Arveskrifter

Når nokon døyde og arveoppgjeret endte med offentleg skiftebehandling vart dette sett opp i skiftebrev av sorenskrivaren/ byskrivaren. Opprinneleg vart arvedelinga utført av arvingane sjølve og dokument oppretta i saker der Odelsgods vart skifta. Men hensynet til umyndige arvingar sine interesser leia til eit offentleg skiftevesen der embetspersonar handsama skifta. Skiftebreva blei deretter skrivne inn i eigne skifteprotokollar som er skiftematerialets viktigaste del. Protokollane vart ført etter eit fast mønster og fortell om stad og tid for skiftet, kven det er etter, arvingar, alle som var til stades, registrering og taksering av boets sine verdiar. På midten av 1800-talet vart det vanleg å føre skiftet inn i tre ulike protokollar.

Skifta si betydning er fleire. Etter kyrkjebøker og folketellingar er skiftene det materialet som gjev best opplysningar om familieforhold og slektskap. Alle arvingane vart opprekna når arven skulle fordelast. Her er gjenlevande born, etterkomarar etter gjennlevande born, ektefellen, tidlegare ektefeller. Kanskje var søsken eller foreldre arvingar om avdøde var barnlaus. Ein finn altså ikkje berre personopplysningar, men får danna seg eit bilete av heile familien. Kjeldene har difor naturleg nok stor verdi for slektsgranskiinga.

Men skriftprotokollane gjev meir enn opplysingar om personar og slekt. Registra over den avdødes eigendelar har óg historisk/sosiologisk betydning der vi vert fortal om livssituasjonen deira. Ein får innsikt i sosiale forhold og materielle kår gjennom å sjå kva folk eigde av; fast eigendom, gjenstandar, innbo, løsøre, klær og utstyr.

Det veikaste med ei slik kjelde er at offentlege skifte berre vart haldne etter eit mindretal. På 17- og 1800- talet enda berre 20 % av dødsfalla med offentleg skiftebehandling. Dette mindretalet reresenterer heller ikkje befolkninga. Mange enkjer og enkjemenn sat i uskifta bo. Korkje fattige eller dei aller rikaste er heller å finne. Sjølveigarar og leilendingar er derimot dei som oftast er representert.

Skifteprotokollane er kronologisk ført ofte med avdødes fornavn ordna alfabetisk. Der finnes også skifteregister etter gardsnamn ordna topografisk. I tillegg kan ein finne skiftelister frå midten av 1800-talet som er til hjelp når register manglar. Skifteforhandlingsprotokollane og skiftevedlegga er klausulert i 60 år, medan resten av skiftematerialet er fritt tilgjengeleg. Det meste av skiftematerialet er å finne i sorenskrivar- og byfogdskrivararkiva i statsarkiva. Skifteprotokollane fram til ca. 1850, militære skifter 1720-1820, og geistlege skifter får Vest-og Aust-Agder 1693-1834 er tilgjengleg på mikrofilm,

Skifta: (Alle skifta er avskrivne frå original av Cecilie Skauge Knoph)

Utskrift frå Sorenskrivaren i Nordhordaland, Skifteprotokoll IV.A.2., 1709-1716, fol. 225a-b.

Utskrift frå Sorenskrivaren i Nordhordaland, Skifteprotokoll IV.A.6a, 1776-1779, fol. 417b.

Utskrift frå Skiftejournal 1756 for Nordhordaland Sorenskriveri, folio 25a-b.

Sorenskrivaren i Nordhordland, IV:A.11b, 1807-1810, fol. 593b.