Marta Hamre. Der var omlag 120 men. Eg var visevert der. Tala        ved båra i heimen over Åp. 14.13 «Salige er dei døde». Pent høstveir, vakker dag, pent lag.

7/10      Reviderte over natta. Den 8de søndag tok eg til Søreide og tala i Bedehuset ved årsmøtet for     huset – 10 menneskje.

10/10    Guro Sande og sonen Odd opp her.

15/10    Søndags kveld kom Anna Fjellheim til oss for å tene.

27/10    Torbjørn kom heim frå Oslo med nattoget – heime var Fru Fjærestad og Anna Røyrvik då       han kom so i 10-11 tida. Han lever vel, har fått Telegrafekspeditørplass på Stord, skal ta til         der 1. nov.

2/11      Fana forsyningsnemd ved kontorsjef Li kom kl. 3 – 8 og delte ut kaffi og sukkerkort og          mjøltilvisningar – gjeld til 1/7  1940, mjøltilv. berre for nov. – desb.

Oddrun kom heim ikveld frå Lærarskulen, har stege seg vel.  Torbjørn fann ho tyrsdagskveld 31/10. Han fekk hus hos Kristian Fyllingen på Leirvik.

3/11      Inga, Oddrun, Anna R. og eg av til Konsertpaleet og såg Stanly og Livingstonefilmen.

3/11      Ragnhild, Borgny og Liv til Leivestad i Pernille sitt bryllaup. Gift med Jon Leivestad laurdag 4. nov. Petter Haugarvoll kom etter laurdag.

5/11      Oddrun reiste til Lærarskulen igjen kl. 1 frå Brg.

6/11      Pernille og Arne Bergset kom og var her frå middag til 550. Er på reis til Oslo.

7/11      Tilsynet samla på Kontoret kl. 6 kveld. Tilrådde veg for Vassdalsborna. Gav tilrådning om      tilsetjing av lærarinne i Sælen skule. 18 hadde søkt.

Innstilt:

1          Odrun Skipenes              3r – 1r. for J.D.

2          Johanna Drange  3″ – 1″ for O.K.

3          Gunvor Knappen same.

8/11      Livstrygdeagent Klungtveit tekna polise til Oddrun på 5000 kr. til utbet. ved 90 års alder         eller tidlegare død.

12/11    Søndag. Olav Os følgde meg heim frå kontoret kl. 12 1/2. Heime var Ola Vea og Olav            Melheim komne. Står nøitralitetsvakt på Ulven – 1 1/2 måne. Kl. 5 bila eg til Bedehuset,      Søreidgrend, der var fest til innkome for huset. Emisær Hunnestad tala der, han har vore her     14 dagar i S.S. indremisjon. Presten Zwilgmeyer tala fyrst, eg kom for seint å få høyre   honom. Kl. 10 idag var «Arne Kjøde»-motorskip torpedert nordvest Orknøy.

14/11    kl. 11  kanta livbåt med 17 mann, og kapt. Bernt (Flatøy) Ingebrigtsen kom bort med 4          mann.

26/11    Petter Haugarvoll var opp her idag – søndag.

3/12      Inga og eg i Konfirmasjonslag hos Lutro sine, Arne konfirmert.

21/12    Torhild kom frå Halsa, der ho har lærarplass. Oddrun kom frå Lærarskulen. – Møte i tilsynet    -juletrefest for Sælen skule i F.dalen ungdomshus laurdag 6/1 kl. 5. – Frk Drange er tilsett        som lærarinne ved Sælen sk. 18/12 i Fana skulest. med 12 r. for 11 r, mot.

23/12    Torbjørn kom frå Leirvik ettermiddag; eg kom heim frå kontoret i 8 tida om kvelden.

24/12    Olav kom frå Oslo om morgoen, kom på kontoret til meg der eg sat og stelte litt sko. Lever     vel. Vi hadde ein hugnadsam julekveld – alle var samla med gåver og gjengåver. Eg las            juleevangelien og sa nokre ord i tilknytning Ap.gj. 20,22: Eg legg dykk over på Guds nåde,     han som kan byggje dykk opp og gje dykk arv saman med dei hellige.

25/12    Inga, Brita, Ragnhild, Borgny og eg til Nesttun Kyrkja. Petter kom då vi var heime til            middag. Til kaffi kom Rasmusbr. Inga og eg henta kl. 4 1/2 av Harald Fortun til hdm. Skage,    Søreidgr. Vi hadde ein rett hyggjeleg kveld der, bila oss heim att kl. 11 1/2.

26/12    Fin skifør, alle dei unge ute på ski, eller går.

Ikveld reiste Olav med Oslotoget kl. 8, Torbjørn med nattruta til Leirvik kl. 10. Liv og Petter tok og iveg same tid.  – 11¤C.

Stor hugnas ha alle heime i julehelga. Gud signe dei.

28/12    Tufte Johan kom her i kveldinga, var til Brg. og kjøpte nytt handorgel. Ubøe m. frue og 3       smågjentar og Lystad m. frue kom til kaffitid kl. 5 1/2 og vart til kvelds i 10 tida. Hyggjeleg          samver. – Johans med i ungd. sin juletrefest 29/12 kl. 8 kveld. Reiste laurdag 30/12 i 1 tida.    Eg på N.S. kontor 29/12 og 30/12. Torbjørn kom før vi var oppe 31/12 søndag frå Leirvik –       skal vere med i ungd. sin nyårsfest ikveld. Herborg Gr. har vore her frå 29/12. Lystad sa meg   30/12 med same han gjekk frå kont. at han   hadde skreve seg som avhaldsmann.

31/12    Frk. Kjørm har vore hos oss idag. Liv og Petter er i Hålandsdalen. Helga Okrå kom til            kaffitid.

1940.

1/1       Roleg heime. Eg kvilde middag. Då kom Jørgen Ola, Tufte Ola, Johan Otredal og Hans          Strand. Dei vilde helse på oss, har hyrt seg, skal til sjøss  –  modige karar i denne  mine og     torpederingstid. Dei for i 6-tida, om kvelden for Helga og Torbjørn.. . Gud signe det nye året   – at han må få ære av det.

4/1       prostihjelpeprest Dybevig hadde møte kl. 7 1/2 kveld hos Knut Fyllingen. Eg var der, har        elles vore på N.S. kontor 3/1 og 4/1.

5/1       Møte i skulen kl. 3 ved Dybvig. Borgny, Brita, Inga og eg til Utbøe – var saman med            Norheim sine. Gild stund.

6/1       Juletrefest for Sælen skule i Ungdomshuset kl. 5 til 10 1/2. Umlag 200 men. God stemning, – 1¤C, snøføre, tilsynet flinke å hjelpe til. Eg tala over Ap.gj. 20.22.

10/1      Juletrefest hos Fru Hanna Fylingen, syforeininga. Tale Mat. 2. 9-10 julestjerna.

18/1      Per Jartrud døde idag på N.fj.eid sjukehus – 78 år gamall.

21/1      Søndag. Eg var med 20 kr. til kvar: Ola S. Helgeplassen, Nils Fjærestad, Malvin Elbing frå     Fana Kyrkjeutdeling 1939/40. Såg innom til Lina Opdal og Jakobia Fyllingen.

27/1      Lauardagskveld kl. 9 hadde Ungdomslaget foreldrefest, kona og eg var der. Løkling tala, eit     spelstykke, mat, musikk og leik – ei gild stund.

29/1      Fint skiføre, Petter var her oppe – Liv og han tur til Tennebekken. – 14¤C om natta.

11/2      Morsdag. Eg kom heim frå N.S. kontor kl. 2 1/2. Petter og Liv var her. Gudrun Duesund        (Herland) kom. Fint skifør, – 6¤ C. Lystad kom framom, hadde vore tur til Bjørge, saman       med Fru og Hr. Brekke. Dagane 12-15/2 skal vere vinter og koksferie, mangel på brensel,        segjer sk.st. – vi har brensel. Olav ringde opp fredag 9/2, han skal til Kjeller i militærteneste,    gjerne 1/2 år. Torbjørn og Oddrun ringde opp idag – haft lang skitur over fjellet på Stord.        Torbjørn skal bort til Oslo i festningsartilleriet (bergbatteriet).

14/2      Teke opp lån til Oddrun i Fana spb. Nesttun på 400 kr. sett pengane inn att på bok og lover     etterkvart ho har bruk for til si utdanning på Stord Lærarskule. Rasmus Bønes og Einar   Bolstad er saman med meg Ververingsmenn. Det er gode grannar som vør oss so dei viser        oss denne hjelp.

Frå mandag 12/2 til laurdag 17/2 har vi vinterferie, roligt veir -15¤ C, og fin snø over alt –      skiføre for skuleungdomen, kallast og koksferie – skal spare på brenselet i denne krisetid.

19 og 20/2         stort snøfall, inst på Leikeplasen 42 cm.

23/2      +5¤ C veir og regn og snøen fer, jorda er berre flekkevis. Ikveld har eg høyrt Knut Wersmik     om «Verdenssituasjonen idag», eit svært oversyn. Kristiane og Ragnhild med i Ungdomshuset.

2/3       Denne veka har vore sløyd. Idag er eg sjuk, forkjøling – influensa, eg ligg og svettar. Igår var   eg på N.S. kontor og reviderte, fekk då veta at kontrollnemda har sett revisorløna 1939 til         3000 for året, ein auke på 100 til kvar av oss, Bj.H. og meg. – Tufter Johans og Martin           Melheim kom her i ettermiddag, skal til sjøss, reiste att 3/3 om kvelden, søndag. Petter og        kom 2/3 om kvelden og var på gjentene sin skotårsfest. Der var M. og J. og med. Alle hadde   det kjekt.

Tenestegjenta Anna Røyrvik har lege av kusma i 2 veker, er no bra.

Frk. Knappen er tilsett som lærarinne i Sælen av Kyrkjedeptet. Rolv Sælen har fått plass på     Underoffiserskulen, – Snøen mest vekk, +7¤ C.

2/3 til 3/3          sterkt forkjølet. Låg laurdag 2/3 – elles vore i sløyden. Snøen faren for det meste,       dagen ljos til kl. 6 kveld. Laurdag 2/3 om kvelden kom Martin Melheim og Tufte Johans,           skulde til sjøs –  saman med Hans Strand. – Dei som for nyårsdag kom heimatt etter ein tur      over Norsjøen etter kollast til Stavanger frå England. Martin og Johans er med på        skotårsfesten 1/3 i Ungdomshuset.

7/3       Skule- og lærarbustad brandtakserte oppatt i 10. kvart år, byggm.Sletten, lensm.betj. og ialt 6 mann var her.

11/3      Byggjenemda og så på ombyggjing av skulen for å innreide skulekjøken og eit klasserom.       Vart samde om å få utreidt om å lengje huset eit klasserom og so innreide skulekjøken oppe            med den høgd som er. Frk. Knappen sagt frå at ho tek ikkje plassen. Fått plass Nittedal.

18/3      Oddrun heime frå lærarskulen – står seg vel.

17/3      palmesøndag om ettermiddagen reiste Kristiane og Ragnhild over Kvamskogen til Okra for å    vere der i påska.

21/3      Drog Oddrun og Borgny saman med ungdomen i bil til Gullfjellet på skitur. 27/3 Inga 56 år.   Fekk Kinesiske handsauma bordduk med 6 serv. frå Olav.

29/3      Torbjørn kom heim idag frå Leirvik – står seg vel. Fri eit par dagar.

31/3      Oddrun for kl. 1, ogTorbjørn kl. 9 kveld. Han skulde vere med i langrenn om dagen, vart        avlyst for orkan og regn – Gullfjellet. Gud gjeve dei lukke kvar på sin stad.

9.april.              Eg vakna kl. 4 idag tidlig, låg og høyrde på skyting frå Lyderhorn og byen. Sunniva   kom ned i 5-tida, og sa: krigen er begynd. Eg sa: Berre legg dokke og sove igjen. I 6 tida for     2 brune fykemaskiner over taket, eg såg radiomastra på ryggen åt dein eine. I 6-7tida gjekk       eg på kontoret. Inga kom hit fram mot 7 1/2. Det er verre enn vi tenkjer. Tyskarane har teke      Kvarven og Brg. – Eg skula som vanleg denne tyrsdagen med 3.kl. – ein fjerdedel av klassa      var borte. I middagstid kom nokre frå Laksevåg og bad om hus. Dei fekk Handarbeidsromet,     og let vel. Gutane og eg la inn verktyget i sløyden og hadde høvlebenkane på loftet, pussa i     sløyden. Då vi slutta skulen i 2 tida, kom det folk frå Laksevågneset, midt ut or kuleregnet   og  redselen. Ned for land var ein tysk krigsbåt rend på land, ein komen i brand. Ut over             kvelden kom fleire flyktningar, i  klasseromma på loftet og heime i Lærarbustaden, omlag       300 i skulen og 20 heime. Marineholmen var og teken. Radiotelegrafist Grønbeck kom hit,          komen seg klar tyskarane – etter han hadde sendt beskjed til alle norske vaktskip. Natta til       onsdag sov vi roleg, eg var oppe om morgoen onsdag kl. 5, kløyvde litt ved, gav grisene,-

då kom fykemaskiner over Lauvstakken og stupte der, den eine etter den andre – og so             bomm -, dei bomba eit tysk slagskip som låg ved Skoltegrunnen, det sokk seinare på dagen. I   radio kom bod om at «Bremen» med soldattransport var søkt i Skagerak eller Nordsjøen med    20-50 000 mann. Tyskarane har sett seg fast i alle offentlege bygg i Brg., Posthus,   Telegrafbygning, kommunehus, jarnbanestasjon. Grønnestølen skule er teke til lasarett av         tyskarane, Storetveit lasarett for dei norske frå Helle, Kvarven, Håkonshella m.m.

Idag torsdag den 11. var eg oppe i 5tida, høyrde lyd av skyting sydvest frå havet. Kl. 6 kom 5 bombefly frå vest hit over Liland mot Fanafjorden, elles roleg. Radioen fortel at frå iaftes til        idag, i heile natt – har stege slag frå Oslofjord til Troms – 100 tyske og 150 engelske   krigsskip og tilsvarande mengde fly – verdenssoga sitt største sjøslag.

Her på skulen tek no Grønbeck opp liste over folket i kvart rom. Handarbeidsromet,    Sløyden, Badet, 2.klasse, 4.klasse. Undervisningsrommet, Loftet, Kvisten. Skal ordne med matstellet, kvar skal syte for seg sjølv, og dei som ikkje det kan, skal husnemda hjelpe til at    dei kan få det dei treng.

15/4      Mandag. Fredag 12/4 var eg til Brg. – ut på N.S. kontor, til Nesttun  der er Ubøe hos Lunde – bur hos Neteland, jarnbanemann. Kom vel fram – såg tyske patruljar på 2 og 3 mann i    gatene. Alt roleg. Um morgoen eit misslukka flyangrep på tysk krigsskip ved Dokkeskjeret –   og amunnisjonsskip ned for Laksevåg kyrkja. Laurdag ein tropp tyskarar i vegskiftet hos       Gustav Sælen – kom frå Bjørge der dei har vore vakt, og truleg stilt opp antiluftskyts. Ein       Mildebil for til byen med dei. – Rasmus Løvås hjelpte dei med blending heime om kvelden,             her på skulen er det ljos berre i kjøken og bad, i gangane og troppane. Søndag 14/4. Eg var      som vanleg oppe kl. 5, hadde med vollarbeidar Olsen og greidde renovasjonen, gav griser og    høns, saga og hogg ved –  under dette kom fykande 14 engelske fly, dei bomba fykehamnen i             byen og eit 10 000 t. amunisjonsfartyg ved Skoltegrunnen fekk ein fulltreffar, låg og   eksploderte utetter dagen – og brann, svart, tjukk røyk. Ettermiddagen kl. 5 møtte eg frå       dalen i F.forsyningsnemd som tilsynsmann med forsyninga til Dalen. «Vi står under tysk        militærstyre, og må innrette oss etter det», sa ordf. Negård. Det skal takast manntall over dei   som har tydd her til Dalen for å berge seg. Gjekk frå Fjøsanger til Straume saman med Besse    Bønes og Andr. Skage. I skulehuset på Søreide er ei tysk vakttropp, og Besse Bønes sin     telefon er beslaglagd av tyskarane. Kl. 12 søndag var pastor Knudsen frå Laksevåg her og         heldt preike for meinigheita si. Han bur hos Los Pedersen, og Dr. Eikenes bur hos Mikkelsen      (Jenny Reed) telefon Ferieheimen.-  Laurdag 13/4 reiste P.H. same dag M.L. og ing.N. – dei    norske samlar seg på Voss under general Steffens. I lærarbustaden  bur T.eksp. Grastveit sine i lærarinna sitt soverom, entrepeniør Nilsen i daglegstova, Grønbeck i matstova, Ånesen sine      i soveromet til gjentene, tilsaman 17, og på grisehuslemen Bjørndal,- 7 menneskje. –   Kontoret i skulen er brukt til møterom og dokterrom. Hr. Tjensvoll er grei formann i det 5   manns store husstyre, og det går godt med humør og mod i huset.

17/4 og 18/4      gjekk og tok opp manntal over dei evakuerte: Sælensminde, Fyllingen n. og ø.,         Tjønna, Lauvstakken til og med Rosenlund.

19/4      fekk hjelparar å sjå til dei evakuerte.

20/4      Møte i Fana forsyningsnemd kl. 10. La der fram mantal frå Sælen Krins: 3691 evakuerte,        førebels-medl. Sælen, Straume og Bønes berre talt etter skyn. Heile Fana omlag 30000          evakuerte. Var til Ubøe etter møtet. Vil ta til med arbeidet på kontoret att måndag 22/4 frå       11-13. Står vel til, bur endå hos Lunde, Nesttun.  Brekkes, Solien`s i Samdalen. Solien`s      fekk ei dotter onsdag 11/4.

På Nesttunbrua gjekk tysk vakt, tysk vakt på Straumebrua, elles sagn om at på Kvamskogen    – Norheimsund har stege slag millom tyskarane og dei norske – mange såra og døde. Køyrde       til byen. Engelske fly har vore over Bergen mest kvar dag. Mi arbeidsrute om dagen: Opp kl.   5 morgon, saman med vollarbeidar Olsen renovasjonen, gje krøtera, sage ved, sjå til dei         evakuerte i skulen – der er no 230, i Ungd.huset 260, i Arb.barnas feriehjem 244.

I kveld kl. 8 hadde eg møte med hjelparar frå dei ymse delar av Krinsen, vi skal hjelpast med   å sjå til dei evakuerte.

Måndag, tyrsdag og onsdag gjekk dei 10 hjelpemennene med evakueringsmantalet.

25/4      torsdag var eg til Nesttun med det, 5300 evakuerte i Sælen krins. Idag har hjelpem. teke opp    potetmantal og potetareal.

26/4      var eg til Nesttun med det – arbeidde ei stund for N.S. kontor.

27/4      Idag til N.S. igjen. Her roleg, eg so for flyalarm. Gjekk soge om at V. vangen var bomba og    brend igår av tyskarane.

26/4      fredag til Nesttun kl. 9 med potetmantal – arbeidde sidan på kontoret i byen.

26/4      Arb. på N.S. kontor. Rykte om at gen. Steffens har hatt krigsrett på Voss over 2 oberstar og 4 kapteinar og late dei skyte for svik mot Norge. Rykte om at tyskarane har teke Voss. Elles        svært roleg, fint vårveir. Kl. 11 idag var Biskop Fleischer i Ungdomshuset og heldt preike,      trøsta og oppmoda til tru på Gud i denne vonde tid. «På høyden opp, se lenger – til Gud på      kongestolen, la han kun råde selv». Når det ser mest stengt, opnar han veg. I skulen er no         190. Dei spaserer ute i dette solklåre veiret, litt norda og kaldt. Kl. 5 preika Fleischer i   Arbb.Ferieheim – det er visitasjonsteneste for Laksevåg han held her i Føllingsdalen.

1/5       Liv sa ho møtte Mons Løvås på Laksevågbryggja idag tidleg, såg trøtt ut, Rolv er og komen    heim –   Kristoffer med Vegen og. Ikveld kom Helga moste. Det held seg ryktet at dei norske    offiserane ikkje går på – held mannskapet attende frå å gå på i rette tid. Idag skal tyskarane       kome i forbindelse med kvarandre Oslo – Trondheim over Dombås. Uvisst Engelsmannen er      der og stansar dei,- Her er stille som føre storm.

2/5       Kristi Himmelfartsdag – sol og ro, vatnet ein idyll med 2 ender. Olsen og eg greider   renovasjonen, brenner rusk og kvist, so gjev eg grisane, sager ved og rakar og vaskar meg,       fyrst i 9 tida tek Inga og smågjentene til å røre på seg. Eg har vorre oppe sidan 5.

3/5       Reviderte på N.S.kontor – til Nesttun kl. 5 og tok mot rettleiding om utdeling av       brødrasjoneringskort.

4/5       Petter Haugarvoll kom heim med Liv ettermiddag. Han har vore vakt for ei fangeleir på           Mjølfjell – tyske krigsfangar.

Kåre Sælen er ikkje komen att, dei er uvisse om korleis det er.

Sett poteter idag, synnavind og skjene-turt.

6/5       Delte ut Brødkort for mai og juni i 1 klasserom. Hans Engelsen, Johan Sælen, Halvorsen-       Lauvstakkskiftet med. 844 kort delt ut.

Dei evakuerte i skulen har minka i tal, har no sett opp sengar i kjellaren og på loftet, sengar i    2 høgder, og har det bra.

7/5       Til Nesttun med Brødkortmaterialet. Arbedde på N.P blad og fekk deb. og kred-lista til å         stemme. – Kom heim i 6 tida då var Torbjørn og Oddrun komne, hadde følgt motorbåt frå           Leirvik. Ein tysk minesveipar gjekk føre. – So kom Petter og Liv. – Grastveit hadde fått i         oppdrag å innstallere kringkastar for å sende Rikskringkastinga frå Oslo ut over Vestlandet.        Innstallere opp på soverommet åt Lærarinna. Torbjørn hjelpte honom.

8/5       Opp i 1/2 6 tida som vanleg. Petter ringde heim, bod om eksplosjon og brand på        Marineholmen i natt. Brand endå idag. Liv og Kristiane la vere kome til byen so lenge. – For    seinare.

9/5       Heile Marineholmen stroken med, loger av torpedoar og miner. 7 brandmenn og ein tyskarar     gjekk med. Borgny og eg sett poteter idag ut for fjosen. Idag tidleg for Torbjørn kl. 7 – skal       til Leirvik igjen. Kl. 6 ikveld kom Petter og Liv frå byen. Med same vi skulde gå inn, kom     15 jagarfly vest over Lauvstakken. Bomba ein båt ved Dokkeskjeret, bomba Kvarven.

10/5      Eg gjekk til byen, arbeidde på N.S. kontor til kl. 7 kveld. Tyskland har sagt krig med             Holland, Belgia og Luksenburg idag kl. 6 imorgon tidleg.

11/5      Olsen og eg greidde renovasjonen, kl. 7 1/4 kom engelske og norske fly (6+2), dei bomba og   sette eld på Florvåg-tankane.

Kl.12 1/4 var Inga og eg til Domkyrkja i Bergen. Der vart Liv og Petter Haugarvoll vigde.       Skyting og flyalarm under vigjinga. Bila heim til middag. Eg sa nokre ord til brurfolket ved       bordet, Kor.I 15.57.  Anna Røyrvik reiste 1/2 3 tida, med Kvemmabilane kl. 4 – heim, etter å ha tent hos oss 6 mån. – Liv og Petter tok til Hålandsdalen kl. 1/2 5, heim til mor hans. Gud      signe samlivet deira. Om kvelden – pinsafta – sette Borgny og eg poteter. Det ryk endå frå       Florvågtankane, – Grastveit sine var til kaffi hos oss før L. og P. reiste.

12/5      Pindag – snø utover. Tyske jagarfly frå 4 til 10. Ved frukost ringde opp frå Haukeland             sjukehus søster Marie Myklebust at Hans Holmøyvik låg der, kom frå Voss for 8 dagar sidan,    vart operert, er toleg bra idag. Snakke med meg, eg går for å helse på honom. Lars stod seg      vel – hadde fått ein granatsplint i indre sida åt høgre lår, ikkje knust bein, operert og i betring. Høgre veslefinger avskoten, mitraljosekule. Han vart såra 2. dagen på Voss, kom til     Haukeland for 8 dagar sidan. Oskar Kjøs gått gjennom isen for 3 vekar sidan ved ….

13/5      Idag kl. 2,40 bombing ute ved Kvarven. Kaldt.

15/5      Såg til Lars Holmøyvik. Han er i bedring. Olav R. Espe var hos honom då eg kom dit til        Haukeland syukehus.

17/5      Fekk brevkort frå Torbjørn. Står vel til. Han ringde og heim, hadde tala med Olav igår. Står     og vel til. – Her hadde vi eit godt og pent sjokolade-kake-og kaffibord på tunet fram for døra,     alle i huset var med. Flydur i heile dag, inga festing, etter forbod frå tyskarane. Dei på             Fløyen fått ein son idag. Eg lagde istand kålestykket, var til Mons Løvås og fekk planter,           smågjentene var med og sette dei, nokso tort.

18/5      Reviderte på N.S. kontor. Tyskarane hadde vore i skulen og vilde ha plass til 50 tyske            hestepassarar, skal stasjonere 150 hestar i F.dalen, har før stege i Nygådrsvik.

01de om morgoen vart eit tysk fly skote ned over Inndalen.

18de  »     »            »   senka tysk kryssar og 4 torpedobåtar ut for Marsteinen, skulde             konvoyne lastebåtar til Tyskland. «Tyrifjord» kom inn att til Bergen.

24/5      Delte ut smørkort i skulen, 905 st. Hans Engelsen, Johan Sælen og Halvorsen med. Eg til       Forsyningsnemdmøte på Nesttun kl.5

25/5      Leverte smørkortmaterialet på Forsyningskontoret, Nesttun.

30/5      Inga og eg til byen, ho kjøpte meg vårfrakk. Eg reviderte, trefte kontrollnemda Kolås og          Owren. Var til Haukeland sjukehus og snakka med Lars P. Holmøyvik, var no oppe.

Narvik teke av dei allierte mandag 27de. Bodøy bomba og øydelagt til grunnen tyrsdag 28de    mai. Svære kampar på Vestfronten. Kong Leopold, Belgia, svikta og kapitulerte tyrsdag.

1/6       Fru Strømbekk fekk ein gut kl. 6 1/2 idag på Fødselsstiftelsen, køyrde dit 3 1/2 her frå, alt      vel.

2/6       Styremøte i S-S. indremisjonslag hos oss-Navelsakers – søndag.

3/6       Lars P. Holmøyvik her opp frå Haukeland sjukehus kl. 1. Var til kl. 6. Han er no so bra at han             går utan stav, skal heim so snart råd.

5/6       Tjensvoll med huslyd for idag, han skal ta til på Valseverket måndag. Det er få evakuerte att     på skulen.

7/6       Inga, Brita og eg for over Kvamskogen til Okrå, frå Jarnbanestasjonen kl. 1720 til Okra kl.      23. Fint veir. Dei ombygde Okrastova, nærmar seg å verte ferdig, romsleg og greidt – 5 rom i         I og 5 rom i II høgd. Far og mor er friske. Laurdag var Kristoffer og eg opp om Hovden og      såg på merke. Måndag 10de for eg heim att – kom heim kl. 9 kveld.

Italia har sagt Frankrike og England krig idag, og står ved Tysklands side. Kongen,     kronprinsen og regjeringa har slutta forsvaret av Nord Norge, manglar våpen, amunisjon og     fly, er reiste til England. Dei engelske, franske, polske og norske fer til vestfronten.

10/6      Eg kom heim att frå Okrå.

11/6      Heime møte av hjelparane til til å ta mantal over settepotetareal, og å telje til å skaffe seg         brensel til vinteren.

13/6      Fylte 61 år. Petter og Liv kom i ettermiddag, fekk eit bilete av dei som brudefolk. Torbjørn     ringde frå Leirvik, står vel til. Idag kom regn, eg har slege i hagen frå trea.

15/6      Sendt Fana jordstyre – Potetteljingsmaterialet. I Sælen krins er sått 122.4 mål poteter – det er   38.7 mål meir enn vanleg.

16/6      Frankrike bed Tyskland om fred, England vil halde striden ut.

22/6      Inga kom frå Okrå.

23/6      Søndag – jonsokafta – ikkje lov å brenne brise, tort har det og vore i marka. Frankrike skreiv    under våpentilstand idag – nord og vest skal hersetjast av tyskarar.

24/6      Jonsokdag – mandag, delte ut brød, sukker og kaffi-kort i skulen – 966 – 843 – 930 – (31-      32). Hans Engelsen, Johan Sælen, Karl Løvstakken med. – Dei siste evakuerte for idag, til      Arbeidarbustaden bak Laksevåg mek. Verkstad. Olga med Vegen vaskar skulen.

25/6      2 tyskarar var og vilde ha losirom, viste dei plass på Skulehuslemen – som elles er lagerplass   for sløyd og snekkarutstyr m. m.

27/6      Grastvedt sine kom att idag. Tyskarane er ikkje komne på skulehuslemen – dei har teke           daglegstova på Fløyen.

29/6      Her kom ein blom frå Strømbeck sine til kona og meg med takk for hjelp i ei tung tid. Han     skynar.

Tida er, har og vert tung, litt strev har vore å lindre og hjelpe, dermed har eg sjølv      vorte fri frå nyttelause tankar – og eg har fått hatt ei ljos von um i om at enden på krig og          ulende skal bli god, men no ser eg at grunnen til denne von er trua.

Blomen frå Strømbeck sine var til stor hugnad.

30/6      Inga og eg, Grastveit og frue var til kaffi og kvelds hos Strømbeck sine i Nygårdsvik.

1/7       Skrev under Revisjonsårsmelding for N.S. lag med avdelingar.

2/7       Sett inn glasruter, og reparert ymse i skulen.

4/7       Borgny fylte 17 år. Stor og frisk. Gud signe henne.

Hans Engelsen og N. sat og delte ut Fettkort idag kl. 9 – 7 , 851 kort.

Slåtten er begynd – regnsamt veir.

8/7 til 19/7        Eg, Kristiane, Borgny tur til Nordfj.Var på Hogesætra i Fjellet, til kyrkje, på Grothøgen, i Otredalen, på Navelsaker hos Hans og på Os. Følgde «Framnes» tur og retur,       gild tur, same tid var Sunniva til Okrå, ho er noko nervesleta etter evakueringa og invasjonen   av framande.

20/7      Olav kom seine kvelden – sykla frå Okrå, nokso våt, har sykla frå Oslo.

22/7      Lystad kom på visitt. Ubøe er i Oslo på branserådmøte, dei framande tok inn i           Ungdomshuset i dag 120 mann, held på set opp skyts på Lauvåshaugen og Knappafjellet. –   Torbj. fyller idag 23 år. Gud signe honom og oss, og gje eit godt år. – Grastvedt sine er i         Lærarinnebustaden endå, dei andre evak. er farne.

28/7      Olav reiste med toget til Oslo 805 kveld. Eg var med honom på stasjonen. Petter og Liv         ogso. Ein slik hugnad med han har vore heime. Torbjørn kom fredag 26/7, han sykla til          stasjonen med sykkelen hans Olav. Vi har hugnad av dei alle. Gud signe dei.  – Onsdag 24/7    kjøpte syskinlaget saman med Far og Mor bryllaupspresang til Liv og Petter: Sølvmatstell på 8 skeier, 8 gaflar, 8 kaffiskeier, kompottskei, sauseskei, potetskei og fiskespade – til omlag      250 kr.

15/8      Frå 5/8 – 14/8 reise Årsm. N.S. lag Åndalsnes. Reiste om N. eid, Straumskann – Åles. På      Aksla 7/8 om kvelden. 9. og 10. årsmøte. Berg-Hansen og eg fekk kvar 1000 kr. etterskot           revisorløn 1939. Dalsaune slutta som formann etter å ha stege i 10 år. Olav Os gjekk ut av       styret etter å ha vore med i 6 år, Knut Nærland gjekk ut over nyår 1940. Owren vart vald til       formann, Fylkesagronom Strand, grb. Østein Føleide vart valde inn i styret. I kontrollnemda    Roaldskvam med over.sf. Ilseng som 1. varamann. Samanslutting av N.S. og N.C. utsatt.     Skinnomsetjngsordning fall med 20 st.  18 st. for.

Eg for om Åndalsn. til Oslo, trefte Olav, besøkte Pernele, Bertha Olsen, Brendefurs.

Oddrun reiste til Lærarskulen att 10/8 laurdag.Torbjørn kom att no frå kanotur natt til søndag   11/8 – gjenomvåt, men frisk. Eg kom frå Oslo onsdag 14/8 k. 10.

Idag ekserar tyskarane ut på Leikeplassen – kl. 10.

16/8      Idag tok skulen til, Inga i småskulen og eg i storskulen. Borgny kom att frå Navelsaker –        etter 1 1/2 måne ferie, i god stand.

20/8      Idag fekk vi oss elektr. komfyr. Sarpsborg komfyr: 485 kr.

27/8      Anna og Torhild kom idag. Brødkortutdeling. Hans Engelsen 9-15, Navelsaker 15-19.

28/8      Margit Nes og Frk. Ubøe kom hit i ettermiddagstid.

29/8      Reiste Margit og Ubøe, Margit skal til N.eid imorgen kl. 8.

Om ettermiddag reiste Anna og Sunniva, som skal vere på Okrå ei tid og kome seg til kreftar   etter denne tunge våren. Det har teke på nervane hennar, dette med tyskarane.

30/8      Torbj. ringde frå Stord idag, det står vel til med honom og Oddrun.

12/9      Olav ringde frå Oslo ikveld. Forkjølt, men betre no, står elles vel til. Sunniva kjem seg vel til rette på Okrå – helsing frå Anna gjenom Helga.

18/9      I 4 tida et.m. kom 2 tyskarar – sidan ein løytnant. 2 telegrafistar fekk lærarinna si matstove.     15 mann fekk plass i «Sløyden» – infanteristar. Dei tyske frå Kug..tr. – marinefolk, held fram      med eksersis om dagane på Leikeplassen. Dei fører seg elles vel.

30/9      Delte ut brød og såpeort i storskulen fra kl. 9-19. Alf Halvorsen med. Utd.: 996 brød – 61       kveitemj., – 349 såpekort. 1 med barbersåpe – 674 såpek. 2 utan barbers.

2/10      Ferdig med å ta opp poteter 25 hl = 16 tyn. = 1600 kg. Bra store – lite små – lite rot.

12/10    Inga reiste til Okra om ettermiddag og kom att måndags kveld den 14de okt. Sunniva har        kome seg godt. Dei lever vel heime, berre Kristoffer har hatt øyrehistorie etter forkjøling.         Inga hadde med ein handkofert plomer.

13/10    Eg var til Bedehuset på Søreide og tala i Årsm. for huset. – Tyskarane er i sløydsalen, ekserar   på leikeplassen, 2 radiotelegrafistar held til i matstova åt lærarinna. Nenstil for på 3 vekers     ferie 12/10 kjem truleg ikkje her igjen.

18/10    Løytnant Borm slutta som kommandant for dei i sløyden, Løytnant Wilmann kom igjen.        Iaftes høyrde eg Quisling i Konsertpaleet. Han vil berge Noregs fridom og sjølvstyre,     ansvarlege leidarar, og alle i arbeid, ned med Kapitalveldet. Fi..ult ute, og halve byen på          beina – ro inne i salen som var fyllt av tilhøyrarar, galleriet mest tomt. – Vente og sjå!

1/11      Bededag. Eg arbeidde på N.S. kontor frå igår til idag kl. 11. Tok 1/2 12 bilen heim. Der var    Oddrun, kom frå Lærarskulen, heim so snarast. Står bra til, ho kom om Haljem, Os, og so bil            derfrå til Brg.

3/11      Var til Søreide i styremøte i S.S.indrem.lag Ola Sælensminde og eg. Eg snakte til oppl. i       Bedehuset der kl. 11 over Luk. 6.20-26. av Bergpreika. Oddrun reist att kl. 12.

9/11      Torbj. kom heim. Hadde gjort vegen om Okrå frå Leirvik. 2 dagar på Okrå. Står bra til der       inne. Kristoffer frisk att. Sunniva ser godt ut, målar og er frisk. Torbj. for med Stav.-    Sandnes-båten 11/11 kl. 5 morgon (måndag) 11/11.

13/11    Onsdag. Dei 2 radotelegrafistane på Lærarinna si matstove reiste, – samleis dei i          sløydkjellaren. Skulde tilfjelds og stå på ski, men i sløydkjellaren står sakene deira igjen. På    Radioneset er dei og reiste. Grastveit og dei andre norske der held vakt ein om gongen.

16/11    Inga og eg til Storetveit kl. 16 i avskilsmøte i Fana Lærarlag for skulestyrarane Løvås og         Nordland. Den nye skulen der er snart ferdig, han er teken i bruk. L. og N. fekk til         minnegåve kvar sine 2 ljosestakar. Dei takka, og kom med ymse minne frå si arbeidstid i         Fana. Vi sat om småbord, lærarkonene hadde kokemat med. God stemning.

17/11    Søndag. Mor til Petter Haugarvoll kom opp til oss i 12 tida, Liv og Petter var med. Eg var i    møte i skulen då, Gullakson tala til oss. Fru Haugarvoll var til 8 tida om kvelden, ei greid       kone i 63 åra.

Ola – farbror til  Inga – døde 9/11. skal jordast 19/11. Flink båtbyggjar, og hyggjeleg å vere    saman med, det var han som bygde småbåten eg hadde i Hornindalsvatnet.

26/11    Søndag 24de var Liv og Petter opp her. Er no fløtte til Blekenberg, Krohnstad, har det bra i     den nye bustaden.

Mandag 25de kom Frk. Johanna Drange, skula 2. kl. her. Fyrste dagen.  – Eg til byen, ordna    med komande 3 eplekasser frå Okrå. Rett ein fløde og våt dag. Gjort siste      blendingsgardinene åt Lærarbustaden istand.

26/11    Fekk 3 kasser epler frå Kristoffer Koltveit med Mildebilane.

29/12    Fredagskveld. Styremøte i Leseringen.

1/12      Søndagskveld. Årsmøte i    »       »       , skal halde fram 1940/41, bøkene 1939/40 gje vi til   Fyl.ul. si boks. 8 lemer 1940/41.

Kristoffer kom her søndagskvelden, reiste att tyrsdagsmorgoen den 3. desb. Var til doktor        for vinstre øyret. Sunniva går det vel med, ho målar og syr og er frisk.

12 og 13 desb.   Matkortutdeling i Sælen skule frå 10 – 17 og 15 – 17.

19/12    Oddrun og Frk. Stubseid kom her om Hagavik frå Stord.

20/12    Dei gjekk til byen idag, kom att i kveld med Frk. Tveit og Frk. Børnes, dei kom frå Stord      idag, og alle 3 skal fare i morgon tidleg.

21/12    Torbjørn kom heim i ettermiddag – laurdag. Står vel til med honom. Idag slutta skulen til jul – ferie til 6. jan., måndag.

24/12    Olav kom med morgontoget frå Oslo. Eg reviderte på N.S. frå kvelden før og til idag middag. Torbj. og eg reiste heim med 2-bilen, Olav kom litt seinare. Om kvelden kom Petter         og Liv, so var heile huslyden samla – 12 st. Vi hadde rett hyggjeleg julekveld.

Eg hogg ei lita fure opp om fjøset dagen før. Torbjørn sette fot under, borna samanpynta, og    vi gjekk om treet og song julesongar. So las eg juleevangeliet, Luk.2. 1-4. Sa nokre ord om      at vi samlast, stunda etter dette møtet heile året, gav gåver og tok mot gåver, men alt største     gåva er frå Gud som gjev oss syndsforlating, fred og glede. Han syner at han er oss nær ved       at han har tukta oss med krig dette år, han syner han vil oss vel ved at han let oss få samlast     til denne julefest, og han vil vere oss nær, verne og styre ein god utgang, difor tru og mod og             godt humør.

