Johan Ludvig Mowinckel (1870-1943), født i Bergen, studerte i utlandet og etablerte rederi i 1898. Bystyrerepresentant for Bergen Venstre fra 1899. Stortingsrepresentant 1906-09, 1912-18 og 1921-1943, Stortingspresident 1916-18, handelsminister 1921-22, utenriksminister 1922-23, statsminister 1924-26, 1928-31 og 1933-35. Medlem av Nobelkomiteen 1925-36.
Monumentet ble avduket 10. mai 1983.
Om minnesmerket av Leidulv Hundvin
Minnesmerket etter Johan Ludvig Mowinckel – ein av Bergen sine store søner, skipsreiar og politikar – står fritt og fint plassert på Sikthaugen i J.L. Mowinckelsveg, vegen som er oppkalla etter honom.
Det er minnesmerkekomiteen i Fyllingsdalen som står bak tiltaket, og Mowinckels Rederi har gjeve den økonomiske stønaden.
Det vakre parkanlegget rundt minnesmerket er utført etter teikning av direktør Anders Kvam i Fritidsseksjonen, og det er hans folk som har gjort arbeidet.
Minnesmerket vart avduka den 10. mai 1983, og dotter til Mowinckel – Magda Mowinckel – og statsminister Kåre Willoch føretok avdukinga.
Johan Ludvig Mowinckel var fødd i Bergen i 1870. Etter å ha teke ei grundig handelsutdanning i England, Frankrike og Tyskland. skipa han sitt eige reiarlag i Bergen berre 28 år gamal.
Året etter kom han inn i bystyret. og berre 32 år gamal vart han vald til ordførar i Bergen.
Trass Mowinckel sin innsats på det politiske plan i Bergen, er det som rikspolitikar han er mest kjend.
I 1906 valde Venstre Mowinckel til stortingsmann frå Bergen. Det vart snøgt lagt merke til den dugande og framfuse ungdomen, som fann plassen sin mellom Gunnar Knudsen og Johan Castberg.
Bortsett frå to stortingsperiodar på tilsaman seks år, var Mowinckel vald stortingsmann frå Bergen til krigsutbrotet i 1940.
Det vart snøgt drege nytte av dugleiken til Mowinckel i dei ymse komitear han var med i. Dessutan var han odelstingspresident i tre år, og stortingspresident i to.
Men det er som statsminister Mowinckel vert mest hugsa. Tre gonger skipa han regjering i mellomkrigsåra, og i alle desse var han både stats- og utanriksminister.
Siste regjeringa til Mowinckel vart felt av Arbeiderpartiet og Bondepartiet i 1935, men som formann i Norges Venstrelag stod han like til krigsutbrotet i 1940. Då hadde han hatt dette tillitsyrket frå 1927.
Ved sida av si politiske gjerning bygde Mowinckel opp ei stor reiarverksemd, som gjennom åra har gjeve rauste gåver til utdaning og kultur.
Etter krigsutbrotet gjekk Mowinckel inn i Nygaardsvold si regjering som kunsultativ statsråd. Han var fyrst i Stockholm, så i London, der han søkte avskil i 1942.
Siste året han levde arbeidde han for Nortraship i USA, og han døydde der i 1943.
Mer om J. L. Mowinckel
Om minnesmerket i Lokalavisen
Omtale i Bergens Arbeiderblad
Omtale i Morgenavisen