Minne frå krigsåra av L. S., Sydvesten 8. mai 1985
I år skal vi altso minnast slutten på krigen og den 5 år lange okkupasjonen av landet vårt. Eg minnes kor uventa det heile kom på oss i 1940. Natta til 9. april vakna vi av at flya strauk over hustaka våre her i Fyllingsdalen. Vi skynes nok at her var noko gale, men kva var det? Verre vart det når dagen kom og ei mengd med bilar strøymde gjenom dalen med rømlingar eller sokalla evakuerte som enten ville stoppe her eller køyra til ein annan stad. Dette var folk frå Laksevåg og Bergen. Då skyna vi kor alvorleg dette var, og at det måtte vera tyskarane som no var komne her. Desse som rømde frå byen var redde for at det skulle verta bombing frå engelske fly som ville jaga tyskarane utatt. Dette fekk vi greie på sidan. Eg hadde noko arbeid på Nygård i Laksevåg og tok sjansen på å gå der, so fekk eg no i alle høve sjå korleis det sto til der. Då eg kom so langt at eg såg ned i Nordre Vågen vart eg forskrekka, for der aula det opp med tyske soldatar frå stranda. Nokre var komne like opp i vegen. Dei hadde handgranater stukke ned i dei høge støvlane, og gevær og bajonett. Det var nifst å sjå. Eg snudde då og gjekk heimatt. Då var det kome evakuerte til oss ogso.
Dette vart ein dag som snudde opp ned på alt for oss. Merkeleg nok trudde vi at dette ikkje kunne vara so lenge, del allierte ville nok få tyskarane ut att. Men dagane gjekk og noko slikt hende ikkje. Det var fælt.
Vi miste arbeidet vårt og måtte ta arbeid der det var å få. Eg arbeidde i eit byggefirma og der vart det etter kvart berre arbeid med a byggja barakker, for tyskarane, og anna anleggsarbeid fot- dei. Hadde vi (lå visst at det skulle gå 5 år på denne måten, hadde vi vel vorte heilt fortvila, for det var mykje fælt som telgde med denne okkupasjonen.
Eg likte lite dette tyskararbeidet. Det var farleg ogso, for det vart etter kvart noko bombing av dei største anlegga.
Etter vel 2 ar fekk eg pakta ein gard ute i Åsane, og vi flytte dit. Denne garden lag høgt og på ein måte avsides fordi han låg ved enden av vegen. Det var difor ikkje kvar dag vi såg tyskarar, men det hende no av og til. Eg hugsar ein dag siste krigsvinteren at det kom ein flokk saman med ein-offiser. Eg heldt på å rydda noko utmark som skulle bli beite då eg såg del kom. Til mi store undring gjekk dei rett inn i fjøsen. Eg kunne tenkja meg at dei tykte det var kalt ute. Etter ei stund gjekk eg ned for å sjå kva del gjorde der. Eg hadde nokre sekker med kålrot ståande der som eg nyleg hadde teke inn frå den tildekka haugen i åkeren. Dette var fordi dei ikkje skulle bli frostskadde. Eg skulle levera del i Salhus dagen etter.
Då eg kom inn i fjøset badde del sjølvsagt oppdaga kålrota og forsynt seg av desse. Dei skrellte dei med bajonetten og heiv skalet til kyrne. Eg vart sinna og sa på norsk at dette fekk dei la vera. Offiseren vart sinna han og og greip til pistolen og truga meg til gå ut att. Eg gjekk, og ikkje lenge etter gjekk tyskarane og. Men eg måtte altso velta sekkene ein gong til.
Tidleg i 1945 skyna vi at det snart tok slutt med denne langvarige krigen. Eg hadde ein mistanke om at det var ein hemmeleg radio i nabolaget, for det var utruleg kor mykje positivt nytt vi høyrde. Og då meldinga kom at Tyskland hadde kapitulert og at Noreg endeleg var eit fritt land igjen, var dette mest ikkje til å tru, men sjølvsagt var gleda stor.
Det var eit gamalt ektepar som var kårfolk på garden. Desse var ogso glade sjølvsagt. So seier han: Det var synd at flaggstonga var nedrotna, for elles skulle vi ha heist flagget idag, for eg har teke vare på det, seier han. Dette vart noko å tenkja på. for eg var sjølvsagt einig med han. No sto der ei klynge med slanke grantre ikkje langt frå huset. Vi glytte bort på desse begge to og fann ut at her var løysinga: Vi høgg eit av desse. Som tenkt so gjort. Treet vart hogge, avgreina og avborka og so vart stonga planta i jorda og flagget korn opp hos oss som hos alle dei andre som hadde flagg. Det heile vart som ein festdag for oss. Ei innleidning til ei heilt ny og betre tid for oss alle.