Alle gav, og alle fekk. Borna hadde kosta radioapparat til oss, eit «Høvding» frå Staubo fabr.,   Oslo, til pris 400 stempel. Det var at vi skal få følgje med i det som går for seg ute i verden,   og få vete sannheita so godt som der er mogeleg, både om vårt og andre land. Apparatet er       rett godt, og står i kroken i best-stova. Kl. 1 natt gjekk vi til ro – etter ein vakker julekveld, midt i vår mørke trengselstid.

25/12    Vi var samla alle om frukostbordet kl. 11. Eg las av Hope: «Eit ord idag om at Jesus kom og   ikkje fann rom». Om ettermiddag måtte Petter på vakt. Han kom att 2dre juledag. Olav reiste om kvelden kl. 7. Då for og Liv og Petter.

27/12    3dje dag morgoen kl. 7 følgde eg Torbjørn. Han tok med «Stod» til Leirvik kl. 8, eg var med   honom ombord. So gjekk eg til kontoret – arbeidde med rekneskapen til Fabr. «Silden» heile    dagen og 28/12 laurdag til ettermiddag. Då ferdig – stemte på nær 10 øre ukjende       kreds.førar.

28/12   Om morgoen ringde Hdm. Skage meg opp, sa at møtet i Sælen skule nyårsdag kan ikkje bli.    Munn og klauvsjuka – kupesten – er komen til Nevengarden. Alle offentlege møte er           forbodne, skular er stengde i Fana og næraste bygder. Dette føl med invasjonen. Ei     forkjølingsepidemi går over by og omland, eg har vore forkjølt igår og idag. – I kveld gjekk         eg til Liv og Petter i Blekenberg 47. Nytt hus, dei har det rett bra der. Inga og Sunniva og       Oddrun kom og til frå Føllingsdalen om ei stund. Etter ein hyggjeleg kveld tok vi heim i 9      tida.

1941

1/1       Igår ettermiddag – tyrsdag – nyårsafta kom Helga hit frå Arna. Ho vart her til kvelden nyårsdag. Liv kom og nyårsafta – Petter kom nyårsdag. Elles var vi alle på nær gutane. Torbjørn ringde mora opp – han har fått plass ved Oslo radio, som teknikar, skal tre til den      15. januar. Andr. Skage og frue kom til middag nyårsdag, og var til om kvelden. Landet er     snøkledt – og hærsett, det segjest 300 000 mann, krigen går. Med god tru og  godt mod vonar vi ved den almektige si styring at året vert godt for oss. Gud signe heimen, bygda og landet.

2.jan.    Torsdag om morgoen – 21,5 ¤C. Eg tinte opp alle springane i skulen og tømde røyrene for      vatn – heile dagen gjekk med. Det kaldaste eg har sett her.

4/1       Laurdag. Igår og idag rev. eg på N.S. kontor. Då eg kom heim, låg her brev frå Samulina og    Pernele og frå Okra. Samulina kjem oss so ihug i denne vanskelige tid, er redd vi lid nød på        mat og klede. Føl med i Radio korleis vi har det, brevet var sendt 14/11, hadde brukt 50         dagar.

Ei forkj.epidemi går, eg hadde det rundt nyårshelga, Kristiane ogso då, idag var ho på kontoret igjen.

14/1      Har rev. på N.S. kontor denne veka. Ikveld reiste Ubøe til styremøte i N.S. til Oslo. Form.      hadde ikkje kalla honom inn, han skuldar honom for å føre frie refarat på møta, endå han           hadde ført inn i boka etter Owreis skriftlege forslag. Berg-Hansen var tilstade, og han kunde     kontrollere at ref. og kladd var einslydande. No har A.M.V. ogso skulda U. for å ha tilbode     sende Lch.skinn mot personleg provisjon og gjeve ut rykte om at U. har motteke prov. i          London og der har ståande svære beløp i bankar. Ubøe må gå til saksanlegg for å få   avsamma styggedomen.

Ikveld då eg kom heim, var Torbjørn komen frå Leirvik, han skal til Oslo Radio og arbeide      der som kontrollør. Ragnhild og Sunniva var fredag 10/1 til Dr. Ekenes, Laksevåg og fekk            undersøkt brysta. Dei vart røntgenfotografert. Måndag 13/11 var Ragnhild med, brysta var i      orden, men Sunniva hadde nervesamanbrot. No har ho lege forkjølt sia. I næste veka skal ho     og mora til Okra – prøve leggje kjøt på seg der og komme seg.

15/1      Ikveld reiser Torbjørn til Oslo med toget kl. 20.

19/1      Inga og eg til Murm. Nilsen og Løland sine på Kringsjå, dotter til Nilsen heime frå     Stockholm. Grastvedt og frua var der og. Hyggjeleg.

20/1      Oddrun og Frk. Stubseid for om morgoen – om Haljem til Stord på Lærarskulen. Gud signe    dei at det må gå dei vel.

23/1      Løvlid og Margit Frøyset kom her i kveld – på tur frå Ekersund til Nordfjord.

20/1      Skulen tok til idag etter jul – munn og klauvsjukja slutt.

8/2       Kari Os kom i ettrmiddag, ho tok til som lærarinne i Heldal krins.

20/1 trødde ho til plassen, og likar seg vel der. Ho reiste igjen idag 9/2.

9/2       Søndag. Pastor Kjøpsnes tala i Sælen sk. kl. 11, har vore i S.S. indrem. i 14 dagar. Kom inn til S-S indrem. kl. 16.75. Liv har vore heime sia igår, reiste saman med Kari.

12/2      Inga og eg følgde Sunniva til Den private Nerveklinikk ved Bellevue, Bergen, for at ho der      kan få Cordiazolshoakbehandling av Dr. Engelbretsen – og kan få vekk den innbilte høyring        som ho har vore ute for i somar sia 9. apr. Vi vart mottekne av søster Liv. Gud signe både       Sunniva og dei som steller henne.

15/2      Ein hirdungdom inn i ei gymnasklasse på Sydneshaugen skule: «Jeg har kommandoen her!»-    begynde å ransake kitlar og skulesaker til elevane, – måndag 17/2 oppstyr i byen millom     skuleungdom og hirden. 18/2 skulestreik for å få ende på elendigheita så skulane kan få           arbeide i fred.

16/2  Pastor Dybvig kl. 11 i skulen, 11/2 kl.3 hos Knut Sandal.

17/2      Borgny fyrste eks.dagen idag på Ant. Johannesen. Ragnh., Borgny, Kristiane kom heim og      fortalde.

19/2      Såg til Sunniva. Ho har kome seg, livleg i augo, freidig i ansikt, og har mindre av det med      innbilt høyring. Har Frk. Mehus til værelsekamerat.

1/3       Såg til Sunniva – ho er bra. Søndag 2/3 var ho og 2 kameratar i Mariakyrkja. Eg reviderte        over til 2/3.

3/3       Matkortutdeling i Sælen skule. Sløyden står still i dag – har halde på 1 veke, og har denne      veka att.

Hans Engelsen og eg arbeidte frå kl. 9 – 17 + 1 time = 9 timar kvar.

Strålende fint veir med solskinn og hålke i vegen.

Tykarane gått inn i Bulgaria.

5/3       Strandhogget i Svolvær – 200 t og 300 nordm. Ført med til England.

8/3       Sunniva heim fra Den pr. nervekl., Brita henta henne, og ho følgde henne ned att        søndagskvelden 9/3 kl. 6. Vi var tur ut Sæleskogen ved middagstid i fint solskinn og på    skaresnø. Trur S. har kome seg noko, ser godt ut, er bra livleg, men kjem gjerne ikkje so godt ihug, likar ikkje å ta ved att – men vil gjerne ta kuren ut.

Petter og Liv kom her til middag og var til kvelds.

10/3      Idag bokskule igjen, og skal ta resten av sløyden ettermiddag.

11/3      Borgny har henta vitnesbyrdet frå Ant. Johannesen for handelsskuleeksamen – 6 mån.kurs –     hovudkarakter 1.39. Gjev ho må ha lukka med seg, Guds signing.

12/3      Kom tyskarar og tok til eksere på Leikeplassen idag – , nye folk som bur i Ungsomshuset –      marinefolk. Dei stampar på klake, snøsurp og teleløysing. – 14/3 om kvelden ferdige med        etterarbeidet i sløyden.

15/3      Anna kom om kvelden i 10 tida, eg var på N.S.Kontor og reviderte då. Sunniva var kome        heim, Borgny henta henne, Liv kom heim søndag. Petter på vakt då. Tyskarane hadde samling til minne om dei falne, og marsjerte gjenom byen.

18/3      Anna, Inga og eg til Liv og Petter om kvelden til ein hyggjeleg stund. Tysk. for att idag.

19/3      Idag kl. 11 eg kom heim til føremidddag, kom Torbjørn. Reiste frå Oslo i går kveld kl. 8.       Fekk bod igår om å arbeide ved sendaren på Askøy frametter. Reiser ikveld ned til Liv og       Petter, skal bu der for det fyrste. Står bra til med honom – og med Olav.

20/3      Anna reiste til Okra kl 1620 frå B.jarnbanest. og har  von om at det skal gå bra, det er hysteri   og for lite kvile. 18 og 19  har Olav Os vore i byen på V. Salslag sitt årsmøte.

21/3      Torbjørn kom heim om kvelden etter støvlane og klær, vore stormande og fælt våtveir. –         Olav Os kom og i kveldinga – har vore på årsmøte i V. Salslag, sett opp i Heldalen til Kari     m.m. – Torbjørn for kl. 9, Olav Os kl. 10. Han fer heim laurdag 22/3 kl. 8 morgon.

27/3      Inga fylte idag 57 år. Om kvelden kom Liv og Petter og Torbjørn opp i 8 tida, og vi hygde      oss saman, – Jugoslavia har gjort revolusjon og brote med Aksen.

1/4       Sette opp Bekanntmachung, Bekjentgjering, frå Terboven om døds – tukthus – og      fengselstraff for dei norske som hjelper engelskmennene på nokon måte eller set ned       tyskarane sin krigsdugleik på nokon måte – sette papiret 120 cm x 85 cm opp på        skulehusveggen opp for gruskassa over glasåpninga til vaskekjellaren. Klokka kunde vere 5-     6 ettermiddag. Olga såg på og var med.

2/4       Onsdagskveld kl. 10 eg kom frå revisjon på N.S. kontor, var oppslaget vekke. Ein bil var        sedd på Leikeplassen kl. 4 ettermiddagen om dagen.

5/4       Ragnh. og Kristiane for med Haringabåten påsketur til Okra kl. 14 palmelaurdag – skiutstyr.    Eg på kontoret og reviderte kl. 3, møtte Borgny og Sun. På heimvegen på Ferjebryggja kl.          1530. Frå kont. ringde eg heim. Oddrun og frk. Stubseid kom frå Stord Lærarskule i kveld.     Torbj. kom kl. 10. Eg rev. til kl. 1 natt, ferdig i N.S. og gjekk opp på bladet, skulle kvile. L.     har vore so heile veka, låg no i sofaen med ein kvetel over seg. Eg la meg på golvet i kontoret – sov til kl. 5 sønd. morgon. Rev. og for heim, kom heim kl. 10. sun. Beire, syntes    eg. Kald og småsnøar.

6/4       T. går inn i Jugoslavia og Hellas. Addis Abeba fall 5/4 om morgoen.

7/4       Haldis Stubseid for til byen med 12 bilen saman med Oddrun, skulde heim til påske. Om        kvelden kl. 5 eg til Nesttun og henta material til Krøterteljing pr. 15/4. – «Bechautmackung»        um ikkje å setje ned kampmodet hos dei framande, var det utsendingar frå Lensm. som tok      ned.

9/4       Torbjørn for med båt til Okrå kl.1 med ski. – Sun. kom heim frå D. pr. N. klinikk

10/4      Kari Os kom her 8/4 tyrsdag – reiste idag til Alvøy til Frk. Oddrun Skipenes, som er lærarinne der. – Hadde møte kl. 8 kveld med hjelpemennene ved Krøterteljinga 15/4.

12/4      Helga kom og var til 2dre påkedag. 11/4 langfredag, var opp til Salomon Helgeplassen som     er svært sjuk – ros i ansiktet.

14/4      Lystad og Grastvedt sine var hos oss til middag. Helga for kl. 8 kveld. Om kvelden kom         Kr.iane og Ragnh. frå Okrå. Fin tur.

15/4      Oddrun reiste kl. 7 morgon. Gud signe hennar strev på Lærarskulen. Eg var til Bjørge talde      krøter. – Elles plukka Borgny og eg såpoteter.

16/4      Skulen tok til etter påske idag. Etterm. til D.pr.kl. For nervøse og betalte for Sunn. – reviderte på N.S. kontor sia til kl. 9 kveld. Sende 1 pappkasse med klede, vaska og bøtte til Olav.            (Torbj. brev frå om O).

20/4      Torb., Petter og Liv heime.

21/4      Måndag. Sende idag husdyrsteljinga for Sælen Kr. med 81 utfyllte skjema. Salomon   Helgeplassen døde idag tidleg – natt til laurdag fekk han slag, og låg mest som i dvale sia.

24/4      Var opp til Salomo. Han vart førd til gravkapellet. Eg tala over Salme 50. 14-15 – «Kall på      meg på nødens dag».

26/4      Sunniva og Inga til Okrå med båten kl. 1 middag.

27/4      Torbjørn, Liv og Petter heime her, eg kom heim til middag frå revisjon sia i går laurdag.

28/4      Måndag. Følgde Salomon Helgeplassen til grava kl. 2. Saman med Malena og hennar folk til   kaffi i Y.F. sin kafe kl. 4. Pål Hamre kosta det. Lyngbrand opp for Grønnestølen skule, hos   Pål Hamre, i Møllarsvingen.

30.april. Halvardsolaien (O.H. Nordeiede) var køyrd på kapellet, døde 28/4 av slag ute på         Bjørge. – Eg var i heimen då dei tok honom ut. Tala over Salme 23. 4-.

2.mai    Torbj. kom heim. Liv hadde fått helsing gjenom dompr. K. sine at K. og A. hadde fare aust.

11 mai. Inga og eg til Grastveit sine. Gerd hadde konfirmasjon. Hyggjeleg samver med           Lampe sine og Los Rasmussen.

Rudolf Hess fyk til Skottland natta til søndag 11/5.

Den 11. hadde Petter gjeburtsdag – og det var årsdagen for bryllaupet hans og Liv. Borna         våre var hos dei.

13        Om kvelden følgde eg Brita til Brg. og til Liv. Onsdag 14de  kl. 8 morgon for ho med «Sogn»            til Nordfj.eid, skal arbeide der på sjukehuset.

15        Kaldt. – 1,5¤ C idag kl. 6morgon, det snøa litt.

17 mai. Laurdag, – 3¤ C morgoen kl. 6. Vi skula 4 timar til kl. 12.  Bibellesing: Alt det de     bed Faderen om i mitt navn, skal de få – og «Glede i Herren skal vere dokka styrke».

Frk. Torbjørg Alsaker, Frk. Botnedal kom saman med Ragnhild frå gymnasiet til middag.       Ungdomen var på skogplanting hos Einar Sælemyr, og hadde plantefest i U.huset frå kl. 9         om kvelden frametter, dei kom heim i 3-4-tida om morgoen. – Telegr. eksp. Grastvedt og frue   kom her til kl. 7 1/2 kveld, og døtrene Herborg og Gerd. Gr. var her til kl. 11, og gjekk til

Radioneset – døtrene var på festen. Fin dag, men inga flagging – men i born, ungdom og        eldre mod og tru midt i Trengsla: vi skal vinne vår frihet igjen med Guds hjelp.

18/5      Søndag kl. 4 styrem. i S.S. indrem. på Grimstad hos Hans Søvik sine.

22/5      Helgetorsdag kl. 11 Årsm. i S.S. indrem. i Bedehuset i Søreidgrend med oml. 40 men. Eg      kom dit frå Bergen, hadde revidert sia laurdag etterm. Emisær Hilberg Hansen tala, matøkt,       eg var til middag hos Hdm. Skage sine. Årsm. og Reknesk. godkjende.

26/5      Frå kl. 10 – 17 sat Hans Engelsen og eg og delte ut matkort i 4. kl.rom. Etter kl- 8 kveld såg   Einar Bolstad og eg på plantefelt ved Sandeidet.

27/5      Idag kl. 6 +18¤ C med litt drag frå landet, det grønskar.

28/5      Skuleplantedag – sette 500 – 4års granplanter ved Sandeidet i aust ved Sælevatnet. 15 år          gamall plantning stod der ein del av, somt pent. – Sådde erter, gulerot og kål m.m.

Ol. komen fram – helsing.

31/5      Planta kål ved flaggstonga. Pinsafta, eg reviderte på N.S. kontor sia igår. I kveld kom Liv og   Petter. Torbjørn tok til sin ferie fredag den 30/5. – Nokso varmt i veret, med nordatrekk, og         tort.

2/6       Fjelltveit frå Leirvik kom til Torbjørn og vart her til tredjedag pins 3/6.

4/6       Onsdagsmorgoen reiste Torbjørn tur om Oslo – og Navelsaker med toget. Same dags kveld      eg til lærarmøte på Nesttun – liten fest med lærarkonene med. Markhus tala om at det må            vere godt å vere i skulen.

5/6       Eksamen i stil, – 18 elevar tek prøva. Slagta ein gris ettermiddag – vog 42 kg. Feiaren var        her, – Inga i Kvinnemøte hos Knarvik sine på Skaret. Ho kom og fortalde at folket i Ulvik er           utsagde til å fløtte frå hus og heim til laurdag. Heile bygda. Eg henta 400 kålplanter til å setje inn i staden for dei som har tørka vekk – hos Mons Sælehaugen, og deira Rolv var komen frå      Ulvik igår. Han hadde vore med folk og pakka, han har gått på Hjeltnes hagebruksskule.          Dette er ei landsulukke.

9/6      Tok på veg til N.S. lags årsmøte på Gjøvik. Med bil til Bergen. Toget gjekk derfrå kl. 8. Kom            til Oslo kl. 1030 kveld. Ubøe reisekamerat, og saman med honom budde eg på         Bondeheimen.

10/6      Ettermiddag til Anderssen-Rysst på Eidsvoll prestegard, og hadde det hyggjeleg der til            onsdagsmorgoen kl. 9 då eg gjekk til stasjonen. Regnet kom no til den oppturka jord. I Oslo       gjekk eg til Bertha Olsen til kaffitid – var der til etter kveldsmat. Teodor var heime, rett          hyggjeleg der. Bertha vore dårleg, kan ikkje kome til Vestlandet i somar.

12/6      Gjekk til Pernele i Pilestr. 91, helsa på henne og kona til Leiv. Om ettermiddagen med toget    til Gjøvik, og tok inn på Grand hotell kl. 11 kveld. Hadde værelse 10 4 saman med Anders       Sæther.

13/6      Årsmøtet sett i Arbeidarfor. sin kinohall kl. 10, styrt av formannen Hr. Owren. Eg las opp       melding frå Årsmøtet i Ålesund 1940, og førde elles møteprotokoll. Det vart vedtake at          Norges Sølvrevavlslag skal ta namnet Norges Pelsdyralslag og omfate alt pelsdyral i Norge.     Platina- og Mink- laget går inn i dette lag – N.P. Skal ikkje ha noko å gjøre med deira aktiva            og passiva. – kl. 7 kveld heldt Gjøvik kommune fest for styre, reprsantantar – 29 – og tenestemenn som var møtt fram – på Hovdetoppen resturant. Eg 62 år idag.

14/6      N.S. kontor skal flyttast til Oslo ved høve. Norland og Ruud sa frå seg attval til styret. Einar   Hole og Tuvestad kom istaden, Owren attvald til formann. Kontrovers millom Owren og           Ubøe. Møtet slutta kl. 3 etter middag. – Eg tok med bil til Lena om kvelden og besøkte Lærar Sørheim sine på Seierstad skule på Austre Toten – rik jordbruksbygd. Gild lærarheim, snakte      der med Even Seierstad.

15/6      kl. 4 til toget til Gran. Møtte Oddlaug og Olav Os på stasjonen, og bilte til søsterkyrkjene på   Gran. Såg Vinje si grav, og kyrkjene. Var hos Tanndoktar Frk. Oddlaug Os til mandag    morgoen.

16/6      Så eg tok med toget til Hønefoss, og derfrå til Bergen og heim kl. 12 natt. Alt vel heime,        hadde regnet og her.

17/6      Årsprøve munnleg, 18 elevar sluttar skulen, 8 gutar og 10 gjenter. Harald Gurvin var her av      eksamensnemda. Elevane som slutta gav meg 1 brødkorg og 1 serviettoppsats, fin gåve, det        var ein gild dag.

18/6      Kom bod om at gardane Røyrvik og Hjartnes i Strandebarm har måtta evakuert for      tyskarane. Gjerne festning dei skal laga seg på Hjartnes. – Gjort istand Årsmelding frå   skulen.

19/6      Eg gjekk til N.S. og reviderte kl. 4 idag-

20/6      Idag kl. 9 tok dei telefonen so byen kjem ingenstad korkje innan eller utanfor grensa.   Torbjørn kom heim idagtidleg frå ferietur om Oslo, Nordfj. – Owren og Føleide er på N.S.          kontor og tilset mannskap på N.S. Oslo-kontor og avdelingar. Styret hadde ikkje mot å ha       meg i arbeid, sa Owren.

22/6      I styrem. i Bedeh. på Søreide for S.S. indremisjon. Tyskland gjekk inn i Russland idag tidleg.            – Bergen er sperra.

23/6      Delte ut 18 avgangsvitnemål. – Idag er F.dalen med i sperreområd. Torbjørn og eg har hyppa    potetene.

24/6      T. reiser i tenesta igjen på A.øya. Petter var nettopp her.

25/6      Ragnh. fekk resultatet av den sk. gymnaseksamen m m m t t i nynorsk, matematikk, tysk,       engelsk og bokmål. Odddrun ringde heim, skal opp i musikk idag. Ringde i 7 tida, fekk       mykje  traume. – Sia søndag 22/6 har det vore sperresone byen med F.dalen, Minde og            Nesttun, vere      inne frå kl. 9 kveld til kl. 5 morgon. Mange pussige arrestasjonar. – Liv kom     opp i kveld.

27/6      Slege rundt husa. – Sett purre og løk. I Oldersmoget på F.d. Barneforeining si utluting. Las     og tala litt over Mark. 10 – 13-16. Kom inn 149,30 kr. Vart sendt 60 kr. til kvar av D.N.M.     og Kinamisj. Gjekk til N.S. og reviderte. Oddrun kom heim idag tidleg.

28/6      Inga og eg til Storetv. Skule og var med ved utdelinga av vitnemåla til gymnasiastane.            Vakker ungdom, godt resultat. 1 præseteris i gymn. og 6 i mill.skulen. Torbjørn for til   Askøya kl. 12.

4/7       Idag fyller Borgny 18 år. Ho tok til som butikkdame hos Frk. Agnes Egge måndag 30. juni,    det går bra.

5/7       Laurdag. Eg og rev. på N.S. kontor. I oppløysing, skal fløttas til Oslo. Håland og Lystad kom             iaftes frå Oslo. Håland tilsett som kontorsjef. Voll og Lie fast tilsetjing på kontoret og Hr.         Brekke, Midtvet, Fru Bradsker og Frk. Ubøe i Forc. – der ogso Nicolaysen, Midtvet. Solheim skulde vere skjef på kontoret i Brg., men tok ikkje mot og gjekk. Har teke mot kontorplass i       Haus forsyningsnemd. S. Knutsen fast tilsett som kontordame hos Rochmann som     stambokførar der frå 1/2-41.

Bergh-Hansen snakka med meg om å fare til Oslo og vere revisor der under overfløttinga, og    sjå det heile i orden. Eg lova at eg skulde sjå inn av i ferien.

6/7       Idag. Søndag, regn og +10¤ C. Planta inn kål igår og gjødsla med Norgessalpeter. Torbjørn     heime, reiser i kveld i 7 tida.

8/7       Reviderte på N.S.lag kontor. – Ubøe hels i log sinnsstemning, seier det gjer ingenting, vil       kjøpe gard. – Lys. vilde eg skulde bu på kontoret hans i Oslo, for å greide det billigare. Eg sa            honom at det verste for honom var hans vanskeligheit, om han ikkje vann med den, var hans    år i bladet talde, og eg hadde mine tvi om han greidde det. – Tala med Kolås på         Bondeheimen. Han vilde ikkje som form. i kontrollnemda kunne råde til utlegg til diet og       reise til meg for å reise til Oslo og revidere, so vert det ikkje eg kan reise inn der – og med       fløttinga til Oslo av omlag heile kontoret, sluttar det av med mitt rev.arb. i N.P.lag. – Vi         skildest i god forståelse, Kolås ein god mann.

11 og 12/7                     Reviderte på N.P. lags kontor. Klokk var der, fekk sluttoppgjerd for sitt arbeid           som leidar for fabr. «Silden» – og som rådgjevar for skinneinsninga. Ubøe var og på    kontoret. – Då eg kom etterm. var Torbj. komen. Han skal no ei tid vikariere i Brg. radio.

13/7      Fin søndag +31¤ C i skuggen. I natt lyn-tore-og regnver. Folkestraum etter vegen til bad i       Sælevatnet. Petter og Liv kom her, Edvin Fjelltveit og Herborg Grastveit var her ettermiddag. Torbjørn i teneste ved tysk konsert i Konsertpaleet – vart kringkasta.

15/7      Reviderte i N.Pelsdyralslag, skreiv sluttmerknad i N.S. revisorprotokoll, sa farvel med Hr.       Brække. Han reiser 16de onsdag om Sogn til Oslo. Håland fer og då.

19/7      Lurdag, reviderte. Bergh-Hansen på ferie i Hjelmås. Innbu og folk minkar av, for 2      jarnbanevogner fløttelass 16/7

23/7      Eg renska ugras. Ragnhild sykla ved vegen med litermål, ause og dukar, skulde i        Ungdomshuset gjere ferdig til Olsokfest. Litt etter kom 2 Laksevåg-gutar berande med henne          bevisstlaus, den eine av dei hadde sykla på Ragnhild med same ho kom i vegen, ho såg           honom ikkje. Ho hadde slege seg i haudet, ei skråme over vinstre øyret, på vinstre ringfinger.

La borvassomslag på. Ringde seinare etter dokter Jentoft, han gav ordre om at ho måtte på       sjukehus, og sjukebil kom og henta henne. Eg følgde med til Haukeland. Ulykka hende kl.        1930, kom til Haukeland kl. 21. Eg gjekk derfrå 2345, og kom heim kl. 2 natt. – Det var         hjernerysting, og mogeleg brot på heileskåla. Ho kom til seg alt heime so ho prata og svarte,       men til seg sjølv kom ho fyrst den 24de, hadde så som ein draum om at eg hadde vore med     henne. Kr.ane såg til henne 24de, Inga var der 25. og 26. Blå rundt høgre auga, verkjer i            hovudet, heileresting og noko brot på heileskåla – , sove og halde seg roleg for å kome seg,      står etter måten bra til.

26/7      Dei 2 foregåande dagar pynta opp øvre vegkant frå porten til Lærarb. og bort i Hovudvegen.     – Idag revid. i Forc. og N.Pelsd.blad. På kontoret Fru Mathiesen, Frk. Dypsland og Frk.           Sædal, og so Fru Brække. På bladet Hr. Lystad. 22/7 kom Frk. Svelseth og Frk. Andersen      hertil, skal ha ferie her 1 veke. For sperresona sin del, slepp dei ikkje ut av byen.

29/7      Lystad og frue hos oss ettermiddag.

30/7      Frk. Svelseth og Frk. Ellen Andersen reiste frå oss etter 1 vekes ferie.

1/8       Sperringa heva, so no kan ein reisa frå og til byen.

Eg var på Haukeland sjukehus og henta Ragnhild heim i drosjebil. Ho låg i baksetet, tolleg      bra, men må liggje 8-14 dagar til hovudverken er borte. Torbjørn har 10 dagar fri etter måndag 28/7 då han hadde hatt 10 dagars teneste.

2/8       På N-P- kontor og reviderte, snakka med Fru Brække om tida. Kom meldng om at fra 7/8       torsdag kl. 16 skal radioapparata vere leverte inn til politiet.

3/8       Ikveld fer Lystad og frue og Frk. Svelseth til Oslo, næste no av N.P. blad kjem ut der, og       dermed er bladet og fløtt til Oslo – berre Forc. igjen her vest.

Fana Arbeidsformidling – Nesse – her til med materiell, då eg skal vere Meldingsmotakar for   Sælen Krins, han leverte og stempell som dei arb. lause sine kort skal stemplast med.

9/8       Tok farvel med Norges Pelsdyralslags kontor. Fru Brække, Frk. Sævdal, Frk. Djupsland.        Tomt i bladet, tok sengeteppet med heim, stilnar på kontoret. Fekk siste løning frå Oslo –     helsing frå Brække. Kontrollnemda har vore samla der, sett til ny revisorassistent – Ikveld       kom Inga og Torhild att frå Ytre Arna der dei har vore og besøkt Helga. Torhild kom 7/8            torsdagskveld. 7/8 leverte vi radioapparatet på Storetveit skule. Er forbode å høyre på radio,      og frå 1/8 er det unntaktilstand for Norge. 9/8 ikveld kom Trygve Grastveit, Edvin Fjelltveit    og Herborg Grastveit her til. Torbjørn kom og heim so i 9 tida, han arbeider på Bergen radio    som teknikar.

10/8      Søndag. Petter og Liv vore her idag. Ragnhild ligg endå, men kjem seg.

11/8-14/8          Arealteljing – 26 bruk. 12/8 kom Krisitane heim av tur til Sauda.

15/8      Delt ut kundekort so folk kan få kjøpe kjøt – om mogeleg. (arb.; 7 timar)

Torbjørn reiser i kveld til Haugesund, skal kring-kaste ei idrettetevling. Eg tenkjer meg ein      snartur til Nordfjord. Ragnhild er tildels opp att.

25/8      Kom att frå Nfj. Alt vel heime, Ragnhild bra igjen. Eg hadde med sending frå Brita Os,          Hans, Brita Inigard – noko ost og blåbær. Var til Os, om Navelsaker, i Fjellet, hos Ragnv.         Bergset¨s på Eid. Ottta påkome heimatt i denne urolege tid.

1/9       Måndag. Skulen tok til med 3 lærarar – 6 klasser. Fru Navelsaker skular til ny lærar vert         tilsett 3 og 4 kl. Ragnhild og Sunniva kom frå Okra, Ragnhild har vore knapt ei veke.          Sunniva ser godt ut, har lagt på seg 7 kg og er 57 kg, og ser ut og er ganske bra.

søndag 31. aug. var Edvin Fjelltveit og Herborg Grastveit her. Kristiane var på kanotur.           Oddrun reiste til Lærarskulen fredagskveld 29/8 saman med Frk. Stubseid.

2/9       Idag teke mot skulematriell frå Edv. B. Gjertsen¨s bokandel. Mildebil køyrde det hit til           skulen.

7/9       Torbj. tok opp idrettskapping for tyskarane på Skansemyra, stod 5 timar i ope glas med           gjenomtrekk, og vart forkjølt den 8de måndag var han og i teneste i Brg. radio den 9de hadde han fridag og låg, og vi ringde etter doktar. Wiig Olsen kom ettermiddag, fann han hadde        plevritt i høgre longe – nede, og ordna honom å liggje.

11/9      Wiig Olsen kom att 1/2 10. Feberen som hadde vore opp i +39,5¤ C, var komen ned i +         38,8¤, kom for omslag – og leggje ei tid, godt kosthald. Inga forkjølt, og heime frå skulen         mandag og tysdag. Bra att no og steller Torbjørn.

10/9      Karolina Furrefjerding og Fru Borghil Kristiansen opp her om ettermiddagen. Karolina er til     røntgenbehandling for ein svull på høgre sida åt halsen. Bor hos Heggen, Gimlevegen 36 a,           Brg.- Tufte Knut møste 3 kyr, ved steinras frå Høgefjellet laurdag 30/8. Olav inn i Garden 1

18/9      Sunniva for over Kvamskogen til Okrå, og kom vel fram. Ho ringde fredag 19. om kvelden      om at Kristoffer sende oss epler.

19/9      Dr. Ek såg til Torbjørn idag, og let vel, gjekk på fram, – men bør helst ha 6 mån. kviletid.

20/9      Petter og Liv kom seint i kveld- ,med plomer og epler frå Okrå.

21/9      Søndag. Turt haustveir. Petter sykla no, på vakt kl 12 i dag.

22/9      Brita kom frå Nordfjoed idag føre middag. Har vore på N.eid sj.hus som lærling i somar –       står seg vel.

25/9      Har vore søster Astrid og undersøkt skuleborna. Tuberkulin-prøve idag 4. dagen. Idag ogso      dr. Ørbeck her og såg serleg på 1. kl.

30/9      Brita reiste til Barnepleiekurset på Store Milde. Sende telegram til Brita Os som fyller 70 år,    til Ottar Ubøe som fyller 41 år idag. Olav Os ringde meg opp frå Brg. var på styremøte i D.V.   salslag. Idag ferdig med å ta potetene – medels avling, 1500 kg. 15 sffs.

3/10      Torbjørn er bra, tempertura ned i +36,9¤ C i morges tidleg.

9/10      Peder Nebbestølen var og slagta 1 gris 82 kg., og kom med 1 grisunge. Fyrste dagen med        kuldegrader om morgoen – 2¤C.

12/10    Søndag. Ola med Veien og eg til Søreidgrend Bedehus. Emisær tala over teksten: Kven er       Jesus, eg snakte om 4 moseb. 6.22-27 Arons signing. Omlag 20 menneskje. Styremøte i S.S.        indrem.lag etterpå. Heime var Petter og Liv, Kari Os og Herborg Grastveit komne. – Torbjørn   er no bra, +36,1¤ C temp., går turar.

13/10    Rasmus Bønes har lege på Betanien Sjukehus 14 dagar for nyresjukdom – blod i urinen, etter   tilhøva bra.

30/10    Inga for til Okrå, eg måtte vere heime for sjukdom i høgre kjaken, gjerne ansiktsros. Odrun      kom ikveld, står vel til.

31/10    Bededag. Liv og Petter her oppe.

1/11      Oddrun for om morgoen – laurdag. Inga kom att om kvelden. Står vel til på Okrå, Sunniva      lever vel, målar og syr.

Eg har lege i heile dag for å kome meg dess  før. Har lese Zane Grey sine bøker. Har kome       meg mykje.

13/11    Eg var med Herredsgartnar Lindebrekke og kontrollerte kornteljing.

14/11    Besse Bønes hit om ettermiddagen. Broren Rasmus er bra, og kjem ein av fyrste dagane frå      sjukehuset.

18/11    Torbjørns lån i Nfj.Spb. er no heilt innbetalt. Fekk kvitanse idag med retur kr. 6,15 – sende     kr. 350,- den 8. novb.

19/11    Onsdag. Herradsagr. Lindebrekke og eg kontrollerte kornteljing Føllingsdalen og Søreide.

20/11    Matkortutdeling. Hans Engelsen og eg sat frå kl. 10-18. Mange – dei fleste henta.

22/10    Mildver att, +8¤ C kl. 7 morgon. Torbjørn forkjøld, elles bra. Eg gjev gris og høns før eg går på kontoret, inkje egg endå.

23/11    Møte i skulen kl. 11 ved emisær Sommerset. Temperatur +10¤ C.

Marta Høsteland, Kari Os, Fadnes var her til middag. Torbjørn no bra. Om kvelden Bilberg     her. Ragnhild og Borgny har vore til Søreide til sammøtet Fana ungdomslaga har bett dei idag.

26/11    Onsdag. I ettermiddag siste kontrollen – ialt 41 stader.

28/11    Fekk varsku om å sjå alle demonstrasjonsmerke frå borna og skulen, her har ikkje vore nokå     å merkje, men får no sjå etter.

8 huslydar får 1 otring sild og 1 pf Stjernemjøl frå F.h. lag delt ut herfrå. Mennene er ute til     sjøss, og kan ikkje nå heim.

30/11    Leseringstyret samla kl. 4 til samtale om Lr. skal halde fram. Rasmus Bønes var med, han er   no bra igjen – og so Einar Bolstad.

4/12      Årsmøte kl. 8 kveld. Ingebr. Løvås og Frk. Drange og Einar Bolstad og eg. Same styret valt    igjen. 5/12 ogso Rasmus Bønes med i styret kl. 8 kveld, og vi tok ut bøker 1941/42. – Det går no rykte om at politi og hirdfolk har fare some stader og røkt etter om folk har formykje mat    lagra. Har teke det dei fann formykje og beslaglagt. Og folk er redde for dei rasjonerte matsmulane.

6/12      Tilsynet: Sigvald Fyllingen, Andr. Wergeland, Ivar Løtvedt samla på skulekontoret for å         samtale om juletrefest for borna. Avdi det er vanskelig med å skaffe brød, mjølk, frukt,          sjokolade, og so avdi tida elles er usikker vart ein ikkje samde om å ha fest iår. – Det er berr     mark, regn og storm og +2 1/2¤ C. Torbjørn, Ragnhild og Borgny gjekk i 7 tida til Bilberg        sine på Laksevåg, kom att so i 3 tida natt. – N.S. har møte i Brg 5/12 -7/12 med        hirdmønstring og tale av Quisling.

8/12      Japan begynder Krig med Amerika (før krigsfråsegn søndagsmorgon den 7de desb.) og             England. Nederlandsk Austindia seier Japan krig.

Eg gått rundt med leseringsbøker om kvelden.

9/12      Tyrsdag kl. 4 kom Olav Os op her. Han har vore på kontrollmøte i V.Salslag. På Os lever vel, han gjekk kl. 9.

13/12    Kristoffer og Lisbet kom, vart til tyrsdag den 16de- Kr. fekk tannbyld, men kom seg igjen.

18/12    Magnus Fjellheim kom på heimreis til jul frå Holsenøy Arb.skule. Står vel til. Torbjørn er no bra- Skal ta til på Askøy midten januar.

20/12    Slutta skulen dette året, har gått bra, greide born.

21/12    Liv og Petter her oppe. Andr. Skage kom. For om kvelden rundt med julegåver til Karl           Fyllingen 10, Clementsen 15, Stene 15,  Aleks. Johannesen 15,  Anna Vegsund 10, Owe Vibe    10, Malena Helgeplassen 25 frå den Kyrkjelege utdelig. Torbjørn til Jarnbanestasjonen og        henter Sunniva som kom frå Okrå.

22/12    Til Nesttun ordna med ljos og kraft – med kunstgjødsel. – Fra 19/12 etter Morgenavisen          «Hitler general og lidar for den tyske Vermakt».

23/12    Henta 1 kff på N.B. Fylkespakkhus – frå Hans. Litt snø – 1¤ C.

24/12    Alle samla om juletreet om kvelden, på nær Olav, Liv og Petter. Eg las Luk.2, 1-20, 2 mos.    33, 18-23 Esaias 56.1, 5 Mosebok 30. 15- 20, og nemde at Gud held si hand over oss for at     vi skal ta mot hans liv og vere etter hans vilje, so er det rett uvist i all uro: «Deilig er jorden,   prektig er Guds himmel».

25/12    Liv og Petter kom til middag.

26/12    Snø med -8¤ C. Om kvelden Rolf Bilberg her, og Duesund og kona Gudrun Herland ei lita      stund.

28/12    Søndag. Kona og eg til Skage sine på Søreide til middag. Hammarsland’en køyrde oss fram     og heim igjen (bil). Hyggjeleg stund. Heime kom Torbjørn Alsåker. Då vi kom heim var Ralf her. – Igår ettermiddag svær ferdsel etter vegen og passvisitasjon.

29/12    Om kvelden i Ungdomshuset på juletrefest med ungdomen. Eg snakka til dei: «Å rette handa    opp og gå inn på Guds ark.» Ragnh., Borgny, Torbjørn på festen. Torbjørn og Sunniva       forkjølte.

2dre dag ned i -14¤ C, idag 30de +1/2¤ C.

27/12    hadde Måløy besøk.

30/12    Om ettermiddag Inga og eg til Liv og Petter, Blekenberggt. 47 i julebesøk. Maria       Bergset var        der og, og Brita som no er på Fødslestiftelsen. Rett hyggjeleg kveld, ein framifrå rjomegraut       (-rjome frå mor til Petter). Kom heim kl.10 kveld. Brita vart med heim. – Samsnakk om dei     vanskelege tider. F. skal vere død.

31/12    Inga noko dårleg – låg – forkjøling. Borgny, Ragnhild og Torbjørn til trulovingsgilde hos       Grastveit sine. Herborg trulova med Edvin Fjelltvedt, Leirvik. Helga kom her saman med        Sunniva frå byen, kl. 16 kom Liv, Petter må vere i byen, heile styrken må liggje inne på vakt. Slapp ikkje til Hålandsdalen. – Eg ordna i kjellaren etter dei framande idag. – Vi var oppe til    kl. 24, ynskte kavarandre «Godt nyttår», og sa:»Takk for det gamle». Ble var salutering rundt    frå alle knattar, og midt opp i dette steig klangen av kyrkjeklokkene med ønskje om fred.          Men der høyrdest dur av fly – det var nyttårs-helsing, og so braka luftvernet i veg.

1942.

1/1       Torsdag – snø – slaps – skodde, lampen kveikt kl. 1030, +1¤ C. Borna kom att frå     Grastvedt’s kl. 230 i natt, og heim frå nyttårsfest i Ungdomshuset kl. 6 i morgon tidleg. Eg          sov frampå til kl. 9 idag. Petter ringde opp frå vakta kl. 10. Om kvelden kom Ralph Bilborg    – ønskte godt nyttår. Edvin Fjelltveit og Herborg kom og, eg fekk ønskje dei til lukke med   trulovinga. Helga reiste i etterm. til Arna igjen.

30/12-31/12 og 1/1 hadde Lofoten besøk.

3/1       Prostihjelpeprest Dybvik preika i skulen, 15 men., av dei 6 nattverdgjester. D. og hdm Skage   middag hos oss.

5/1       Tok til skulen etter jul, -6¤ C. Idag fyller Olav Os 60 år.

11/1      Søndag. Kona og eg, Tabita og Einar Bolstad ut til Grastveit sine på Helleveien til middag og kvelds. – Snøballen snur seg, attendedag på Austfronten. Japanane tek Fillipinane. 7/1 tok         Torbjørn til arbeid att på Askøya. Mandagsettermiddag kom kameratane til Oddrun Strøm frå   Arna og Lund frå Valle, og vart til tyrsdag middag. Måndag tok vi til i skulen med sløyd og    saum.

17/1      Frk. Stubseid, Frk. Kari Os kom i ettermiddag.

18/1      Søndag – 5¤ C. Torkel Selvik møte i skulen. Liv og Petter kom idag – og Herborg     Grastveidt. – Brita er no ferdig på Fødselstiftelsen, Brg. – for ikveld til Barneheimen på Milde.

19/1      Oddrun og Frk. Stubseid reiste idag kl. 8 til Lærarskulen. – 14¤ C. Følgde Osbilane til           Haljem, derifrå med motorbåt til Leirvik, vel framme på Rommetveit kl. 18. Inga ringde til      Oddrun kl. 20. Vore rektorskifte idag på Lærarskulen, Eskeland sluttar – Jon Gjerstås tek til.

24/1      Sløyden slutt. Sømmekurset, Frk. Midthun, kjem her ikkje no, gjerne til hausten.

25/1      -18¤ C. kl. 8. Sekretær for Finnemisjonen Furevik tala her idag kl. 11.

26/1      Måndag morgon – 22¤ C. austanvind. Eg må tine opp kraner heime og på skulen – , og WC     med pisoar valdar arbeid.

27/1      – 9¤ C., høyrde fly i morgon kl. 4. Forkjølet.

31/1      Petter og Liv kom i ettermiddag, står bra til. Reiste igjen ikveld. Han på vakt imorgon kl. 7.   Torbjørn arb. på Askøya. Brita kom heim idag middag frå Store Milde. – Kom bod frå    skulekontoret idag at det skulde flaggast 3 dagar i trekk frå og med 1/2 på alle offentlege          flaggstenger.

5/2       Vatnet fraus i røyrene på skulen, har vore – 17¤ C fleire dagar. Sunniva fyller 30 år idag,         hadde geburtsdagskringle og sjokolade heime om kvelden. S. er no ganske bra, arbeider på     lampeskjermar.

6/2       Idag -4¤C.

7/2       Ungdomslaget fest i U.Huset. Torbjørn formann no, og Ragnhild kasserar. Elles Ågot og         Johannes Wergeland i styret og Konrad med Vegen. Festen gjekk fint. Eg ordna pisoar og          wc.  -1/2¤ C.  Har hatt forkjøling, litt dårleg mage, og heksesting – dårleg rygg sia fyrre          søndag. Er betre no.

8/2       Idag Morsdag. Oddrun ringde heim. Eg ha ordna lånet hennar til 14/2 42.

9/2       Måndag. Utlevering av Matkort på Sælen skulekontor ved Hans Engelsen kl. 10-17. Eg           skula. Snøveir -8¤ C.

15/2      Søndag -1¤ C., 32 cm djup snø ute på flate leikeplassen, noko ihopsokken. Borna ute på ski    – elles forkjøling endå. Igår fekk vi vatnet att i skulen. Johannesen, Hop, var og tina opp       røyrene, hadde frose ute.

17/2      Tyrsdag. Skula 1/2 dag. Køyrde med drosje til Nesttun og høyrde ordførar Zwilgmeyer og       Fylkesprop.leidar Tveito tale om den nye tid, og dei krav ho sit til lærarane. Om byen, utrette           ærend, og so heim. Torbjørn kom med same bil 1/2 5.

20/2, 18/2 og 19/2          hadde skulen skidag til Skaret om Helgeplassen og ned att Fyllingsbakkane.   Hopprenn i Samdalsbakken på Skaret. Heldig, veiret pent, og inkje uheld. Idag reiste            Sunniva til Okrå. Ragnhild følgde henne til stasjonen. Ho har tekna og arbeidt           lampeskjermar i det siste – og er bra. Mildveir, idag synte termometeret +8¤ C. middag.

24        Tyrsdag kl. 12 møte av alle lærarane i Fana i Herradssalen. Tale av ordf. Zwilgmeyer og          fylkesprop.leidar Tveito om den nye tid.

26        B.B. opp her.

27/2      ved frokostbordet hende det, beskjed fra Melkild at vi skal ha brenselsferie i 4 veker frå og       med 28/2, vi lyt skule òg laurdag 28 med borna som skal gå då, kan ikkje få avbod i tide.       Petter oppe i kveld.

28        Skula med 5, 3, og 1. kl., so slutt og brenselsferie 4 veker. Det seiest Bisp. Berggrav er          avsett, dei andre 6 bispane har lagt ned sine embete, alle prestane står samde bak den Kristne     truvedkjenning. 95 % av lærarane, 75 av lærarinnene skal ha sagt frå dei ikkje held seg for å     stå i Norges lærarsamb.

Mars 1  Søndag møte ved lærar Gullaksen.

4          Ved middag tok til hogge brensel i Langheia hos Berjen.

6          Kvelden kl. 7 1/2 misjonsprest Hodnefjell tala hos Knut Fyllingen «Eit godt vitnemål om       Jesu fred».

7          Kristoffer med Vegen køyrde ved heim til meg  –  om kvelden såg eg spiritistspelestykket        «Napoleon» i Ungd. huset.

8          Liv og Petter kom iaftes. Han for i 10 tida, ho ikveld. Ralf var her til kaffi.

9          Arbeid med ved. 13/3 og 14/3 saga og kløyvde eg.

Aktiviteter 10 – 14 er strøket over.

15        Søndag. Torbjørn har vårferie. I hopp i Lauvåsen skada han okle, og vart køyrd til Storetveit    sjukehus so i 3 tida. Han ringde hit ved ei av sjukesystrene om kvelden at det etter måten sto       bra til. Liv var opp, Ralf var her utover til kvelds. – Oddrun har ringd at dei sluttar på Lærarskulen 11/3 måndag, og ho kjem so heim. Det er matmangel på internatet – so på    skiferie no.

16        Ragnhild var opp til Torbjørn 1-3 idag. Han har fått foten, venstre, røntgenfotografert. Foten    er avbroten opp for onklet, begge bein. Han må opererast og setjast saman – og gipsast. Elles            bra. Petter var oppe – og Hans Fløyen.

Her er tre linjer strøket over og er uleselige.

18/3      Ragnhild opp. Torbjørn var sokso medteken av bedøvinga, elles bra.

Her er 7 linjer strøket over og er uleselige.

Storetveit sj.hus og såg til Torbjørn. Han har det bra, men verkte i foten som var gipsa, og      hadde fått morfin for å få sove – Ragnhild Skoge låg der og for fotskade. – Idag tidleg      arestert ein del lærarar i Fana.

21        Laurdag. Ragnhild og Ralf gjekk Fjøsangervegen og opp og såg til Torbjørn. Bra, fått retta      gipsdbandet opp ved kneet, det vilde stoppe blodomlaupet. – Petter og Liv kom i middagstid.    Han har no sagt op plassen sin som konst. i Brg.

Dei ar. Lærarane er internert – 60-65 pt. På            Nordnes skule.

Her er 10  linjer strøket over og er uleselige.

29/3      Fastemøte i skulen  resten av linjen strøket over.

Berre 7 menneskje. Knut Fyllingen «Det var tørt».

30/3      Begynde skulen, 6. kl. etter Brenselsferien, møtte 10 born.

31/3      Til skulen møtt 3 elevar, skula i 3 timar.

1/4       Til Nesttun. Resten av linjen og neste linje strøket over og er uleselige.

bandet om foten. Kom bod i posten om at skuleinspektør Melkild er avsett. Brita kom heim i ettermiddag.

2/4       Skjertorsdag. Skosnø +1 1/2 ¤ C.

3/4       Eg gjekk om byen til Storetveit sjukehus og såg til Torbjørn. Han kjem seg, doktoren let vel, det gror. Petter og Liv var der, eg følgde dei heim til middag.

4/4       Helga kom i ettermiddag påskeafta.

5/4       Påskedag roleg. Ralf og Ragnhild såg til Torbjørn. +6¤ C. regn og tining.

6 april               Andre påskedag. Helga, Oddrun og Kristiane gjekk på teateret og såg «Brand». Dei      gjekk op til Blekenberg og låg hos Liv og Petter om natta. Sidan reiste Helga til Ytre Arna         igjen. Den dagen hogg eg resten av veden, har 4 3/4 mål og ein del staur, so med vel 5 mål      ialt. Isen og snøen fer, det regner og er +5¤ C. I elva er flaum.

10        Eg drar til byen og karterte Oddrun sin reisekoffert til Luster, der har ho teke seg         sommarplass. Ho reiste ikveld kl. 8, eg var til bilen med henne. Gud signe henne. Tala med krinsform. Sig. Fyllingen i ettermiddag eg kom frå byen.Resten av linjen og de 3 følgende      linjer strøket over og er uleselige.

Peder i Oldersmoget, vi vart samde om at sekretær Furevik sitt påramma møte 19/4 kl. 8         kveld med ljosbilde – Finnemisjonen – bør utsetjast. Resten av linjen er strøket over og            uleselige.

Møte kunne verte fiasko og til lite ære for Herren.

12        Søndag. Såg til Jakobia Fyllingen, ho er 93 år, har dårleg hjarte, hatt litt lungebetendelse,        men er begynd å kome seg.

13        Kristoffer Okra og kona Lisbet kom her om kvelden og vart til den 14de om morgoen. Lever    vel på Okrå, Sunniva står seg godt, dei gamle òg, eg fekk sokkar frå besta.

Den 13de – mandag – tok doktoren gipsbandet av foten hans Torbjørn. Han er bra.

15/4      Idag kl. 7  -2¤ C. Tyrsdag 14de, 5 kl. møtte ingen på skulen. Eg arbeidte siste stauren, la        kompostar, ein av hestemøkk, ein av dungen.

17/4      Her er 3  linjer og litt av 4.strøket over og er uleselige.

Temperaturen – 1¤ C.      idag tidleg med sludd over markene. Den 17. fekk Torbjørn gipsbandet          av foten og var i telefonen og snakka heim til mora, gjekk på krykkje. Eg ferdig med å kløppe bringebæra.

Her er 6 linjer strøket over og er uleselige.

Gamle Jacoba Fyllingen døde idag tidleg, nær 93 år gamal.

19/4      Søndag, Ragnhild og Ralf sykla, skulde til Gullfjellet, hadde ski med. Tyskarane sparkar no    fotball utanfor på Leikeplassen. Temperaturen idag kl.8 var +7¤ C. elles var marka rima        idag      tidleg. Eg var til Torbjørn, trefte honom ute, gjekk med stav. Saman med Jørund        Maurset,            Liv og Petter. Sia kom Rasmus Lauvås. Liv og Petter kom til middag, sykla dei og eg, Ralf            og Ragnhild kom etter god tur kl. 8 kveld.

21/4      Petter opp og henta ei kasse med bøker. Torbjørn ringde at han kjem heim imorgon. Eg har      Her er 11 linjer strøket over og er uleselige.teke inn av veden.

Jakobia Fyllingen vart idag køyrd på kapellet. Pastor Jarlund var der, Sæverud vart arrestert      laurdag 18/4.

23        Kom anonymt skriv om at lærarane mannjamt må melde seg inn i N.L.samband, då det ikkje   er kravt meir av dei enn før, for å hindre N.S. lærarar ta opp plassane, for å be om å få dei         fastsette lærarar lause igjen.

24/4      Fredag, var til Nesttun og følgde Jakobia Fyllingen til grava, følgde toget opp og ned, var       ikkje med i heimen.

25/4      Inga og eg var om ettermiddagen til Liv og Petter. P. skal slutte i politietaten torsdag 30/4. –   Har idag kalka fjøsmuren, stovemuren heime.

26/4      Roleg – søndag, kaldt – snøa morgon tidleg, – 0¤ C.

Jørund, Leiv, Olav Maurset og Jon Leivestad kom på sykkel, vart til middag. Herborg            Grastveit kom òg – -. Var til kvelds. Ralf kom og då, Liv og Petter. Torbjørn kjem seg. –       Magnhild Koltveit fekk ein son idag – Brg. Fødselsklinikk.

27/4      Inga til byen og trefte Gunvor Sande – ho har knuteros i ein fot.

29/4      Morgoen 5-7 heldt tyskarane manøver og øving ved skulen og på Fløyen. Stod oppstilde der    til avslutting.

30/4      Torsdag. Retta 48 nordmenn i Telavågen, Fjell., brend og folket ført, born og kvinde til          Storetveit skule. Karane til Sandviken skule. Dei fastsette lærarar skal vere sende frå Grini         og Jørstadmoen. Tog Trondheim, båt Skjervøy nordover til å grave skyttergraver på     finnefronten mot Russland.

2/5       Fridag. Arbeidet sin dag. Rima mark om morgoen. Eg bada og vog meg – netto 56,8 kg med   kleda 62 kg.

3/5       Søndag. Kapt. Gabriel Frøholm kom i 12 tida, har arbeidet sitt no ved Hordaland vegkontor.    Liv og Petter kom vi sat åt middag, dei har pakka idag. Petter fer tyrsdag til Hålandsdalen, hjelpe til med vårvinna, gjerne få ein del av heimegarden.

Kl. 7 idag +2¤ C.

4/5       Matkortutdeling i 3. og 4. kl.rom ved Hans Engelsen.

5/5       Regn i natt, no snøslaps +1 1/2¤ C. Eg til tanndoktar. Torbjørn til Askøya i ettermiddag i       arbeid. Omlag heilt bra, men ikkje haltefri endå.

Eg til tanndoktar kl. 10. – Inga og eg til møte i Heradshuset kl. 5 etterm. saman med dei         andre lærarane i Fana. Skulesjefen gjorde reide for lova om Norges Lærarsamb. og med at     ein er lærar automatisk er lem av sambandet, og talde no lærarane til å ta til med arbeidet att.   Det same – talde lærarane til å ta til arbeidet straks – det hastar – gjorde varaordførar major        Kindem; endå har den norske regjering saka i sine hender. Her er 3 linjer strøket over og er       uleselige.

6/5       Regn +6¤ C.

8/5       Torbjørn kom heim frå Askøya – er bra, men haltar ein grand. +2 1/2¤ C. kl. 7.

Var til Søreidgrend Bedehus til oppbyggjingsmøte, Ole M. Sælensminde var med – so           Styremøte. Årsmøte skal vere søndag 7de juni i Søreidgrend Bedehus kl 11. Kom heim og åt    til middag. Torbjørn reiste syklande, skulde til Askøy og gjere teneste, kanta av sykkelen ned   for sementbrua og braut ein grand opp att foten. Fekk bil og køyrde til Storetveit sjukehus,         ringde opp derfrå av ei sjukesyster at han vert der nokre dagar likevel.

11/5      Møte i Tilsynet kvelden kl. 8. Fru Samdal, Sigv. Fyllingen, Andr. Wergeland, Ivar Løtvedt     møtte. Læraren ref. om møte 5/5 og skriv frå Kyrkjedeptet 25/4 om å ta til med skulen igjen.    Dei var alle for at skulen skulde ta til, borna hadde ikkje godt av å gå ledige. Skulen skal ta     til fredag etter Kr.himmelfartsdag 15. mai kl. 8 1/2.

13/5      Var opp i 5 tida, då -1¤ C. og rima. Gjort ferdig Særbusjett for Sælen sk. og oppskrift om      barnetal og klasser 1942/43.

15/5      Fredag etter Kr. himmelfart – tok til skulen 6,4, og 2 kl.

16/5      laurdag                         »          »          5,3 og 1 » .

Frk. Drange, Fru Navelsaker og Navelsaker tok til skulearbeidet, det same lærarane      ved alle skulane i Fana, og kom derved automatisk med i N. Lærarsamband. Dei fleste born      møtte her ved Sælen skule.

17/5      Søndag, +10¤ C kl. 8. Petter og Liv kom iaftes, reiste att idag kl. 11 1/2, han arbeider med     vårvinna i Hålandsdalen, Ragnhild og Ralf ute i kano. Berre Torbjørn, mama og eg til   middag. – Sol, varme og skjøne, – høyrde gauken idagmorgon. Dei framande sparka fotball       her ute kl. 10-11 idag, men støv og sand rauk.

20/5      Hermod Hjellestad døde idag.

22/5      Iettermiddag skal Inga og eg pinsetur til Okrå. Kaldt – rima idag. Med bil over Kvamskogen,   stansa hos Inga Beyer til laurdag kl. 4 et.m. Ho har ein hyggjeleg heim aust om Beyer-tjøna.       Storfint. Vi var tur til Tørvik.

23        Pinsafta-kvelden kom vi til Okrå. Besten eldest, mor er omlag som før. Sunniva er bra frisk.    Eg var med Kristoffer drog garnet om kvelden. Pinsdag roleg – Jacob og Ragnhild Eide kom    då. 2dre dag kom Olav og Sigrid Berge og Ragnhild Berge. Eg var saman med Jon Fjellheim   ein tur til Rø.v. – vakkert utsyn frå Eikhaug.

26        Tyrsdag for vi heimatt etter gode kviledagar, heim over Kvamskogen med bil, heime kl. 10      kveld. Her sto vel til.

27        Skula med 6. og 4. kl. Lærarinna Frk. Drange var på jordferd etter Hjellestad-klokkaren i         Fana – so 2.kl. fekk gå heimatt.

Borna vegne og molte idag.

30/5      planta kålen. Ralf var her til kvelds. Liv kom i 11 tida. Torbj. er bra.

31/5      Søndag. Petter og mor hans og ei gjente frå Mundheim var opp her saman med Liv.

5/6       Idag tok Borgny og Dortea Løtveit på ferietur til Okrå og Voss, skal vere borte 14 dagar.

7/6       Søndag. Ole M. Sælensminde og eg til Årsm. i S.S. indrem. på Søreide i Bedehuset. Lars      Gjøsæter tala. Ole M. Sælensm. og R. Grimstad attvalde til styret for 2 år. Petter og Liv kom   kl. 5, dei hadde halde på vaska opp leiligheita, skal fløtte fra 10. juni.

Her er 5 linjer strøket over og er uleselige.

13/6      Idag fylte eg 63 år. Då eg kom inn i V kl., sa dei: Tillukke med dagen. Til kvelds opvarta       kona med rjomegraut, Ralf var med ved bordet. – Eg har rivla poteter og slege. Idag var Ivar     Løvås og Olga Sælensminde gifte.

14/6      Helga var her idag, reiste i kveldinga – sykla.

15/6      Liv slutta i Vestlandske kj.lag for å fløtte til Hålandsdalen. Borgny kom igjen av tur, hadde     gått vel heile turen, og hatt det kjekt. Idag for Torbjørn til Storetveit sjukehus for å få operert   ut av venstre leggen stålbandet doktaren hadde sett i då han sette isaman foten igjen etter          brotet.

16/6      Skulen har hatt idrottsdag med kapping i: lengdelaup, hopp-lengde og høgde, kast -stor og       liten ball. 12 born VI kl., 17 born V kl.

17/6      Henta matriell på Nesttun til Jordbruksteljinga 20/6, såg innom på Storetveit sjukehus til        Torbjørn, var operert igår, sto bra til.

22/6      Sluttdag for 6. kl. 12 elevar slutta skulen, dei gav meg ein jarnsmidd ljosestake med tjukt       ljos i, dei fekk gjenomsnitt karakter. Nokre somde for idrottsmerket. – 10 elevar igjen til V        kl.

23/6      Slutta 5.kl. Alle 19 vart fløtte opp i 6te klasse.

Her er 2 linjer strøket over og er uleselig.

Var heime til middag. Kl. 4-5 sykla eg heimanfrå, hadde eg sykkeluheld millom grushola og    saga til Berge. Slo meg mest i hel. Torsdag føremiddag fann eg meg i seng på Haukeland          sjukehus med heileristing og brot på kraniet. Vart der 10 dagar til 4. jui då Inga henta meg       heim. Ho hadde sett til meg kvar dag. Eg ser endå ugreidt. Besse Bønes tek iveg med teljinga            av jordbruka på Straume og Bønes.

5 juli    Torbjørn er mest bra igjen. Kristiane tek idag på sykkeltur. Det er grødever.

Har gjort istand Årsmeldinga 1941/42 idag.

Til byen og utrette. Bet. ut til Finnmarksmisj. kr. 100,-, ordna indremisj.laget si kassebok.     Betalte inn på Sælen skule si Bankbok for Radioapp.rest kr. 31,85, for Høsteland kr.rest 20,-.

12        Brita heim, står seg vel. Ola med Vegen og eg til Peder O. Oldersmog.

13        Guro Sande kom, lever vel og kjem seg. Eg har renska kålstykket. Eg snart trøtt. Ser litt         dobbelt endå. Sende kranspengar til Lüster idag.

15        Inga og eg på Nordfjordtur kl. 7 morgon.

14        Lensm.betjent Lund var og opptok forklåring om sykkelulykka 24.juni.

16/7      Inga og eg følgde bilen til Bergen, og nådde m/s «Sogn». Fin tur, kom til N.eid i 4-tida. Olav Os tok mot oss på bryggja og vi følgde dit. Fredag 17/7 i 4-tida tok vi rutebilen til Holmøy,      der var Hans og henta oss. Navelsaker låg vakkert som før, og vi kom inn i fred og gode          dagar med naturleg liv. Eg stelte taka, tenta river, reinska ugras. Søndag 26/7 var Johannes    Melheim m. kona, Hjalmar Dispen der, laurdag 1/8 var Inga og eg til Sanden og på     gravstaden. Brita Sollid og Signe Lien følgde «Dølen» nedatt og var til søndag, då for dei og          Berta Olsen kom, ho reiste til Melheim ettermiddag, men vilde kome att, hadde Jostein med    og Jon Melh. Borgny Dispen (tenestegjenta til Hans ) hadde fått kukoppar i høgre handa og for til Eid til doktar søndag ettermiddag. Hans fekk inn pent med høy veka frå 3/8, Erling,             drengen, var heime frå vegarbeidet. 7/8 fredag reiste vi, hadde gåver frå Hans med oss. Kom     til Os, fekk gåver frå Brita og Olav, Oddlaug Os for til Oslo fredag i 4 tida over Strynefjellet.     Vi reiste frå Eid laurdag 8/7 kl. 6 ettermiddag, var til kaffi fyrst hos Ingeborg og Ragnvald       Bergset. Frå denne vakre tur kom vi til Sælen måndag morgon kl. 9 10/7. Tyrsdag 11/7 henta      eg 1 kart. og 1 handk. på Fylkesbåteksp. 1 dunk blåbærsylte mangla.

10/8      2 tyskarar og lensmannsdrengen kom og ga beskjed om at dei skal ha sløyden og sysalen, eg    hadde inn ved denne dag og resten 11/8. 10/8 velte dei stabben ved øvre vegkant ved            vegaveita ved den små skuleport (nedsida).

12/8      t.  kom med lass møblar i sløyd og sysal. Syskapa fløtt opp i 1. kl.rom.

14/8      Ralf og Ragnhild trulova og skift ringar idag, kom til meg, eg slei i hagen ut for stova og sa    det. Gud signe dei.

  1. sette opp sengar i sløyd og saumerom.

15/8      Ralf og Ragnhild på tur til Nordfjord med M/S «Sørdal» kl. 8, eg var på bryggja og ønskte      dei velfar. So henta eg blåbærsylte, dunken som no var funnen på Fylkesbåtane sin             pakkbudeksp. Om kvelden kl.8 tilsynet møte. Skulen skal ta til 19/8 onsdag. Kvar av dei 6     kl. skal gå 2 dagar i veka. Saumekurs vert inkje. Kr. 31,85 + 20 vart betalt til Sigv. Fyllingen, retur av radioapparatet til skulen og kransen til Frk. Høstelands båre.

17/8      Hesja høy i hes ut om skulen og hes ut om kjøkenglaset.

18/8      Sett kyllingburet over øvste enden av løksenga, ordna i skulen.

  1. ordna sengjer i sløydsal og saumerom.

19/8, 20/8, 21/8 begynde skulen IV,VI og V klasse. Lærarinna med I, II og III kl.

20de     torsdag. Petter kom, skulde kjøpe øyk  på Totland.

21/8      Petra og Margit kom på tur til Eid. Står vel til med dei. Eg følgde dei til bilen 22/8    laurdagsmorgoen kl. 7. Petter kjøpte ei 14årshoppe – grå

22        Petter og Liv kom ettermiddag, sykla. Torbjørn kom – gjekk frå Laksevåg og vart sår og trøtt   i den låke foten, men kom seg ved å kvlia om natta.

23        Søndag kom Helga – Karl, bror til Petter. Lærarskulen same klasse som Oddrun – Høvisk,       kom og skulde treffe henne. Fløttelasset til lærarinna kom laurdag ettermiddag.

24        Maria Bergset kom opp til middag, søkte etter grønsaker.

29        Lisbet Okrå og Gudrun syster hennar kom her i kveldinga. Dei hadde sett til mor si Anna        Linga på Storetveit sjukehus. Ho vart operert no i veka for magesår, sto etter måten bra til           idag.Søster hennar Dortea døde på Storetveit sjukehus for 3 veker sia, ho var operert for           tarmslyng – 69 år gamal, ho var nøgd med å slutte, ein fri tenar og strevar all si dag.

30        I natt kl. 030 vakte Borgny meg, eg måtte gå til skulen og vise Tyskarane veg i kjellaren, dei   hadde ikkje med lykelen. Eg gjekk med dei, då hadde dei brote opp gatedøra, eg synte dei      ned til sengstadane – 19 mann.

31        Måndag. Igår tok dei og loftet – radiotelegrafistar, og vi rydde ut, Sløydskåpene ned i mitt       klasserom – med verktyget i. Idag har Torbjørn og mama teke ned vevstolen og rydt ut. Eg skreiv under med N.. på ei list over beslaglagt og slikt dei skulde transportere bort, truleg til    Nilsen.

Lisbet og Gudrun for idag, mor deira kjem seg.

Fløtte tyskarar inn i Ungdomshuset med same. Ungdomen har gjeve det frå seg til N.S.           Ungd.fylking.

31 aug.             Melkild og lensmannsdrengen kom. Sløydbenkjer + pultar og benkjer bringa tyskarane opp i kjellaren til Larsen, vi skal få hente når vi treng. Snekkarskulen sitt verkty og     material kom      Einar Bolstad og køyrde til Fløyen til forvaring etter Melkild hadde tinga      plass.

2          Eg slutta skulen i 12 tida og gjekk til byen for å utrette.

3          Dei set istand og transporterar hit på loftet, so det er ein del bråk om dagane med skulen er. I    ettermiddag kvinnemøte hos mama. Eg har plukka alle stikkelsbæra, dei har mykje     dreparen, ein del får grisen.

5/9       Sunniva til Dr. Ingebrigtsen. Ho er so bra, ho kan begynde i arbeid, sa han. – Svær landvind    med regndrev.

6/9       Morgoen kl. 7 kom Ragnhild og Ralf av Nordfjordtur. Hadde gått godt. Ragnhild hadde          kanta av sykkelen ved sætra Billingen og slege seg noko, Ralf bremsa for å pompe slangen,       ho kunde ikkje bremse, og rende fram på og stupte i vegen, litt blå under høgre auge. Elles      gått bra 14 dagar på Navelsaker, ei veke på turen over Sognefjellet til Skjolden – Myrdal –         og heim frå Nesttun.

7/9       Inga og Sunniva tok turen over Kvamskogen til Okrå. Torbjørn kom att frå Askøya idag. Inga kom att 10/9.

5/9       slutta skolen. Potetferie til 10/10. 15/9 ei kasse plome frå John Røyrvik.

14/9      Kom Haldis Stubseid. 17/9 reiste ho og Oddrun til Lærarskulen på Stord. Eg følgde dei på      bilen kl. 7 morgoen. Oddrun ringde heim på Rommetveit kl. 4, då var dei vel fram komne. –      Eg har skåre potetlauv og renska ugras eit par dagar, skal til å ta poteten. – Kom 1/4 sild frå      Edvin Fjelltveit.

19/9      laurdag, har teke poteter 2 dagar. Idag tidleg til byen og henta 1/4 t. spekesild. Torbjørn kom   frå Askøya med non. Ralf kom.

22/9      Teke poteter måndag og idag – åleine, regnver. Idag kom Helga Koltveit.

30/9      Torbjørn tok på tur til Hvedhus og Linga – fri 8 dagar.

Dei er no begynde byggje 3 barakkar ved Leikeplassen på paktar Madsen, Brennhaugen, og       ein brun, med matrialkøyring hit kvar dag. Brita koma frå Milde, vore og stelt nokre born.

3/10      Har litt poteter å ta igjen ut for grisehuset. Idag kl. 12 skal Inga og eg  til Hålandsdalen til       Liv og Petter.

5/10      Kom att frå Holdhus idag kl.12. Ruskeveir igår i H.dalen, og idag noko regn. Ein gild tur       elles. Dei tok sers vel mot oss: Liv og Petter, Lisbet mor til Petter og Elna faster hans, og so     brørne Bård og Karl. Eit hus med god norsk husskikk. Torbjørn var der sist i førre veka, han    drog til Okra søndagsmorgoen. Idag er Petter og Bård på sauesanking saman med mange             andre der oppe.

6/10      Ferdig med å ta opp poteter. 16 tynner.

10/10    Laurdag tok til med skulen etter potetferia, 4 kl.

11/10    Søndags kveld kom Torbjørn att frå Linga – følgt båten. Står vel til. Eg ein tur til Peder          Oldersmoget i ettermiddag.

19/10    Jon Fjellheim kom i ettermiddag, vore til byen med ei rifle som dei hadde skote hjort med.     Reiste idag 20de tyrsdag. 19/10 Matkortutdeling på kontoret.

20/10    Slagta ein årsgamal gris. Fekk frå Einar Bolstad 100 kg. gulerot, 150 kg. kålrabi. Grisen vog   45 kg.

27/10    Tyrsdag. Petter og Liv kom, Petter til doktar for utslett i ansiktet, skulde la skjegget vekse ei   veke.

30/10    Liv og Petter reiste. Petter kjem seg.

28/10    Eg var med på Kinamisjonen sin basar i Oldersmoget kl.3, kr. 425,- 1942.

30/10 og 31/10   Bededagene 30/10 skal vere vyrkedag. Fana og Brg. fri skuledagar 30/10 og   31/10.

31/10    Bod frå Lensm. at vi skal late 1 rom til ein tyskar – Læremiddelromet.

1/11      Tømt Læremiddelsromet, skåpa inn i skulestova, ein del på kontoret.

2/11      Ein offiser fløtte inn.

4/11      Hos Peder Oldersmoget kl. 3, høyrde prostihjelpeprest Nigard. Agnes Fyllingen døde idag.

6/11      Styremøte i S.S. indremisjon hos Navelsaker i lærarbustaden kl. 7 kveld. Hans Søvik,            Reinhart Grimstad, Lars Dolvik, Ole M. Sælensminde og eg var med. Skal ha verksemd sist      i november. Ingehart Vikanes.

7/11      Edvin Fjelltveit kom seint i kveld. Reiste måndag 8/11.

10/11    Tyrsdag. Idag Agnes Fyllingen gravlagd. Ei kasse frå Hans, 2 kg. løk, eple, 2 smaleryggjer      6,5 kg. Ralf kom her opp saman med Ragnhild.

12/11    Torsdag, idag har Kristiane og Ragnhild varte immatrikulerte som studentar.

13/11    Ragnhild skr. eksamen i filosofi frå 4-8 ettermiddag.

15/11    Sundag. Svært regnveir igår og inatt. Torbjørn heim i aftes. 1. klassingar øydelagt      drikkefontena i skulen 14/11. Idag opphald og litt sol.

16/11    Gav i telefon Løkling bod om at eg fann Andersen- Høntorp si kyrkjesoga tenleg no med         Paulsens er under omarbeiding. Søster Astrid i skulen og sette på tuberkuloseprøve. – Ralf   skr. eksamen idag.

20/11    Fredag. Inatt har det lagt snø utover.

21/11    Doktardag på skulen, Dr. Ørbeck og søster Astrid her. Søster Astrid vore og teke        tuberkuloseprøver 16/11 – 20/11. Eg følgde Ingehardt Vikanes op til Peder i Oldersmoget –    møte der søndag 22/11 kl. 11.

24/11    Amerikanarane og engelsken går mot Tunis, og i aust flyktar general Rommel`s herflokk          vest gjenom Tripolis, seier blada.

Olav Olsen Ryg skriv at han vil gjerne heim frå Neevengården B og arbeide med jorda, men     har ikkje reisepengar og matkort.

28/11    Den franske flote søkt 27/11 fredag på Tulong`s hamn. T. trengte seg inn på fredlyst område,    vilde ta honom. Søkt av eige mannskap. For 14 dagar sia E. og Am. tok Marokk og Algir. T. marserte gjenom Fr. til Middelhavet.

Ralf kom med ein postpakke sauekjøt frå Hans.

1/12      Tyrsdag – falle snø inatt – på Leikeplassen målte eg 35 cm.  -6¤ C. Oddrun ringde, står vel      til. Torilong i blada som den franske flote si grav.

2/12      Idag kl. 7 -15¤ C. Hans sender oss i fiskekasse med ymse – mjøl,

3/12      Idag  – 14 – 1/2¤ C. i natt snøa framleis – 45 cm. snø på Leikeplassen.

4/12      Har falle snø inatt og – no 50 cm på Leikeplassen – 2¤ C. idag, drypp og isar etter veggene.     Eg moka vegane idag kl. 6.

5/12      +3¤ C morgoen kl.6. Snøen tinar og søkk saman. Ralf fylte 24 år idag. Ragnhild gjekk ned i   nonstid, hadde med 1 par fingervetter, selbustrikka, som ho hadde strikka.

8/12      Roleg, skreiv brev. Varmegrader, 7/12 +4¤ C, snøen tinar.

10/12    Snøen er reist. Tok in vinterkålen i ettermiddag.

14/12    Gjekk til byen – juleinnkjøp – bøker serleg. +8¤ C. Gjekk fram og tilbake. Ralf ferdig med     eksamen laurdag 12/12, resultatet mykje tilfredstillande. Han og Ragnhild kom heim etter meg. Igår 13/12 reiste stabsfunkencistar Gauschau på heimetur til jul til Bor..

16/12    Kristoffer kom saman med Ralph i kveldinga kl. 6. Kristoffer er på juleærend i byen, Handelsskuleeksamen stod i Berg.Tid. idag, Ralph har sum 53-mt., den 4de av 16        kandidatar.

17/12    Idag kl. 8 +8 1/2¤ C., og bert frå fjære til fjell.

18/12    Idag kl. 8 reiste Kristoffer; slutta skulen med 5. kl. til 12. jan. Tem. +9¤ C.

20/12    Oddrun kom heim frå Lærarskulen, fri til 18de januar. Står vel til. Inatt var Fr.S. og spelte      kort til kl. 1.

22/12    Idag kl. 7 +10¤ C. og landvind, måneskjen om kveld og natt, solsnu kl. 13.

Har laga til julegåver, med vers til kvar sin 10 kr. til:

Borgny: Ver venleg og grei,so finn du vei.

Ragnhild: Ver god og blid, so kjem di tid.

Brita: Freidig humør og godt vet bergar deg frå attelet –

Oddrun: Du strevar å lære, ved prøva får du ære.

Kristiane: Du trufast er i Norske Liv, dei pengesuta frå deg driv.

Nøyaktig er med saumen din, det syner sjela fin.

Bøker til: Torbjørn, Liv, mama – Ralph. 10 kr. til Sunniva, postlagt 13/12 til Okrå.

Idag bøter eg sko. På Leikepl. skjer dei saman hus til grunnane. Inn i storskulestova har dei     sett eit lite juletre.

Den 19de fekk eg sovore brev frå Melkild: Frå Kyrkjedep. – ministerens kontorer idag kom       sovore skriv: «Skoleinspektør Olav Melkild, Fana er idag medelt avskjed, i henhold til lov av         5. desb. 1940, med virkning fra dagsdato.» Nesttun, den 17.desember 1942.

Eg svarte: Hr. Skuleinspektør Olav Melkild, Nesttun. No då du etter skriv av 17. desb. skal     slutte som Skuleinspektør i Fana etter 24 års arbeid, og for meg samarbeid, ønskjer eg å få            sei deg takk for arbeidsåra. Du har hjelpt til so, at vi som lærarar kunde legje alt av godt vi      makta i skulen, so at vi i rett tid fekk løn og kunde gå i arbeidet utan økonomisk sut, so at         ujamnheiter frå Krins og komunell vart ordna og arbeidet for borna kunde gå, alt til beste for    borna i skulen, for Fana, folket. Og skulen har gått fram, det er vel største takka du får for at   du har gjett deg, alt du makta i arbeidet. Guds ljos og signing over åra dine frametter,

Sælen skule, Føllingsdalen, 21. desb. 1942. Med vyrdsam helsing  Rasmus Navelsaker.

23/12    Set idag ogso og bøter sko. Engel Fløyen fyller 70 år. Eg gjekk bort kl. 11 1/2 og ønskta        honom til lukke med dagen. Har  vore ein god granne, har vore hjelpsam i gjerning og ord,          har fått arbeidet frå hendene. Sat inne og prata ei stund, var so til bord, sjokolade og    julebakkelse. Hjørdis, Kristi, mor Ragnhild og kone Tabitta var med Engel og meg. Hjørdis      hadde med mann og born. Til middag skal dei vere saman frå Tjønna og slekta elles – rundt     30 st. – Sol og fint +6¤ C. Ute sagar og øksar dei, dei framande vaskar golva.  Bortin kom          med julegåve til meg. Eg lovde dit orgelet vårt, dei held juletrefest i Lærarinnestova, har alt     pynta juletre, og sett pultane i gangen.

24/12    Julafta. Bar hit orgelet til småskulerommet. T. hadde juletre og hadde pynta det til fest. Meg    gav Bortin julegåve, 1 fl. Raudvin, sigarar, røykjetobakk, sigaretter – verd so 10 kr. – Eg saga   ved, sette fot på juletreet heime, so kom Brita frå Haugan sine i Fløenbakken 2, Torbj. kom     frå vakt kl. 6, hadde med kassa frå Hans med noko sauekjøt og eple. Vi åt steik so i 6 1/2       tida, samla alle på nær Olav, Sunniva og Liv. Eg la meg på senga, borna pynta juletreet, i 9     tida song vi om det, og delte gåver, hjartelaget synte iår og. Eg fekk Sivle Skrifter av    Torbjørn, bok frå Kristiane og ting frå dei andre, og dei fekk noko kvar. Eg las evangelja og     sa nokre ord. So takka vi kvarandre for dagen og gjekk til ro kl. 1 1/2 om natta.

25/12    Opp kl. 9, saga ved, +3¤ C og fint veir, i skulen ro, dei har pynta bord i hesteskoform i          småskulen, og visst hatt det bra. – Ralph kom her opp idag til middag.

26/12    Ragnhild følgde Ralph ned til middag. Postbodet fekk julegåve idag.

30/12    Kløpte 4 ytste rastene med bringebær  – 6¤ C.

31/12    Strid landvind og bert. – Vølte sko, saga litt ved. – Etter non litt retroversjonsøv. og gjekk so   heim. Då Torbjørn, Ralph, Ragnhild og Borgny gådde til liten fest i Sælo. Erling i Lauvåsen og Kristi Egge, Frida og ein Larsen med. Vi heime åt kvelds og las og sa kvarandre godnatt     og takk for året som gjekk. Oddrun og Kristiane heime med oss.

1943.

1/1.      Idag 15 cm. snø og +0 ¤ C. Inatt gjekk skot kl. 12, litt nyttårsskrammel i vegen. Krigen går    med årsskiftet inn i nytt år. Ein tysk transportbil er komen ute for Skuleinngangen, dei lesser           av ski, skistavar, skikjelkar og ber på loftet. Snøen fell smått ute, ventar Brita heim til            middag. I dette nye året bed og veit eg at Gud vil late det gode sigre og signe heimane og      landet vårt. Brita for ikveld til Straume.

2/1.      Laurdag. 30 cm. snø, inkje arbeid på plassen. +0 ¤ C til -2 ¤ C idag. Eg bøter sko. Søndag     Ralph opp, Ragnhild følger med til Bilberg’s.

4/1.      Til byen kjøpte til sko m.m. – 10 ¤ C og 44 cm. snø. Skilauping søndag, frammande har fått   ski m.m. Pløyt i vegen søndag. Gjekk fram og attende,  bilene går ikkje. – 14¤ C.

5/1.      Låg for forkjøling. Kulden held ved.

7/1.      Idag – 16 ¤ C kl. 7. Eg vølt sko. Inga i kvindemøte i Lauvaasen. «Gausemann» komen igjen, ladingsapparatet for akumulatoren teke vekk frå gongen og dørhelle. Forkjølinga gjev seg.

10/1.     Søndag +2 ¤ C, rolig heime. Dei reiser bygg på noraste bygget.

11/1.     Idag kl. 7 – 10 ¤ C. Borgny for kl. 8, drengen på Fløyen skyssa henne. Eg skula med 6.kl.      gått godt. Kontoret brukt Matkortutdeling. Ragnhild resultatet av examen i filosofi = 2+mtf.           Vore forkjølt og ikkje på Berg.husm. idag.

13/1.     Idag tyrsdag tok Ragnhild til på husmorskulen i Bergen, kl. 5 et.m. +1 ¤ C. Bøthun idag fløtt             opp til Elbing. E. ut som vaktmannskap.

17/1.     Idag fyllte Ragnhild 21 år, Ralph var med til middag. Frk. Bryn frå Voss, var her. Dei såg alle             «Over evne» på D.N. senere ikveld. +6 ¤ C og litt regn, snøen fer, vindsamt. Roleg heime –        søndag.

18/1.     Oddrunn og Frk. Bryn til jarnbanestasj. med tøyet hennar Oddrunn. Regnveir, snøen tinar. 7    dg 16 born av 27  i VI kl. i skulen.

19/1.    Oddrunn og Frk. Bryn gjekk idag kl. 6 1/2, og for med båten frå byen kl. 9. Kristiane med og hjelpte dei med ty frå jarnbanestasjonen. Snøen ungefer reist, +4 ¤ C. Sendt sovemedisin til      Sunniva, motteke 1 lampeskjerm frå henne. Frå 19/1 Nils Liset konst. som skuleinspektør       midlertidig i Fana.

20/1.     Liv kom i 6 tida. Brita kom or barnepleie hos disponent Haugen idag. Dei har lagt papptak      på den store barakka idag. Telefonfolk skore kvister, bad dei fløtte stolpen ned ved høgegjerdet nedom vegen for å spare frukttrea.

24/1.     Søndag. Telefonen har vorre borte sia igår. Måneskining og kaldt om natta. Framande begynde på 2. huset, og innreider det sørste. Eg har gjort likningsoppgåva ferdig.

  1. Dr. Eknes til Ragnhild. Vilde sjå henne um 8 dager, spurde om ho var trulova. Ralph var opp om kvelden. Eg feia omnen i gjesterom. +3 ¤ C om morgoen. Landvind. Landgang Leirvik        og Sagvåg.

28/1.     Petter kom idag, han og Liv skal reise imorgen fredag, lever vel. Ralph kom ikveld,    Ragnhild vorte beire, nyt vanskeleg mat. Idag kom dei fram. med kol i bingen. Inatt brann         internatet på Stord Lærarskule.

29/1.     Petter og Liv reiste idag til H.dalen.

30/1.     Skulesjef Sætre og Skuleinspektør Liset var i skulen og orienterte seg om barnetal,     klassedeling, lærarkrefter og rom for skulen. Til 1943/44 skal skulen 7delast og 4 lærarar, av       dei 2 lærarinner. Skulesjefen prøve få dei framande ut, so vi kan ha heile huset for skulen.        Ralph kom i kveldinga, Ragnhild er bere – kjøpte 30 kg. sild av ein fiskestril, verka om            kvelden det meste til røykjesild.

6/2.      Laurdag. Skulestyremøte på Storetveit skule, gymnastikksalen kl. 11. Alle lærarne -.   Skulesjef Sætre velkomen med opprekt hand. Heil og sæl. Skuleinspektør Nils Liseth: Andakt ut frå ordet: Alle ting tenar dei til gode som elskar Gud. Skuledirektør Jakob Bakke:    Hver barnesjel vi folder ut, er en provins til landet lagt. Den psykinske oppdraging -, det            skulen er idag, vert samfundet imorgen. – Gode fram…dar alle. Skulesjefen ønskte at vi           næste    gong måtte samlast under den åpne hands merke,- ikkje under knyttneven – kommuniststyre.- Eg gjekk heimatt om Bønes.

4/2.      Eknes og såg til Ragnhild. Det var 3 veker, sa han, ho vilde værte bra igjen.

7/2       Har vore bert omlag ei veke, inatt snø igjen, – 1/2 ¤ C. Ragnh. er bra, men veik. Ralph var      her iaftes. Torbjørn kl. 10 idag frå Askøya. Peder Dalseide, kinamisj., heldt møte i stuen.          Stalingrad fall i veka var, mannskapet på Feie ført vest.

8/2.      Ragnhild betre idag. Det er varmegrader i kveldinga, dryp frå taket. Eg har vore til Andr.         Wergeland fått honom til å skrive under søknad om statstilskot til skuleboksamlinga           1943/44.

11/2.     Feiaren Johnsen var idag i lærarbustaden og i skulen.

12/2.     Ragnhild oppe idag, og bra. Berr mark +5 ¤ C.

14/2.     Idag Morsdag. Kristiane tulipaner til Inga.

16/2.     Idag Skulesjefen Sverre Sætre, skuledirektøren Jakob Bakke og ein doktar Dr. Kristensen         og såg på skulen for å få plass til 7delt skule og 4 lærar. Ikkje råd å skaffe plass rundt om til dei framande som bur i skulen, kjellar, loft, læremiddelrom. Nye bygningane er for     marinefolk. Vanskeleg med rom for skulen. Skuled. var inn høyrde på undervis. til Frk.          Drange, vilde sjå inn til meg næste gong. – Ragnhild og Ralph til byen, ho skulde og fikk       kjøpe seg kjolety. Vart verande hos Bilbergs natt til 17/2.

23/2.     Ragnhild til byen hente kjolen sin, skulde og hente ei kåpe. Vart hos Bilbergs inatt. T. på       noko tilbakegang for russen – til Karkow og brd. Samtale ved middagsbordet mil. Torbj. og       Inga. Dei synes det er vel at russen vinn fram, ille at indarne reiser seg mot eng. herrevelde,      held det som er meldt frå tysk side som løgn.

Må vere krigspsykosen som legg seg over tanken og får antipati mot fridomsreising – India,     sympati for kristen forføljing – Russland, og vanntru mot det frå T. og tiltru til det frå E.           Uviljen  mot vår hersetjing kjem til. – Søndagsskulemøte med ca. 100 men. i skulen om         kvelden – film. Berta Rosenlund stod for få det ordna. T. kom idag med kollass til tømeluka       til koksbingen.

25/2.     Idag kom «B.Tid.» med kunngjøring og bod om at  Melkild døde brått den 23. febr. – tyrsdag

– var 69 år gammal, f. 29/4 1874. Døde no truleg av slag. Han slutta som Sk.inspektør til       jul – etter 24 år i Fana skule, har lagt all si kraft i arbeidet for born, skule og heim – var eit     godt menneskje. Gud signe honom.

Storm og regn idag. Ragnhild har vore bra, vart ikkje med Inga og henne til Bilberg sine for    veiret. Eg lagt ein stein på taket til uveirsskuret.

27/2.     Idag kom ligninga for Ralph Bilberg og Ragnhild i «Norskligningsblad» for torsdag 25de ,      sendt av sorrenskrivaren for Midthordland.

Ungdommen samla i kveld til spleisefest hos Karlsen, snekkeren, Ø.Fyllingen. Torbjørn med   herfrå. Idag +8 ¤ C. Ralph oppe her ikveld.

28/2.     Har nett ete frukost – kl.1230, +7 ¤ C. Mykje regn idag. Sigv. Fyllingen ringde: Skulesjefen    har sett inn tilsyn frå no: Form. Sigv. Fyllingen, Fru Samdal, Wergeland, Ivar Løtvedt. Eg         skal gje dei beskjed på S.F. vegne.

1/3.      Mandag. Skula 2 timar. Gjekk til Nesttun og følgde Melkild til grava. Kista sto i koren –        mange kransar. Kyrkja fullsett med folk, alle lærarar. Presten Sæverud tala frå Stolen om den     døde som ved siste samtale hadde sagt at vona for oss er å søkje Kristus. – Vi føl mannen til    han sig ned, gløymer honom, og tilslutt kjenner hans grav honom ikkje, men det vi ikkje ser,     – Jesus formanar den som sig ner og fører honom over, og kjennest ved honom. Eg var med     og bar kista til grava. Gud signe honom og hans. – Kom heim fra byen, det var snøslette.

10/3.     Idag kom Sunniva fra Okra med Haringabilane. Ho står seg vel. Skal no vere heime i   Ragnhild sitt brudlaup laurdag 13/3.

12/3.     Ragnhild reiste til Bilberg sine idag. Borgny og Gudrunn kom heim,skulde vere med R. sitt    brudlaup. Dei står seg vel beggje. – Eg har stelt bringebæra om ettermiddagen.

13/3.     Idag skulte eg til 2 1/2, gjekk heim, heiste flagget, ordna sikringar, kledde meg til kyrkjeferd. Hammarslanden kom kl. 4 1/2. Liv og Helga Koltveit var komne for litt sia. Helga skulde       vere kokk. Inga, Borgny og eg køyrde med Hammarsland sine til Bilbergs, Mjelkeplassen,       der kom Brudefolket, Bilbergs innpå. Borgny gjekk ut. Torbjørn var der og. Han og Guri         Bilberg hadde vore med Brudeparet på Skrivarkontoret. Dei vigde kl. 11. No gjekk han og       fleire ned til Kyrkja. Der gjekk vi inn, sette oss fram i koret, Brura sine fore. til venstre og      Brudgomen sine til høgre, dei andre ned for koret. Presten Gjellestad vigde Ragnhild og          Ralph kl. 5 20 etter ei god tale. Fin musikk, Oddrunn og Kristiane var og med i kyrkja. So til          fotograf Bakke, og so køyrde vi til Sælen lærarheim. Petter var no komen. Innne var lunt, litt            kjølig i kyrkja og ute. Ved middagsbordet takka eg gjestene for dei kom og synte Brp. ære og ynskte til lukke – frå kona og meg – og ynskte  Brp. til lukke  – og sa:

at Gud kunde og vilde gje dei so mykje lukke som dei kunde ta imot, at dei med dugleik        måtet vere bra og flinke so vilde lukka kom etter dei og innhente dei – sin eigen lukkesmed        ved Guds hjelp, og so Ragnh. – vere vennleg og god mot dei ho får vere saman med – Gud       signe då Brudep. – og Ragnh. at ho må verte til signing der ho kjem. Brydlaupsfolket var   saman fram til kl. 3. natt, ungdomen mora seg med Torbj. gramofon, ymse leikar – vi eldre     prata saman. Skildes kl. 3. Eg følgde Bilbergs opp til Kristian ved vegen. Bra veir å gå til Mjelksplassen.

  1. Idag ein noko blåsande søndag – opphaldsveir.
  2. Måndag. Ragnhild og Ralph fløtte til Bilbergs, har litt mad.
  3. Onsdag. Ragnh. og Ralph var oppe her igjen. Sunnøva held på og syr kjole til Liv.
  4. Liv til byen, fint veir. +18 ¤C. Gjekk ut til Tulla og lå der om natta. Fru Grastveit og Herborg framom ettermiddag. Torbjørn sia søndag 14/3 vakt på kringkastinga i Bergen – har         med  senderen å gjere. Eg ferdig med klippa bringebæra 17/3. Bøtt sko sia .
  5. Søndag. Ragnhild og Ralph opp til middag, dei gjekk over Lauvstakken. Lever vel. Ragnhild frisk no, lagt på seg 2 kg – til 49. Gjekk i 9 tida. – Paul Sandberg og helsa på meg. –
  6. Måndag. Idag for Liv heimatt til Holdhus, sol og fint veir. Eg ordna kledsnorene i ettermiddag.

24/3      Gjekk med  arbeidsfolketeljingmaterial (pr. 18/1-43)   til Sigv. Fyllingen  – Nebbest. –  til       Tjønnen – Sverre Søreide – Dalen –Lauvstakken. – Joh. Wergeland –   Lauvåsen –        Sælehaugen,  Lars Bønes – Solbakken – Løtveit . Fint vårveir, klårt, godt  å gå. Torbjørn        trefte Ralph på Lauvstakken idag.

27/3      Laurdag. Inga fyllte 59 år idag. Gudrunn og Liv ringde. Brita hadde laga ei god          geburtsdagkake, Ragnhild og Ralph var med ved bordet, Torbjørn kom nett og då frå    Radiostasjonen i byen, Sunniva med. – Eg har gjødsla bringebær og jordbær og bærbusker       ettermiddag.

28/3      Ralph og Ragnh. til middag. Kari Os kom syklande frå Heldalen i 12 tida og var til kvelds.     Sette klokka fram 1 time i kveld.

1/4 43.  Olav Os sende helsing med Kristiane frå Brg. Var der frå 29/3 – 2/4 43 i styremøte i   Salslaget. 30/3 og 1/4 felte eg ei fure kvar ettermiddag i stykket ut for stova – omlag 100 år      gamle.

5/4       Måndag.  Matkortutdeling frå kl. 10 – kl. 5 etterm. på skulen. Kontoret. Regnveirsdag.

7/4       Onsdag – eit tynt snølag utover – 1 ¤ C morgoen kl. 8.

10/4      Laurdag. Snøen av markane idag. Fått lønstillegg 1/6 41 – 1/6 43 = 4402 kr. Fått 1 klassesett på 30. «Hva du bør vite om den nye tid» til skulen,

11/4      Søndag, vårveir idag. Ragnhild og Ralph til middag, han skal ta til i arb.teneste på     Laksevågneset i veka. – Herb. Grask  og ein kontorist Dal hos Rieber (skinn) var og til    middag.

16/4      Fredag, kløyvt opp den tjukke veden av furene. Opphald. Ralph og Ragnh. oppe . Ralph         losse og lastearb. sia 15de. Lovise Høsteland, mor til lærarinna, døde søndag 11te, skal            begravast mandag 19de april.

18/4      Palmesøndag – regn – +6 ¤ C. Måsen inne på markane, staren på taket, elles sein vår.

20/4      Tyrsdag, siste skuledagen føre påske. Borgny kom i 9 tida om kvelden, Ralph ogRagnhild       var med, sykla kofferten hennar. Regnveir. Eg arbeidde med ved ettermiddag.

26/4      Andre påskedag. Helga K. og Kristiane kom frå Ytre Arna igår, vind og regn. Ragnh. og          Ralph kom og, var til middag – har vore over til idag, same regn og gråveir, +6 ¤ c.

28/4      Borgny reiste attende til Husmorskulen i Fitjar idag, bilen 805 frå Sælen. Eg, igår bar inn       ved. Idag skula 4. kl. I ettermiddag i sensormøte på Nesttun, avgjorde tid for eksamen skr. og    muntl. 1. mai, laurdag, fridag,- og etter lov, som søndag arbeidet sin dag. Eg flagga, arb.        roleg lite på skulen. Eg ordna med veden i skykkja til frukost, mellom frukost og middag           kløppte eg hekken ved stova. Etter middag renovasjon, hogg noko ved. Ragnh. og Ralph         oppe her, fint veir imorgon kl. 6. – 1 ¤ C.

2/5.     Søndag. Ole Sælensminde og eg til Styremøte i S.S. Indrem. på Grimstad hos Hans Søvik.     Hugnadleg samver. Skal ha årsm. søndag  16. mai kl. 3 1/2 i S. grend bedehus. Var til kaffi       og mat hos Søvik sine. Liv og Petter kom i kveld, ho vert her ei stund.

  1. måndag. Helge Okra ga beskjed i telefon om at sakf. Sverre Koltveit er død i Tyskland 18/4 i vår. – Eg har hogge ei fure til ved bort ved hovudvegen. Brita kom att i kveldstid. Lege 5            døgn på «Stavanger I» på Stavanger hamn, sperra for ferdsle, ho sto seg vel. +6 ¤ C. Petter      reiste idag tidleg igjen.
  2. Fredag, brev frå Oddrunn at ho har greidt den skr. eks. Eg hogga ved etter middagen vest        om stova. Idag kl. 6+ 1 ¤ C berre.
  3. Laurdag. Eg har bore inn resten av veden. I natt kl. 1 tok engel. + amerik. + franskm. Troms. Kl. 6 +1/2 ¤ C.
  4. Søndag. kl. 8 +10 ¤ C. Eg dro til Peder Oldersmoget. Ralph og Ragnhild kom. Marta Høsteland ogso, ho blei til over kaffetid, Ragnhild og Ralph gjekk til lossing Skoltegrunnen     kl. 2. Kl. 19 1/2 +11 ¤ C.

10/5.     Sett litt Grohm poteter ned for stova millom bærbuskene.

11/5.     I natt snoa utover, +2 ¤ C morgoen  kl. 630. Idag Sunniva til  Okrå med båt kl. 1.

Gottscheu – leverte attende ei Horeid: Norges historie, ogso samtale om kvifor tyskarane var     komne i kampen. Han reiser til Tl.  12/5 igjen til ein annan front. 12/5 Brandtakstnemda og        såg på husa.

13/5      Til Nesttun ettermiddag  – skulestyremøte. Fru Fru Ellingsen og fru Dåe møtte. Dybvik           hadde sagt frå seg frå 1. april etter påtrykk frå lækfolket. Sætre var på tur austover 5-6 veker.     Liset styrte møtet – var 4 stk. Framhaldsk.lærarne bør få kom.ald.tillegg og husl. godtgjersle. Borna må sleppe betale skulepengar på millomsk. og gymnas den tid skulen stod 19 42/43,       då lærarne var til Kirkenes-streika.  – Skulestyrar Jacob Kolrud slutta skulen 26. mars, føre       påske, so 12. april vart han som sinnsjuk send til Valen sinnsjuke-hus. Struma, invasjonen, etter seiande eit slag i hovudet for ei tid sia, m.m. har støytt saman og framkalla katastrofen.    Ein flink og god mann, måskje at no krigspsykosen har gjort utslaget. Han var no volsom, og ikkje reinsom – vilde rive kleda av seg. Rugeseter er konst. styrar av Storetveit skulen.

17/5      Regndag. Eg sette poteter etterm. På Fløyen nokre ungar samla og leika. Petter kom    søndagskvelden, han og Liv var hit igjen idag. Torbjørn og ungdom var til samkome ikveld hos B.S.

18/5      Idag +5¤ C. og regn.  19/5 +2¤ C., – 20/5 + 9 1/2 ¤ C. kl. 6 30.

21/5      I natt over kl. 12 kom Liv inn på soverommet, var litt dårleg. Mama opp, ringde etter bil,       Bil kom, Brita følgde Liv bort i vegen, og ho reiste til Stiftelsen. Idag +7 1/2 ¤ C. Kl. 1230      fødte Liv ein gut, velskapt, 50 cm lang, 3000 g tung, alt vel. – Sette poteter i ettermiddag. Fru             Mossige hit hos kona til kaffetid, ho tenkjer å reise sør til Sandnes att, der er min heim, seier     ho.

22/5      kl. 8 idag +9 ¤ C. Sette poteter. Torbjørn tok til i ettermiddag med 10 dagars vinterferie. I       kveldinga høyrde eg gauken. Ralph og Ragnh. oppe, Ragnh. og Kristiane vore til Liv idag på        Stiftelsen. Ralph ned att ved kveldstid, Ragnh. vere over her.

23/5.     Idag kl. 8 3/4t. 15 ¤ C.

24/5.     Idag skuleplanting med 6. kl., 24 born sette 500 grankvister, 3årige, i Holsund hos Magnus     Strømme, rett over Frøyhall. Kontrovers Oddvar Haukås og ein tyskar. Sette siste av      storåkren ut for skulen.

27/5      Taktekkjaren her og tek ut l-k Lærarrinnerom i skulen og Lærarb. Eg sette løk og etren og        småsaker ertene. Då kom Petter, vore opp til Liv. Ragnhild og Ralph oppom.

28/5      Imorges kl. 6  +9 ¤ C. Har regnet i natt. Idag Liv med sonen og Petter komne frå Stiftelsen     kl. 13 1/2. Det var Regnveir.

29/5      Drilla opp før kålen. Ralph og Ragnhild oppe her.

31/5      Sette poteter ut for grisehuset.

1/6       Eksamen i stil, 10 elev. Sigv. Fyllinge og Ivar Løtvedt tilsyn. +12 1/2 ¤ C kl. 8 morgon. Sett            resten av potetene, stengla etrene. Tabita og Kristi Fløyen  hit med sengmat til Liv. Torbjørn i    teneste idag igjen for Ragnvald som er vorten sjuk.

2/6       Idag eksamen i  rekning, Fru Samdal og Andr. Wergeland tilsyn. +12 ¤ C kl. 630, har vore     dogg inatt. Torbjørn kom heimatt seint iaftes. I ettermiddag planta kål, fekk planter hos Severin Sælemyr: 60 blom, 140 haust, 140 vinterkål. Dogg under plantinga.

3/6       Palmesøndag. Kl. 1530 Styremøte i S.S.indremisjon hos meg. Olina Søreide møtte ikkje.       Hans Søvik form., Reinert Grimstad varaform., Jacob Vågenes kasserar, Reivart  Grimstad          skrivar. Eg sa frå at vi måtte rette oss etter årsmøtet som hadde sett meg til varamann, og at     eg måtte ikkje vere skrivar og kasserar lenger. Det har eg vore sia 1928, med i styret sia   1919. Forutan dei nemde møtte og Ole  M. Sælensminde, var til affi hos oss. Ralph og          Ragnhild var opp i kveldinga. Dusjregn, +12 ¤ C.

4/6       Inga fortalde ho harka opp blodlever, små klumpar, hadde styfla gongen ned for stova idag. Hadde hatt liknande for 3 veker sia. La seg i 10 tida. Skal imorgon, laurdag, til dr.    Eknes.

5/6       Røntgenfotogr. Beskjed 7/6.

6/6       Fin søndag med sol +7¤ C idag kl. 6. Ralph og Ragnhild oppe, frk. Tjøme og venninna         hennar. Kaffi opp på berget. Torbjørn kom frå Askøy i 8-tida om kvelden i teneste sia igår føre middag.

7/6       Sensormøte i skulekontoret kl. 9. Ola Bønes og Reidarson fekk rekningane, andre 4 stilar –      eg Minde, Nesttun. Sensurrerte til  midtnatt, og so på an 8/6 kl. 5 morgon. Sender idag 8/6 til         Liseth som no av deptet er tilsett som skuleinsp. for Fana.

9/6       Skulestyremøte kl. 5. Rår til skulepengane Fana kom. høgare alm.skulen vert ettergjevne i       den tid skulen ikkje har  gått, brenselsferie, skulestreik m.m. Ferie: Frå 23. juni til 23.   august. Liseth, Fru Dåe, Fru Ellingsen og eg.

Sensurerte stilar: Midtun 20, Kyrkjevollen 25 – kvelden og natta til kl. 1 og om morgon         10end frå 5 til 8.

  1. Sensormøte kl.5. Liseth og eg samde i det heile om stilkarakterane.

Petter kom idag for å hente Liv og guten. Ralph  og oppe.

  1. Idag siste skuledag føre pins. Inga og eg skal til Okså. Sol, stilt, +15¤ C.

Inga følgde Liv og Petter og barnet, hadde bil til byen. Eg gjekk til Straume 10 føre 3. bil til   Fj.anger – noko sein, tog til Nesttun. Løyste der bil til Trengereid, Inga komuderes på N. Frå            Tr.e. bil over til N.sund, bil derfrå til Berge, var der hos Inga til kl. 4 laurdag 12/6 – pinsafta, kom med bil til Okrå i 6 tida. Olav Koltveit og kona og barn komne der.

  1. 60 årsdagen far og mor hadde vore gifte. Diamant-bryllaup. Inga og eg låg på Fjellheim. På Okrå  Nilsa-farbror komen om føremiddagen.Ved middagen sa han nokre ord, eg sa noko til Diamantbrureparet. Song: « Å leve, det er å elska». Kom so ein 40 Telegram.
  2. Eg for 2. dag pins kl.1030 til Fosse – til Brg. kl. 930 om kvelden – og heim i regn.
  3. Skula med 5. kl. – slo litt i ettermiddag. Heime alt vel. Borgny kom frå gjenteskulen på Fitjar pinsafta den 12te, stege seg vel. – Inga er att på Okrå ei veke.
  4. Idag skal eg på skuleeksamen på Søreide. Møtte til eks. Søreide kl. 10. Kjølig veir. 14 born slutta skulen. Lærar Bønes grei under eksamen, borna flinke. Eg til middag hos Bønes      sine etterpå. Ha sett og bedømt skriv., tekning, handarbeid og orden. Halvard Nordeide,  Fru    Søvik, Hdm. Skage med av tilsynet. Gjekk heim – slo ettermiddag.
  5. Torsdag. Examen i Sælen. Lærar Tveisme kom kl. 1030, borna alt komme før. Eg hadde dei inne litt før eg ga beskjed om at 21de siste skuledag. Eksamen gjekk godt. Sigvald Fyllingen   med av tilsynet. 10 – 11 born som sluttar skulen, har gått 19 42/43 berre so 1/2 skule tid,

10 – 11 veker av 18. Tveisme til middag hos Navelsakers, eg følgde honom ned i Sælen. Slo   ettermidd.

  1. Skal til eksamen på Minde skule – lærar Haga skular på Storetveit – kl. 9 -. Høyrde borna i lesing -sa nokre ord til dei om å lese, god kamerat, å sjå og lære, å få Guds ånde inne i seg       størst. Godt barn ser gode augo.    Kom heim att kl. 1. Raka høy.
  2. Skula 4. kl. Til sensurmøte Nesttun kl. 5. skreiv under examenslistene og protokolen. Nemndas avgj. karakteren til ei gjente i Kalandskulen til G fra Ng. – Planta inn kål heime. 21.22.23.    juni sluttar til ferien 6.,-5., og 4.kl. 23/6.

+12 ¤ C, litt regn morgoen. Torbjørn gjerer no teneste på øya for ein sjuk kamerat.

  1. Sluttar skulen til Ferien med 4. kl. Torbjørn og eg hyppar potetene ned for stova i ettermiddag. Inga kom heim frå Okrå i 8 tida kvelden. Alt sto vel til der, og med henne.        Ralph    og Ragnhild opp i kveldinga. Borgny og Brita vaska klede.
  2. St. Hans dag. Sol og pent veir, +12 ¤ C. Oppe i 7 tida. Hyppa til middag storeåkeren. Var i Fyllingsdalen barneforeining kl. 330, snakka over Luk. 24,28. Jesu hender er med. Tok med kr. 90,- til D.n.misjonsselskap fra Fjeld barneforeining. Sende brev til Fana jordst. at eg ikkje kan ta jordbruksteljinga.

25/6      Reiste morgoen kl. 8 5 til byen med bilen, betalte 90 kr. til D.n.m. Tinga billettar med           Fylkesbåtane til N.eid til 14/7, gjekk heimatt – om Laksevåg. Sol og pent veir, folk begynde    med slåtten. Eg reinska ugras ettermiddagen – sette purre.

  1. Oppe kl. 5. bøtte husskorne til Kristiane, ho har ferie frå og med idag. Skal til Helga i Ytre Arna ikveld. Reiste kl. 9 kveld.

27        Søndag. Sol og sommer +15¤ C. Skreiv til Hans, Brita Permer. Ragnhild og Ralph var på      kanotur på Sælevatnet, hos oss til middag. Torbjørn  reiste på øya etterm.

  1. Brødkortutdeling på Kontoret. Thesen delte ut. Eg renska gulerot og rabarbra. Torbj. kom att ettermiddag – fri til torsdag. Så i byen.
  2. Telefon frå Oddrun, at hun var oppe i historie idag, mg., siste faget. Elles har det gått godt, kjem heim torsdag.
  3. Ragnhild og Ralph kom her opp idag, ho skal få vere her nokre dagar ferie. Eg har skure ned brotne kvistar i fure ned um skulen. Varm dag, folkestraum til Sponavika – ogso av       framande til bading.
  4. Idag kl. 6 +13¤ C. Fløyamannen køyrer slåmaskina på bøen rett bort for skulen. Lite vatn i skulebrunnen, varskuar dei framande om å bruke det med varsemd. – Skore ned kvist i            skogen ved Lærarb. og ned om vegen. Samla kvist, misst brillene. Schreiber kommen av         orlov.

2          Til Brg. fekk nye briller. Samla kvist om kvelden, – ogso 3/7. Ragnhild Koltveit kom den       2dre. Oddrunn kom seint tyrsdag den 1., hadde Frk. Haldis Stubseid og Frk. Tvedt med.         Oddrun god eks. – 60 point i sum – mg i praksis. Frk.  Kjellaug Tvedt reiste laurdag den 3de. Hr. Høvik kom laurdagsettermiddag. Han og Haldis.

4          Kamperar ute inatt. Odddrun skal i arb.tenesta hos Petter og Liv i M.dalen på Holdhus. Dei     som kamp. ute ved Bjørgevegen, kom att idag so i 4-5-tida, hadde vore noko kaldt. Han sykla oppatt til Riper. Ralph kom her til middag, han og Ragnhild eit par timar, Ralph bra att idag.- Ein kontrollør med husutskriving til norske og fram. i byen – Vingstenes – kom til        meg 3. om kvelden eg stod og hogg ved ned for vegen, vilde kjøpe bier. Vi tala saman, han     gjekk heilt inn for den nye tid, ein son hans var fallen ved Leningr. Ein 15-20 låg bakom          krigen, kampen om mammon hovedgrunn, krigen vil ta tid – år.

5/7       Hogg ved ned for vegen. Haldis Skibseid reiste i 6tida om kvelden, skal heim..

6/7       Tyssdag. Overskya +11¤ C idag kl. 6 morgon.

7/7       Onsdag. kl. 6 idag +6¤ C. Tordna og regnde. Ferdig med veden ned for vegen, bore inn på      nær eit lag. Oddrun for til Liv og Petter i Hålandsdalen på innearbeid – arbeidshjelp. Ralph         var opp i kveldinga og Ragnhild reiste ned att med honom – slutta si 1 vekes ferie. Idag frå      kl. 5 bøtte eg sko til henne og Oddrun.

Ute. Ikkje større kamp, men bombing. Ser ut for meg som dei allierte lager sin eigen   undergang. S.S. har rydd vek:1 Darlan–mord – våren 43, 2 Sikorsky 6/7-43, fykeulukke         Gibraltar-mord, 3 Forbund med L. – a) polske off. – b) ukrainarar, c) kristne -likvidert. (Katynskogen).

8/7       Idag kl. 6 +11¤ C. Skodde. Framande har leikeplassen til bilhaldeplass.- har styre 5-6 bilar      og 2 vogner i natt, ungdomshuset sitt mannskap er kome i dei nye hus ved vegen mot    Brennhauggrinda.

10/7      Laurdag +13¤ C, skya, solgløtt. Har sote med sko 9/7 og idag til kl.10. På leikepl. er no 17    bil- og køyrety åt dei framande. Dei er fløtte frå Nygård på Laksev. opp i barakkene, har no          teke brunnen sin i bruk, pompegreida i kjellaren til største bar. verkar. – Igår  sykla Kr.ane til    Helga i Y. Arna. Torbj. har i natt vore over i byen på kr. kastarst. – Dei allierte tropper   landgang på Sisilia idag kl. 5 – 7.

11/7.     Skulesjefen i Fana baud Oddrun 1 års vikariat igår, eg skrive til henne idag. Gjort       skulestovene ferdige til skolestart.

14/7-26/7   Eg åleine ein tur til Navelsaker. «Framnes» til Eid, sat i ein stol natta – fullt av     byferiarande  og framande (t). På Os hugnad, Berta Olsen og Oddlaug kom frå Oslo 16/7.         17/7 til Nav. med «Dølen». Tinda river, bøtta sko, la stein på lodetaket, hogg ved, var i          Fjellet, såg nyevegen som er komen til Harveirsstova, inn i Garden. Åslaug Sengset og          Mattiskos kom roande frå Skrede torsdag 22/7. Eg reiste 23/7 med «Dølen». Hans var med      på bryggja, gav meg med ein ost (2 kg). Frå Brita på  Os med garn, smør, mjøl, kjøt, såpe til    oss. Heime møtte eg hugnad både i naturen og  hos folk. Her i Sælen alt vel, Torbjørn            ferietur til Strandvik, Borgny vore flink og reinska ugras or potetene, alt står i  vokster.     Amer/ engelsken teke 2/3 av Sisilia, 24/7 bomnetog mot Tr.heim, eg såg flya for i      formasjoner på 21 kvar nordaust over Eid i kl.1 tida um morgen.

28/7      Renska hovudkålgangen. Køyrt ugras i dunge, ordna renovasjon. Borgny, mama, Torbjørn       vore flinke reinske potetene med eg ferie til Navelsaker. Kalkkvedstoffgjødselen for strid på           potetene, har drepe some so der er tome flekker i åkeren. Idag middag skal mama, Brita og       eg til Holdhus, barnedåp i morgon – olsokdag. Torbjørn for ferietur til Strandvik laurdag            24/7 saman med Arne Sælensminde.  Laurdag  ca. 40 bombef. – Tr.heim og truleg Rjukan.      Den dag Mussolini trakkte seg attende. Sicilia nær teke av dei allierte.

28/7      Inga, Brita og eg gjekk til Straume, Hammarslanden køyrde tyet ned. Bil til Føsanger, tog til   Hop, buss til Os, med «Høvik» til Eikelandsosen. Der var Petter med bil og hente oss. Kom     til Haugarvoll i 9 1/2 tida om kvelden. Tok vel imot oss. Torbjørn komen der måndag, etter å ha vorre 2 dagar i Strandvik. Oddrun og alle der sto seg vel. Fått 90 lass høy iår, ifjor 80.

29/7      Olsokdag. Preike i gamle Hålandsdal-kyrkja som står på Haugurvoll, fengselsprest Brekke        frå Brg. preika – god  og sterk preike om Olav som kristna N. og at vi må vere stødige i            denne vonde tid. Petter varskudde mora Elisabet og Liv om å kome med guten då preika var     slutt. Elisabet tar honom og Brita ordna med luva – so var eg, Torbjørn og Karl og fadderar.     Guten log og smilte, skreik litt då det vart aust vatn på honom i namnet åt Faderen, Sonen og Heilag Anden og han fekkk namnet Harald – etter far til Petter, han heitte Hans. – Erling            Holdhus fortalde om denne gamle Rossadal-kyrkja, fyrst stavkyrkje, ombygd 1306, vølt          1727 – omlag i same skap. Med  Krusifiks, rosemåling, namneskrivft på glas. Fyllt av          kyrkjesøkande idag. Mykje feriereisande byfolk, ein del sto ute for døra til koret, ute sol og              fjorskjer på himmelen. Folk sto ei stund og snakkast på kyrkjebakken, vi gjekk heim til god    middag, kalvesteik. Eg sa nokre ord om at Guds englevakt måtte verje Harald, og at han            måtte vere til ære for seg og sine. Kvilte middag, og etter kaffi og gode kaker – gjekk eg ein    tur den nye vegen til Bjørndal – Skogseidvatnet. På tilbakevegen nådde Karl meg, og vi           prata om krigen, eg vart med honom til Håland der han styrer ein gard iår for ein bymann –      Isdal. Poteter og kål sto pent. I Hålandsdal er hogge mange mål ved iår, for å hjelpe på        brenselsmangelen i denne kolknappe krigstid. Fredagsmorgoen kl. 5 påferde, gjekk frå den       gjestfrie gard der Liv no har heim og trivst, i bil, m/b, buss, bane, bil og so å gå kom vi heim i 1 tida. Sto vel til heime, Borgny hadde stelt vell. Same dag 30/7 skulde Torbj. sykle til             Bolstad i Øvre H.dalen og gå over Bergsender til Strandebarm og til Okrå til Besten og           Besta.

31/7      Fint litt skya somarsveir idag som det har vore 2 siste vekene. Regn om ettermiddagen, eg       slo ho. Oddrun kom frå H.dalen.

1/8       Kl. 8 idagmorgon +19¤ C – kl. 1 +25¤ C, fin sommardag.

2/8       Måndag. Peder i Oldersmoget 80 år idag. Ola med Vegen og eg gjekk opp og ynskte lukke      med dagen. Helland var komen frå Brg., Rasmus J. Fyllingen og Maria Nebbestølen var der i       same stund. Sat ved bordet, fekk sjokolade og kaker, eg song: Guds fred over huset og heldt    bøn takka for at Peder har skatten som ikkje møl og rust tæra og tjuvar tek, og ynskte honom   leve og vere i Guds  nåde, Helland takka honom for arb. i Indremisjonen, han har ei tid vore     med i styret for V. Indrem.lag.

Om ettermiddag kom Torbj. frå Okrå og Hål.dalen – vel i hold. Gudskje lov.

3/8      Eg til byen, henta ei kagge blåbær frå Tufte-Maria, var til augedoktor Nyquist fekk      brillesetel, m.m. Torbj. saman med Hans Bakke tok på fisketur til vatna opp for Okrå. «Berg,      Tid.» fortalde at lensm. Ekeland har gjort underslag 70-80000,-. Magnus Straume ligg mest i   ein døs heile dagen.

5/8       Sjåfør Laksevågbilane Sigurd Riple døde 50 1/2 år gam. idag, dro seg til sjukdom av eksosforgiftning frå bilane.

7/8.      I veka slege ho, plukka bær. Skulesjefen Sætre ringde at Olav Vassenden, Voss tilsett som      lærar ved Sælen skule.

8/8       Idag søndag – regner litt frå kl. 7 morgon, +12¤ C, bygg- og kveiteåkrar  gulnar. T. tilbake      fra ….. i aust, Katania på  Sisilia.

9/8       T. begynde grave luftskytsgrav opp for Leikeplassen mot  grisehuset.

13/8      Oddrun og Frk. Bertelsen, Strand, Ryf. har vore ein 2 dagars tur til Os og til Krokeide – til     Frk. Betelsen. Eg har bøtt sko onsdag og torsdag, måndag plukka bær og reiv rabarbra, tysdag kjolte eg han.- Amerik. skal ha gått iland i Italia. – Magnus Knutsen Straume, 72 år,     gml. døde den 12te aug.- magekreft.

14/8      Idag reiste Frk. Bertelsen til Knappskog i Fjell der ho skal vikariere 1 år. Oddrun søkjer og      tek mot 1 års konst. i Værlandet og Bulandet småskule i Askvoll, ho var med Frk. B. til byen idag. Eg har bøtt sko ut veka, Anna ved vegen vaska skulen denne veka, Astrid Sælemyr ,       idag laurdag.

15/8      Tur til Peder i Oldersmoget.

16/8      Måndag. Skreiv ut Kunngjering om skulen og timetabeller. Ringde Skuleinsp. som sa at         ordf. hadde innvigla 300 kr. for skjemaarb. med meg som fung. styrar ved Sælen sk. -ikkje       konst. styrar. Borgny tok til som butikkdame idag i Straume kolonial. Torbj. kom av ferietur i            Strandebarm-stølane opp for Okrå, fin tur. Torbjørn kom heim frå radiotenesta ikvel kl.          2330 – han var med bind under nasa og om haka, hadde styrta av sykkelen på nedveg vel          komen over Nygårdsbrua, vore på nødhjelpa og fått bind, so på kringkastinga. Innom til          Ragnhild, og hadde fått opp att banda der.

17/8      Eg til byen og utrette. Torbj. sov godt då eg gjekk, kom heim kl.1. Torbj. hadde fått ei veke    sjukepermisjon. Samanhengen med ulukka var at sykkelgaffelen gjekk av, og framhj. for sin      veg, og Torbj. sturta i gata. Han er oppe igjen idag, framtennene i overmunnen var vorta litt     lause, men dei fastnar til att. Eg har sett  oppslag om skulen 23/8.

19/8      Ordna i skulestovene.

20/8-24/8          telefonen vekk. 23/8 skulen tok til med 7 klasser. Eg skula 7.kl. føre  kl. 1245, 5kl.   frå 1 – 515. Den nye læraren, Hr. Olav Vassenden, kom om kvelden. Han er gardbruker i         Evanger, seier opp plassen her, og kan berre vere til oppseiingstida til jul.

29/8      Skulearb. har gått godt i veka. Vassenden har søkt etter losiplass, ikkje fått, Inga ordnar          plass til honom i gjesterommet ved gangen. Eg skjeft øksar, kvest sagen m.m. ettermiddagen.          Vas. til ein slektning i byen iaftes. Eg og Torbj. og Borgny i gebursdagslag til Frida. +12¤ C og overskya idag, kome vatn – regn – i brunnen. Kari Os sykla her til idag. Ralph kom, og             Ragnhild reiste med honom i kveldinga.

3/9       Opphald +17¤ C kl. 12 . litt regn på ettermiddag. Eg kom frå skulen kl. 1, fortalde Inga her     skulde kome ein vikar for Hr. Vassenden ettermiddag. Hr. Johannes Helland kom kl. 2, send av skuleinsp. Liseth og av skuledir. Jacob Bakke. Fekk middag, viste honom til krinsform.     for ved hans hjelp å få hus og mat. Eg sto opp av kvilda, kom han att – utan å ha fått hus, eg             viste honom til å spørja grannane. Han var til Ansgar, Fløyen, Gustav Sælen – kom tilbake til kontoret uten å ha fått hus, helsa på Hr. Vassenden som då hadde slutta skulen, gjekk kl. 530     til Straume for å ta bilen til byen, nemde med same han kom vel gjerne til å helse – sjå           oppatt igjen. Nemde ogso at Hr. Vassenden har 2 mån. oppseiingstid.

6/9       Måndag. Ralph var opp, har sjukefritt- senestrekk i eine låret, elles bra. Engm. og amerik.        gått iland på Ialiatåa.

8/9       Vege og målt 1. kl. – Italia kapitulerte betingelseslaust idag.

9/9       Skulestyren komen attt,

11/9      Oddrun for med Hammarslandèn, Torbj. med til byen, til Bulandet for å vere der idag kl.

  1. Vonar ho med Guds hjelp vil stå seg vel.

Dei framande sat opp piggtrådgjerde om skulen. – Nynasistregjering i Nord Italia, tyskarane      teke Rom og rår i Italia, Bad…. og Kongen  truleg rymde.- Svalbard brent, og mannskapet      der – ein del – ført bort som fangar.

12/9      Søndag. +12¤ C, noko overskya, fint haustveir. Ralph oppe føremidddag. Petter kom i           kveldinga, for måndagsmorgoen, dei lever vel. Magnuss Fjellheim var her om dagen. Idag         Mussolini utfria med fykemaskin frå 2900 mh. Fjell-hotell i Abrusserne – det Sasso.

14/9      +17¤ C morgoen kl.6 – litt regn. Igår tok ein katt ein hønekylling om natta, fløtte då kyllingane i fjøsen.

15/9.     Rasj.kort utdelt på kontoret. Ved skulen sin slutt idag potetferie. Hr. Vassenden for til Brg. og             Evanger, Frk. Drange til Milde. Arnljot Høvik ringde opp om Haldis Skibseid – det var             framhaldsskulevikariat i Fana det gjaldt, eg viste honom til skuleinsp. Liseth og spørje om      plassen kunde høve. Regnveir idag – opplett i kveldinga.

17/9.     Regnveir, +11¤ C. Eg bøtte sko, tok poteter i kveldinga. Marta Hostaland og ein venninde      framom, Marta har lege i lungebetennelse 11 veke i sommar.

20/9      +3¤ C kl. 7 morgon. Potettaking – godt veir, Molac Frantzen oljar skulegolva.

22/9      Skuleinsp. ringde. Eg gjekk til Fru Solheim sin heim og nemde om Lillian og Egil kunde gå   og hjelpe Sverre Søreide med potetopptaking. Annemor vilde gje beskjed.

24/9      Brita måtte kome til Ragnhild idag frukost. Dårleg. – Anders Frøholmen kom  her etter           frukost, på veg fra Nfj. til Oslo, gjekk ved nonstid. Har gått 2 år Univ. og stud. til        filologeksamen.

25/9     Laurdag kl.8 fødte Ragnhild ei dotter, velskapt – 3kg. Jordmor Engelsen, Brita og Fru            Bilberg var hos henne. – Inga og eg reiste med bil til Liv. Inga opp til Ragnh. – alt vel, so         kom vi oss på båten «Fusa» kl.1. – til Eikelandsosen kl. 8 kveld. Petter tok der mot oss og      køyrde oss til Haugarvoll. Var til bords hos Liv, låg hos mor deira. Søndagsmorgoen kl. 5        bila vi til heimen hennes Leiven, tok «Rosendal» kl.630 til Fosse kl. 830, gjekk so til Okrå,   Inger, Liv, Harald og eg. På Okrå sto vel til med alle.

27/9      Mor fyllte 80 år, var i potetåkeren utover morgoen, tok mot lukkeønskingar fra føre middag      av. Ved middagsbordet var Brita Skulevik, Ragnh. Eide, Ingeborg Ljosnes, Fru Grieg og     Helga og dei heime og vi tilreisande. Eg  sa mor takk for 1 livsfølget 2 Venskap og hjelp, 3     Forbøner 4  bøn at vi må stå i prøva no og halde ut i kjærleik – ikje hat – og so ønskte signing og lukke til komande dagar.

28/9      Tysdag kl. 2 gjekk eg til Fosse, Liv var til tanndoktar på Bakka, skulde kome att og få  pussa eine dag seinare. Harald er greid no 6 kg. tung. Inga passar honom med Liv er hos          tanndoktar. Far arbeider river, både han og mor sov  då eg gjekk.- Inn på «Rosendal» kl. 3 –    til Brg. kl. 830 onsdagsmorgoen 29/9, var oppom til Ragnhild. Der og heime vel. Det noko       kald, har rima om netene. – Idag fyller Olav 33 år.

30/9      Ferdig med potetene. Sunniva har plukka, eg spada.

1 og 2/10          Vølt sko – sola for 3.gong gamle trelappestøvlane.

4/10      Søndag igår. Roleg dag, ruskeveir, var opp til Peder Oldersmoget i kaffitid. Idag kl. 7 – før     var 8. 1 time seinare å stå opp. Har vore  haglbyger i natt. +7¤ C idag kl. 7. Skulen med dei      framande i Brennhaugen og på Radioneset inngjert av piggtrådgjerde.- Ralph her til igår.

10/10    Torsdag den 7de kom Inga frå H.dalen. Eg har bøtt sko denne veka. Fredag ærend i byen.        Laurdag 9/10  tinga grisunge hos Einar i Myrane til dei på Okra – leverar midten januar.                  -Idag møte i skulen – emisær Gunnar Frettland. No i ettermiddag såg eg innom til Gamle        Karl – vert 91 år 5. jan. 1944, og til Pål Hamre – 76 år har vorte, dårleg for hjarte ei tid. Fint           haustveir +11¤ C idag.

11/10    Tok til 7. kl. skule etter potetferien.

12/10    «      «  6        «     «      «                      « Vor Tirp». skal vere senka i Altafjord av 3          undersjøsbåtar for ei tid sia.

15/10    Brita kom heim med 5 kg. sild, silda gjekk like inn i tørrdoken på Laksev., arb. stengte og      delte ut gratis.

16/10    Idag kl. 630 – 1/2 ¤ C. Friskt haustveir. Eg kjøyrt grus ut over åkeren ved fjøsen.

17/10    Fin søndag. Ragnhild kom med smågjenten, Brita var med, trilla barnevogna. 2 systrene til     Ralph var med. Kari Os kom óg. Eg følgde Ralph til Skaret, trilla vogna med barnet.

20/10    Anna Koltveit kom idag, vore og fått vartp.attest. Sunniva har idag vorre 2de dagen  hos         Kunstmål. Dahl i lære – 2 tim. Far Okrå visnar som bort.

21/10    Ragnhild og smågjenta og Brita opp her. Eg trillar hirgrens på åkeren.

22/10    Anna reiste med Haringabilen idag.

23/10    Eg breidte leirgruset over åkeren. T. har vore til dr. Wiigelsen idag, han har fått attest for at      han skal ha permisjon ei tid for å kome seg av forkjølinga, reiste kl. 440  syklande

på Kviletur. Eg heldt då på og ordne etter renovasjonen. Tømde kjøpepoteter og gulerot i         bing og kasser.

24/10    Søndag. Gråveir, litt regn, +10¤ C. Dei framande som vanleg. R., smågj., og Brita her idag.

28/10    T. kom heimatt i kveld. R. i sikkerheit. T. sov ute. 29. fredag eg til byen og fekk tak i           skriveboken. Br. har sia søndag vore hos Maila i Sælo, ho hr fått ei dotter.   Idag torsd. har eg            ordna gjødselpl. for kompost inn for grisehuset, og breidt gjødsel på åkeren. – Gamle-Karl        Fyllingen døde idag, klår og roleg til det siste, vilde verte 91 år 5. jan. 1944.

30/10    Kl. 330 var eg til Karlsen i Fyllngen og heldt andakt over 1 Pet., 5-7 ved Gamle Karl si ferd    frå heimen. Ragnh. og smågj. kom i ettermiddag. T. kom heim. Eit st. kjøt – 4,5 kg – kom i      postpakke fra Kr. Lutro.

3/11      Kinamisj.basar i Oldersmoget. Peder Dalseide tala, stova full av folk, kom inn: Lister 444,50   + Gåver 128,00 = kr. 572,50. Inga og eg var der.

4/11      Gamle Karl skal jordleggjast idag. Tyrsdag den 2/11 kom ein pakke i posten frå Olav Os –       4,5 kg. sauekjøt. Idag hentar Borgny frå Oddrun ein pakke ho sende med ei dame – 10 kg.      fisk. Kom bedag 5. nov. med Torbjørn.

  1. Søndag. Klår himmel, kjølig i natt. Skulte 5te bedag. Idag skriv eg brev på kontoret. Torbj. fri 2 dagar med idag.
  2. Ragnhild og smågj. og Brita ned til Bilberg igjen, har vore her sia søndag. Eg til Dr. Wiig Olsen idag til lekjargransking som lærar. Ola M. Sælensminde på Storetveit sjukehus  fredag           5/11 (bededag), skal opererast for magefeil – for trangt utlaup.- Torbj. heilt bra etter     plauritten.- Wiig Olsen undersøkte. – Ola M.S. opperert igår, gjekk bra.
  3. Hos Wiig Olsen. Fekk beskjed om: Perquet – ( negativ tuberk.), sunnt almenbefinnelse, god helse.

13/11    Wassenden gjorde ein tur heim til Voss ikveld kl. 5. Inga (Bergset) og mannen Gabriel            Frøholm kom kl. 4 et.m. Ho gjerer ferietur med toget frå Oslo til Brg. Han er på Hordaland        vegkontor,- avdelingsingeniør. Har vore i Odda 6 mån., fløtter no til Eidfjord. Dei ligg over i   natt hos oss.

14/11    Idag følgde  Inga og eg Gabriel og Inga Frøholm til Straume, dei skulde gå til ein ingeniør      Eggrim på Hopp, og so til Møhlenpris til byggm. Sandal sine til middag. Imorgonkveld fer            Inga igjen til Oslo. Ikveld kom Jørund Maurset framom, har vore tur til Hjellestad til hytta      han bygde der i somar på so 1 1/2 mål grunn han har kjøpt der. Eine smågjenta hans på sjukehus for blindtarmsbet. Elles lever dei vel.

15/11    Ragnh. og smågjenta ned att i kveld, Borgny med. Ho skal til doktarsundersøking imorgon.    Frå jan. 44 skal ho ta til på Berg.Kom.Sjukehus, lære seg til diakonisse, fekk bod laurdag.       Vassenden kom frå Vossetur idag til kl. 1.

16/11    Telegr. frå Kristoffer at Far døde idag, Bård Koltveit vorte 88 år 26/12 1943. Eg sat på            kontoret. Inga kom med telegrammet kvelden kl. 8. Gud signe honom.- – 6¤ C  idag.

17/11    – 9¤ C kl. 7 i morgon, berr mark.

19/11    Søv utover om morgoen, ned att i +1¤ C.

20/11 – 24/11 – 26/11                laurdagsmiddag kl. 1 for Inga og eg til Straume, tok bilen til byen, for          med toget kl. 340 til Trengereid, derpå med bilen over Kvamskogen til Norheimsund, og so         til Okrå kl. 11 kvelden. Helga var med frå Arna. På Okrå alle oppe, Mor ogso, huset i sorg.     Far hadde dei i kista, sett i verkstaden. Søndag og måndag regnveir. Måndagskveld kom            Mikal    Aksnes, skulde ordne med jordferda. Tyrsdag kom med bil utantil og innantil slekt og             vener og grannar. Huset var fullt i 11 tida. Den pynta kista- med grønt og blomar – sto i          midtstova. Aksnes heldt ei lita andakt, Nils Koltveit la ein krans på broren sin kiste. Etter      salmesong gjekk vi til gravstaden ved Strandebarmkyrkja, ei vogn køyrde likkista, ei kjerre      mor og Inga. Snøa litt, elles pent veir. Til kyrkja kl. 2, bar kista inn, omlag 200 men. samlast. Presten forretta og heldt ei lita tale, eg fekk seie ei takk til Far frå oss borna. Presten   og Andreas Olma la kransar på frå medhjelparar og menigheitsråd – Svarstad, Inga Alvsåker     m.fl. frå avhaldsorganisasjonar. Eg var med og bar Kista til grava og senka henne ned. Song     og jordpåkasting – mor og var med og alle heimeverande systkin. Gud signe far der han er          no. Slekta samlast i heimen i 4-5 tida til middag – kunde ikkje be alle i denne vanskelege             krigstid, elles gjekk alt greit og vel. Eg for heimatt onsdag 24/11 over Kvamskogen, kom        heim kl 8 kveld, Inga vart der inne nokre dagar. Heime sto vel til. Olav Vassenden hadde            skula for meg 3 dager.

25/11    Torsdag +1/2 ¤ C, litt snø utover.

28/11    Søndag – 9¤ C berr mark.- kl. 3 1/2 var lærar Espegren her og sa at han var tilsett som lærar    ved Sælen skule den 19/11, og skulde ta til etter jul. På spørsmål svarte eg at eg ikkje såg   meg istand til å seia honom kvar han skulde få seg hus. Viste honom til kr.form. Sigv.           Fyllingen,- Snø, regnslaps.

29/11    Eg til byn kl. 12, då kom Inga med privatbil frå Laksevåg. Står vel til med henne, vel på        Okrå. Hadde med eit sett underty til meg – heimestrikka, av far sine klær, frå mor, og eit        hosepar til Torbjørn,- og so matvarer, smør, litt kjøt. Dei tenkjer og vil vel alle der inne,         beggje Lisbettene.

1/12      Onsdag – 8¤ C. Liseth ringde opp om løna til reinhaldsdama 550 + storev. 120. Eg rådde til    ho fekk … for året. Sætre ringde – fastsett til Espegren som lærar i Sælen frå 18/11, frå då    sluttar  Vassenden´s konstitusjon,- seinare han vikar til året sluttar. Espegren skal ta til frå        nyår 1944 av.

Ved søndag 28/11 fleire ekspe. på jernbanelinjer ved Oslo, brand i Univers.aulaen. Stud.          skulda for det – 1500 sendt til Tyskl. Underv. stogga. Stud. vert ført til Brg. og Trh. Dei        omlag 1500 som er att. Kvin.stud. sende heim kvar til seg – og der møte fram for politiet.

4/12      Lærar Vassenden 28 år.

12/12    Søndag.-1¤ C, rima, smukt veir. 770mm. Inga og eg gjekk til Laksevåg kyrkje kl. 930, kom   dit kl. 11. Hjellestad-prest preika om å gå til Jesus med tvil og vanskar. Barnedåp etter    gudstjenesta. Borgny og Sunniva og Torbjørn kom då – og Ragnhild frå Bilberg, smågjenta     skulde døypast. Fru Bilberg bar henne til  dåpen, ho fekk namnet Inga etter bestemor på            mors sida og etter oldemor på fars sida ( mor til Hr. Bilberg heitte Inga). Fadderar elles: Frk.    Guri Bilberg, Hr. Bilberg og Torbjørn. Der var elles 5 born til dåpen. Små-Inga var roleg og         smilande heile tida, eg fekk kjøyre henne i barnevogna heim til Bilberg. Der var vi til middag og kaff. Brita var der, reist opp laurdag, hadde stelt heime. So ei fru Bilberg, mannen offiser og førd til  Tyskland, og so systkena til Ralph – som ikkje var heime sia 23/10. Inga             og eg gjekk kl. 7 etter ei rett hyggjelig stund. Borna kjem seinare.

13/12    Måndag. Matkortutdeling kl. 10 – 17. Ikkje ferdig kl. 8 ikveld, dei framande kom og jaga frå   kontoret før dei siste hadde fått sine matkort. 15.Onsdag var Thesen her igjen med kort til           dei som var jagde vekk.

14/12    eg til byen, fått briller og henta ein p frå Liv til mama.

13/12    truleg ein 16 framande øydelagde ved eit ulukkehende i Lauvåshaugen – køyrde til byen i        sjukebilar. 2 drepte, resten såra av ein sprengje..

15/12    Rassi ved natt på L.Våg av G.po., fleire arresterte. Seeger vekke.

13/12 til 16/12   sjukesystra her og tok tuberkulinprøvar på borna. Regnveir +2¤ C.

19/12    Søndag +3¤ C og storm, barom. fra / 30mm. Gjorde istand julepost, var til Peder i     Oldersmoget ettermiddag og ønska god jul, las salme 91. Våt av rennedrev på heimvegen.

20/12    Oddrun kom fra Bølandet idag. Står seg godt, er frisk. Har med 2 ferske torskar og 1 kv.         fisk-salta. Reisa stormande. Idag siste dag føre J.ferien. 7.kl.

21/12    Skulen slutta idag til jul. Hr. Olav Vassenden tok farvel med 5.,4. og 3 kl. og slutta vikariatet her. Klassene hadde presangar til honom, 2 tinnfat og 1 porselensveggbilde av Bjørnson. Har         vore flink i skulen, hyggjeleg i huset – eg går og saknar honom. Torbj. var heime til middag    og tok so til å kjøyra på vakt. Oddrun kom med Hammarslanden med kjøt, ogso 1/4 fisk – 2         kg – god, frå Bulandet. Blada fortel om sprengsmell i Oslo søndag føremiddag 19/12, eit             amunisjonsskip og am.lageret i land eksploderte – skipsrøyra dala ned i Karl Johan. – Idag       Schreiber på orlov.

23/12    Torsdag +2¤ C. Sunniva til Hard.båtane med 1 maleri til Fru Fosse, N.sund. Torbj. på vakt.

24/12    Julafta. Torbjørn sette opp. Suniva pynta juletre. Kl.7 kveld gjekk vi om det. Ragnhild og       litle Inga var koma frå Laksevåg, Helga frå Y. Arna, og systkinlaget var alle så nær Liv og           Petter, Olav og Ralph. Eg las juleevangelja og sa nokre ord  om at vi må gje fra oss alt til og   med kroppen, men i jula gjev Gud oss alt med Jesus. Med tak i hans hand får kraft å vere           menneskje midt i ei vond tid som sår og vel hat.

Det var gåver til alle. Til kvelds god sidesteik av smale frå Lakkefjellet. 2.dag var eg i             Laksevåg-kyrkja. 27/12 – 29/12 har eg vølt Torbjørn og Odddrun sine sko.

2.dag kl. 730 kveld gjekk,»Scharnhorst» ned ved Bjørnøya under eit angrep på ein konvoi,      «Duk og York» senka honom.

31/12    Tyrsdag. 28/12 døde prost Riise, 86 år gamal, onsdag 29/12 døde Mr. Singer, Olden, 75 år      gamal, han gjorde vel mot Nordfjord. Snø utover idag. kl. 7 morgon – 0¤ C.

1944

4/1       Laurdag den 1ste var nyttårsdag med – 0¤ C og slaps og vindsamt.

Idag – 10¤ C, fin skifør etter vegen, men lite snø. Eg har vore til byen, det er brillene,            tennene og so bøker. Oppmuntrande brev frå Bakkejo idag, igår kom det frå Johan Færøy. T.   fortalde no etter non at R. er komme over den polske grense. Ragnhild har vore hos oss i         helga, hugnad med lita Inga som smiler og er velnøyd. Borgny skal ta til imorgon – onsdag        5/1 på Haukeland sjukehus, lære sjukepleie.

5/1       Onsdag. Borgny for til Haukeland sjukehus for å lære sjukepleie – om morgoen kl. 8 med       bilen frå Grushola. Ho kom vel fram, delar rom med 2 sjukesøstre.

6/1       Idag kl. 830 +5¤ C, har regnt og blese i natt, idag trettandedag. Ved middag følgde eg            Ragnhild og Inga attende til Bilbergs. Oddrun var med, eg trilla barnevogna, omlag bort i vegen.

7/1 og 8/1         Arbeidte med melding 13/5 1918 – 1/7 1944 – om skulen og utviklinga av den i        Sælen Krins. Skulen innstilt etter lov frå skulestyret. Kvelden 8/1 laurdag kom Magnus       Fjellheim, vart her søndag. Petter kom seine kvelden.

10/1      Morgon kl. 7 – 10¤ C, og snø. Petter til byen, henta 1 grisunge hos Einar Sælemyra om         kvelden. Idag tok skulen til, eg 7. kl, Espegren 3. og 5., Frk. Drange 3. og 1. kl. Espegren er   nymannen, gjekk hit frå byen idag, har ikkje fått hus i krinsen ennå. Han stansar her på            kontoret.

11/1      Petter drog idag med grisungen på sparken på fin snøfør. R. har teke Kirsovo. – 14¤ C og        snø.

13/1      +6¤ C og regn og vind – snøen reiser. Espegren f. 1909 i Kina, 17 1/2 til Norsge, Tveit ved    Kr.sand, lærareksamen i Kr.sand 1934. Torbjørn gjekk kl. 5 et.m. til stasjonen i byen i slaps.

14/1      Kristoffer kom idag. Eg og han gjekk til Nebbestølen i regn, han betalte 60 kr. for 1    grisunge. Vi gjekk til Vergeland og såg ingen.

15/1      Laurdag. Kr. til Nesttun, fekk salgsløyve og transportlov til grisungen. Oddrun for til Bulandet idag kl. 6 morgon, gåande, bra veir. Ikveld kom Brita og Borgny heim, Br. frå      Fjøsanger, Bor. frå Haukeland sj.h. Mest turr mark.

16/1      Roleg søndag, eg til Ola med Vegen om kvelden. Han heilt bra etter operasjonen.

17/1      Ragnhild fyller 22 år idag, ho og små Inga bur hos Bilbergs, står seg vel.

18/1      Tyrsdag. No berre mark +7¤ C idag. Kristoffer henta grisungen hos Wergeland idag kl.

10-11, og kjem heim med honom i natt so i 12-1 tida.  Prisen 60 Kr. no.

23/1      +1¤ C, har kvita marka i morgon etter kl. 6. Eg sit på kontoret, arbeider med 25 års melding. 20/1       torsdag telefonen borte, har vore bomba ein konvoi ut i leida,- skal vere grunnen – 3 skip           gått ned. Borgny kom heim iaftes.

28/1      E. i jordferd etter si svigermor.

29/1      Eg sat ijaftes med 25 års meldinga. S.skuleboksaml. I veka har kome litt feitsild-storsild til     huset og letta på kosthaldet. Igår måtte eg på loftet kl. 1130 og få Lundemannen til å slutte med «poltern und belden». +6¤ C og turr mark, har fått 5 hl sinders til huset, Andreas Dalen    køyrde dei hit. Stenersen & co forl. sende Skulen: Tyske noveller I,II,III. Torbjørn henta i      posten. Eg måtte sende kvit. til Kyrkje og Undervisningsdeptet. Oddruns lån avbetalt 1000      kr. ned til 3000, skal fornyast 14/2. Skuleinsp. ringde igår om vi hadde sløydmatrial tilovers.     Storetveit skule har fått lånt sløydrom i byen, men eg måtte seie at vår matrial er komen          vekk – berre 3-4 toms bord att. Framande bur på loftet.

30/1      Ragnhild og vesle Inga opp søndag, Inga veks. Eg køyrde barnevogna opp på Skaret kl. 4.       Ragnhild hadde møtt Olav Wassenden på nedveg i Fyllingsbakkane, hadde vore til Storevik,   var ikkje hit om oss.

Torsdag 3/2 skal Espegren møte i retten i Tinghuset i byen, ikkje skule 4.kl.

4/2       Borna har skaffa heim 80 kg feitsild – stors. Om natta til 4. omkom Nordahl Grieg over           Berlin, han var med i eit fly som observatør. 10 tyske div. innringa i D…bogen ved    Nidopol.

8/2       Espegren kikka foten idag i trappa frå inspektøren sitt kontor. Sckreiber kom frå orlov igår,      reiser i morgon til …inland, sa farvel ikveld og ønskte alt godt. Von Froen.

10/2      Vaksinasjon i skulen kl. 11 – 13 mot difteri. Espegren ikkje skula ettermiddag, borna gjekk     heim. T. gått frå Nidopol, forsv.linje vest for Krivsi..

13/2      Søndag. Ragnhid kom heim føre middag, og for ned att til Bilberg`s. Små Inga veks og          treivst. Brita var heime til kl. 5 etm., vi åt «Morskake». Morsdag idag, so gjekk ho til    Ragnhild, skal vere der 14 dagar  med fru Bilberg er på ferie. Borgny kom heim igårkveld frå   Haukeland sjukehus, har vore i vaskeriet denne veka. Emisær Torbjørn Tuven, Os, heldt           oppbyggjingsmøte i skulen kl. 11 idag, ein 15 men. Eg var til Ola med Vegen om kvelden,     snakte om Dn. misj.lag, – om skulen i 80åra her.

14/2      Var til byen etter skrivebøker etter skulen. Espegren bra i foten. «Irma» skal vere torpedert –      24 men. berga. Wassenden hadde ringt heim etter sin klasseprotokol, meinte han hadde            forlagt honom att her, han er ikkje her, det eg kan sjå og skyne.

16/2      Hans sender brev, sender 1 k mjøl – 3 sortar på tilsaman 40 kg. Torbjørn har fått kassa på        kr.stasjonen, og tek posane med heim i ryggsekken. Oddrun skriv og at ho sender ein 2 små        kasser sild – dei er komne til Nordnes sjøbad. Hjartelaget syner seg mot oss. Idag +2¤ C, og    litt snøflukser, elles bert. Espegren fløtte igår til Pål Hamre frå Eskeland sine på Fana. Drengen på Fløyen vart rar idag, politiet kom og hente honom. Det bar til Valen, å – han må    verte bra igjen. Heiter Steffen, eldste broren er hos Severin i Myrane, dei er foreldrelause frå       Lindås, verje står inne for garden deira.

20/2      Søndag 13/2 gjekk «Irma» ned millom Åles. og Kristiansund, 62 norske omkom og er sakna,   torpedert. Inatt kom eg til å få snakke ut med kona om 23/3 42, korleis eg er og har det. –           Jesus min styrar og mi stød. Brita er hos Ragnhild, var opp her kl. 16 igår. Fru Bilberg er       ferie til Horten-heim. – Idag kl. 8 -1/2¤ C og snødriv over markene. Sia tyrsdag 15/2 har            Espegren havt hus oppe hos Pål Hamre, n. fyllingen, har før sykla til skulen her frå Fana.

27/2      Søndag kl. -10¤ C, snø utover, klår himmel, eg har lagt i skuleomnen for møte idag ved         emisær Bård Tveit S-S. indrem., Borgny kom heim iaftes, har vore i ungdomsfest frå iaftes      hos K.T. gjekk frå st. i B. til Bakke til bridsparti – beggje kom att om morgoen tidleg. Esp.    Vil ha fri for å vikariere på Nygard sk. Brg. Eg sa honom at han er ansett her og må rekne      Sælen   sk. for hovudtingen. Lærarinna har ikkje mod på å vikariere for honom dei 2 tim.       form.    måndag, onsdag og fredag. – Frå 28/2 beg. 4. og 5. kl. 1. etm. Dei har no på det           mørkaste begynt kl. 12. – Frk. Gudrun Storebø, kamerat til Borgny frå Fitjar husmorsk., kom til henne frå Ingeniør Søyland sine der ho har huspost. Ragnhild og Inga og Brita kom med           vi kvilte middag. Gjekk alle kl. 6 om kvelden. Ljost då.

1/3       Rykte om at Finland etter trykk fra U.S.A. underhandlar med russ. om fred. – Snø utover,        borna kjem med ski –1/2¤ C. kl.830  idag midt.

4/3       Inga Berge gjekk idag middag, ho kom opp torsdag 2/3, er på sjukehus med Ragnhild. Ho er   operert for øyresvull, elles har ho nyresjukdom. Men ho er i beidring. Borgny kom heim idag    middag, har vore forkjølt 4 dagar, men kjem seg. Brita og Ragnhild kom og Brita sluttar der    nede denne gong, og skal til Rogstad sine. – Fin skifør. Igår kom Torbj. med ein pakke frå   Olav Os, dei sender oss hakka-kjøt, 2 kg. So mange hjelper – eg held no 62 kg. Det er som     makt og mod veks. Brita vaska etter kveldsmaten, ein postelinstalerk gjekk sund, og skar           pulsåra på høgre handleden så ho spruta. Dr. Eknes var opp kl. 2230 og sette på eit band i        såret.

15/3      Brita er bra igjen, tek idag til Rogstad sine. – 12/3 Ola med Vegen her på kontoret, hadde bod på telefonstreng. 13/3 og 14/3 har molt og vege borna, ein del undervekt, gjenomgåande står       dei seg bra.

16/3      Vaksinasjon mot difterit frå kl. 9 morgon på skulen, tvungen for borna – elles møtte og           vaksne – 2 gongs vaksinasjon. Rusarane har trengt seg over Burg og mot Tarnopol. 18/3         Brev, Bertha Olsen dødssjuk.

19/3      Rus. Trengt over Burginn i Bessarabia, senka 6 troppetr.skip nord for N.Kapp og 6     undervatnsbåtar i N. Atlantaren. T. hersett Ungaren endå forb.felle.

23/3      Til byen og utrette. Olav Os vart med meg heim – han er til møte i styret for N.Salslag. For    att 24/3 kl. 8 morgon. Han var med hit på kontoret – vi snakte saman om tida. – Sia Kr. tok      til senka ca 130 skjip millom Måløy og Høgsholmene. Idag okuperte T. Ålandsøyane –           kvifor? Berta Olsen truleg oppperert for magevansklegheiter – kreftsvulst.

25/3      Ragnhild kom med Inga so i 5 tida.

26/3      Petter, Liv og Harald kom kvelden kl. 8 frå Hålandsdalen, sto vel til.

27/3      Inga fyller 60 år idag. Petter ærend til byen. Torbjørn til Askøya. Om kvelden kom Helga –     bra frisk frå Betania sjukehus. Ved kaffibordet var alle heime, på nær Torbjørn. Inga hadde       fått blomster, fine kaker, nokre telegam med lukkønskjing, frå Bertha Olsen ( som soleis         lever endå ) og slekta i Oslo, frå Haring, frå Oddrun. Eg las opp telegramma, og sa nokre ord     i tilknyting til Luk. 1.50: «Herrens barmhjartigheit varer frå slekt til slekt so lenge vi fryktar    honom». Dei sat utover kvelden og prata i stova, Frk. Drange var med. Eg ga Inga boka:           «Verden og geniet».

29/3      I ettermiddag var eg med Ragnhild til Bilberg`s, trilla barnevogna med vesle Inga i. Blid         smågjente helste på Fru Bilberg og Bilberg kom nett frå L.mek. Verkstad.

30/3      Helga drog til Ytre Arna idag, skal over Kvamskogen imorgon til Linga, Sunn., fylgde henne   til byen. – Frå 10 utover til 1 banka og hamra dei nede, kom bilar og tok innpå alt deira. Etter kaffi gjek eg ned i kjellaren – tomt for folk, men rusk over alle golv og opne glas for   utluftinga. Dei på loftet igjen – og gjerne dei i læremiddelrommet  – som trakkar i gangane.          Esp. kom seint idag, har vore til byen og treft ein sakførar – skal vere i retten imorgon og        kan fyrst ta til kl. 3. Skal skofte skulen palmelaurdag. Så en linje overstrøket og uleselig.

31/3      Kom her på kontoret kl. 545 idag, -9¤ C, og klår himmel, og so merkande stilt. Berre ein        som gjekk frå læremiddelrommet i 7 tida, ein klunk frå radiomusikk på loftet og då, og ein         som kom frå barakkane og ned i badet – elles so stillt. Men kasser i gangen, benkjer og bord    på Leikeplassen, elles dei vanlege kasser ved veggen og i Uveirsskur, og restar av         inngjerdingsmaterial ved hagegjerdet – som urørd. – Eg var no bort og sa farvel på Kristiane,     skal til Okrå på påsketur.

1/4       Sendt telegram til Lystad`s 25 årsdag som journalist.Torbjørn tok idag – laurdag – saman        med Knut med Vegen på sykkel til Kvamskogen, der dei skal vere påskehelga i ei hytte – gå             på ski. Eg kom heim frå skulen, då kom Inga ned i kjellaren med telegram til meg:»Oslo         fredag (31/3) kl. 21. Rasmus Navelsaker. Mor død. Begravelse tirsdag (4/4-44) Teodor.»        Døde 30/3. So greidde ho ikkje operasjonen. Gud signe sjæla – heimekjær, trufast og uthaldane. Mitt systkinbarn, ei av dei kjæraste i slegta. Renovasjonen – Sunniva bar med        meg. Dei fleste framande er farne – alle skal fare herfra no i veka (stille). Etter kom Kari Os,     sette sykkelen sin i skykkja. Og so har vi hugnaden ved å prate med henne – og so med Harald, som har fått uvane å skrike seg til viljes, men ein triveleg og kjekk kar. Etter kaffitid    kom Brita, hadde gått frå Nattland. – Snøen har lagt kvitt utover, men ikkje kald.

2/4       Palmesøndag -1/2¤ C. og snølagt overalt, kl. 2 1/2 gjekk eg saman med O.M. Sælensminde    til Søreide til Vågenes på Haukeland til styremøte i S.S. misjonslag. Reinhart Grimstad          nådde oss på vegen til Haukeland, Hans Søvik kom sia. Vart vedteke 25års høgtid for laget      30/4-44 (Laget skipa 14/12 1919 i skulehuset på Søreide) i Søreidgrend bedehus kl. 3. Vi    vart til kaffi hos Vågenes. Styret der i Søreide hadde støtt Ingolf Søvik ut av laget, han går      lidenskapleg oppi Tråvkøyring. Handlm. Skage har meldt seg ut av laget. Ola og eg sa farvel            og gjekk i snø heimatt. Ola nemde om lidenskapen som forgår, men kjærleiken held ut, om     det er rett.

3/4       Måndag -4¤ C., stilt i huset, berre litt trokk på loftet av framande. No har eg ferie i påska til    12/4 onsdag.

6/4       Skirtorsdag. Igår kom Ragnhild med Inga, Brita og Borgny heim for å vere helgedagane.         Tyrsdag bøtte eg sko, igår skreiv lit av «Mi saga». Idag kl. 8 -5¤ C. no kl. 9 bort til frukost.

7/4       Langfredag. Eg saman med Ola og Kristian med Vegen til Laksevåg Kyrkja. Sunniva og          Brita og høyrde konsert i Domkyrkja i Brg. kl. 8 kveld. Liv og Harald og Ragnhild og Inga       ein kort visitt ned til Anna i Sælo.

8/4       Påskeafta + 2¤ C og regn. Petter kom om kvelden, sykla frå Os hit.

9/4       1. påskedag rolig heime + 6¤ C. 2. påskedag +3¤ C i 7tida morgoen, snøen tina bak huset       heime. Roleg i skulen, 2 fr. i læremiddelrommet, 4 på loftet. Vakt om skulen endå. «Von          Tirp.» skaut ned 4 fly og har sjølv vært bomba.

10/4      Eg køyrde barnevogna med Inga til Bilberg’s saman med Ragnhild kl.12. Frk. Guri Bilberg     fyller idag 23 år. R. og I. til gebursdagslag, kl. 4 sykla Petter til Os og heim. – Til kontoret        her kl. 9 kveld ringde Hans Søvik og vilde ha meg til å arbeide og kome med 25årsmelding     for S.S. indrem.lag på 25års jubilæet 30/4 for laget. Olina Søreide kunde ikkje, – sjuk. Eg        viste honom til Reinhard Grimstad, det bata best på den måten.

16/4      Søndag + 6¤ C, snæen vekke, skodde, markene tek grøn tone. Rus. komen til Karp. – krim      mest fri for framande, 14/4 Ekspl. på tysk lastebåt ved Lak.verft.

18/4      Ragnhild og Inga reiste aleine kl. 1. Petter, Liv og Harald for med bil om Os kl. 2,30. Ausleg etter småane er farne. Gud signe dei.

20/4      Tysk amusjonsbåt eksploderte ved festningskaien ned for Håkonshallen og Valkendorftårnet      kl. 845. Rykter idag at Håkonsh., Valkendorft., Bergenske d/s sin bygning, Nykyrkja, Kaia til         Fjordabåtane er gådd i knas. Mange drepne og såra, sjukehusa overfyllt. Mykje glasruter          knust og glasbetar i gatene. Kristiane kom heim att frå byen – kontoret glas og dører   øydelagt – kunde ikkje arbeide der.  – Eg hogg ei bjørk ut for stova, telefontrådene gjekk for     oss ( Fløyen, Sælehaugen eller Dybv.-Storev.).

22/4      Eg hogge attunder ved. Torbj. og eg fekk telefontrå, skøytte i dag kl. 8 – fekk forbindelse        kl.1. Torbj. arbeidt på R.stasj. 2 dagar med å skufle glasbetar, murpuss ihop på golva på             stasjonen, og slå furestykke att for glasa der rutene er gått. Der er att 1 heil rute til kvart rom    omlag. Kristiane sitt kontor kaldt idag, ikkje fått dekt hola for dei gådde ruter.

23/4      Søndag. kl. 7 +1¤ C. pent veir. Ragnhlid og Inga kom til middag – og vart

til kvelds. Brita gjekk med dei. Magnus Røyrvik var her og. – I frukosttid kom ein tyskar, eg   vart med til skulen, han overleverte kjellaren, høvlebenkjene og benkjer og stolar. Dei i   gangen skulde vere reiste torsdag eller fredag. Alle her fra skulen og Brendehaugen om 14        dager, sa Stike – som sto siste vakta  ved skulen natta til 24/4. Eg sa honom at ekspl. 20/3 var grov uforsiktigheit. Å ja – krig, sa han.

28/4      Fredag. Vaktmeistaren leverte skulen til meg idag kl. 3 1/4, med alt som høyrde oss til – på    nær 2 lange, 2 korte bord til matsalen under fest o.l. Eg skreiv under 3 eksp. erklæring at           skulen og våre ting var mottekne i bra stand frå den tyske vernemakt. Eg fekk lykelen til          læremiddelrom, tyskarane ute. Kunde læse skulen om kvelden, fyrste gong sia 29/8 1942. Eg      felte fura ut for kjøkenglaset i kveld.

1/5       Måndag. Skulefridag etter dep. påbod. Idag kl. 8 for siste tyskartroppa frå noraste barakka,       so ein 16-18 mann, det som er igjen etter dei på leikeplassen og elles får eg ordne. Idag har       eg kløyvt ved utfor stova. I kveldinga kom tyskarfløttelass – 20 mann frå Nesttun tok inn i      barakka ved  Brendehauggrinda. – Igår søndag 30/4 ruskeveir og ingen frå Dalen i S.S.            indrem. sin 25 års jubileumsfest kl. 3 i Bedehuset. Ola med Vegen var på kontoret om            kvelden, vi ga 18 kr. til kollekten åt S.S. Etter samråd med honom, kom eg til at eg får søkje     å skule 1 år til, sia det er so vanskeleg å få ny lærar.

1/5       Måndag. Stillt for framande alle stader i huset, so godt å arbeide i fred. 20 tyskarar kome frå     Nesttun, bur i barakka nordast Brendehaugsgrinda, nokre russarar (fangar) er med. Eg         arbeidt med ved denne veka.

5/5       Til møte i eks.nemda på Skulekontoret, Nesttun kl. 6 kveld. Sæter, sjefen, styrte møtet. Eg sa med honom mitt inntrykk av Esp.- mangl. liv – kontakt i kl. – kristetilh. og barnl. Skriftl. eks.    -1.juni stil, 2. juni rekning, den 15de kl. 1030 munnlig eks. i Sælen. Nemda var: Reidarson,   Tveisme, O. Bønes, Navelsaker, Fru Målstad, Frk. Os. – Lær. M. B. Oppedal arrestert av            Gestapo 8. jan., sendt til Grini, slapp heim att til Sogn 12. april. Avsett av deptet., får ikkje    kome att til Fana.

6/5       Esp. Innkalla av politiet, møtte fyrst i 4 kl. kl. 230. – Eg ordna på leikeplassen eter dei            framande til kl. 1230 natt.

Ragnhild og vesle Inga kom i ettermiddag so i 5 tida, Inga veks og ma…ast. Fru Mossige       koma til Fløyen, hit hilsa på veg ned for skulen, eg heldt på og ordna etter tyskarane.

9/5-44   Russarane har teke igjen Sebastopol, kom fyrst 2 dagar etter i blada. Sunniva har måla eit        interiør frå stova vår inne der Inga set i ein stol ved glaset og eg set i min stol ved skyvedøra.

11/5      Tok til å setje poteter titt inn for flaggstonga. Brita hjelpt meg stundom. Oddrun sender oss     nokre kg. steikt fisk, festmat.

13/5      Sunniva fer med 4 toget og med bil frå Trengereid til Okrå, ho vil vere der i sommar og          måle. Iaftes kom Torbjørn med ein 2 mån. gamal grisunge – rett pen. Han er saman med          Hettland om han.

14/5      Søndag. Hettland, Frua og ein son opp, sykkeltur.

16/5      Eg ferdig med å setje poteter i Storeåkeren. Borna høyrt gauken idag.

17/5      Eit fly frå vest kl. 5 morgon. Skaut frå Lauvåshaugen kl. 7, – + 6 1/2¤ C og fin dag. Borna      norske papirflagg på ei knappenål framme på høgre pulthyrna. Vanleg skuledag, song   fedrelandet sine songar. 5. kl. fekk fri siste timen. Eg sette poteter ned for stova, Torbj. i         venesamkome i Brendehaugen til 18/5 kl. 12.

18/5      Himmelfartsdag. Ragnhild og Inga kom, Kari Os ogso. Eg ut i Branden og såg på plantefelt.    500-2års granplanter kom 18/5. Elles roleg.

20/5      Laurdag. Borgny kom frå Hålandsdalen. Sto vel til der på Holdhus og på Okrå. Am. og eng.    teke Casino og Gustavlinja, brote Adolf H. linja nordanfor. Esp. med ei dame i skulen kl. 10    kveld. «vise henne arbeidsstedet».

21/5      Harald H. eit år idag. + 6¤ C og litt regn.

22/5      Måndag. Borgny til i arb. på Haukeland igjen. Eg ferdig med potetsetjinga.

23/5-44 6. og 7. kl. planta 500 2-års granpl. inn for Sandeidet på Fløyens utmark.      Matkortutdeling på kontoret. Eg sådde erter, løk, raudbetar, salat og mainæper, og reddik –            om morgoen +3¤ C, men fint solskinnsveir, noko nordavind. Brita reiste idag med     barneflokken til Dimmelsvik – ho arbeider på Gyldenpris barneheim.

25/5      kl.6 -1¤C, elles pent veir. Har spadt om kålstykket og ordna om frukttre. Oddrun kom frå        Bulandet og Værlandet til kl. 1 idag, er ferdig med skulen der, ho lever vel og har greidt seg        godt. Magnus Fjellheim hit om kvelden med reparert spoleapparat.

26/5      2 mann frå Bratland, byggm., tok til å grave, skulde lage grunn for 8m. breid barakke ned        over Leikeplassen frå muren. Ringde til skuleinspektøren, og han og skulesjefen kom hit so     kl. 12. Skulesjefen  ringde opp Hauptmann i Brg. og søkte hindre byggearbeidet her. Eg tala    med Liseth etter Sk.sjefen var gådd, om utarb. av skuleplan for 7delt skule berre      føremiddagundervisning om ny lærar, om Esp., refererte det som har gått for seg, nemde          ryktet at han etter opptak frå kona er skild, at eg – på sp. frå Lis. – ikkje vilde ta ansvaret for        å ha tilsett honom, om eg hadde hatt med det å gjere. Viste honom mi notering om Esp. til     far til Fru Esp. pt. Storetvedt, for der å få opplysning i tilfelle.

Ringde Sigv. Fyl. om eks. 1. 2. juni. Driftsingen. Bilberg fyller 60 år idag.

27/5      pinsafta. Til byen og utretta. Skadane etter 20/4 er svære, byen går i mod og humør som før. – Igår ein N.S.mann som skaut ein austlend. han tretta med, fleire skot – eit gjenom lunga,           utfor N.S.huset i Berg. Ein leginær skaut ein ungdom i Oslo etter ei av F. sine talar. – Borgny kom heim i aftes, for idag att til Haukeland. Ragnhild oppom idag. Ein tysk bil har halde på       køyre ned støttene under taket fram for inngangsdøra. Drilla opp for kålen ned for stova.          Torbjørn drog hyppeplogen.

28/5      Pinsdag. Ola med Vegen og eg til Laksevågkyrkja. Kom heimatt var Ragnhild og Inga            komne, Magnus Fjellheim ogso. Dei vart til 2dre dag. 2dre dag eg skreiv brev.

29/5      2. pinsdag. Tyske offis. på Leikepl. såg på tuft åt barakke – bilgarasje. 30/5 grunnen sletta       alt, skulde ikkje byggje der. 31/5 arbeidarane begynde ordne materialen.

1/6       Arb. hadde fått bod igår om å byggje øvst på L. ved muren 8m br. og 12m l. Idag eks. i stil. 18 elevar, Fru Samdal og Fru Wergeland tilsyn. Natt til 2. påskedag slepte eng. fly ned setlar om å vere budd på invasjon, halde seg roleg heime, ha mat for minst 14 dagar. – 30/5 planta     kål, 31/5 trilla pappavfallet frå L.pl. til vedhuset. Idag 1/6 ordna vegane om skulen.

2/6       Eksamen i rekning. Sigv. Fyllingen, Fru Borghild Løtvedt tilsyn, i 12tida kom Ivar Løtveit    og skifta med kona. Eg renska millom bærbuskene for stein.

3/6       Ragnhild kom i 5tida trillande med små Inga, fint veir. Eg arbeidte i hagen.

4/6       Søndag +9¤ C og litt regn. Eg arbeidte skuleplan for 1944/45. Ragnh. for etterm. Rom teke     av dei allierte.

6/6       Tidleg morgon kl. 4 invasjon i Holland, Haver og andre stader. 11 000 fly førde tropper inn – 11 000 fly alltid i lufta – troppene 1 1/2 mil inn i landet. Haver teke. Russen går på i aust –     mot Jossy. Kong Håkon talte idag tidleg – og etterm. til n.f.

Eg sensurert stilar Storetveit skule 7a – 24 st. –  7b 23 st. På plassen byggjer dei bilgarasje.

9/4-44   Iaftes kom Petter, snartur til Brg., står vel til, reiser att idag med 8 bilen. Torbj. var på            Aurtuva i aftes, ordna om huset til Hansen, han skal bu i hønsehuset, gifte seg ved St. Hans.    – Dei allierte har gjort landgang på heile Cherbourg-halvøya. Blikkmaker Råtræ arbeider           med takrennene på skulen og lærarbustaden. Idag +10¤ C og regnveir, godt voksterveir.

12/6      Måndag. Sensurmøte på skulekontoret, Nesttun kl. 4.

13/6      Idag fyller eg 65 år. Gud skal ha takk for all nåde for Jusu skyld i åra som gjekk. Hans nåde     vil og røkke i åra som kjem. – Var opp kl. 5 idag, +3 1/2¤ C. og fint veir utover dagen.

Kl. 7 1/2 kom Alis Borisenllo attende med skoverkty han har lånt – og so med ei       handarbeidd fotografiråme, kunst – med R.N. på. Skuledagen gjekk pent. Etter middagskvil       stengla eg etrer. Til kaffi var Ragnhild koma – med eit levande likt foto av små Inga, og          ønskte til lukke med dagen. Det same gjorde ved brev, Brita ved kort, Sunniva ved telegram.    Borgny, Fru Berentsen og Fjellheimfolket, Inga, Kristiane, Oddrun og Torbjørn heime det       same munntleg, og ga meg: De Artognan mot Grano de Bergerac ( de tre musketerer) i 4        band og Gunnarson «Norge som jeg så det». Ved kaffibordet var der kringle som Inga hadde     baka, kake frå Fru Bilberg. Seinare på dagen ringde Hr. Bilberg opp og ønskte til lukke. Frå       Mor Okrå var kome ein postpakke. – Gud signe åra som kjem.

15/6      Torsdag. Eksamen for 7.kl. 18 elevar. S. Ekroll av eks.nemda. Gjekk godt. Ekroll var til         middag hos oss.

16/6      Eg til Minde skule til eks. hos Kyrkjesongar Skage. 7 kl. 21 elevar. Flink klasse. Skulen hos   Lange, Fjøsanger, no dei framande er på Minde sk. Grønestølen.

18/6      Søndag. +11¤ C, overskya. Ragnhild og vesle Inga kom heim her. Styrem. i S.S.indrem.lag.   Hans Søvik formann, Sælensminde vald med i styret på årsmøtet. Torbj. til songstemme på             Milde.

19/6      Sensurmøte slutt – på Nesttun. Halde seg borte frå Sg i munntlege og ferd.fag. Borgny kom     heim kvelden. Torbjørn vreid høgre foten ned for okel bort på Aurtuva hos Hans Fløyen.

20/6      Oddrun koma vel att frå tur til Osterøya – og til Helga i Ytre Arna. Torbjørn henta hit Wiig     Olsen (Wiig Finn) for å sjå på foten. Meinte inkje alvorleg, halde seg roleg nokre dagar.           Cherbourgneset avskore av amerik. og engelskar.

21/6      Torbjørn gjekk om kvelden utan stav. Sverre Sælemyr med og hyppa poteter. Idag Viborg       teke. Elba teka av franskmenn. Dr. Hoprenstad og sjukesøster Astrid i skulen og såg på 7.kl –    16 born, 2 mangla.

22/6      Torsdag. 6.kl sluttar til ferien, dei kom med blomster til meg, 1 bukett og 1 potteblom.

23/6      Fredag. 7.kl sluttar, dei kom med eit kunststykkje – eit skip frå millomalderen – ein   hollandsk koff – utstyrt til langfart og under fulle segl; det er på ei gipsplate til å hengje på        veggen. «Hva vinnes på verdens det villsomme hav»-og nokre ord at det må gå klassen vel       og Gud må signe dei.- Sjukes. Astrid var og kontr. Tuberkulinprøva. Espegr. og Frk Drange    slutta og. Ragnhild og Inga og Oddrun reiste til Liv på Holdhus.

24/6      Eg hog småved ned for skulen, bar i skykkja. Hans Fløyen gifte seg igår, var til kyrkje idag,    bryllaup på Årtun, Kristiane og Borgny oppvartningsdamer. Torbjørn bra att, var der og           ordna elektriken.

25/6      Søndag +1¤ C, overskya. Bryllaupsfolket kom forbi Fløyen i 7tida.

26/6      Regn idag +13¤ C. eg hogg kl. 10 ei fure ned for skulevegen ved elva kjøpt av Gustav            Sælen. Saman med Torbj. hyppa potetene ut for grisehuset kl. 1230. Bytte klæde. kl. vel 1.    kom Teodor frå Alværsund, har halda foredrag der og i Seim som sekr. i N.F.m.Tubl. og        tildelt i Alversund Fru Martha Glatved  Prahl-Diplom for hennar arb. i 25 år i Alværs. mot         Tub.. Hugnad ved å ha honom i heimen i 2 timar – bilen sto og venta honom. Vi snakte om    mora og slekta i Oslo, og om den vanskelege tid no. Inga hadde god middag til oss – vi         følgde honom til bilen bort i vegen. Torbjørn og eg hyppa ut for grisehuset, han for til            Holdhus so i 230 tida. Eg gjekk etter kvilda til fura, og vart ferdig med å kubbe henne av til     kvelds.

27/6      Til Brg., tinga bil til N.fj. hos Bennet m.m. – Kløyvde fura etterm.

30/6      Torbjørn kom frå Holdhus idag føre middag – alt vel, Lisbet kjem seg. Frk. Berentsen            (Oddrun si venninnde) kom i kveldinga, på tur til Sand R. Eg sit på kontoret bøter sko. Ved   kveldstid kom  Margit (Amundsen) og fekk Avgangsvitnemålet frå skulen til broren Nils,        som er dømt livsvarig fengsel for ran 20/4 i Bergen. Mora og ho skal til Oslo og be for            honom, reiser 1/7. Kom telegr. frå Okrå, besørgje krans til skulest. Jacob Sydnes si båre, han   døde av slag natt til 29/6.

3/7       +13¤ C. soldag. Idag tek Torbjørn i arb. etter 3 v. ferie. Kristiane tek til 14 d. ferie – skal til    Gudrun Duesund i Masfj. Sunniva sender maleri hit heim frå Okra. Idag Jacob Sydnes          gravlagd. Var opp til Peder Oldersm. igår, han er svimmel – åreforkalking. Eg arb. med ved,    sko, grønsakereinsking m.m.

11/7      Eg har bøtt sko ei veke. Borgny kom heim iaftes. Idag +15¤ C. Kyllinghøna skri.. frå 5-6, då eg sto opp låg ein katt på kyllingburet, eg var ut, 5 kyllingar var borte, berre 2 att og høna,         fann dei 5 drepne kyllingar ut i skogen, sa det med Inga. – Caen i Nordmandi og Vilma i aust   falne.

13/7      Til byen og henta billett hos Bennett tur og retur for kona og meg Brg. – N.Eid.

15/7-1/8 Reinska ugras ned for stoveglasa, ned for skuleglasa. Fru Mossige hit om kveldinga.

3/8       Kl. 2 heim frå Nordfj. tur. Bilskyss 15/7 til Nykyrkjebryggja, fin tur med båten kl. 8 morgon. Søndag 16/7 i Svelgen kl 730 morgon, grå skodde. På Fanaråken trangt om plass på 1ste    plass, mindre god og høfleg behandling, tildels dårleg kost, søndag 16/7 kl. 11 kveld til Eid,   til Os til vanleg mottaking – Olav, Kari og Kristen på bryggja og tok mot oss.

18/7      Tyrsdag med bil til Holmøy, Hans der med båt og henta oss, Inga og meg – godt å koma        heim. Hans for kvelden kl. 6 til Eid i lag med Johans, Knut og Berte             til vitne i           Fjellmerkesaka. 21/7 var Hans Framigard og eg til Hatlelid og vitna i same sak. 22/7var Inga   og eg med «Dølen» på Sanden fram til mors og fars grav, eg i banken, heimatt med     «Dølen». 23/7 inn til Johans og Brite.

25/7      Fjellvegen til Furrefjerding, snakte med Knut og Karolina, Mattis Heggen og Sigrid. Heime     tinda eg river, hogg ved, såg meg om.

26/7      Laga tekning av hus. 28/7  3 bergensarar, Ingeborg Rognes   var og skulde kjøpe geitost av      Hans. Om kvelden slåttegraut, fått inn mykje og godt høy – god turre. Åkrane står pent.

29/7      Laurdag for vi med «Dølen» kl. 130 til Nord., gjekk inn til Ragnvald Nes og Nils Nes, vart     der til søndag kl. 7 kveld den 30. juli, med bil til Eid. Står vel til, Ragnvald pen ny heim.    Hos Nils ungdomen på sætra olsokdagsafta. – På Os mandag og tyrsdag der godt å vere hos      Brita. Måndag var vi til middag hos Ragnvald og Ingeborg Bergset. Tyrsdag kl. 6 frå Eid      med «Sogn» i fint veir, men fullt med byborn frå fjorden og arbeidsleirgjentar frå Naustdal,      so soveplassen var meir enn sprengd, – sov på benkjer, bord, golv, i gangen, men elles venleg      stell, god mat. Kom til Brg. kl 12 torsdag 3/8, bil heim kl. 2, – trøtte, heime sto vel til.         Oddrun stelt godt, Brita koma heim frå Uskedal.

4/8       Fredag, renska ugraset or løken m.m. idag. Torbjørn heime frå vakt. Kristiane er i plassen        igjen, og Borgny kom heimom frå Haukeland igår, for idag igen. Her skodde til 12 tida, sol     resten av dagen.

6/8       Maria Bergset kom til middag og var her ut dagen. 7/8-8/8 eg plukka hagebær.

11/8-16/8          ordna skulehuset med klasserom i båe skulestovene og i kjellaren, 1. og 2. klasse i      Lærarinnestova, 3. og 4. kl. i mi skulestove, 5. og 6. kl i Saumestova, 7. kl i Sløyden. Arb.       frå Berg Reinhaldsv. vaska skulen 6/8-11/8. 15/8 var Bygningsmann Sletten med brett i          badet og retta opp stolpane fram for inngangsdøra.

15/8      tyrsdag ringde Skuleinspektøren meg opp og fortalde at Frk. Kaia Vikse frå Smørsund,            Sveio, Sunnh. – 22 år gamall – dimitert frå Nesna lærarskule er tilsett i lærarinneplass ved          Sælen skule. Ho kjem måndag 21/8 med morgobilen. Sk. spurde om hus til henne, om           romma hos Frk. Drange. Han fekk adressa hennar, sa sia i telefon at Frk. Vikse skulde bu hos    Frk. Drange. Sk. sporde om Oddrun, om heime, om plass, om andre bestemmelser, – eg          svarte: De der oppe vilde sjå andre papirer, ungdomen er moden soleis». Sk: «Ja, men det var    då ho som skulde havt plassen». Seinare ringde Sk. og vilde snakke med Od., men ho og        Brita var til Fru Bergsets i Hans Tanksgt. 4, Brg. – Allierte gjort landgang ved Toulong – , gått           som Paris.

16/8 og 17/8      Målar Frantzen oljar golv og gongar i skulen.

18/8      Til byen saman med Inga. Ho tok med Hardangerbilane til Okrå, eg utrette til skulen. Oddrun til byen følgde mama til toget, trefte kameratar. Då eg kom heim i 2 tida, var målar    Frantzen og strauk loftet.- Warsjava er teke. Paris omgått, Marseilandgangen og opp    Rohnedalen i god gang.

21/8      Måndag. Idag tok skuleåret 1944/45 til med 7. kl i sløyden, 6. kl i Systov, 3. kl i mitt rom og            2. kl i Frk. Drange sitt. Frk. Vikse var ikkje koma. Etter å ha helsa på kvarandre, ordna plassar, gjekk borna heim att. Eg sa nokre ord til Frk. Drange og Espegren om ordninga før      vi tok til, i 6. og 7. kl. forhøyrde Espegren og eg oss om kva born som skulde lære tysk. Etter   middag i 4 tida kom Frk. Vikse og tok inn i tyskarrommet hos Frk. Drange utan å få lov. Ho   kjende seg sorgfull ho kom på kontoret over at ho var halda for N.S. menneskje og ikkje likt.         Eg sa: Ho prøve vere flink og bra. Kom med same eg sette henne inn i leseplanen både            Liseth og Sætre. Eg sa beggje: De er årsak til at Oddrun trakte seg, de vilde sjå nye papir.          Sætre: Om ikkje Vikse fekk det hyggjeleg, vert det verst for Oddrun – – Eg sa: Prøve å vere      menneskje.

23/8      Kom 3 mål fureved til skulen. Paris vart teke av dei allierte idag. Kl. 6 morg. +5¤ C.

24/8      kl. 6 morgon +19¤ C.

25/8      Inga kom frå Okrå i 6 tida, Sunniva kom og. Alt vel. Ragnhild og vesle Inga kom også frå      Okrå – alle med båten, og med bil heim. Helsing idag frå O. og R.

26/8      Eg til byen og kjøpte skulebøker. Sol og varme. Ragnh. opp om kvelden. Petter var her om     dagen, tilb. til byen.

27/8      Søndag. Kari Os kom syklande. Regnveir – ho reiste om kvelden.

Rumenia kapitulerte onsdag 23/8.

28/8      Måndag. Petra og Margit Nes kom – dei er på attendeveg til Haugesund, har vore heime i        Nordfjord. Bulgaria kapitulerte idag. Brita for til H.dalen, regnveir.

29/8     Torhild kom frå tur til Halsen – lærarplassen sin. Ragnhild og vesle Inga kom og. Petra og      Marg. reiste i 4 tida til byen noko etter for ôg Ragnh. og Inga. Oddrun fåt vikarpl. konstit. i       Skorpa og på Reksten, Kinn herrad. 18 v. samla sk. Skorpen og 16 v. småsk. i Rognaldsvåg 3             delte skule.

2/9       Laurdag. Til byen og utrette. Verdyn falle, Gøring avskjediga som sjef over lufthersen, Am.     og eng. står på grensa mot Belgia. – Torbjørn her på onsdag til idag. Helga Okrå kom i           nonstid. Frk. Kjønn var og fekk litt til levemåten, men sette igjen, prispolitiet ute opp i          Dalen. Magnus Fjellh. kom og for – eg skar potetlauv.

3/9       Søndag. – Finnland kapitulert idag middag. – Ragnhild og Inga opp her. Borgny kom iaftes.     Ragnhild og I. og Helga reiste idag ved nonstid.

4/9       Brüssel falle. Gøring rymt til Sverike, – rykte.

6/9       Idag kl 6 for Oddrun til lærarplassen i Kinn, Skorpa og Rognaldsvåg. Brita var med henne til   byen, båten «Framnes» gjekk kl. 8. Fint veir. T. for på ein liten tur idag. 8/9  T. kom att idag.

11/9      Oddrun koma vel fram til Rognaldsvåg ved Florø, vanskeleg å få hus og kost. Inga fått brev.    Idag ved middagstid gjekk Flytedokken på Laksevåg og ein båt som stod inni ved ein stor      eksplosjon, som eit jordskjelv. Folk gjekk til – 12 mann drepne, og ein del såra. Tyske           sprengingsfolk var ombord for 1 1/2 veke sia.

13/9      Tok til å ta poteter.  12/9 Tyrsdag til byen etter sending frå Hans – 12 1/2 kg. kjøt.

15/9      Dei all. har brote gjenom Siegfridlinja på 4 plassar. På Vossestranda i Mørkdalen har vore ei    ny Tellevågafære, vart funne nokre vekkgøymde våpen. 30 heimar vart brende – og folket           førde bort som fangar, borna til fengsel i byen, – so seiest det.

18/9      Ei plommekasse frå Jon Fjellheim.

17/9      Søndag – gjekk til Peder i Oldersmoget.

19/9      Stor flylanding i Nederland – over 1000 fly med eng. tropper.

21/9      lillehammer i beleiringstilstand, er stole ein 20 000 kg. dynamitt, seier rykte. Rykte seier og    at Danmark er i unntakstilstand – kongen under vakt, og tysk politi istadenfor dansk.- seier    ryktet.

27/9      Søster Astrid sette tuberkulinprøve på borna, ryktet om at tyskarane skal fare her frå skulen.

29/9      Søster Astr. kontrollerte tub.prøvene. Olav vore borte sia mai 41 – fyller idag 34 år.

30/9      Alle vogner reiste or garasjen kl.10 morgon.

2/10      Pol. sa farvel. – Torbj. på en 2 dagars ferietur.

3/10      Doktar Ørbeck i skulen og undersøkte borna. 1. kl. og NS.born. Søster Astrid med –   tuberkulinprøve på meg. Ørbeck undersøkte meg.

4/10      kl. 930 omlag 100 fly inn og bomba L.våg undervassbåthamn. 3 undervassbåter og eit par       skip gjekk ned, verkstad øydelagd, flyhallen med 16 m. tjukt sementtak står. Holen sk. treft      av ei bombe, omlag 100 born drepne og 1 lærar – Eversvik – gjerne lever han og nokre            innestengde born. Hadde ikkje endå fått dei ut og fram iaftes 5/10. 4/10 onsdag kvelden           køyrde dei framande ei ueksplodert bombe i grushola og fyrte henne av – i skulen og   lærarheimen gjekk 32 glasruter.

5/10      i mørkning skreik dei igjen, let ei bombe eksplodere, gjekk igjen ruter – 13 st. eg ringde opp, varskudde Skulesjefen for å få honom til å hindre fleire ekspl. i slike tettbygt strøk som her,    varsl. Liseth om å få glasmakar og snekkar hit.

6/10      I kveldinga, gjekk ei ny bombe i grushola, fleire ruter gjekk. Eg ringde Skulebestyrer Sætre     om å prøve få slutt på bombinga. Idag var byggmeistar Sletten og såg på og takserte skaden,      då glasruter – utskyrde og sunde glaskarmar.

7/10      Halv elleve kom Bjarne i Myrane med bod om at ei bombe vart spreng. Eg nett komen frå       skulen, ordna å åpne alle glas heime og i skulen, og borna under uveirskuret. Sprengen kom,          fleire ruter gjekk hos lærarinna ogso og på troppegangen, og dei fleste papp-plater eg hadde      stifta for opningane – gamle bibelske bilætplansjar – var blesne frå. Lærar Espes., Frk     Drange og Vikse gjekk til arbeid igjen, ein ny eksplosjon kom før vi visste av det. Nervøsitet   i skulen, om ein kunde vere trygg for ikkje fleire eksplosjonar, skulde læraren slutte og følgje      borna på heimveg; slutta om 1/4, Frk Drange følgde borna sør til Løtveit, Espegren og Frk      Vikse mot Skaret og Krunegarden. Kona kom til kontoret – bod frå Fløyen – eg måtte ringje       og få slutt på dette, dei hadde mest ikkje heil glasrute og taket var sundrist – eg ringde Liseth   opp, han og Skulesjef Sætre skulde melde seg til øverstkommanderende for å få slutt på          sprengingane her i tettbygt strøk. Eg arbeidte heile dagen med å lappe glashol: sprengt ruter       25 lærarbustaden, 11 hønsehuset, 36 i skulen. Elles gått: 4 takstein på sk. og beslag fare av      vegger – lufttrykket rister huset sundt, bles ut glas, og her på kontoret var bilæta komne frå          veggene ned på golvet. – I Laksevåg skal vere gått 162 men. et. «B.T.»  – lærar Hovda og         Eversvik og omlag 100 born ved Holen sk.

Kleivdals ledfabrikk vart blesa vekk av ei bombe. Peder Harkestad gjekk med der.

8/10      Såg på Storevik sitt bygg – på bombesprengholene i Grustaket. Skreiv brev, Gunnar Larsen      kom her vilde sjå holet i muren? Edmund Nonås kom og sporde om det vart skule imorgon – folk er nervøse for bombesprenginga. Ingrid Martinsotr. Fyllingen (gartneren) døde av skralagensfeber 7/10 laurdag. 9/10 Måndag Sætre skulesjef og bygn.ing. Ross og såg på            skadene på Sælen skule.

12/10    Torsdag. Var kl. 330 med dei køyrde Ingrid Fyllingen på Kapellet. Sa nokre ord -» blø for       Jesus». Fru Mossige reiste frå Fløyen til Stavanger att i kveld.

13/10    Ingrid gravlagd Nesttun.

14/10    Litlebergen – far og son – gravlagde på Nygård, Laksevåg. Espegren fekk fri 2 siste timane.       Eg ferdig med potetene: 19 hl = 13 1/2 tynne. – T. ein tur nokre dagar.

15/10    Lydest som invasjon sist i okt. Frå Brg og L.våg evakurerer dei. Allesdurf     sche nach          Deutsland gefaren, sa Aleks Borisheuko (russar).

16/10    Natt til 16/10 k. 2 1/2 kom 5 gestapo i soverommet. Då ikkje eg kunde seie kvar Torbjørn       var, tok dei meg med til Brg. kr.fengsel. Med eg sto mot veggen i forhallen i 1. høgd, kom dei med Hans Fløyen (han og kona tekne same natt) ut av eit rom, honom førde dei til Veiten   3. Eg var inn til fengselstyrar Trampen, leverte alt or lommane, hadde snaude klæda igjen,         ikkje ein gang bukseselane fekk eg ha. Trampen førde meg til eineselle 58. Der var eg til          onsdag 15/11 – 32 dagar. Siste 4 dg. kom tollbetjent Molland inn. 15/11 vart eg saman med andre fangar køyrd i bil til Espeland fangeleir, fekk rom på brakke 2, stove 3, – der var 16        mann, 6 franskmenn og 10 norske. Eg fekk av Foks til arbeid å gjæte sauer – 25 frå     Telavågen. Morgoen 8 -10 pussa eg hønsehuset – 150 høns, grisebingane – 19 grisar; 10-12             ordna rommet. Kl. 7 frukost, 12 middag. Hadde ete, gjekk eg ut med sauene, ogso i snøen –    var ute 2-3 tim. Ordna stova til kvelds kl. 6. Av medfangar: Sætrum Jørgensen, Victor            Müller, telegr.insp. Albrektsen, overing. Torp (veg S.og Fj.), lærar Ytterhorn, lektor Dal.        20/2-45 tyrsdag etter 97 dagar vart eg med andre fangar med toget førde til Oslo, og med bil            til Grini 21/2, so 20 km. nordvest for Oslo i Nordmarka.

Fyrst i brakke 11, stove 7 med 32 mann. Der delte eg seng saman med Nygårdsvik frå             Laksevåg 1 mån. Vart fløtt til brakke 12, stove 3 med 40 mann, fekk der seng åleine. Etter å     ha vore i kostebinderiet, hadde ikkje hus og arbeid – dreiv berre langs inngjerdet som det sto    elektrisk straum på, fekk eg 4/4-45 plass i Treskjereriet. Tida gjekk beire, eg hadde noko å      gjere på. Av kameratar på stove 3: lektor Marstrander, kapt. Solsnessand, dosent Meløy, kapt. Hillestad, lærar Lars Bakka, lærar og kapt. Arviksbotn, på Treskjereriet: Ivar Tørvik, lærar           Fiskå, bonde Kjørven, politikonst. Skipnes. Lite mat, eg kom ned i 50,5 kg. skalv i knea eg    skulde gå. Maten elles godt laga. På treskjereriet arbeidde  eg småskrin, serviettringar m.m.         til alle heime. Fekk 1 påskepakke – og ein sist i april heimanfrå, havregryn hjelpte godt på         matmangelen. 26/4-45 besøkte Nikolai Hallem meg. Måndag 7/5 kl. 12 1/2 fekk eg inn til       meg på treskjereriet – schein – fribrev. Måtte vere ute av Grini til kl. 2. Vore der i 75 dagar,        ialt 204 dagar fange mest 7 mån. Fekk ta med dei småting eg hadde arb. til dei heime. – Vart    mottekne som gjester av Nasj.hjelpa, Oslo. Låg hos Teodor natt til tyrsdag 8/5. 8/5 tyrsdag;     freds-og seiers- og fridomsdag med meir enn dobbelst 17de maistemning og folkemengd i        gatane.

8/5       hos Nikolai. Ga meg mest ny klædning, vi var saman og såg Vigelandsfontæna. På toget 8/5   kl. 715 kveld til Brg.

N.S. tenestemann i Fana fastsette av heimefronten: ordf. Schultz-Andersen, Sk.stsj. Sætre og   Liset.

9/5       Onsdag 9/5 kl. 1030 kveld, Musikkorps, nasjonalklædde folk og born, sløyfar og flagg, taler   til og frå Grinifangane på dei fleste stasjonar, sist i Brg., der møtte Kristiane, Brita og          Borgny meg i folkekoridoren som rakk frå jarnbana og til krinsfengselet. Kom heim i bil kl.    12 natt. Inga og Sunniva tok vel mot meg – alt sto vel til heime. Kl. 5 et.m. denne dagen, var             det kome telegram frå meg om at eg kom, og frå Torbj. at han sto seg bra (frå Storholmen i      Osterfjorden). So stor ei glede, eg hadde vore so redd for livet hans. Himelfartsdag 10/5         ringde han heim frå Bergen frå Fridalen skule. Stod i «Bjørn vest» og hadde kjempa mot          tyskarane i Massfjordfjella, 250 n. mot 1500 t. – fallne 6 n. og omlag 200 t. Torbjørn kom          heim laurdag 12/5. Måtte reise til M.fjella 17/5 og samle våpen, ammunisjon mat m.m. etter      dei norske, kom att etter ei strevsam ferd laurdag 26/5, folk stal av depota der.

17/5      Kom telegram kl. 11 frå Oslo frå Olav – komen frå Skotland dit i fly om natta – sto vel til.     Det var som hjarte kunde sprengjast av glede. Torbj. er sersjant, Olav kaptein, Ralph er endå     i London, interdantiv fenrik, og Peter i heimefronta fenrik og næstkm. for eit vaktkompani i    Sandviken, Brg. Det har vore som 17de mai-stemning med flagging mest kvar dag for     fridom og fred, men endå idag 27/5 søndag har eit tysk kompani oppstilling ute på     Leikeplassen. Dei har pakka og køyrt vekk so ein 2-3 dagar. Etter Grini liksom ein reaksjon         over meg, utan mod og tiltak.

15/5      Tyrsdag kvelden hadde eg tilsynet samla (Fru Samdal vekke) og dei var samde om at lærarne    som har skula, skal halde ved skuleåret ut. Kvelden seint kom Oddrun frå Florøy for å helse       på far – ho reiste igjen 24/5 torsdag, sto vel til med henne. 26/5 laurdag møte med lærarane,    ga dei beskjed om eksamen 8/6, 9/6, 11/6 og 19/6, 23/6. Om kvelden kom Torbj. att. Dei 2    karane frå komp. «Bjørn vest» han hadde med til hjelp, var rett flinke, men hjelpa frå Lindås     ein og 40 mann, ein dag mest 100 mann, var ein del av dei fæle å stele av sakene dei skulde     bere ned til båten frå fjellet. Etter eit skot-varsel ga dei seg. 26/5 eg har ordna åkrane til           potetsetjing. Mama har sådd småsaker og løk.

27/5      +7¤ C om morgoen, pent veir, dei bankar og pakkar på leikeplassen. 25/5 fredag var eg til       augedoktar Nyqvist, høgre tårekanal såg ut som tett.

28/5      Eit komp. for herfra idag kl 8 til Dolvik, lasta inn i ei skute, fløttelass og folk, skulde til        Lærdal i Sogn. Eg ordna i skykkja, Bjarne Myrane harva storeåkeren, eg gjødsla kåstykket ut    for fjøsen. I kveldinga endå nokre tyskarar, dei skulde til Ulven 29/5 tyrsdag om morgoen.       Om kvelden kl. 20 kom Liv, Harald og Peter, som no er nestkom. i eit komp. i Sandviken og     høyrer til «Bjørn vest». Liv hadde med rauddravle frå Haugarvoll, mykje god. Torbj. sykla til   byen idag tidleg. Idag 3 årskl. soldatar norske møte på Festningen.

29/5      Oppe kl. 5.- dusjregn inatt. Roleg på Leikeplassen idag – og urødig – etter tyskarane. Tok til   sette poteter ned for stova. Strengla etrene.

30/5      Peter gjekk til Fridalen skule idag, skal vere der som næstkom. over ein stab av sjåførar,         elektr., m.m. Han kom opp att ikveld. Idag føremiddag sette resten poteter i åkren ned for      stova. Bjarne og Johannes i Myrane horva og drilla opp åkren ned for grisehuset, og eg sette     poteter etter non – Den 29/5 tyrsdag ringde Kolrud op om at Espegren ved skriv fra Dep. var        ekskludert som lærar på dagen, han skulde få skr. beskjed. Idag ringde stud. Bjørnstad opp,     han skulde vikariere her i Frøyhall. Eg var til Frøyhall og snakte med Espegren, han kom          kl.1430, med skulesakar, Bjørnstad kom kl. 16 og vart orientert om skulehaldet i Frøyh. Fru   Løtveit skal ha reinhaldet i juni.

31/5      torsdag +9 1/2¤ C, fint veir. Peter no god att – har vore uvel i magen nokre dagar. – Eg sette    resten av potetene nedfor Grisehuset. Bjørnstads fyrste skuledag i «Frøyhall».

1/6       Fredag. Borgny kom frå Haukeland sjukehus i aftes – på 3 vekars sommerferie. Eg har bøtt      skorne hennar i aftes og idag, sto opp kl. 4. – Ved middagstid 31/5 torsdag, ringde eg opp     Kolrud om løna for mai. Han fortalde då at etter dep.skr. var det tvil om eg skulde verte          ståande som lærar avdi eg 11/3-42 hadde meldt meg inn i N. Lærarsamband. Skst. og instansar skulde avgjere det. Kolrud har vore konst. Skuleinsp. frå omlag 8/5 tyrsdag. – Eg       stengla ferdig etrene, kladda brev til Kolrud om mi befatning med N.S. og N. Lærarsamband,    synte det til Inga, som sa det kunde gå an, Utover kvelden spadde eg åkeren ut for grisehuset    – skal vere kål i honom. Borgny for til Okrå kl. 3 et.m. med toget. Siste tyskaran for.

2/6       Svaret til Kolrud: «Hr. Konst. Skuleinspektør Jacob Kolrud, Nesttun.

Idet eg viser til vår telefonsamtale av 31 mai d.å. ved middagstid, skal eg få lov å kome med    utgreiding om mi befatning med N.S. og N.Lsb.

Om N.S. – eg korkje har vore nokon gong, eller er lem av dette parti. Tvertimot  – eg er           demokrat med liv og sjæl, tru mot grunnlov, Konge og Norge.

Om N.L.samb., – ordna ved Lov av 5. febr. 1942 – Min tanke var å nekte å gå inn i    N.Lsamb., og so slutte som lærar for godt.

Men so kom eg til å tenkje det ikkje var forsvarleg av meg mot skulen å slutte på den tid, og   so svarte eg 11. mars 1942. «Frå 5. febr. 1942 står eg som pliktig medlem av Norsk           Lærarsamband» jamf. Lov om Norsk L.sb. av 5. febr. 1942.

Derved vilde eg oppnå:

a Hindre N.S. lærarar å oppta lærarplassen ved Sælen skule.

b Seie mot – og nekte å leve etter påbod, som vilde hindre å praktisere norsk lov., lov av         16/4 1936 om Folkeskular på landet.

Sælen skule, 1.juni 1945.                       Vyrdsamt

Rasmus Navelsaker»

f.t. fung. skulestyrar

 

Idag skriv eg beskjed om den forandra eksamenstid 8/6, 9/6, 11/6  skr. elles og 19/6 m. eks.    til tilsyn og  lærarar. – Spadde resten av åkeren ut for grisehuset. Torbj. kom heim ikveld, eg       fekk ei vindjakke med honom. Han til Søreide til Johan Knappen, geburtsdagslag til hans        kone.

3/6       Peter og Torbj. heime, eg sjuk i magen idag. Gyda Kjønn oppe hos Liv; Harald sjuk i magen   -faromg.

4/6       Torbj. og Peter vart henta av motorsykkel. Eg slo millom bringebæra, drilla opp kålen ut for    grisehuset. Bjarne Myrane med. Fekk hos Einar Bolstad. Eg ringd. Kolr. om 7. juni. Kolrud ringde at dep. skreve at organisasjonar som L.s.l. ikkje kom inn under eksklusj.reglane.

5/6       Raka høyet millom bringebæra, retta opp bringebærradane og gjerdet rund. Tyskarane har         velt og brote jarnstolpar med store og tunge lastebilar. Liv til tanndoktar – kom heim kl. 12      natt i bil.

6/6       Pent veir +4¤ C morgon kl. 7- visst kuldegrader inatt. Skreve Årsmeld.skjema til Frk.            Drange, Frk. Vikse, Hr. Madsen, Hr. Bjørnstad. Bøtt Haralds sko. Peter kom opp ikveld.

7/6       Festdag med flagg frå stengene. Kongen kom idag kl. 12 til Oslo. Eg tur til Biekontoret,         Søreidgrend, og trefte der Mons J. Fleslad. Han sa meg det heldige for meg å søkje avskil          meddi mi innmelding i N. lærarsamband vilde føre med seg sak og gransking. Kom nok         gjerne til å vere lærar seinare, men ved å slutte no, slapp ein saksgransking og pratet, og han   hadde skuledir. sitt ord for at alt vilde ordne seg på den måten best mogeleg. Eg lovde søkje    avskil idag. Flagg frå alle stenger, pent veir på heimvegen, heime ikkje flagg oppe, lina           hadde sletna. Eg og Brita og dei andre tok ned flaggstonga, hadde i lina igjen, reiste henne       og hissa flagget til middagsmat kl. 14. Ved nonstid, regn og gråveir.

8/6       +10¤ C idag med fælt regnveir. Liv og Harald reiste idag kl. 1. Harald var bra igjen vorten av magesjuka, Peter var opp med bil og henta dei. Han skulde til Hålandsdalen – med helga.           Torbj. skulde ta hans plass som sjef over kompaniet – nestkommanderende. Igår i 8 tida om     kvelden kom Ragnhild og små Inga og Borgny frå Okrå, sto seg vel både dei og på Okrå. – Idag har eg vore tilsy. ved eksamen i skriftleg norsk, sør i Frøyhal. Fru Bergset var og tilsyn.   Eit gjese og kaldt hus.

9/6       Laurdag. Eg og Brita, istadenfor mama – tilsyn ved skr.prøve i rekning på Helgeplassen. 8       elevar. Bjørnstad kom med eks.res. i rekn. frå «Frøyhall». 13 elevar. Ingen heilt rett. Det har    vore skifting av stad for skulen og lærarar på skulen. Heimefronten held vakt ved skulen,         piggtrådgjerde rundt, miner, bomber og sprengstoff i små hus ved og om skulen. Ingen tyskar    å sjå. +10¤ C idag kl. 9. Idag takkegudsteneste for fred og frelse. – Borgny var til Nesttun på    fest iaftes, kom att idag kl. 5 morgon.

10/6      Aud her oppe. Torbjørn heimom på motorsykkel ettermiddag. Han låg heime. Eg tinga            pakkasser hos Storevik.

11/6      Snakte igårkveld med Torbj. og Ragnhild og Inga på kammerset at eg har søkt avskil og          gjerne må fløtte frå i haust av. I ettermiddag kom Guro Sande, har vore på Kinamisj.møte i I.      Arna.

13/6      +7¤ C idag kl. 7. Bøtt sko, renska ugras i grønsakene igår. I aftes seint kom Torbj. heim.        Knut med Vegen kom heim frå Sandeid 11/6, snakte med Torbj. som var heime om kvelden.

Idag kl. 10 ringde Kolrud opp om løna mi for juni måne og ba meg skaffe helseattes. Eg         gjekk til Dr. Eknes, L.våg, fekk attes om at eg måtte ha ferie ein måne til 1/7, fek medisin på     «Nordstjernen» og matpakke i Kong Oscarsgate 59 hos Danskehjelpa. Kom heim i regnveir,      gjekk frå L.våg. Peter og Torbj. var komne, ønskte meg til lukke med 66 års dagen, Hos Liv   og Peter fekk eg ein geitost, hos Torbj. ein islendar, hos Guro Sande 1 hosepar. Mama hade     lagt eit festleg kveldsbord i høvet. Ragnhild og små Inga, Sunniva, Borgny, Brita, Kristiane    og Mama var og ved bordet. Peter og Torbj. for kl. 19 1/2 i bil til Fridalen sk. der «Bjørn       Vest» held til.

14/6      Sol igjen, +7¤ C. Sende Kolrud Helseattest og Helsekort. Gjekk til Storevik og spurde om      6×6 kassene eg tinga 10/6. Renska 1 næpeseng. Fru Sande reiste ved nonstid, mama følgde      opp til Pålen. Brev frå Olav, han kjem heim næste veka. Torbj. og Knutsen til ein liten           Heimefront-fest på Søreid i kveldinga, Frk Vikse med. Frk. Drange slutta skulen med 1. kl. i           «Frøyhall».

15/6      Frk. Drange slutta skulen med 2dre kl. i Frøyhall. Sende til meg Årsm.

17/6      Ein regnsam søndag. Torbjørn for til vaktskjefplassen idag tidleg. Ragnhild og vesle Inga ein   middagstur til Bilberg’s. Inga og eg gjekk imot dei, møtte dei opp for Pålen om kvelden. Fru    Bilberg og Egil Seger og Aud snudde då.

18/6      Regn og +10¤ C, kjølig. Kolrud ringde at Madsen måtte skrive rekning på vikarkassa og kva   løn for mai og juni mån i min stad, han vikar med eg rekreear. – Ragnhild og Borgny har vaska bestestova idag. Brita gjekk til Minde til speidarmøte i kveldinga. Det har vore ein ank   siste dagane for at eg tvungen gav meg med som pliktig lem i lærarsambandet; men eg fekk ikkje indre lov til onnarleis. Derved bleid eg ikkje avsett men stående i plassen, og 1) hindra    ein nasist i å verte lærar ved Sælen skule, og 2) kunde seie og gjere imot om det vart gjortd      krav mot lova 11/7-36.

Derved har eg møst noko av æra, og skulestyre ønskjer ikkje å ha meg som lærar lenger, men   vil gjerne gje meg avskjed frå 1/7-45 avdi eg er komen over aldersgrensa 65 år. Men meg        som lærar kan det vel ikkje vere å trege på, for krafta mi er utsoga ved arbeid og levnet, so       berre skalet er att. – Men unge og eldre i Dalen har vore og er mot fiendane og treldomen, og            for friheit og norsk reising til Guds ære, so arbeidet mitt må ha vore rett. So står alt i Guds      hand.

19/6      (skreve morgoen 19/6-45)  Tyrsdag. Regnveir med skodde, letta utover dagen og vart   varmare til +11¤ C. Eg renska etrene. På Helgeplassen og i Frøyhal munnleg eksamen. Besse Bønes tilsyn på Helgeplassen, kom framom der eg renska etrene, ein prat – og om       Grinidagane og mi stilling som tvungen lem av L.samb. Vaktm. Havre og Håkanson kom           med smørebrødpålegg til skoleborna – Svenskehjelpa – 175 pappøskjer. Kvelden kl. 20 kom    Olav. Borgny kom på kontoret sa det, so kom Olav hit, og – då gledeleg attersyn. Gud skje     lov. Vi prata om dei indre og inste ting. So kom Torbjørn frå byen,- med motorsykkel. Ved     kveldsbordet sat vi til kl. 24, dei har vore nær døden både Olav og Torbj. G. Har bera både          dei og heimen i denne vonde tid. Olav er kapt. i Luftforsvaret, og Torbj. er vaktskjef i «Bjørn   vest» ved Fridalen skule. Olav kom med gode matpakkar sjokolade og drops, redt frå     England. Kom til Stav. om Bergen her til.

20/6      Olav heime her, Torbj. for til Fridalen etter middag. Peter kom i kveldinga. Olav til Ingolf,     såg seg om. Eg arbeidt med skuleårsmeldinga. Fint veir, sol. Brita henta pakkar frå Hans:     grynmjøl og geitesmør.

21/6      Oppe kl. 530. Olav skal reise igjen. Kl. 7 kom bil og henta Olav, Sunniva var med. Han skal   med toget til Oslo. Ei glede å møtast, ei vemod å skiljast. Men Gud styrer alt til det beste.      Gud signe honom. I kl. 15 tida kom lærarane Bjørnstad og Madsen med årsmeldingar. Hos      kona var kvinnemøte til kl. 18-19. Eg kvilte middag. Kari Os kom til kaffitid og vart til seine    kvelden kl. 23. Ho skal på ferietur til Oslo. – Lengste dagen – solsnu. Eg arbeidde ei stund      om kvelden med årsmeldinga. Idag kl. 10 – 19 matkortutdeling på skulen. Borgny sin ferie       slutt, ho for til Haukeland ved kaffitid til sjukepleia igjen.

22/6      +13¤ C idag med sol og klår himmel, revla litt i potetene, eg var oppe kl. 6. Årsmeldinga       igjen.

23/6      +17¤ C sol idag. Eg vart ferdig med å levere Avgangsvitnemåla og med Årsmeldinga.             Oddrun kom frå Skorpa og Reksten idag, ho hadde kjøt og blodpølse med – gavar ho hadde      fått, elles gåver frå borna. Hadde stege seg godt. Her kom 5 born frå Helgeplassen med gåver    til meg, ein klebersteintalerk med: «Gud signe vår konge god, 8de mai 1945» med flagg og    norske løve. (Gunnar, Arvid, Øyvind, Grete og Ellen). Gud skal ha takk at dei kan skiljast       med læraren sin med takksemd og i venskap. Torbjørn kom i 19 tida, han reiste til Søreide til    Inger, songlag og santhansfest. Borgny kom frå Haukeland for å vere med opp på haugen         opp for Lærarbustaden, der Storevik hadde late ungdomen reise bål, og dei fekk leike i           verkstaden hans til kl.2-3 natt. Ragnhild var og med. Ungdomen fryda seg med bål, rakjetter,            song og moro etter dei 5 års mørkeleggjing og blending tyskarane har lagt på oss -«ingen         dagar».

24/6      Saman med Ole M. Sælensminde og Martin Fyllingen til Søreidgrend bedehus til      indremisjonsstemne for heile Fana. Var heimatt til middag. Sigvald ringde at han ikkje kunde kome i tilsynsmøte kl. 8 kveld, men hadde skaffa lastebil til å køyre skuleutstyr frå     Helgeplassen og Frøyhall til Sælen skule. Ivar Løtveit og kona kom om kvelden kl. 830,        snakte med dei om tilfløtting og vask m.m.

25/6      Måndag. Frk. Vikse for idag, eg gav henne attest for 21/8-44 – 22/6-45. Svigerson til Sigv.     Fyllingen køyrde skulepultar m.m. frå Frøyhall til skulen. Eg bøtte sko. – Vegvøle ved          Helgeplassen, so skulesakene derfrå fyrst om 1 veke.

26/6      Slo til frokost idag. Tinga Anna med Vegen til å vaske skulegolva, Oddrun vere med. Mandag 2/7 Inga og Torstein Alvsåker sølvbryllaup.

Bøtte sko. Slo idag tidleg rundt potetåkrane. Tinga Bjarne til å hyppe potetene. Kom skriftleg beskjed om at eg er innvilga avskjed i skulestyret 11/6-45. Torbj. kom heim ikveld.

27/6      Idag i 1-2 tida tok Inga og eg ein tur til Okå, over Kvamskogen.

4/7       Onsdag. Inga og eg kom heimatt i 10 tida kvelden, sto vel til heime. – Kom til Okrå 27/6        onsdagskveld kl. 10. Levde vel – ogso Besta 81 år. Torsdag 28/6 I. og eg rodde om holmane.     Fredag 29/6 telf. frå Røyrvik til Inga Berge. Ho kom til Okrå laurdagskveld 30/6 i 10 tida.      Ho for søndagskv. i 5 tida. Ragnhild var der kvelden kl. 7. Måndag 2/7 sende sølvbrudeparet     Alvsåker gode ønskje, biltur til Berge. Snakte med Lars Henrik Lunde, arbeidsformann i          Stekka. Ogso med Ivar Torvik – grinifange. Tyrsdag 3/7 fint reiseveir, inn til Borgny           Kaldestad i Norheimsund. Laurdag 30/6 Torbj. og Inger skift ringar. Frå fredag 29/6 han 14     dagars ferie. Inger og han ut på kanotur frå måndag 3/7.

5/7       torsdag. Slo og hyppa. Peter kom i kveldinga, vart til midtnatt. Skal heim 7/7. Lystad ringde opp frå byen, kjem hit 6/7.

6/7       Renskar kålen, raka høy. Hr. Lystad kom i 6-7 tida om kvelden. Samtale om tida for   N.Sølvr.lag årsmøte, om mi fengsling, om N.S. og reaksjonen no, om mi avskjed som lærar.          – R. Maurset kan skaffe fløttefarty til fløttegosset vårt, Storevik kan skaffe kasser. Lystad var    til Bergen for bladet, var opp til Øvrebø som styrer minkspalta, skulde konferere med Kolås     m. fl. N.P.blad no 8000 tingarar.

7/7       Laurdag. Renska løken, og gjødsla den og gulerøta. Kl. 12 kom Fløyagutane med vesle           Ragnhild til Brita, ho skulde passe henne under Kristi og Steffen Hanstveit sitt bryllaup, som         er idag kl. 12 heisa vi flagget. Dei, borna og Inga, hadde blomebukett bort. So sende vi           lukkønskjingstelegram. Kristiane kom med ein gild Danskepakke frå den Danske         norgeshjelp. Oddrun for til Voss til sin kamerat Margrethe Bryne – so i 2 tida. I 4-tida for       bryllaupsfolket til Nesttun-kyrkja, dei kom att so i 6-tida. Kl. 9 tok det til å regne smått, vi     firte flagget. Inga fløtte 15 kyllingar opp i grisehuset, ho har havt dei i kjøkenet til no. Kjøpte dei hos Jakob Ljones.

8/7       Søndag. Såg vegomlegget Helgeplassen. Om ettermiddagen til Peder i Oldersmoget. Las         saman om å elske – Mark. 13, 28- og bad saman. Snakte om Bedehustomt på Nebbstølen.        Unge Grøner hadde vore til Maria N. og skulde få overdragingspapiret på tomta, ho hadde        gjeve det til Ola, var so til Ola, for honom var det kome bort? – Aud Bilberg kom her opp       idag, og Ragnhild og vesle Inga var med henne ned til Bilberg’s til middag, dei kom oppatt     her ikveld.

9/7       Bøtte sko heile dagen. Torbjørn kom att ikveld i 11 tida, hadde vore kanotur til Os saman       med Inger.

11/7      Onsdagsmorgoen i 5 tida heimanfrå. Inga var oppe og såg meg vel i veg. Eg bar         handkufferten til L.våg. Frå Brg. kl. 8 med Fanaråken. Fekk lugarplass. Trefte Absalon og        Tora Lote ombord. Til N. ved torsdags kveld kl. 10. Olav og Kristen Os på bryggja og tok      mot meg. Brita lever vel.

14/7      Laurdagsmorgoen kl. 5 bar L.R. og gjekk til Nord. Derifrå med Dalen kl. 7 kom heim til N.    kl. 10. Hans møtte meg ved turskehuset – han og Erling heime berre, ikkje tenestegjente.         Hans laga god mat til dei og meg.

15/7      Rodde til P.E.P. Skrede i stillt veir med solskin. Hadde fått løfte om tuft til bustadhus hos     Hans ute i hagen. Viste Per tekninga av huset, og bad om råd med byggjinga. Han vilde       kome til Navelsaker ein kveld.

16/7 og 17/7      Var med og tok turrhøy. 16/7 var Jørgen inn, snakte om mitt fangeliv og min innsats.             17/7 kom Knut Kongsvik frå Fjellet, snakte om same.

18/7      Onsdag-kvelden kom Per Skrede og sonen Per. Per ga meg råd å be Ørsta Bruk om å byggje     huset, om tekning og kostnadsoverslag. Kunde ikkje dei, vilde han sjå om han kunde skaffe       material til det. Karolina på Sanden var og fekk mjølk hos Hans.

19/7      Tinga på Tufte Johanson om å grave ut tufta og å støype opp grunnmuren – han lovde det.       Per B…  og Elina Hjelle var inn til Hans, kjøpte egg. Hans har 17 geiter, dei mjelkar 15 kg.,            brukar mjelka, har ikkje hjelp til å yste endå. Slagta ei geit som ikkje mjelka, ga meg med       dei 4 lemmene. Eg hadde henta geitene nokre kveldar. Ein dag var eg på Randen med dei.           Fann dei kalvane til Hans, 2 st. ut for Nedste bakken og jaga dei ned til gardfjosen. Hans har    25 revar endå, derav 1 platina.

20/7      Fredagsmorgoen kl. 10 følgde eg Dalen til Holmøyane. Fulgde bilen kl. 130 derfrå til Eid,      kom til Os i 3 tida. Kari og Oddlaug var komne heim, Edvard Os og frua ogso.

21/7      laurdag kveld kl. 8 var Brita og eg til Ingeborg og Ragnvald Bergset. Eg tinga på Pernille sin   bustad der i huset, om ho ikkje nytta dei. Pernille har hjartefeil, om ho føl borna til Oslo,           eller vert med nausta, eller for til Eid, er uvisst. Lars og Alvhilda og Solveig vilde kome til     Hans tyrsdag 24/7. Hos Ing. og Ragnv. hadde Brita og eg ei gild stund. – Alle var samla i        skulestova då vi kom til Os att kl. 1030  kvelden.

22/7      Søndag sa eg farvel med Olav og Brita – fekk eit lite spekekjøtlår med dei. Gjekk ner på          «Nordfjor I» kl. 9 morgon. Fekk lugar 15, seng2 – ikkje so heilt overfyllt.

23/7      Måndag kveld i byen 830. Oddrun møtte meg på vegen i Laksevåg og køyrde kufferten.           Heime vel.

24/7      Gjekk med Stort.- og komm.mantallet etter non.

25/7      Gjekk Helgepl. og øvre Dalen med manntalet.

26/7      Delte ut 135 svenskepk. til skuleborna. Etterm. øvre dalen mantalet.

27/7      Vassdalen – Straume med mantalet. – om kvelden, etter eg var lagd sa Inga at ho og borna        var mot å reise til Navelsaker, at vi skulde få oss heimstad der. Eg kunde ikkje seie anna enn            at eg har ingen annan stad der eg er velkomen og kan få vere – fyrst som leigebuar, om eit        par år få byggje. Eg kjenner modet og tiltaket har minka.

28/7      Sol – ut og telje igjen. Kronprinsen til Brg. kl. 10 – flagga.

29/7      Olavsdagen. Kronprinsen for frå Brg. kl. 16.

30/7 og 31/7      Stotings og kommunemanntalet desse dagane og – fint veir. 31/7 Magnus var hit        kvelden.

1/8       Onsdag. Gjekk til Bjørge tidleg idag og tok Manntal. Det vert bygt veg , dei held på – frå       Straume til Bjørndalen. Kom telefonbod frå Haukeland at Borgn. er sjuk, feber + 40¤ og        diarreh. Ho er  lagd inn på medisinske avdeling, sjukesøster Anne Lise helsa frå henne.            Stemmetalet frå krinsen: Stortingsvalget 779, kom.valget 745. Sigvald køyrde med        skulesakene frå Helgeplassen måndag 30/7.

2/8       Torsdag. Ragnhild og vesle Inga for til Bilberg’s måndag. Tyrsdagskvelden kom Helga Okrå    – søkjer doktar i byen. Tyrsdag 30/7 kom Ralph frå London om Stavanger til Brg. Måndag           30/7 fekk og Ungdomslaget huset sitt attende, torsdag 2/8 vart det røykt og kom vaskaren.       Idag torsdag var og politi Undeland på kontoret her og forhøyrde meg om Sverre Sætre. U.            kom til leira på Knappen. – S. hadde sendt meg propagandaskrifter, men ikkje påverka meg i    N.S. leid, han var til Espeland ein måne før jul 1944, talde meg til å søkje avskil frå 1/1-45,      eg hadde ikkje greide på han hadde angjett nokon. Om kvelden 730 kom Ralph og Ragnhild,             og vart her til 11. Ralph ser bra ut, skal no vere i Norge.

4/8       Laurdag. Igår reiste Helga. Ho trefte doktar. Då ho kom til Arna, helsa ho i telefon frå Borgny som har dysenteri – og ligg på epidemien på Haukeland. Idag har Oddrun vore ned             til henne.Står etter måten bra til. Igårkveld var Torbjørn i heimevernfest.

5/8       Søndag. Ralph, Ragnhild og vesle Inga var opp her. Hadde med undertygåve til oss alle frå      Olav. Torbjørn sa frå seg formannsrom..et i F.ul. på årsm. kvelden. Steffen vart ny formann.

6/8       Torbjørn var i kameratfest i byen, Heimefronten. Var opp til Haukeland, Borgny var i beiring. Fru Fjærestad vaska klæde, plukka bær.

7/8       Brita var til byen, tinga seg billett til laurdag 11/8 med Hurtigruta til Trondh. Ho skal møte     til opptakingsprøva på Levanger lærarskule 16/8 (torsdag). Drengen til glasmeistar Gjesdal         var og sette inn ruter, 5 i skulen, 3 i hønsehuset, 7 i lærarbustaden (eg ordna 1 på       skulehusloftet som eg gløymde).Eg fått pakkasser hos Storevik og har pakka alt mitt private        og kontoret, skal fløtte rundt ..eli. Kl. 9 i kveld Rasmus Bønes, Einar Bolstad og eg samla på kontoret, Leseringstyret og Tidskr.l.styret. Vi gav bøkene våre til Fyl.s.ul. si boksamling, og     eg leverte kassa med Møtebok for Lr. til Einar Bolstad. Møtebok for T.l. til Rasmus Bønes,    takka dei for laget, og den nytte og moro vi hadde havt saman i dei 2 ringar. Dei var heime til   kaffi, vi vart pratande til kl. 3 natt – både Olav og mor. Dei takka for seg.

8/8       Onsdag. Pakka. Tok til heime i kjellaren – verkstaden. Fru Ringereide kom og henta siste        Svenskepakken. Peter kom frå eit 3 vekers kurs – militær-moderne med tildels eng. lærarar.         Skal møte i Fridalen 9/8 kl. 5. – Atombomba som amerikanarane + eng.mennene har funne      opp, og eksp. ut invarslar ein epoke – gjerer Krigen umogeleg m.m. Byen Hiroschima – jap.    orlogshamn og lager 300.000 innb. Vart måndag 6/8 øydelagt so 2/3 av alle med ei bombe.     Sola renn.

9/8       idag her på sk.kont. kl. 7 morgon.

10/8      Eg pakka «Fj. Bl.» i småpotetkassa, og sette henne ut. Brita lagar seg ferdig til Levangertur.     Ralph og Ragnh. kom i nonstid, vilde seie farvel på henne. Torbj. var gådd til Knappen.           Steffen Hanstveit kom og henta leser.-bøkene til innbinding til F.ul. si boksaml. Olav m.O.    og Håkon i Fyllingen kom og leita etter sendeutstyr åt F.ul. Går ord om at folk stel or tyskarbarakkane.

11/8      Laurdag, eg brenner aviser, pakkar i kjellaren. Brita gjer seg ferdig til Levangertur, kl. 6 var      bil og henta henne, Torbjørn var med. Fint veir med kystbåten nordætter. – Idag bed Japan          om å få kapitulera på det vilkår at keisaren må få vere suveræn. USA, Storbr. Russl. og Kina    held på skal einast om svar. Kina ønskjer ikkje å gå med på punktet om keisaren. Det hevdar han er orsaken til krigen, han står mot demokratisk utvikling.

13/8      Igår søndag var Ralph, Ragnhlid og små Inga oppe her. Idag matkortutdeling på skulen. Eg      pakkar. Dei alierte krev Japan Keisaren under kontroll – krigen held fram til Japans svar         kjem.

15/8      Onsdag. kl. 1 idag kapitulerte Japan – keisaren under aliert kontroll. Pakking – reinska            potetene, kom med. Idag beskjed om at eg får pensjon frå 1/7-45, – 314,10 pr. mån. (sjå brev             bak i permen)

16/8      Kvelden kl.8 møte hos Grøner, Løvstakken. Samtale om bedehus-spørsmålet.             Bedehusforein. halde ved med møte kvar 14 dg.

Få indremisj. i Fyllingsdalen utskild frå Søreide, søkje på tomt på hand til Fyl.d.indrem., gå   rundt med bidragsliste – får sjå kor mange som vil vere med. O.M. Sælensminde, M.P.        Fyllingen, E. Grøner prøve få tomt på hand. Berta Rosenlund halde fram som form. i Bedehusfor. Ein unemd givar gav 1000 kr. til F.D. Bedehus. På bankbok sto ført 7000 kr.        Frk. Eriksen heim her med Kristiane, på tytebærskog.

Borgny koma heim, eg kom att om kvelden. Ho er bra etter dysenterien – har 14 dagar ferie.

17/8      Inger Magnussen her til om kvelden. Eg arbeidde ei kasse til å pakke i, 2 mann frå D.n.K.       undersøkte om her var sprengstoff ved og om skulen, visstnok sendt av sk.kont. for å tryggje       at skulen kan ta til her i haust. Frå vakta i Lauvåsen var 2 og skulde bryte seg inn i skulen       kvelden 16/8, skulde undersøkje, her hadde vore tyskarar, sa dei til Torbj. som kom til med            dei heldt på med arb. Eg har inntrykk av at det norske vaktmannskap kan vere noko rask.

18/8      Laurdeg. Arb.kasse 2 m. lang til vevbomstaken m.m. Slo hå. Torbj. kjøpte sykkel. Fekk eg     alderstil. for 4 kv. 9/5-30/6 med kr. 277,77, resten for 1/4-9/5 då eg sat på Grini seinare. Ringde Kolrud om det. Godveir og varme heile aug. måne, no.

19/8      kl. 11 1/2 +21¤ C. Torbj. motorbåttur saman med ein av Knappa-karane, og fleire der ut til      havøyane. Sigvald her om kvelden og såg om skulegolva skulde oljast.- Søkje å få det gjort.          Fru Fjærestad kom her ved middagstid, såg om kva bær som var att.

20/8      Måndag. Eg utrettnadstur til byen føre middag. Ordna vegen ved skulen ettermiddag. Kl. 1/2    10 kveld kom Torhild på veg til Kalsa. På Okra har mor vore litt dårleg. Turrveir framleis – +         22¤ midtdags.

21/8      Torhild reiste idag middag. Om ettermiddag kom Guro Sande. Torbjørn tok til Radiost. i Brg.             etter ferien.

22/8      Borgny tok tur til Hålandsdalen til Liv. Eg tok løken ettermiddag, bøter elles sko. Kristiane     henta 1 danskepakke til meg idag, fekk smør, byggryn, marmelade, pølse.

23/8      Turrveiret held ved, +7¤ C om morgoen. Eg komen opp i 63 kg. med klæda, men – som mod og tiltak vantar noko endå.

24/8      Idag ringde Teodor kl. 4 et.m. Regn – kunde ikkje kome idag, reiser frå Brg. laurdag   morgoen 25/8 kl. 8. Vert han verande over morgondagen, kjem han opp her. Eg ordna på            høgaste loftet her i skulen. Kristiane heime idag.

25/8      Morgoen kl. 730 + 13¤ C, litt regn. Idag kl. 11 skal Guro Sande reise, livleg og hyggjeleg      med ho har vore. Kl. 3 drog Torbj. med Søreidgrend songl. Motorbåttur til Ølve. Eg saga opp             skrotved frå øvste skuleloft.

26/8      Søndag – roleg. Tabita hit om til Inga til kaffitid. Eg til Ola med Vegen, trefte der Martin       gartnar i Fyllingen. Snakte saman der i gartnariet om avvikling av telefonlaget, om skiping av Fyllingsdalen indremisjonslag, om tuft for komande bedehus m.m. Eg om Storevik og       betalte 5 pakkassar, han åleine med borna heime, frua til byen. kl. 6 speidargjentemøte i             skulen. Margit Midttun leida, no Brita er borte.

27/8      +8¤ C. mandagmorgon kl. 7. Fint veir, kongen kjem til byen. – Torbj. kom att av tur i natt.    Arbeidt med ved og kasser på skulen m.m. Ola med Vegen har snakka med Peder         Nebbestølen som seier at mora si gåve av tuft til Bedehus, står med lag. Berre med det            atterhald at om Bedeh. ikkje vert bygt i den næraste framtid, so skal grunnen gå attende til       garden, det må kome i skøyta, so vert ho underskrev. Ola var til meg på skulehuslemen og       snakka om dette. Eg nemde og med han, kvifor eg vart med i L.sambandet. Eg kom heim kl.            930, var Kristoffer komen, hadde vore på vinstre-nominasjonsmøte i Brg. Nils Tveit, Haldorsen, Knut Ytrearne dei 3 fyrste, Indre hardingane slo feil. Karbø sa frå seg , Markhus      og – han er elles ekskludert som skuledirektør (gått for mykje tyskarane sine vegar). Borgny     kom frå Haugarvoll kl. 10. Står vel til der. Ragnhild bra igjen. Ralph kom og til byen frå H.v.            saman med Borgny – som no er kjekk. I heile dag her flagget vore oppe til kl. 930, for             kongen.

28/8      Tyrsdag. Kristoffer kom idag i 11 tida. Torbj. gjekk i 3 tida til kvelds-natt- og morgonteneste. Oddrun og Borgny til byen i kveld, skulde sjå kongen som reiser ikveld. Frk. Eriksen følgde          Kr.ane heim, dei var på tytebærskog. Frk. Eriksen vart over natta. Eg laga pakkasser. Dei         alierte troppene og engelsken – går iland og okuperar Japan. Jap. Keisar skal ha teke livet          med harakiri måndagsmorgoen 27/8.

29/8      Kl. 8 – overskya +15¤ C.

30/8      Arbeidt ei kasse til bestestovebordet (Raudabordet). Ankar på at vi ikkje får høyre frå Brita –    snart 3 veker sia ho for til Levanger skulde ta opptakingsprøva ved lærarskulen der. Idag       Byggm. Sletten + 2 mann – eg ordna med takstein, glaskarmar og støtte under uveirsskuret.

31/8      +10¤ C. idag kl. 8. Målar Frantzen med 2 mann til skulen og olja golvene og måla     veggtavlen. Kolrud kom her ettermiddag – og Frk. Drange, om skulen kan ta til og ordninga       av den – ta til måndag 3. sept. Eg arb. ei pakkasse til Raudabordet, renska ugras ned for          skulen, Inga og eg var med til Ansgar sine om kvelden, små Anders fyller 2 år idag.

1/9       +7¤ C. idag kl. 7. Kom brev frå Brita, ho fekk plass som 4. varam. ved Lev. Lærarskule. Vil   søkje få seg lærararb. der nord, er elles noko forkjølt.Torbjørn fløtte til Radiost. i Bergen           med sakene sine, hadde lastebil opp – ein del igjen. Frk. Drange kom med lastebil med sitt      fløttegods. Elektrikarane skulde vøle i skulen, gjorde istand lampen i læremid.rommet, kobla     på omnen i badet, men lampen i 1.kl.verelse står att. Frantzen var her og gav golv og trappar    siste strøk. Eg skar potetgraset. Frk Berit Berntsen kom om kvelden fra Knarvik der ho er          lærarinne.

2/9       Eg viste Frk. Drange om i skulen og kvar dei ymse skulesaker er. Arbeidde so «Arbeidsplan     1945/46 for Sælen skule». 4 lærarar til 7 kl. Kari Os kom til middag og vart utover dagen.       Ho har skula i Heldalen ei veke alt. Kristiane fyllt 30 år idag. Gud signe henne.

3/9       +6¤ C. morgoen kl. 7. Eg har no sett pultane i orden i klasseromma. Skulen tok til idag: Frk. Drange, 1. 2. kl., Oddrun 3. 4. kl., Ole Drange 5. 6. kl., Svein Dale 7. kl. og engelskunderv.      10 t. pr. veke + 4 tim. i 5. kl., O. D. lun og koseleg – landtr. og handelssk. eks og stud., S. D.           noko nervøs, visset flink stud. – studerar realfag og matematikk. Eg har pynta ugraset og       potetgras av åkeren.

4/9       Tyrsdag. Tyskarar var og tok ned piggtrådsperringa om skulen.

5/9       +7¤ C. kl. 7 morgon. Tyskarar tok resten av piggtrådsperringa om skulen. Brita kom heim      idag i 12 tida. Ho var koma inn på Lev.l.sk. som no. 30, men 4 frå 1941 som ikje vilde        skrive under Nasi-papir, vart utestengt då, kom no og fekk plassar utan prøve, og dei 4 siste     vart utestengde, og Brita vart 4de varamann. Losimangel kunde ikkje gje seg til lenger, vil         søkje få seg lærararbeid, lever elles vel.

7/9       +6¤ C, fint veir. Tok poteter i heile går. Ralph kom opp, prøver å kome seg or militærtenesta, må ha doktarattest fyrst, reiser idag til Okrå – der Ragnhild og Inga no er. Torbj. kom    heimom, og Borgny. Idag skulen fri, D.vestl.lærarstemne. Inga og Oddrun til byen.

8/9       Eg til byen laurdagsmorgoen og utrette, snakte med meklar Kønig, henta 1 kart til skulen,       var ikkje på V.lærarst. Kom heimatt kl. 1, litt etter kom Inga, og Torbjørn. Ved kveldsbordet:         Inga har ikkje hug fløtte til Navelsaker, veit ikkje kvar ho vil fløtte – – og eg har ingen annan    stad. Eg er inkje – eg har lede svær skade – Jesus er mitt allting – mi ære.

9/9       Søndag. Martha Høsteland og Borgny kom til middag idag. Eg har arbeidt med å ordne til       pengevekslinga – frå 9/9 kl. 3 til 22/9.

10/9      Om kvelden kom Liv, Harald og Peter. Idag fall dødsdom over Quisling  for landssvik.

11/9      Eg var til byggmeistar Sletten og snakte med honom om bygget på Navelsaker. So til Vestl.banken og veksla setlane om i nye setlar, banken heldt att 40% = 355kr. av 895 kr.          Riksbankinnskot 355 kr.

12/9      Tok poteter føre middag, vart regn. Etter middag i 5 tida kom Torbj. og Inger, i 6 tida kom     Peter, vi var saman ved kaffibordet. Hadde fin og god rjomegraut, rjome frå Haugarvoll.      Gjorde etter kvelds Årsm. for Sælen skulebs. og boktinging om Aschehaug    konversasjonsleksikon, sende ein sheck på 40 kr. til bokbinding. Riksb.innsk. i S.sk.bs 170          kr. Telefonen har vorre borte idag, trådslyng, eg varsla i Storevik sin telefon, tinga honom å     pakke møblar.

13/9      Torsdag. Tok resten av Storåkeren, 8 hl. poteter, godveir. Peter har frå idag 3 vekers ferie frå     militærtenesta. Eg til krinsform. Sigvald Fyllingen og leverte skuleboks.kassa 237,81 + 170      – og skulebankboka med Po. Prl. 10,26.  Vi skreiv under på det i S.skbs. Kassebok, eg som    leverar, han som mottakar. – Idag Fru Fjærestad baka flattbrød.

14/9       Fredag +13¤ C, litt regn. Liv og Peter og Harald reiste kl. 12 1/2 med bil til byen, kjem til    Haugarvoll ikveld kl.9-10. Har vore regnsam utover dagen. Olav ringde frå Oslo at han kjem        heim imorgonkveld på ein 7dagars ferie. Mama ringde til Torbjørn at han må skaffe honom      bil heim. Eg pakka Rauda-bordet i kasse under fjøset.

15/9      Svært regnveir inatt, idag kl. 8 +12¤ C. Ordna bakstrebordet, tok graset av potetstykket ut       for vegen, venta på Olav. Magnus Fjellheim kom i 10 tida. Borgny var i fest i   Ungdomshuset. Olav og Torbjørn kom kl. 1 1/2 natt, Olav vore med toget 15 timar. Eg          somna då.

16/9      Dei falne sin dag, flagget på 1/2 stang til kl. 1, so til topps. Hugnad å ha Olav heime. I 5 tida Ola med Vegen og eg til Peder Oldersmoget. Han struvlad, sat framme i ryggestolen. Eg            ordna, sette namnelappar på lyklane i skulen, kva dører dei læser. Ved kveldsbordet Ingolf       Sælen, Rasmus Løvås, Tabita og Einar Bolstad med.

17/9      +6¤ C idag kl. 7, har vore klår inatt. Tok resten av potetene ut for vegen ved selja, ialt 9 hl.     Gildt å ha Olav heime, samtale på skulen, på kontoret. Etterm. var Oddrun til Laksevåg og   henta heim Laura Skorpen som ho budde hos i vinter då ho skula der. Od. følgde henne til       Bjørge i 8 tida om kvelden. Då kom Ingeborg Fyllingen – var til kl. 11 kveld. Kst. lensm.          Rørhus var og såg etter Valurnene.

18/9      Regnveir, +10¤ C. Pakka, tok ned etreriset. Inga Berge kom her i kveldinga. Olav med Ingolf ned til kvelds.

19/9      Ordna bikubene til fløtting. Olav gav meg si kiste med heim til å ha i. Inga Berge her idag.     Torbjørn kom heim i kveld, sykla til Knappen. Olav til Hans på Fløyen, i selsk. til morgoen         kl. 4.

20/9      Slo igjen kasser, sette på merkelappar. Samtale med Olav på kontoret om Lærarsamb.

21/9      Fredag. Til Bergen om morgoen, tinga plass til fløttegodset med Fylkesbåtane24/9, tinga        bilar i Nygårdsgt. 29 – Kjøresentralen, 2 lasteb. skulde kome fredag 28/9 kl. 1, dei andre        laurdagsmorgoene kl. 9-14 den 29/9. Henta pensjonen sept. i Tinghuset hos Skattefuten i         Hordaland. Regnveir. Borna i skulen vart vegne og molte idag. – Jordmora var og vaksinerte.

22/9      Laurdag. Klæskåpa ut frå kjellargangen, Olav hjelpte meg. Kvelden kl. 8 til avskilsgjestebod    hos Einar og Tabita Bolstad. Inga og Kristiane forkjølte, ikkje med. Borgny på Lunegård sjh. i arbeid, elles var vi alle, Olav, Torbj. og Inger og gjentene, eg sa nokre ord til takk for oss.

23/9      Søndag. Inga forkjølt – feber, ikkje ho og eg til Knappen. Eg ordna litt. Olav fotograferte oss   etter middagen. Ralph, Ragnhild og små-Inga ned oss då dei kom frå Okrå, Haugarvoll 22/9.    Ved middagen sa eg nokre ord til avskil med huset – og kvarandre i Lærarbustaden. Ole M.     Sælensminde kom på kontoret kvelden kl. 7. Eg leverte honom Sælen kvinnefor. si bankbok           med Brg. Prb. på 40,27 kr., han skulde gje til D. Norske mis.selsk. Gjorde opp reknesk. for    Fyllingsdalen telefonlag, han kjøpte telefonmater, som låg hos honom for 100 kr., i kassa var 21,50, kr.. 121,50 / 8 = 15,20 kr. på kvar som han tok på seg å dele ut. O.M Sæl. vart med    heim til kvelds, der var Rasmus Løvås, Olav og Torbj. med ved bordet.

25/9      Tyrsdagsmorgoen kl. 7. No nett er Olav reist: køyrde med Rasmus Løvås. Ingebrigt med,        Olav går på toget kl. 755, er i arbeid igjen morgoen 26/9. Det har vore so kjekt no han var         heime, Gud signe honom på hans vegar. Mama var oppe og laga mat til honom i dag tidleg,    eg vekte honom og henne kl. 530, mama er bra frisk igjen av forkjølinga. Eg må igjen til          med pakkinga idag, som eg og heldt til med igår. Olav gav meg 200 kr. til fløttinga. Ikveld     var det politisk foredrag i skulen, her. Kontorsjef Eriksen frå Laksevåg. Mama og eg var         bedne i besøk til O.M. Sælensminde, kom opp kl. 8. Vart so vel mottekne. Kristian og kona   var der og, og søster til Ola, og Arne. So hyggjeleg ein kveld, ilag med gilde folk. Vi snakte           mykje om krigen og fangetida. – So takka O.M.S. meg og kona for dei 27 år me har vore her,            eg takka – bad om signing for det gode eg kan ha fått utretta og om tilgjeving for feiltak og     dårlegheit. Vi kom heim kl.1 natt.

26/9      Morgoen kl. 8 +9 1/2¤ C. fint haustveir. Skuleborna leikar ute på Leikeplassen. Storevik og    1 mann hit og pakka møblar kl.14 (2).

27/9      Kom Olav Os opp, på reis frå Oslo og heim, vore i bryllaup til Ragnhild E.Os og Wiese.        Storevik var ferdig, drakk kaffi saman med Olav O. og oss, då kom Ralph og Ragnhild. Olav             Os reiste kl. 6, dei reiste kl.8 kveld, då ringde eg til Kristen Os om at eg kjem med    fløttegodset måndag, om å få Jakob Nord til å køyre det til Nord frå N.eid, – ialt 61 kolli.

28/9-45 Fint veir, sol og opphald. Ferdig med pakkinga. Idag kl.7 kom fløttebilsjåfør Hansen med 2 mann. Tok 2 lass, godt lasta, reiste med det siste kl. 6 kveld. Hansen bur hos Joachim Fyllingen, Jacobsen som var med hos Pål Hamre.

29/9      Hansen og mennene hans kom kl. 7 1/2, for med 1 lass, kom att kl. 11 og tok resten, ogso      bordet på kjøkenet, kyllingene og biene. Eg sa farvel med Inga, Sunniva,Torbjørn og Brita           heime. Bad dei helse til Kristiane og Borgny. Følgde so med fløttebilen til byen, var opp om   Fylkesbåtane, kar…te fløttegodset 61 kolly til Nordfjordeid 150 kr. Kontorsjef H…deri, ein      hyggjeleg mann. Trefte so Sjåfør Hansen på Fylkesbåtbryggja og gjorde opp med honom for    dei 4 billass (195,30). Sette so handkufferten min inn til Inger hos Frk. Olsen, utretta ymse,        var innom til Torbjørn på kringkastinga. Fekk sjå meg om, fekk høyre mi eiga stemme.          Kvilte so middag på rommet hans, sa farvel med honom kl. 6. Det er både trist og vedmodig     å seie farvel med Fyllingsdalen-Sælen skule, der eg har arbeidt i 27 år – arbeidt med den             Kraft og det vet eg har rådt med. Må Gud signe det gode eg må ha utført, so det kan verte til    hans ære, og må Gud tilgjeve feila. Vemodig å seie farvel med lærarheimen, heimen åt    borna, kona og meg, og med bygdafolket. Det har vore ein sunn og triveleg vereplass for oss    alle, og både borna og vi eldre har treft gode kameratar og vener å vere og leve ilag med.            Gud signe heimstaden vår, Gud signe Fyllingsdalen. No set eg ombord i «Gudvangen» kl.       915 og skriv på lugar 14, eg har fått køy no.2. Mykje varer å laste. Vert senka, skulde gå kl.    2, vert gjerne kl. 10-11.

30/9      kl. 1030 er «Gudvangen» ferdig, og begynd å gå. Har treft lærar Jakob Naustdal og Olav Os      opp på dekk. Klart og noko kaldt. Har lugar saman med Eksp. Olsen frå Steinsund, ein gild     kar, fødd i Bremanger. Stortingsmann Hegrenes kom til – til Florøy. Frå Måløy Arnoldus       Lem, det var på lugar 14, ein søndag. Kom til Eid om natta kl. 1.

1/10      Eg gjekk saman med Olav Os til Os. Brita var oppe og tok mot oss. «Gudvangen» hadde         fløttegodset på land. Sakna om morgoen eg kom på kaia, Kyling-kassa og meir. Jakob Nord       var komen og køyrde ut lass til Dalen, så bud på Nord. Då vi kom til kaia på Nord, var           «Måløy» komen med nokre kolli i retur frå Eikenes, men kyllingkassa ikkje. Jakob tok nokre    kolli med til Nord. denne gongen og. Lasta inn på «Dølen». Tufte-Johannes greid kar. Skipa     iland på Hans si bryggje på Nes, 19 kolli.

2/10      Tyrsdag. Sette nokre kolli i Hans sitt naust. Køyrde opp i garden 9 kolli – beggje kuffertane.    Eg ordna bikuba med folk i under Storeuren. Olav Inigard vilde ta mot møblane frå        naustlemen sin. Erling, Johanes og Olav Inigard med borni var og henta sauer.

3/10      Onsdag, tok poteter ut opp i Gjereteigen, Knut Fjell kom om kvelden, bad om 6 kilo til          Mons J. Gausemel. Læraren Kåre Maurset kom og å preika om kvelden.

4/10      Tok resten av potetene i Gjerane. Tok til med skobøting. Kåre Maurset  kom og snakka i         kveld ogso. Knut Inigard sett Hans sine sauer, 3 svarte og 1 kvit, opp for Bukkehella.

5/10      Reiste med «Dølen» til Nord., følgde Jakob Nord sin bil til Eid, fann Kyllingane på N.eid       bryggja – i god  stand. Betalte 20 % bryggjepengar av frakta. Gjekk til Os, gjentene var komne, dei skal ha barnedåp om søndag. Eg  følgde Jakob Nord til Nord igjen med bilen –      låg hos Nils Nes.

6/10      Oppover med Dølen». Trefte Botolf K. Lødemel, no i Ørsta. Trefte og P.E.P. Skrede og          snakte om bygget, han vil kome til Navelsaker laurdag 13/10 – og vere med Dølen er     ovanfor, og vi skal samråde oss om bygget. – Dølen gjekk til Nord att og kom med møblar      som vi lossa om kvelden på Johans bryggja. Det som han kom med idag kl. 10 har eg fått ha            inn på naustlemen til Olav.

7/10      Søndag. Idag hadde vi resten av møblane inn på naustlemen hans Olav. Oskar Furedansen        som kom igår med Dølen for å plukka neter var med, likeeins Erling, Tufte Ola og 2    vasdalsgjentar. Eg gjorde istand ei dørmatte, Hans pakka pærar. Etter middagskvilda, miste      eg ei framtonn or gebisset. Ved nonstid skifte eg på søndagskleda – og førte dagbok og            skreiv brev. Kyllingane som kom her til igår, greider seg godt. Fint haustveir, gulnade skog,    kyr og sauer på bøane, litt kjølig med stjerneklåre neter – snø på Gulekoppen og Glitreegga.

8/10      Oskar Furedansen reiste med Dølen kl. 4. Hans sende pærekasser oppom.

9/10      Svært regn. Kom vatn i springen i fjøsen og i elvane. Eg bøtte sko. Knut Fjelle kom og var     til middag. Magesjuka mi held seg. Erling henta heim sauer frå Nakken.

10/10    Gjorde istand truskegridene, sloket dårleg, må gjerast nytt. Var ikkje nok vatn då vi var           ferdige til å treske. Tok næpar ettermiddag. Kaldt, snøen kom ned på Høgesætra. Jørgen kom   i 6-tida, vart til 11 kveld.

11/10    Idag har det snøa ned på Kupa. Tok opp næpar. Skrapa tunet opp for lada.

12/10    Fredag. Køyrde inn næpane, køyrde Furedungane på løkstykket. Sette påske og          pinseliljeløkane, under Storeursuren. Berta Frammigård inn – Jørgen inn, snøslaps,           stjerneklår om kvelden.

13/10    Laurdag. Hans for til Heggja-øvre, skulde vere med i skylddelingstakst, for med frukost.          Med «Dølen» kl. 10, kom siste av fløttegodset, den store grå skåpa og 1 bikube – den utan        bier. P.E.P. Skrede kom med Dølen og vart med heim. Vi snakte om byggjeplanen, var og såg            på hustufta ut for lada. Han råda til å søkje om å få lov å kjøpe material til bygnaden – søkje    Departementet om det, og so søkje Fylket om å få lov å kjøpe sement. Han vilde søkje om å    få material hos skogvoktaren Steinar Kongsvik – eller hos Karl Os. Per for med «Dølen» 1     1/2 – Erling og eg køyrde kuba opp, seinare ga eg hønsene og ordna i skykkja. Erling ga             krøtera og røvane. Han laga elles god middag til Per og meg. Botalf kom med geiteren, dei      gjekk på Jørgen, ut for Per – Per skjente godt, vilde setje dei inn.

14/10    Søndag. Hans kom ikkje att før i dag kl. 5, Erling kom i 9 tida. Eg gjekk innom Åresvora       med geitene. Kalla i haugen innom idag og fekk pærer. Brite Inigard og Olga Kulen innom      med nonstid, Olga tinga ull og saueside med Hans, han vilde ha fisk igjen til jul. Jørgen her i kveldinga og prøvde radioapparatet sitt. Eg var ei stund inn i stova til Berta og Knut. Han er             regnsam idag – trusking imorgon.

15/10    Måndag. Tok til å gjere nytt treiskeslok. Ved nonstid for eg oppom med Dølen. Brita Os kom då på land på Navelsaker. Eg utrette i Forsyningsnemnene om kvelden, ringde til           jordstyreform. Johannes Gausemål om å få kjøpe husbyggingsmaterial i Kongsvikskogen.        Han meinte i 1946. Gjekk til BukkeJo og låg om natta. Hyggjelege og gilde folk å vere hos           og snakke med, Jon og kona – han er 79 år, kona 77. Ungekona, dotter til Ola Svor stelte god kveldsmat til meg, og god seng. – Vi tala om krigen og den vanskelege og vonde tid vi har      gått gjenom.

16/10    Takka for meg hos Jon Ytrehorn, gjekk til lensm. R.M. Kirkhorn og fekk ordna bankboka, ei   venlag samtale, freidig og han var glade for dei var fri – det helvetes pakk – tyskarane, dei       hadde vore  til …. og besvær. – Eg gjekk Otredalsstranda, og fekk Ola R. Otterdal til å skysse meg i Navelsaker. Brita for vere på tur eit par veker, her steller ho i huset, og lagar det til ein    heim. Jørgen kom om kvelden.

17/10    Har fått istand truskuranna idag til middag. Etter m. har eg hogge ved. Jon Melheim, bror til    Erling, er her og plukkar neter. Det regner idag, vert vel trusking imorgon. Lampeljoset er dunkelt, men greider seg so vidt – men mykje ringare enn elektrisk.

18/10    Torsdag. Jaga geitene inn om Heimsta-Svora. Har truska havre, bygg og kveite. Jørgen kom     her i kveldinga.

19/10    Fredag. Truska litt idag, men vatnet var fare, slutta ved middag. Hogg ved etter middag. Jon    M. reiste med     dampen.

20/10    Laurdag. Brita Os for opp på Sanden med «Dølen» til Olina Kirkhorn, vilde på Furredansen i    Livda og på Grøthegen.  Eg kløyvde ved føre middag med Hans var på Sanden med pæren          med «Dølen». Etter middag førde Erling, Botolf og eg heim fureved frå Steinskreda. Etter        non, skulde jage ei kvige or hagen, rende eg mot ein streng kanta bak haus… og braut høgre      kragebeinet. Kl. 4 1/2 Erling, Botolf og Jon Jørgensen skyssa meg til Strand, Erling og eg      gjekk til Melheim. Der kom Arne Hatlelid med bil og skyssa meg til Eid sjukehus, Erling var med, og ein fotograf frå Hjelmedansdalen – fotografert eit brydlaup hos Torgeir Melheim.        Kom til sjukehuset kl. 7 1/2, dei røntgenfotograferte, assistenten la bandasje på høgre     kragebein. Eg gjekk til Olav Os, kom der kl. 9 1/2 – 10. vart vel mottaken – var der roleg       søndag.

22/10    Måndag. På sjukehuset kl. 9 morgon. Dei lyste kragebeinet brote av og ei splint, men bandasjen heldt det noko godt saman. Eg fekk gå derfrå med same bandasjen – ikkje     operasjon. Skulde kunne gro på 3-4 veker. Gjekk til Os att, fekk middag, følgde so Jakob        Nord frå Eid til Nord med bilen hans, og so kl. 2 til Navelsaker med «Dølen». Kragbeinet        gror og kjem seg, berre eg er varsam med honom. – På eid og i Hornindal, stor indignasjon      over Ola H.Bjørlo og hans sauetjuveri, tjuven er vekk-komen. Trefte Kapt. Ivar Navelsaker   og frua på Eid. Han ein snartur heim frå heimevernstjeneste i Molde.

23/10    Tyrsdag. Jensina Inigard vaskar koven idag. Igår rydde Hans ut det som var der. Eg har prøvd   skulde hogge ved, men gav meg på det, for kragebeinet må ha fred til å kome seg. Fekk brev       frå Inga igår. Torbjørn reiste 16/10 til Gøteborg tekn.høgskule, Oddrun reiser imorgon 24/10    til lærarplassen ho har fått i Høgland ved Stavanger. Johannes Melheim er med motoren og       truskar på Futheim idag. Joh. Melheim kom her ikveld, låg her inatt.

24/10    Onsdag. Idag var Johannes Melheim hos Olav Inigard og truska, Olav og Agnes kom frå          Bergen igår, bilen halvfire i H…øy. Eg har vore i Hatlehola og plukka neter, eit par liter, fått      gråskåpa og kom moden i koven. Kragebeinet kjem seg visst.

25.og 26           Køyrde opp skåp, kommode og bord til koven. Plukka neter, kragebeinet kjem seg.     Sender  Jordst. søknad om å få kjøpe bygningsmaterial i Kongsvik.

27/10    Laurdag. Eg ordna i Kammerset dei oppkomne møblane. Gjorde meg so ferdig til reis sydover – kl. 1 1/2 frå land i Frammigard med «Dølen», Hans var opp om og utrette. Han og   Brita Os kom att, ho vert til fredag – Bededag. Eg sa farvel på dei. På «Dølen» trefte eg           jordferdsfolket etter Knut Strand – død i Espen, nær 80 år gamal. Johannes Melheim og kona            var der og -. Kom so til Nord so i 5 tida. Eg følgde bil til Eid, gjekk til D.eksp., so til Os kl. 6. Olav var i Livda 24/10, reiste 25/10 til Oslo på Sølvrevmøte 29/10. Eg kvilte på Os, var til           kvelds, gjekk på «Sogn» kl. 10.

28/10    Søndag. Låg inatt i salongen, har idag fått lugar 4-1, og kvilt middag her. Ete av nista frå        Hans, treft statskons. Nord idag.

29/10    Måndag. Låg i lugaren på «Sogn» inatt. Gjekk på land i Bergen kl. 8. Ringde til Inga, utrette i byen, gjekk innom til Kristiane, følgde bilen heim kl. 1. Heime alt vel. Sunniva reist til       Okrå. Inga pakkar. Britt har fått lærarplass i Senja, men fann det best for helsa å vere med        mora og meg til Navelsaker. Kragebeinet kjem seg.

30/10    Tyrsdag. Skulen har fått ei dame, ei student til vikar etter Oddrun. Eg set i Bestestova og        skriv og føre ajour.

31/10    Onsdag. Eg til byen, fekk retta litt gebisset, og utrette ymse, fekk pensjonen for oktober.         Bilen går nå frå Sælensminde til Laksevåg og attende, so det fell lettare å gjere ein bytur.            Kragebeinet kjem seg.

1/11      Torsdag. Ordna i høne- og grisehuset, brende ein del skrot på åkeren.

2/11      Bededag. Møte i søndagsskulen i skulen – 42 menneskje. Gullaksen tala. Ragnhild og Inga      og Ralph kom og Peter frå Mjelkelassen – dei var til middag. O.M.Sælensm. og eg ein tur til    Peder. Vi prata, eg las om Lasarus og om småborna (Luk) og heldt bøn, so sa eg farvel med     Peder og Josefina. Peter kom att kl. 10 etter Radioapparatet, høyrde til på Laksevåg.

3/11      Laurdag. Skar hovudkål, tok opp blomerøter, kjælte løken. Ingen skule idag.

4/11      Søndag. Ragnhild, Inga og Ralph kom idag. Fru Fjærestad var og tok farvel med oss. Ho har   vore greidleg og god den heile tid. No vil ho ta på seg å vaske huset etter oss. R. og I. og R.   for so kl. 630, mørkt.

5/11      Måndag. Sende brev til kemnaren, Oslo, som svar på skriv:

«Min søn ingeniør Olav Navelsaker reiste medio mars 1941 til England for å stride for            Norge. Han var i flyvåpenet, 16.mai 1945 kom han attende til Oslo, havt sia arbeidt som        kaptein i Luftforsvaret, Kirkegata 15, Oslo. Sælen skule 3/11-45. M vyrnad RN.»

Pakka i 3 tyn. og 1 fostasi. Om kvelden kl. 7 ei rett gild stund hos Andr. Vergeland sine – til avskjed. Borgny heime kl. 11-17.

6/11      Tyrsdag. Pakking, tok med det siste i romma. Bål på åkeren, Brit og mama pakkar. Storevik    hos oss kvelden kl. 19-21.

7/11      Onsdag – pakka. Russlands nasjonaldag.

8/11      Torsdag. 2 karar frå Storevik og pakka inn møblar. Bål på åkeren. Ringde H.A.Hansen om       lastebil 23/11. Noko regn.

9/11      Fredag. Kjøleg. Siste pakking. Mama og mi seng må pakkast m.m..

9/11      kl. 130 Omlag alt pakka, siste eg gjorde skar ned ljosekruna, Fru Fjærestad fekk den. Ho og    Anna med Vegen kjem og vasker måndag 12/11. Britt vert verande igjen og ser til    reingjeringa. Inga og eg for med bilen til Brg., Britt med til bilen. Inga sende skuleløna til      Oddrun i Høyland pr. telegram. So gjekk vi på toget kl. 355, eg til Trengereid. Derfrå med        fiskebilen til Holdhus – kl. 9 kveld. Vart vel mottekne av Peter på Holdhus med bilen, av Liv heime på Haugarvoll. Var der til laurdag. Såg utmark og bø søndag. Utskiftingsretten har            vore 4 dagar denne veka, dei for fredag. Var ogso mandag og tyrsdag, eg vølte husskorne til     Peter og Liv.

14/11    Onsdag. Fra Haugarvoll kl. 730 morgoen. Liv og Harald med Inga og meg til Mundheim i      drosjebilen, Peter heime, skal reise imorgon torsdag 15/11 til Brg. til vakttjeneste på    Mjelkeplassen. Sa farvel med H. og L. på Mundheim, so kl. 830 kom med Vøringen til Foss   kl. 1 og gjekk til Linga og her sto vel til – og vi vart velkomne av alle. Besta lever vel. Sunniva har austre kommerset over kjøkenet å vere på. Anna er husmor. Pratet går om komande kom.valg.

15/11    Torsdag. Fint haustveir, stilt, overskya. Armen min kjem seg, eg sterknar, kragebeinet gror.

16/11    Fredag. Eg gjorde turen til Skulehuset på B.., fekk 4 rasjoneringsfløtteskjema. Var innom til    skomakar Litlefosse på Toftegrend, og kjøpte ein hekla tråd – henta og 1 skopar til Anna.           Om kvelden same dag solane faste onder beksaumstøvlane mine. Inga og eg var til midddag     og kaffi på Fjellheim hos Lisbet og Jon. Han og Sverre arbeider bøtar, men må la arbeidet gå           spakt avdi det er vanskeleg å få den båtsaum som trengst.

17/11    Laurdag. Regnveir idag, skulra kjem seg. No middag eg har teke skjegget, er lampen kveikt.    Besta karar, Inga skriv brev. – Kveld, Brita Johdtr. Koltveit-Skutevik koma hit, Kristofer og     Lisbet er farne i avhaldsfest på Innstranda. Det regner ute. På avh.festen øverrekt diplom og      medalje til ein sjømann få Ljonestangen, om hans innsats i 1943 til sjøs.

18/11    Rolig søndag. Lese «Siste akt» av Bernadotte – om avsluttinga på 2dre verdenskrig 1940-45.    Menneskjeleg, og sikkert sannferdig og rett sett skildring av personar og forhold. Henta Brita    på Fosse idag kl. 10, ho kom med «Vikingen».

Heime i Lærarbustaden er no pakka alt – og vaska.

19/11    Idag kl. 10 for Brita J. Koltveit. Eg følgde til Røyrvik og tinga 3 bilplassar over Kvamskogen med Haringbilane. Følgde bil utatt med same. Med den bilen kom Inga Berge og sonedotra         Anne Marta. Idag var vi til middag og kaffi på Fjellheim. So fint eit vinterveir.

20/11    Tyrsdag. Inga J. Berge og Anna Marta reiste idag kl. 1015 med bilen. So fint eit veir. Om       kvelden kl. 730 gjekk Britt, Inga og eg til Torbjørn Linga og var – bedne gjester der. Der var             koseleg og greidt.

21/11    Kl. 1015 for vi frå Okrå med bil til N.sund. Frå Skutevik vart Brita Skutevik med. I   Norheimsund var vi innom til Kaldestad sine – fekk middag og kaffi. Dei har det kjekt-. Sa f   farvel med dei – med Stora Guro. Tok so kl. 3 med bil til Trengereid – med tog til Bergen,     fekk rom 1 på Misjonshotellet. Borgny, Kristiane kom der og vi rakk ha saman og åt til            kvelds. Sia kom Peter. Godt veir, noko kaldt.

22/11    Opp kl. 7, tok til Nesttun, fekk ordna i Folkeregisteret for meg, kona og Britt. Sunniva,          Kristiane, Oddrun – med utflytting frå Fana, og so i Forsyningsnemda med rasjoneringskort.      På elektr.kontor og sa opp den tekn. straum frå 1.desb.45 og ljoset frå 1.jan. 46. So til byen    adressebyte Berg.Tid., heva pensjonen for november. Fekk dei til å ordne honom send til           Hornindal for desb. Henta so klokka, hadde laga ny aksling og ordna fjøra. Var til Fylkesb.

Skulde kome med 1 lass fløttegods fredag og 1 laurdag kl. 5 føre 12 på no.1. Ingen kom 5       over 12. Vi snaktes og eg for til Føllingsdalen, nådde Britt på Skaret. So slo eg igjen kasser      og Britt pakka til 530, då gjekk vi til Bilen, og kom til byen. Las post og gjekk til Kristiane   og fekk middag, og hadde det gildt der i Øvre Fjellsmug 14. Gjekk til no 1 i 10 tida. Fint           veir.

23        Fredag. Ordna post. Kl. 10 1/2 på Bryggja, følgde sjåfør Hansen til Sælen skule, pakka og      køyrde med 1 lass, eg igjen. Betalte mjelk novb. til Severin Sælemyr, gjekk til Fru Fjærestad    og gjorde opp med henne for husvasket, gav OM Sælensminde høyet, snakte med Krinsf.        Sigv. Fyllingen og sa farvel. Sjåfør Hansen kom og lesste siste lasset, eg sa farvel med            Frk.Drange, Ola Drange og med Lærarbustaden og Sælen skule, følgde Hansen til Aleen,         gjekk til byen, til Misj.h. 1, derfrå til Kristiane, der var og Inga. Eg åt middag der. Britt og      Borgny kom frå kino.

24/11    Laurdag. Eg på kaia kl. 10 før 7, Hansen kom med lasset og fekk lasse av, eg betalte for          kjøringa 103 kr., var på Fylkesbåtane og betalte for fløttelasset, 65 kr. Utrette so eindel. Vi        kom oss på Fanaråken kl. 2, der kom Kristiane, Borgny, Ralph og Ragnhild og Inga –            Magnus Fjellheim og sa farvel på oss. På båten fekk Inga og eg no 11 åleine, Britt delte rom     med 3 damer på no 9.

25/11    Søndag kl. 12 kom vi til N.eid, noko vindsamt og snøslaps. Vi gjekk til Os, vart vel mottekne av Brita, Olav Kresten og kona. Vart verande der måndag, noko vind og regn.            Reveutstilling på Eid.

27/11    Tyrsdag tok vi oppover med rutebilen kl. 2 1/2 til Rognes. Der var vi inne til kaffi hos           Johanne Såta og Matias og kona. Hans var med frå Utstillinga, so gjekk vi i hans båt kl. 4, og rodde over vatnet, det var disig og skodde – snøtjukke so vi knapt såg, men kom vel          under Fjell-landet, og heim. Der var mørkt. Eg var til naustet 3 vender etter reisekoffertar og        pakkar. So kom Erling frå Inigard med post, «Berg.Tid» til meg.

28,29 og 30.      vind og snøslaps. Eg har hogga og saga ved. Inga og Britt har stelt inne, Hans og       Erling har fløtt ein komfyr opp or kjellaren og i koven, men fløttegodset er inkje koma, avdi    «Dølen» har maskinskade, det er ei pakning som er gådt, men dei strevar, skal få maskina         istand att, og «Dølen» igang. Jakob Nord skulde køyre fløttegodset til Nord og stape det inn på buda. Idag 30te fredag har eg arbeidt med ved, Erling har køyrt frå naustet. Veiret er roleg.   Hans har fått ei kyr, ho har børe. Eg har ogso skrapa og spada tunet for grastorver. Inga og eg     ligg i kammerset, Britt i nystova. Det ligg kvitt med snø ute. Idag har eg fått brev frå Samuelina. Ho trur vi treng alle ting etter krigen, og hjartelaget straumer over, ho vil sende         det beste ho veit.

1/12      Laurdag. Eg hogg ved igår og. Hans, Olav Inigard og Jørgen rodde oppom. Veiret bra.            Geitene legg seg ute.

2/12      Søndag. Jørgen var her, han og Hans ordna valglister.

3/12      Måndag. Valgdag. 27 røysteføre i Navelsaker Krins, av dei stemde 20. 18 rp. i Otterdal. Eg      har hogge ved og saga ved. Hans i skulestova styrde valget til kl. 2. Er…iåg kom medom i     kveldinga. Godt veir, snøen tina opp i Berget.

4/12      Tyrsdag. Valget vart 7 upolitiske liste, 5 arb.partiet, 4 venstre. Eg hogge ved, godt veir.

5/12      Knut Fjell kjøpte bjørk hos Hans. Britt skular for Kåre Maurset 1/2 dag.

6/12      Eg hogge og kløyvt ved, og ordna litt på vegen. Britt skula i dag.

7/12      Idag tok «Dølen» til å gå igjen. Køyrt vekk dungar or vegen.

8/12      På Sanden med «Dølen». Hans kom med omlag 20 kolly flyttegods, som var liggjande på        Hans si bryggje til «Dølen» kom ovantil, der eg leverte Rasjoneringsflyttekort i Fys.u.     Flyttekort for kona, Britt og meg i Folkeregisteret, tinga sement hos H. Handelslag. Heva        bilaksiar for 1944 hos R.M. Kirkhorn, snakte med honom om pensjonen som frå 1/12-45            automatisk vert utbetalt av Hornindal lensmann.

9/12      Søndag. Snø og storm.

10/12    Johannes gjekk til Grimsneset – storm og snø, sykla til «Dølen» som kom i 4 tida med 8        kolly flyttegods til meg til Hans sitt naust. Knut i Fjellet fylgde «Dølen» oppom.

11/12    Ogso snø og storm. Køyrde opp 3 tynner og 4 kasser. Johannes kom roand ovantil.

12/12    Slo opp kasser, hogg ved.

13/12    Torsdag. Olav i Fjellet kom ovantil frå sesjonsmøte. Ola Tuftene kom roande ovantil. Ruskeveir og snø. Erling etter bjørkeved på kupa, eg hogg og saga åreved. Etterm. køyrde   opp 4 kassser frå Hans sitt naust. – Åpna karbiddunken.  Karbidljoset er godt.

14/12    Mykje snø idag. Køyrde karbidkassa frå Olav – naustlem… opp.

15/12    Resten av fløttegodset kom med «Dølen» idag kl. 930, vart opplassa på Hans si bryggje.          Hans for på utrettnad til Sanden. Erling og eg fekk opp madrasser og ting som trengdes for å    få koven istand. Kom julepakke frå Oslo – og brev. Erling for til Eid. Eg saga ved resten av     dagen. Snøen er no 1 m.

18/12    Idag lædveir, dryp av taka. Eg har prøvt å tette Lisjestovetaket, elles saga og kløyvt ved.         Kom gåvepakke frå Ragnhild og Kristiane + Borgny.

19/12    Kom brev frå Nils Westhope med chesk på 1000 doller til lik deling mill. Pernille, Brite,        Hans og meg. Har idag saga opp veden.

21/12    Kome ny ved på tunet, Erling køyre. Skulen her slutta idag til jul. Snøen har minka mykje –   lyveir, dryp frå taka – +7¤ C.

22/12    Laurdag. Følgde «Dølen» på Sanden og utretta. Kaldt -omlag -5¤ C. Fekk pensjon for desb.     45 og dyrtidstillegg frå 1/9-45 – 31/3-46. 600 kr. hos lensm i Hornindal, som hadde fått pens.    og dyrt.t. frå Skattefuten i S. og F., R.M. Kirkhorn, bankkasseraren – tok mot checken for       H.Spb. og vilde få honom honorert i ein Brg. bank, truleg utbetale pengane over nyttår.        Snakte med P.E.P. Skrede på «Dølen» nedover om husbyggjinga. Johans var med på Sanden,   var sjuk i magen, hadde måtta kaste opp. – Eg soga noke ved fore nons, då mørkt kl. 5.

Fekk brev frå ordf. Ivar Melheim at herradstyret 20/12 samrøystes hadde velgt meg til å           samle inn og skrive ned kulturhistoriske opplysningar vedkomande folketru, folkeskikkar og språklege tradisjonar. – Eg heva pensjon desember og dyrtidstillegg 1/9-45 til 31/3-46 med       600 kr. Leverte cecken frå Nils til RM Kirkhorn, han vilde sende honom til ein bergensbank       so pengane vert å få over nyttår. Hans fekk 2 amerikapakkar frå Samuelina.

23/12    Søndag -3¤ C. Har no installert oss i Koven på Navelsaker. Har ein matadorlampe, ein            karbidlampe, dagen varer 6-7 timar. Inga og Britt ordnar inne, eg sagar og kløyver ved. Igår        laurdag var eg til H.lag og utrette til huset, følgde «Dølen» opp og ned.

24/12    Julafta – måndag. Britt fekk telefonoppringing frå Sør Aukra at ho skulde få lærararbeid i         Misund til sommarferien. Om kvelden var det ribbesteik – Hans spanderte. Utdeling av     julegaver, eg gav bøker, der var gåver frå alle borna våre. Torbjørn si var ikkje koma endå.        Britt hadde pynta ei lita gran-juletre, eg stod ved treet og song litt. So neter, epler, appelsiner.     Til ro i 11 tida.

25/12    Juledag. Høyrde julepreike i radio, bisp Hille frå Hamar.

26/12    2 juledag. Skreiv nokre jule-nyttårshelsingar. Var framom til Hans og Marte Framigarden.        Rjomegraut til middag.

27/12    Eg sagar og høgg ved. Erling rodde ned til Melheim. Britt har telegrafert til Sør Aukra at ho    tek skulearbeidet. Iaftes var ho og 6 gardsgjenter i kveldsbesøk til Jensina Inigarden, ikveld på Tuftene hos Else og Maria.

28/12    Kom brev frå Olav og Torbjørn, står vel til – Olav i London, Torbjørn i Bergen med jula.        Britt og gardsgj. i besøk hos Agnes Inigard kl. 3.

29/12    Hans fer med «Dølen» på Sanden, med smør, røveskinn, skrin, ein … til Samuelina, ein          kunstveven løpar.

1946

1/1       Det gamle år gjekk, det tyngst, og det gladaste – i fangenskap og trældom og djupaste            nedring, den 7. mai til fridom, seier og fred.

Skuggane etter krigen 1940/45 ligg innover oss med øydelagd folkelukke; drepne, øydde         heimar, dårlege menneskje som lefla med fienden og no under si straff er klamp om foten for      Norge, dårleg moral i sed og arbeid, ufred hos den einskilde for ikkje å ha kjempa mot            fienden so bra som han skulde. Men  – Gud gav kraft å bere krigens tyngsler, han gjev og           kraft å bere fredens.

Nyttårsafta var Inga saman med dei andre damene (koner og gjenter) på garden i gjestebod        hos Bertha Frammigard. Dei kom heimatt etter midtnatt. Inga ynskte meg «godt nyttår». Har    vore -8¤ C og hålke i tun og vegar.

 

 

Diverse funnet i andre sider i andre dagbøker som han skrev.

1941

1/10      Ralph her idag.

17/10    Ragnh. Kom med smågj., Brita med.

23/10    Torbj. tok doktarattest ferie for å kome seg

2810     »       kom att. R. i sikkerhet.

7/12      R. komen fram.

 

Kjære Bere.

Åra går, og eg ønskjer av hjarte eit godt nyår for deg; for oss, for Norge! Iår 11 juni er det 3     år sia eg var hos mor di til kaffi og kvelds og snakket fall om tid og hendingar. Den 16/4        kom helsing om at Han var faren frå byen i påskehelga. Turen gjekk frå Ålesund, og 28/5         fekk eg vete at han var framkomen – sia ikkje høyrdt meir. Det kan vere mogeleg at han har       teke «over there», eg har bror min Nils i N. Dak., elles går det vel som Olav sa til meg her på   kontoret vi snakte om dette, at det kjem til å gå år før vi høyrer frå einannan. Kanskje han no    har fått høyrt frå oss. Ragnhild vart gift 13/3 ifjor vår. Mannen hennar tok ut medio oktober – og fyrst i desb. var han komen fram. Kanskje han har funne Olav og gjeve honom helsing. –        Det går so mange ord – mange slags ord – eg skriv det meste på Krigspsykosen si rekning;             men den korrektaste og ståande innskrift i folks tanke og sjæleliv må det arbeid og liv som er   alt for høge, svi eller brenne inn.

 

Sælen sk. 6/1-44.    R.N.

 

 

 

Hr. skuleinspektør Jacob Kolrud, Nesttun.

Igår kom brev frå Statens pensjonskasse om at eg får pensjon frå 1/7-45. Vedlagte kvittering     for pensjon til no 35029 Rasmus Navelsaker for juli måne 45. Ver venleg å attestere på        denne at eg lever, og send so pensjonsetelen og kvittering for dyrtidstillegg 1 kv. 1945/46 til   Hordaland skattefogd.

Skuleromma her er i orden til å ta mot borna 3.sept. 10/8 kom 43 hl. koks, 15/8 2 mål           blandingsved. Kokskjøraren sa her kom meir koks. Glasmeistar Gjesdal sin mann var her og        ordna glassa, Byggmeistar Sletten har lovt kome og leggje på knust takstein m.m.      (bombeeksplosjonar), elektrikar Johan Sælen vil kome og koble den elektriske ledning på     badekjelen m.m., so alt skal verte i orden i rett td. – Eg held på og pakkar, ser poteter og         grønsakar veks – alt skal haustast. Åja, det er visst rett av meg å nemne at det både er tenleg        og nødvendig at skulen får ein vaktmeistar, – med tida.

Sælen skule, Føllingsdalen, 16. aug. 1945.            Vyrdsamt

Rasmus Navelsaker.

 

Bilag 1 kvittert rekn. Frå L. Aug. Larsen A/S

med 40øre frimerke til brev til Skft.

 

 

 

Til Fana høgare skule, Storetveit om Fjøsanger.

Dette er om Leif Ness, Straumsgrend, elev av Sælen skule, Fana.

Då eg 9/5-45 kom heim, fann eg i skulen sine papir liste over dei born som frå Sælen skule     var innmelde som elevar ved Fana høgare skule hausten 1945. Leif Ness var ikkje millom     desse. Leifs mor kom rundt 4/7 og spurde korleis det hakk saman at guten ikkje fekk plass på   Fana h.sk. Eg skyner då at det var forgløyming eller unøyaktigheit frå dåverande lærar si side    at Leif ikkje var innmeld, og bad mora vende seg til Rektor Bjørnstad. Etter   omstendigheitene kunde gjerne han skaffe guten plass. Igår tala mora med meg igjen, og bad        meg etter råd frå Rektor Bjørnstad, om å skrive Leif eit vitnemål, og det gjerer eg so gjerne.

«Leif Ness.

Son av tømrar Albert Ness og frue, Straumsgrend, er født 22/4-1931. Han vart oppteken på      Sælen skule 1/9-1938 og tok avgangsprøva her 23/6-1945, eter 7 års skulegang.

Han fekk desse karakterar:

Kristendomskunnskap     Mykje godt

Norsk skriftleg               Godt

»          munnleg                       Mykje godt

Rekning                        Mykje godt

Geografi                        Mykje godt

Soga                                        Mykje godt

Naturkunna                               Mykje godt

Skriving                                   Mykje godt

Tekning                        Mykje godt

Handarbeid

Orden i skriftlege fag                  Mykje godt

Flid                                         Mykje godt

Framferd                                   Mykje godt

Sælen skule 23. juni 1945                                  Rasmus Navelsaker»

  1. Bjørnstad

kl.forst.

Dette var avgangsvitnemålet.

Handarbeidsundervising har vi ikkje kunna havt, meddi vi hadde tyskarar i skulen under          krigen på den tid handarb.underv. skulde vere. Men eg har gunn for å tru at han vilde vere        like flink i det fag som i dei andre. Leif Ness er utstyrt med gode gåver. Han er arbeidsdyktig   og arbeidsom, pliktoppfyllande og stø. Til dette kjem at han har ein god heim. Eg tel til at         han får plass på Fana høgare skule frå i haust av, det vil vere til gagn for honom, og eg            meinar ogso til glede for skulen.

Sælen skule, 18. august 1945.                             Med vyrdsemd

Rasmus Navelsaker.

Sælen skole, Fana (stempel)